– Sjukefråværet må ned. Vi må jobbe med den helsa vi har. Arbeidstakarar, arbeidsgivarar, dei som sjukmelder og Nav må gjere meir for å følgje opp sin del av ansvaret. Pliktene må vere tydelege, slik at dei blir enkle å forstå og følgje opp, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Strammare lovpålagde plikter

Regjeringa sitt forslag inneber fleire endringar og presiseringar i folketrygdlova og arbeidsmiljølova. Endringane gir eit tydeleg signal om ansvaret arbeidstakarar og arbeidsgivarar har, og skal bidra til å styrkje samarbeidet mellom dei og Nav for å få sjukmelde raskare tilbake i arbeid.

– Vi må sjå helse og arbeid i samanheng, og jobbe for ei friskare befolkning. I fjor kosta sjukefråværet nær 40 millionar dagsverk. Tydelegare plikter til å delta og leggje til rette kan bidra til at sjukmelde kjem raskare tilbake i jobb. Det vil òg forenkle oppfølgingsarbeidet frå arbeidsgivar og frå Nav, seier Stenseng.  

Dei viktigaste forslaga:

  • Gjere pliktene til den sjukmelde tydelegare og utvide plikta etter folketrygdlova til mellombels å utføre anna arbeid enn det som følgjer av arbeidsavtalen.
  • Presisere at den sjukmelde si plikt til å vere i arbeidsrelatert aktivitet ikkje berre gjeld så tidleg som mogleg og seinast innan åtte veker, men òg i så stor grad som mogleg.
  • Presisere i arbeidsmiljølova at arbeidsgivar si plikt til å leggje til rette slik at arbeidstakar kan halde fram i arbeidet òg gjeld varige tilretteleggingstiltak.
  • Arbeidsgivar si plikt til å sende oppfølgingsplanen til Nav blir framskunda til seinast etter fire vekers sjukefråvær.