Utval foreslår endringar i embetsmannsordninga

Embetsmannsutvalget anbefaler å vidareføre ordninga med embete og embetsmenn, som har vært fastsett i Grunnlova sidan 1814. Dei meiner tida er inne for å gjere endringar i ordninga, at det skal være færre som er omfatta av ordninga og innføre det kjønnsnøytrale omgrepet «embetshaldar» i staden for «embetsmann». Utvalet har også forslag til endringar av Grunnlova.

− Embetsordninga har ikkje vore heilskapleg vurdert dei siste 50 åra og det var på tide å få ein slik utgreiing. Eg ser fram til å setje meg inn i utvalet sine tilrådingar. Eg merkar meg at utvalet vil halde fast ved ordninga, men at dei meiner at færre skal omfattast i framtida. Eg håper vi får ein open og god offentleg dialog om utvalet sin rapport, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Utvalet, som tingrettsdommar Terese Smith Ulseth har leda, har gjort ein heilskapleg gjennomgang av embetsmannsordninga, og la i dag fram si utgreiing og fremma forslag til endringar.

Utvalsleiar Terese Smith Ulseth peiker på at:

- Uavhengige faglege råd til politikarar er viktig for å vareta demokratiet, og uavhengige dommarar er avgjerande for rettsstaten. Dette er aktuelle tema i mange land, og er også viktig i Noreg. Fordi ei grunnlovfesta embetsordning bidrar til sjølvstende, ønskjer utvalet å føre ordninga vidare. Samtidig meiner utvalet at det  er færre som treng dette ekstra vernet enn dei som er omfatta i dag. Vi foreslår derfor ei mindre og betre embetsordning.

- For å styrkje sjølvstendet til dei som blir utnemnt på åremål foreslår vi å forlengje åremålsperioden til 10 år, samtidig som tilgangen til gjenoppnemning blir tatt bort. Vi foreslår vidare at ambassadørar og statsforvaltarar som viktige representantar for staten framleis skal  tilsettast i statsråd, sjølv om dei ikkje lenger vil vere embetshaldarar, seier Ulseth.

Embetsmannsutvalet har hatt ti medlemmar og blei oppnemnde av Kongen i statsråd 3. september 2021 av Solbergregjeringa.

Statsråden og utvalgsleder ved overrekkelsen av NOU-rapporten.
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og utvalgsleder Terese Smith Ulseth. Foto: Hilde Greve Mo, KDD

Om embetsmannsordninga

Embetsmannsordninga har røter tilbake til tida før Grunnlova vart vedteken i 1814. Mange av reglane om embetsmenn er fastsette i Grunnlova. Det er no meir enn 50 år sidan det sist blei utgreidd om det var naudsynt med endringar i ordninga. I mellomtida er reglane som gjeld alle andre statstilsette endra ved fleire høve.

Embetsmennene utgjer om lag ein prosent av dei statstilsette. Dei har eit særskilt vern og sjølvstende og blir utnemnde av Kongen i statsråd. Mange viktige stillingar i staten er organiserte som slike embete, mellom anna dommarar i dei allmenne domstolane,  advokatar i påtalemakta, leiarstillingane i departementa, dei fire øvste gradene i Forsvaret og i tillegg er nokre etatsleiarar embetsmenn.