Statsbudsjettet 2021:

2,5 milliardar kroner til utdanning og kompetanse

Utdanningsløftet var eit av regjeringas tiltak våren 2020 for at permitterte og ledige kunne bruke tida deira på utdanning og kompetanseheving. Det er eit gode både for den einskilde og for samfunnet. Saman med satsingane for neste år har tiltaka eit potensial for å nå om lag 55 000 menneske.

– Desse milliardane går til heilt konkrete tiltak som betyr mykje for folk som står utanfor arbeidslivet eller som treng litt meir utdanning. Pengane skal mellom anna brukast til at endå fleire permitterte kan få fullføre vidaregåande, at fleire kan få fagbrev medan dei er i jobb, at endå fleire nye studentar kan starte på ei utdanning neste haust og at fleire kan få tilgang på utdanning uavhengig av kvar dei bur eller kva livssituasjon dei er i, seier Henrik Asheim (H), arbeids-, sosial-, forskings- og høgare utdanningsminister.

Fleire skal få fullføre vidaregåande opplæring

Regjeringa foreslår nesten 900 millionar kroner til tiltak som skal gjere det mogleg for fleire å fullføre vidaregåande opplæring og gi fleire læreplassar. Lærlingtilskotet blir auka også for våren 2021, og fylkeskommunane får pengar til å styrke tilbodet til dei som ikkje får seg ein læreplass, slik at dei likevel kan fullføre fag- og sveinebrevet sitt.

– Mitt viktigaste mål er at ingen skal hamne bakpå i utdanning eller opplæring under pandemien. I krisetida må vi bruke pengane på utdanning og kompetanse slik at vi kjem styrka ut på den andre sida. Vi kom med ei rekke krisetiltak i vår, og no blir dette ordinære tiltak for å sikre at vi får fleire folk i jobb og inkluderer fleire i arbeidslivet, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

Meir pengar til studieplassar og rekrutteringsstillingar

Regjeringa vil halde fram med den utvida kapasiteten frå Utdanningsløftet 2020. Det inneber at fagskulane, høgskulane og universiteta kan vidareføre det utvida opptaket med 5500 plassar. For 2021 vil regjeringa tildele ytterlegare 500 nye studieplassar til Industrifagskolen. Vidare vil regjeringa tildele midlar for å halde fram med å ta opp fleire kull i rundt 1 100 plassar ved universitet, høgskular og fagskular som har vore tildelte frå og med 2016. Til saman omfattar midlane til utvida utdanningskapasitet i 2021-budsjettet 7 100 studentar og fagskulestudentar.

– Rekordmange studentar starta på ei utdanning i haust. I ein tid der arbeidsmarknaden er vanskeleg stiller dei unge svakast. Derfor var regjeringa i vår oppteken av å raskt få på plass fleire studieplassar allereie frå august av. Desse vidarefører vi også neste år slik at fagskulane, høgskulane og universiteta kan ønske velkomen til ytterlegare nye studentar neste haust, seier Asheim.

Samstundes vidarefører vi dei 250 rekrutteringsstillingane som kom tidlegare i år.

Fleire skal få utdanning der dei er

Regjeringa foreslår å bruke meir pengar på fleksible utdanningstilbod og vil auke løyvingane til denne ordninga til rundt 97 millionar kroner. I tillegg set regjeringa av 110 millionar kroner til treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling.

– Tida der du måtte på ein campus for å ta litt utdanning er over. Derfor er vi opptekne av å bruke meir pengar på å utvikle fleksible utdanningstilbod. Det gjer høgare utdanning tilgjengeleg for folk som ikkje bur i nærleiken av eit fysisk undervisningsbygg, noko som er betre tilpassa livssituasjonen folk er i, seier Asheim.

 

Her er tiltaka i Utdanningsløftet

  • 300 millionar kroner for at fleire permitterte og ledige kan fullføre vidaregåande opplæring. 
  • 170 millionar kroner til å vidareføre den ekstraordinære auken av lærlingtilskotet i haust til våren 2021. Auken utgjer 4 250 kroner per lærekontrakt neste vår.
  • 150 millionar kroner som legg til rette for eit utvida tilbod i skulen for elevar som ikkje får læreplass - Fagbrev som elev. 
  • 150 millionar kroner for at avgangselevar som går ut med hol i vitnemålet, kan få mogelegheit til å fullføre. 
  • 45,5 millionarkroner for å gje personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, tilbod om å ta eit fagbrev. Tiltaket er ein del av kompetansereforma Lære hele livet.  
  • 46 millionarkroner for at fleire skal bruke ordninga Fagbrev på jobb. Ordninga skal gjere det enklare å kombinere arbeid og opplæring, og er ein del av kompetansereforma. 
  • 15 millionarkroner til å utvide forsøket med modulstrukturerte læreplanar i utvalde lærefag i fag- og yrkesopplæ Forsøket skal gjere opplæringa meir tilpassa vaksne. 

  • 178,6 millionar kroner til vidareføring og opptrapping av midlane til 1 600 studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning.
  • 37,8millionar kroner til om lag 500 nye studieplassar ved Industrifagskolen (totalt 50 millionar kroner inkludert utdanningsstøtte). 
  • 110 millionarkroner til treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Det inkluderer 20 millionar kroner til kompetanseløft for utsette industriklynger.

  • 603,2millionar kroner til vidareføring og opptrapping av midlane til 4 000 studieplassar ved universitet og høgskular.  
  • 338,1millionar kroner til vidareføring av 250 rekrutteringsstillingar ved universitet og høgskular.  
  • 45,7millionar kroner til fleksible utdanningstilbod gjennom Diku, slik at ordninga blir på om lag 97 millionar