Statsbudsjettet 2026
Kommunesektoren får 4,2 milliardar meir neste år
Pressemelding | Dato: 15.10.2025 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa foreslår ein realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter på 4,2 milliardar kroner neste år. Om vi tek med dei 1,6 milliardane som kom i revidert nasjonalbudsjett og som blir vidareført til 2026, får kommunane og fylkeskommunane ein høgare vekst i 2026 enn varsla i kommuneproposisjonen.
Mange kommunar melder om ein krevjande økonomisk situasjon etter svake resultat i 2024. Regjeringa har bidratt til at sektoren har fått rekordhøg vekst i frie inntekter i 2025 på om lag 15 milliardar kroner.
− Vi skal fortsetje å styrkje kommuneøkonomien, slik at kommunane kan levere gode tenester til sine innbyggjarar innanfor skole, barnehage og eldreomsorg også i framtida. 4,2 milliardar kroner i 2026 vil styrke den økonomiske situasjonen i kommunesektoren og gi kommunesektoren eit handlingsrom utover meirkostnadar til demografi på 1,3 milliardar kroner, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Når vi tek omsyn til den auka løyvinga på 1,6 milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett, som blir vidareført til 2026, er inntektsveksten i 2026 høgare enn øvre grense i intervallet som vart varsla i kommuneproposisjonen.
Regjeringa foreslår at handlingsrommet på 1,3 milliardar vert fordelt med 85 prosent på kommunane og 15 prosent på fylkeskommunane. Det er i tråd med det som ble varsla i kommuneproposisjonen. Fordelinga vil gi kommunane ein vekst i frie inntekter på 3,2 milliardar kroner, mens fylkeskommunane vil få ein vekst på éin milliard kroner.
− Samstundes vil eg understreke at kommunane og fylkeskommunane har et sjølvstendig ansvar for å tilpasse aktivitetsnivået til inntektene gjennom kloke prioriteringar, naudsynte omstillingstiltak og god økonomistyring, seier Skjæran.
Frå og med 2026 inngår meirkostnader til pensjon i den kommunale deflatoren, som er ein indeks for pris og lønsvekst i kommunane. Realveksten vi foreslår i budsjettproposisjonen er derfor vekst utover anslått lønsvekst, prisvekst på varer og tenester og vekst i pensjonskostnader.