Tryggare å leige ut med husleigegaranti

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Vi har no oppdatert eit garantidokument som gir utleigar meir tryggleik. Eg håpar dette bidreg til at fleire leiger ut bustaden sin. Det er eit viktig bidrag i arbeidet med å busette flyktningar og få fleire vanskelegstilte inn på den private leigemarknaden, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Ved utleige av bustad kan kommunen garantere for leigar sine plikter ved å bruke skjemaet «Garantidokument i husleigeforhold». Utleigar vil då vere betre sikra dersom det oppstår problem i leigeforholdet. 

Garantidokumentet med rettleiing erstattar rundskriv H-5/16 Garantidokument i husleieforhold. Skjemaet oppfyller krav til kommunale garantiar som er fastsett i forskrift, og er utforma som ein sjølskuldgarantii. Det gjer at utleigar kan gå til kommunen utan fyrst å søke dekning hos leigar.

Departementet har i dag sendt brev til alle kommunar for å informere om det oppdaterte garantidokumentet.

– Det er frivillig for kommunane å nytte ordninga med husleigegaranti, men eg håper dei som ikkje allereie bruker garantien vil vurdere å ta han i bruk. Dette er eit praktisk og godt hjelpemiddel, som òg kan bidra til lik praksis for bruk av garanti i utleigeforhold, seier Gjelsvik.

Du finn «Garantidokument i husleieforhold» på bokmål og nynorsk her.

Du finn brev til kommunane her