7 Endringar i nokre av...

7 Endringar i nokre av rettergangsreglane for Høgsterett

7.1 Reglane om prøveadvokatar for Høgsterett

For å få løyve til å vere advokat for Høgsterett må ein advokat mellom anna ha vist seg skikka til å føre saker for Høgsterett gjennom to prøvesaker.

Utgangspunktet har vore at det berre kan vere ein prøveadvokat i same sak. Domstollova § 221 er endra slik at det skal vere høve til å tillate fleire prøveadvokatar i same sak. Avgjerda om det skal vere høve til fleire prøveadvokatar, blir teken av Høgsteretts kjæremålsutval, som kan kjenne saka gjennom si førebels handsaming etter tvistemålslova § 373.

Samstundes er vilkåret om at minst ei av prøvesakene lyt vere ei sivil sak for den ankande parten, jf. domstollova § 221 andre leddet andre punktum, endra slik at advokatprøva i særskilde høve kan verte avlagt ved utføring av to straffesaker for Høgsterett.

7.2 Kjæremålsutvalet si handsaming av kjæremål

Ved lovendring 11. juni 1993 nr. 83 vart det etter initiativ frå Høgsterett opna for summarisk handsaming av visse sivile kjæremål i kjæremålsutvalet, jf. tvistemålslova §§ 403 a og § 404 andre ledd. Endringane vart gjorde for å lette kjæremålsutvalet si arbeidsbyrde og gjekk ut på at utvalet i visse høve kunne avvise eller forkaste kjæremålet utan annan grunngjeving enn å vise til anten § 403 a eller § 404 andre leddet. Vilkåret etter § 403 a er at kjæremålsutvalet samrøystes finn det klart at kjæremålet ikkje kan føre fram. For vidare kjæremål er høvet til "siling" endå meir omfattande i og med at utvalet kan avvise eit vidare kjæremål utan realitetshandsaming dersom kjæremålsutvalet et samrøystes finn at ei avgjerd ikkje vil ha noko å seie for andre saker og heller ikkje andre sider ved saka tilseier at kjæremålsutvalet bør handsame saka, jf. § 404 andre leddet. Tilsvarande endring er no fastsette for straffesaker. Sjå endring i straffeprosesslova ny § 387 a og § 388.

I tillegg er tvistemålslova § 403 a endra slik at kjæremålsutvalet kan stadfeste avgjerder som er påkjærde, ikkje berre avvise eller forkaste kjæremålet. Når kjæremålet i ei sak der utvalet har full kompetanse ikkje fører fram, følgjer det av allmenn rettergangspraksis at utvalet skal stadfeste den påkjærte avgjerda. Med støtte i førearbeida til § 403 a har kjæremålsutvalet gått fram slik i praksis, men dette går no direkte fram av lovteksten.

7.3 Fjerning av kravet om advokat med møterett for Høgsterett i sivile skriftlege ankesaker

Tvistemålslova § 44 er endra slik at det skal vere mogeleg for ein part å nytte ein advokat utan møterett for Høgsterett ved skriftleg handsaming av ankesaker. Dette gjeld for advokatane på begge sider i saka.

7.4 Avgrensing av høvet til å kome med ny omstende og prov i sivile ankesaker?

Høgsterett si prioritering av kva for ankesaker som skal sleppe fram til førehaving i retten skjer gjennom kjæremålsutvalet si handsaming og siling av ankar etter tvistemålslova § 373. Eit viktig kriterium for prioriteringa er kva for verknad for framtidige saker det kan ha å få Høgesterett si avgjerd av den aktuelle saka, jf. § 373 tredje leddet nr. 4. Dersom ei ankesak vert fremma på dette grunnlaget, er det mindre heldig om ho under ankeførebuinga endrar karakter, til dømes til å bli heilt avhengig av konkret provsvurdering. Når ei sak alt er prosedert i to instansar, lyt partane og advokatane deira kjenne henne så vel at ei ankefråsegn til Høgsterett kan få greitt fram kva for prinsippspørsmål saka gjeld.

På grunnlag av dette er krava til ankefråsegn og anketilsvar skjerpa, og høvet til å endre ankesaka si karakter etter at kjæremålsutvalet har vist henne til handsaming i Høgsterett innsnevra. Sjå endring av tvistemålslova §§ 365, 371 og 375.

7.5 Partane sin uttalerett før ei sivil ankesak vert nekta fremma

Tvistemålslova § 373 er endra slik at kjæremålsutvalet fritt får avgjere om ankeparten skal få uttale seg før anken vert nekta fremma. Ein anke bør vere så godt grunngjeven at den i seg sjølv kan gje grunnlag for å sleppe anken inn for Høgsterett utan ytterlegare utgreiing frå ankeparten. I tillegg er § 365 og § 371 endra slik at desse paragrafane spesielt gjer partane merksame på at dei bør uttale seg om forhold som kan ha noko å seie for spørsmålet om å avvise anken etter § 373.

7.6 Stans i handsaminga av saker der prinsipielle spørsmål står for retten i ei anna sak

Kjæremålsutvalet vil etter tvistemålslova § 373 nytt femte ledd få høve til å stanse ei ankesak når eit sentralt spørsmål i saka allereie står for Høgsterett i ei anna sak. Dette kan spare både partane og retten for kostnader.

7.7 Krav om at ankeparten skal gje ei skriftleg utgreiing om dei faktiske tilhøva i saka

Tvistemålslova § 374 tredje leddet er endra slik at Høgsterett kan påleggje ankeparten å utarbeide ei samla skriftleg utgreiing av dei faktiske tilhøva i ankesaka. Det er grunn til å tru at dette vil gjere sjølve sakshandsaminga for Høgsterett enklare. Ein tilsvarande regel gjeld etter endringa òg for lagmannsretten. Det visast til at ein slik regel allereie finst for herads- og byrettane, jf. § 317 andre leddet.

7.8 Oppattaking av ankesaker

Tvistemålslova § 415 er endra slik at alle krav om oppattaking der kjæremålsutvalet har gjeve orskurd etter § 373 tredje leddet, skal gå til lagmannsretten. Unntaket gjeld der kravet om oppattaking byggjer på feil ved sakshandsaminga av ankesaka i Kjæremålsutvalet. I slike høve må kjæremålsutvalet sjølv handsame kravet om oppattaking.

7.9 Handsaming av søksmål mot lagdommarar

Tvistemålslova § 438 er endra slik at søksmål mot ein lagdommar om ei dommarhandling skal reisast for ein sideordna lagmannsrett i staden for Høgsterett.

Det er saksøkjaren som vel den lagmannsretten som skal handsame saka, men saka kan verte overførd til ein annan lagmannsrett etter reglane i domstollova § 38.

7.10 Førebuande dommar i straffesaksanker

Ved endring av straffeprosesslova § 327 er det gjort klårt at ein førebuande dommar i Høgsterett kan treffe saksførebuande avgjerder. Unntak gjeld for spørsmål om bevisopptak som etter straffeprosesslova § 338 andre leddet skal handsamast av kjæremålsutvalet. Saksførebuande avgjerder som ein dommar kan gjere åleine, kan til dømes vere avgjerd om oppreising der ankefristen er gått ut, jf. straffeprosesslova § 318. Ordninga samsvarer med den praksis Høgsterett har følgd etter tvistemålslova § 166.