Vil gjere det enklare for unge å få hjelp frå Nav
Pressemelding | Dato: 04.05.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidarparti-regjeringa vil starte eit forsøk i Nav med enklare reglar og meir individuelt tilpassa oppfølging. Målet er å få fleire i arbeid. Forsøket skal gjennomførast ved dei to Nav-kontora i Trondheim.
– Dette er eit viktig forsøk for å få fleire unge inn i arbeidslivet. Mange fell utanfor tidleg og konsekvensane kan bli alvorlege. Difor må vi tenkje nytt om korleis vi møter dei og her har Nav ei nøkkelrolle, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Forslaget til innretning, som no blir sendt på høyring, inneber å innføre aktivitetspengar for unge. Ytinga er meint å kunne erstatte fleire av dagens ordningar.
Ordninga rettar seg mot unge i Trondheim som treng hjelp frå Nav for å kome i arbeid, og stiller krav om aktivitet og medverknad frå mottakarane.
Oppstart hausten 2026
Eit sentralt grep er at unge slepp å dokumentere sjukdom for å få støtte. Målet er å senke terskelen for hjelp og få fleire raskt i gang med arbeid eller aktivitet.
– Vi brukar for mykje tid på å kartleggje kor sjuke ungdommane er, kva slags diagnosar dei har og kva slags ytingar dei har krav på, for så å forvente at dei raskt skal ut i arbeid. Det er lite effektiv bruk av tida til dei tilsette i Nav, og det er lite motiverande for ungdommane. Vi må ha meir merksemd på kva folk faktisk kan bidra med. Dette må vi gjere betre i Nav, og det er nettopp dette dei no skal teste i Trondheim, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Forsøket skal etter planen starte hausten 2026. Ordninga skal evaluerast undervegs, og innan fire år blir det avgjort om ho skal vidareførast eller utvidast.
I statsbudsjettet for 2026 er det sett av 17 millionar kroner til forsøket. Etter ein periode med opptrapping er det anslått at om lag 2 500 unge vil delta i forsøket samstundes.
Mindre byråkrati, meir aktivitet
Forsøket er utvikla i samarbeid mellom Nav i Trondheim, kommunen, statsforvaltaren og nasjonale Nav-miljø.
– Eg vil gi ros til Trondheim, som har teke initiativ til dette arbeidet. Dei viser korleis samarbeid og nytenking kan gi betre løysningar, seier Stenseng.
Bakgrunnen for forsøket er at Nav-systemet i dag blir opplevd som komplisert. Mange unge må gjennom lange avklaringar før dei får konkret hjelp, og krav til diagnosar kan forsinke både oppfølging og utbetalingar.
Med den nye ordninga vil regjeringa prøve ut om det er mogleg å hjelpe fleire unge ut i jobb eller utdanning ved å gjere Nav enklare og mindre byråkratisk. Samstundes kan dette gi dei Nav-tilsette meir tid til oppfølging.
Ungdommane skal få ei minste årleg yting som svarar til minsteytinga for mottakarar av arbeidsavklaringspengar. For deltakarar i forsøket som har inntekt frå før, blir ytinga rekna ut på grunnlag av denne dersom ho gir ei høgare yting enn minsteytinga.
Del av eit større ungdomsløft
Forsøket er ein del av ungdomsløftet, som inngår i regjeringa sin plan for Noreg. I 2025 starta eit eige ungdomsprogram ved sju Nav-kontor, og regjeringa signerte ein avtale med partane i arbeidslivet, organisasjonar og bedrifter om å få til eit felles ungdomsløft.
– Over 110 000 personar under 30 år står i dag utanfor arbeid og utdanning, og over 22 000 mottek uføretrygd. Dette vil regjeringa gjere noko med. Difor har regjeringa sett i verk fleire tiltak for å få fleire unge i jobb og aktivitet. Eg er spent på resultata frå dette prosjektet, og eg håpar det vil bidra til å gi fleire unge sjansen til å vise fram kva dei har å bidra med, seier Stenseng.
Fakta om ordninga
- Unge kan få aktivitetspengar utan krav om dokumentert sjukdom
- Oppfølging frå dag éin, med vekt på arbeid og aktivitet
- Tydelege krav til deltaking for å få ytinga
- Del av tillitsreforma i Nav
- Ordninga skal fasast inn i perioden 2026–2027
- Må vere busett i Trondheim kommune
- Må vere medlem av folketrygda
- Må vere mellom 18 og 30 år
- Må ha eit reelt behov for hjelp frå Nav for å kome i arbeid
- Må vere i aktivitet for å kome i jobb eller utdanning
- Kan som hovudregel ikkje få andre livsopphaldsytingar samtidig
- Ytinga blir ikkje gitt til personar som kan klare utdanning på eiga hand
- Minste årleg yting i forsøket svarar til minsteytinga for mottakarar av arbeidsavklaringspengar
- For deltakarar i forsøket som har inntekt frå før, blir ytinga rekna ut på grunnlag av denne dersom ho gir ei høgare yting enn minsteytinga