Dei kommunane som no kan kompenserast er:  Tromsø, Bodø, Frosta, Leksvik, Midtre Gauldal, Rissa, Selbu, Aukra, Eide, Gjemnes, Haram, Herøy, Midsund, Flora, Førde, Sogndal, Etne, Kvam, Modalen, Bømlo, Vindafjord, Finnøy, Audnedal, Åseral, Hægebostad, Sirdal, Vegårshei, Iveland, Sigdal og Gausdal. Fylkeskommunane prioriterer sjølve mellom ulike typar innsats i samråd med sine regionale partnarar innanfor mål, rammer og retningslinjer for posten. Målet er å få til ein brei næringsretta innsats. Særleg skal det leggast vekt på å utvikle næringsliv og arbeidsplassar i område som ikkje fekk innført differensiert arbeidsgjveravgift på nytt, eller som fikk innført ordninga med høgare sats enn før 2004. Her er tildelingsbreva for 2015 til dei fylkeskommunane som har fått tilført kompensasjonsmidlar: