2 Endringar i sivilprosessen

2 Endringar i sivilprosessen

2.1 Direktesending av prosesskriv

Det partane i ei sivil sak vil kome med av mellom anna krav, utsegner og prov utanfor rettsmøte, skal som hovudregel setjast fram gjennom prosesskriv, jf. tvistemålslova kap. 10. Dette kan vere dokument som lyt forkynnast for motparten, t.d. forliksklager, stemningar og fråsegne om bruk av rettsmiddel, men òg andre skriftstykke som vert utveksla som ledd i ei saksførebuing.

Direktesending til motparten kan gje ei monaleg vinning der det ikkje er trong for å setje ein frist til å svare på prosesskrivet. Jamvel der dommaren set ein slik frist, kan direktesending gje raskare sakshandsaming, av di fristen etter tilhøva kan vere kortare når motparten alt kjenner til prosesskrivet. Nummer på direktesende dokument - som det er viktig å ha om ein skal halde god orden og oversikt under hovudførehandlinga- kan retten gje i samband med eventuell frist, eller elles neste gong retten sender ei melding til partane. Det er ein føresetnad at direktesending av prosesskriv skundar på sakshandsaminga, men ikkje minskar dommaren si aktive prosessleiing under saksførebuinga.

Etter endringslova går det fram av tvistemålslova § 123 første leddet i kva høve retten ikkje treng meddele eit prosesskriv til motparten når advokaten har sendt det direkte. Men når lova krev forkynning av prosesskrivet, eller prosesskrivet dreg inn nye krav eller er ei fråsegn om bruk av rettsmiddel, må retten syte for at prosesskrivet vert forkynt for eller meddelt parten, jamvel om det er sendt direkte. Etter § 120 nr. 3 skal prosesskrivet seie frå om det er sendt direkte til motparten, jf. likeins § 317 femte leddet andre punktum jf. §§ 306 tredje leddet, 372 fjerde leddet og 401 tredje leddet. Etter dei nemnde føresegnene er utgangspunktet under saksførebuinga og ved bruk av rettsmiddel at ein advokat skal sende prosesskriva direkte til motparten, jf. uttrykket "bør". Men retten kan i særlæge tilfelle ta på seg å meddele prosesskriva til partane dersom det etter tilhøva er meir tenleg, jf. § 317 femte leddet fjerde punktum.

Om endringane sjå tvistemålslova §§ 120, 123, 306, 317, 372 og 401, skjønsprosesslova § 21.

2.2 Sams frist for anke og kjæremål og harmonisering av lengda på ulike rettsmiddelfristar

Den allmenne anke- og kjæremålsfristen skal vere ein månad. Ein sams frist på ein månad reduserer behovet for lange kjæremålsfristar i særlege tilfelle, og vil føre til at ein del problem knytt til val av rettsmiddel, vert fjerna. Samstundes vert ei rekkje særlege rettsmiddelfristar endra. Sjå tvistemålslova § 296, 360, 398 og § 466, skjønsprosesslova §§ 31 og 33 rettergangsordningas ikraftsetjingslov § 8, skiftelova § 40, tinglysingslova § 10, jordskiftelova § 63, rettshjelpslova § 28 a, konkurslova § 153, husleigelova og § 13-2. Departementet ber om at domstolane i ein overgangsfase gjer god informasjon partane særleg om endringane i ankefristen.

2.3 Avgrensing av oppfyllingsvernetinget

Vernetingsreglane regulerer kva stad ein lyt finne seg i å bli saksøkt. Utgangspunktet er at eit søksmål skal reisast på den staden saksøkte bur (heimtinget), jf. tvistemålslova § 17 jf. § 18. For selskap er heimtinget der hovudkontoret er registrert i Foretaksregisteret, eventuelt der styret har setet sitt, jf. § 20. I visse høve kan søksmålet i staden reisast ved eit frivillig særleg verneting, jf. tvistemålslova §§ 23-35, eller på ein stad som saksøkte har vedteke å kunne verte saksøkt, jf. § 36. Oppfyllingsvernetinget i § 25 er eitt av dei særlege vernetinga. § 25 har fått eit tillegg som avgrensar høvet til å nytte oppfyllingsvernetinget ved søksmål om kontraktsskuldnader til å betale pengar. Endringa gjeld ikkje når saksøkte ikkje har heimting i riket.

2.4 Utvida høve til overprøving av sakskostnadsavgjerder

Tvistemålslova § 181 første og andre leddet regulerer kompetansen til å overprøve avgjerder om sakskostnader. Det har vore eit problem at ein høgare rett berre har ein avgrensa kompetanse til å overprøve underinstansen sine avgjerder der sjølve saka ikkje vert brakt inn for den høgare domstolen. Tvistemålslova § 181 er endra slik at kjæremålsretten i visse høve kan treffe ny avgjerd om sakskostnader.

2.5 Innkalling av vitne i sivile saker

Etter endring av tvistemålslova § 200 kan ein domstol påleggje advokatar å syte for frivillig innkalling av dei vitna som parten vil føre og om nødvendig syte for utfylling og forkynning av vitnestemningar, jf. domstollova § 163 a. Denne ordninga er allereie vanleg ved fleire domstolar. Advokaten sin rett og plikt til å stemne vitne etter framlegget gjeld berre dei vitna som han eller ho sjølv har tilbode under saksførebuinga, jf. tvistemålslova § 188, utan at vitnet er avskore av retten. I desse høva gjer stemninga vitnet ei straffesanksjonert plikt til å møte (jf. domstollova § 205). Sjølv om advokaten som hovudregel sjølv utarbeide og forkynne vitnestemninga til dei vitne parten vil føre, er ikkje føresegna til hinder for at andre forkynningsmåtar i staden vert nytta.

2.6 Vitna si plikt til å opplyse om bustad

Straffeprosesslova § 130 vart ved lov 7. april 1995 nr. 15 endra slik at vitna under vitneavhøyr kan velje å opplyse om arbeidsstaden i staden for bustadadressa. Tilsvarande endring er no gjort i tvistemålslova § 215. I visse saker, t.d. ulike tvangssaker der dei som har førebudd saka for forvaltningsorganet gjerne må gje vitneprov, kan behovet for vern vere like stort som i straffesaker. Regelen vil gjere det vanskelegare å få greie på kvar vitnet bur, samstundes som retten sitt behov for å få tak i vitnet ved eit seinare høve er ivareteke ved at arbeidsstaden den vert opplyst.

2.7 Opning for at visse saker mot stat og kommune kan bringast inn for forliksrådet

Tvistemålslova § 273 er endra slik at jamvel visse saker mot staten eller ein kommune skal kunne bringast inn for forliksrådet, men ordninga er frivillig for saksøkjaren. At det vert "lettare" å gå til sak mot stat og kommune får berre nokon realitet om forliksrådet seier dom til gunst for klagaren. Med omsyn til den saklege avgrensinga er tvistemålslova § 273 nr. 3 endra slik at mekling i forliksrådet berre er utelukka i dei saker som skal handsamast etter dei særlege reglane i kapittel 30. Samstundes er tvistemålslova § 274 gjeven eit tillegg om at mekling i forliksrådet ikkje er nødvendig i saker mot staten og kommunar m.fl. som fell utanfor kapittel 30 i tvistemålslova. Den som vil gå til sak mot det offentlege risikerer såleis ikkje å få saka avvist frå herads- og byretten av di det ikkje er mekla.

Det vil då være vilkåra i tvistemålslova § 435 som er avgjerande for om mekling i forliksrådet skal vere utelukka eller ikkje. Det vil i visse høve vere tvil om kva som ligg i utrykket "utelukkende privatrettlig art", jf. § 435 andre leddet. For nokre saksfelt kjem ikkje spørsmålet på spissen av di andre lovføresegner fastset at mekling i forliksrådet ikkje kan gjennomførast. Det vil mellom anna gjelde for avskils- og oppseiingssaker, jf. arbeidsmiljølova § 61 A og tenestemannslova § 19 nr. 6. Det er venteleg ulike offentlege tenesteytingar som då vil kunne valde mest tvil. Slike saker ligg gjerne i skjeringspunktet mellom utøving av offentleg styring og privatrettslege disposisjonar. Det kan såleis vere at ein privatrettsleg avtale har sin bakgrunn i at eit offentleg organ har plikt til å syte for tilgang på t.d. barnehageplassar, vatn eller straum. Usemje mellom det offentlege organet og forbrukaren om kor mykje vatn eller straum som er brukt vil kunne vere av reint privatrettsleg art. Ein forbrukar som krev tilbakebetaling pga. feilmåling vil såleis kunne kalle inn til mekling i forliksrådet.

2.8 Utvida høve til hovudforhandling i munnlege saksførebuande møte

Saksførebuinga i ei sivil sak kan gå føre seg skriftleg, dvs. ved utveksling av prosesskriv, eller munnleg. Etter endring av tvistemålslova § 305 andre leddet kan dommaren fastsetje at saksførebuande møte skal gå over til hovudforhandling der dommaren finn det "ubetenkelig" og partane i innkallinga til møte er varsla om dette. Utvida høve til å gå beinveges over til hovudforhandling vil gje domstolane eit veleigna middel til å korte ned sakshandsamingstida. Prinsippet om at ein part skal få høve til å leggje fram saka si i ei hovudforhandling, vil gjelde òg ved direkte overgang. Retten vil i det heile måtte leggje vekt på kva partane meiner om spørsmålet når den tek stilling til om beinvegs overgang er "ubetenkelig". Hovudføremålet med det munnlege saksførebuande møtet vil framleis vere å leggje rammene for saka, ikkje å få avslutta henne. Når det gjeld spørsmålet om varsling føreåt, har automatisk varsling lite føre seg. I kor stor del av dei munnlege saksførebuingsmøta det kan verte aktuelt med beinveges overgang til hovudforhandling, vil likevel henge saman med kor ofte munnleg saksførebuing vert brukt i staden for skriftleg ved vedkomande domstol. Det bør ikkje visast til regelen om beinveges overgang i innkallinga om ikkje dette for dommaren står fram som ei løysing som lett vil kunne verte aktuell.

2.9 Utviding av området for obligatorisk forenkla rettergang

Reglane om forenkla rettergang er etter endringa av tvistemålslova § 322 ikkje avgrensa til gjeldssaker, men er endra til "saker om formuesverdier". Vidare er den forelda tilvisinga til § 1 sløyfa.

2.10 Sakshandsaminga ved fremming av anker under ankesummen

Reglane om handsaming av anker under ankesummen for lagmannsretten og for Høgsterett er endra. Endringane inneber at det ikkje lenger er førstelagmannen eller lagmannen som skal ta stilling til om ein anke skal tillatast fremma der verdien på ankegjenstanden er under kr 20 000. Lagmannsretten skal ta stilling til dette samstundes som den tek stilling til om anken skal avvisast. Avgjerda kan ikkje takast av formannen åleine. Søknad om ankesamtykke skal setjast fram i sjølve ankeerklæringa. Der lagmannsretten finn at ankesamtykke er nødvendig og dette ikkje vert gjeve, skal såleis avgjerd om at ankesamtykke ikkje vert gjeve og orskurd om at anken vert avvist, utgjere slutninga i avvisningsorskurda. Det kan nyttast rettsmiddel mot avvisningsorskurda, men ikkje mot avgjerda om nekting av ankesamtykke. Kjæremål til Høgsteretts kjæremålsutval kan dermed ikkje verte grunna med at samtykke til anke skulle vore gjeve, men kan sjølvsagt grunnast med at lagmannsretten har teke feil når den bygde på den føresetnad at slikt samtykke var nødvendig. Til skilnad frå lagmannsretten skal Kjæremålsutvalet ved søknad om direkte anke berre ta stilling til dette spørsmålet, ikkje sjølve avvisingsspørsmålet. Om samtykke ikkje vert gjeve, skal anken derimot handsamast av lagmannsretten på vanleg måte. Sjå endringar i tvistemålslova §§ 6, 356, 359 og 370.

2.11 Ankesumskravet i saker om fast eigedom

Tvistemålslova § 16 er endra frå at ei sak som ikkje fyller kravet til ankesum "skal som regel fremmes" til å bli slik at ei sak som ikkje fyller kravet til ankesum "kan fremmes". Omsynet med endringa er å redusere tale på saker som gjeld krav under ankesumskravet.

Ved endringa av tvistemålslova § 372 får den retten som har avsagt ein dom som vert påanka, plikt til å varsle ankedomstolen dersom vedkomande meiner at anken gjeld ein formuesverdi som ikkje oppfyller kravet til ankesum. Retten pliktar likevel ikkje å foreta nærare undersøkingar. Tvistemålslova § 166 vil regulere sakshandsamingsspørsmålet der retten har fleire medlemmar eller førebuinga av saka er overlaten til ein annan dommar. Endringa av § 372 tredje ledd er av redaksjonell art. Sjå endringane i tvistemålslova §§ 16 og 372 og skjønnsprosesslova § 33 a.

2.12 Ankeordninga etter tvistemålslova kapittel 33

Tvistemålslova § 485 er endra slik at ankar over herads- og byrettens avgjerder etter tvistemålslova kapittel 33 ikkje lenger skal gå direkte til Høgsterett. Endringa vil berre ha praktisk verknad for overprøving av tvangsvedtak etter psykiske helsevernlova (lov 2. juli 1999 nr. 62 når ho trer i kraft 1. januar 2001), fordi sosialtjenestelova § 9-10 allereie fastset at anke over avgjerd frå herads- og byretten går til lagmannsretten.

2.13 Innkalling til mekling i forliksrådet sjølv om den som er klaga inn, har godteke klagaren sin påstand

Etter den "tilsvarsordninga" som vart innførd ved lov 27 juni 1986 nr 48 innkallar ikkje forliksrådet til mekling dersom den som er klaga inn, godtek klagaren sin påstand eller let ver å gje inn tilsvar. Forliksrådet seier i tilfelle fråværsdom eller dom i samsvar med godtakinga, utan at det kjem til kostnader knytt til frammøte i forliksrådet. Før denne lovendringa vart partane innkalla til mekling sjølv om det ikkje var nokon reell tvist mellom dei. Bakgrunnen for endringa var såleis å forenkle inkassosakene og halde kostnadene nede for jamvel kreditor og debitor. Ein ulempe ved tilsvarsordninga er likevel at det forsvann eit verdifullt høve for partane til å møtest, og t.d. bli samde om ei nedbetalingsordning i eit rettsforlik. Nedbetalingsordningar som skuldnaren sjølv har vore med på å utarbeide og som er tilpassa hans eller hennar betalingsevne, vert truleg oppfylte frivillig i større utstrekning enn ein dom som byggjer på klagaren sin opphavlege påstand.

Etter endring i tvistemålslova § 277 kan forliksrådet kalle partane inn til mekling sjølv om den som er innklaga, har godteke klagaren sin påstand i tilsvaret. Endringa har ikkje noko å seie for krav som ikkje treng ein dom for å vere tvangskraftige, t.d. gjeldsbrev som inneheld ei vedtaking av at gjelda kan drivast inn utan søksmål, jf tvangsfullføringslova § 7-2. Det vert heller ikkje eit ytterlegare ledd i sakshandsaminga. Anten vert det eit rettsforlik mellom partane som òg er tvangsgrunnlag, eller så avseier forliksrådet dom. Dersom forliksrådet innkallar til mekling, har partane ikkje personleg møteplikt. Sjå endringar i tvistemålslova §§ 277, 278 og 288.

2.14 Høvet for advokatar m.fl. til å møte i forliksrådet

Det er gjort endringar i tvistemålslova §§ 279 og 288 a som skal klargjere reglene for når ein part kan bruke fullmektig eller medhjelpar i forliksrådet. Etter det nye § 279 andre leddet er utgangspunktet at ein part som ikkje har personleg møteplikt etter tvistemålslova § 278 under meklinga kan møte saman med ein medhjelper eller forliksfullmektig, eller parten kan velje å la seg representere av ein forliksfullmektig. Ein part har ikkje personleg møteplikt når han anten bur utanfor den kommunen der saka kjem opp eller han har gyldig forfall. Medhjelparen eller forliksfullmektigen må fylle vilkåra i § 279 første leddet. I høve der den eine parten har ein medhjelpar eller forliksfullmektig, kan jamvel motparten ta med ein medhjelpar. I slike høve har likevel motparten alltid personleg møteplikt. Han kan ikkje velje å sende ein fullmektig i staden for å møte sjølv. Forliksrådet kan òg i andre høve tillate ein part som har personleg møteplikt, å møte saman med ein medhjelpar. Det kan være t.d. være aktuelt der styrke tilhøvet mellom partane er ulikt, t.d. der den eine av partane sjølv er advokat eller der ein advokat møter som tilsett i eit selskap. Det samme gjeld der ein part treng spesiell støtte under møtet i forliksrådet, t.d. på grunn av høg eller låg alder.

Etter § 279 tredje leddet byggjer på andre leddet slik det var før lovendringa. Uttrykket "møte med" er endra til "bruke" fordi uttrykksmåten "møte med" lett kan bli oppfatta som "møte sammen med". Ved sida av en part som har personleg møteplikt kan det ikkje møte ein annan person som forliksfullmektig. I slike høve må parten nytte ein medhjelpar. I røynda har denne skilnaden ikkje mykje å seie.

I høve der ein part har varsla om at han vil møte med advokat anten som medhjelpar eller forliksfullmektig, har motparten rett til å nytte advokat eller ein annan som fyller vilkåra for å vere forliksfullmektig utan å varsle om dette.

Etter endringa i § 288 a gjeld varslingsregelen i § 279 tredje leddet tilsvarande for domsforhandlinga i forliksrådet.