Nasjonalt tryggingsorgan / Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) er Noregs ekspertorgan for informasjons- og objekttryggleik, og er det nasjonale fagmiljøet for IKT-tryggleik.

NSM gir råd om og gjennomfører tilsyn og andre kontrollaktiviteter på sivil og militær side knytt til sikring av informasjon, system, objekt og infrastruktur av nasjonal betydning.

NSM er eit direktorat som er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Forsvarsdepartementet har instruksjonsmyndigheit overfor NSM i saker på deira ansvarsområde og direktoratet er såleis også underlagt Forsvarsdepartementet og ein del av forsvarssektoren.

NSM har det overordna ansvaret i sektoren for at førebyggjande tryggleiksarbeid blir utført i samsvar med Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven). NSM har eit overordna ansvar for at tryggleiken i alle sektorar blir kontrollert, og skal sjå til at verksemdene oppfyller pliktene dei har etter lova. NSM er vidare nasjonalt tryggingsorgan i kontakt med andre land og internasjonale organisasjonar.

NSM er nasjonalt fagmiljø for digital tryggleik, og skal drive ein nasjonal responsfunksjon for alvorlege digitale åtak og eit nasjonalt varslingssystem for digital infrastruktur (VDI). Som nasjonalt fagmiljø skal NSM støtte Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet innanfor områda departementa har ansvar for. NSM skal identifisere og foreslå nasjonale tiltak og krav og i tillegg gi råd og rettleiing.

NSM skal leggje til rette for at verksemder som Lov om nasjonal sikkerhet (sikkerhetsloven) gjeld for, får tilgang til informasjon om trussel- og risikovurderingar og andre opplysningar som er viktige for det førebyggjande tryggleiksarbeidet i verksemdene. NSM skal bidra til å vidareutvikle samarbeidet med dei andre nasjonale etterretnings- og tryggingstenestene.

Nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC) er ein del av NSM, og blei etablert i 2018. Senteret bidrar til å beskytte grunnleggande nasjonale funksjoner, offentleg forvaltning og næringsliv mot cyberåtak.

Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar

Nettside: https://nsm.no/