Jordbruksavtalen 2011-2012

Budsjettet frå a til å - Statsbudsjettet 2012

Jordbruksavtalen for 2011-2012 har ei ramme på 1 420 millionar kroner. Av dette er 365 millionar ein netto løyvingsauke over statsbudsjettet. Målprisane aukes tilsvarande 810 millionar kroner. Jordbruksavtalen legg til rette for ein inntektsauke på vel 10 ¼ prosent i forhold til 2011, før utslag av avtalen. Deler av avtalen gir inntektseffekt allereie i 2011.

I den raudgrøne regjeringsperioden 2006-2011 er det lagt til rette for ein inntektsauke i jordbruket på 58 ½ prosent.

Regjeringa gjer framlegg om å heve trygdeavgifta frå 7,8 prosent til 11,0 prosent for næringsinntekt i jord- og skogbruk frå 2012. Innanfor jordbruksavtalen er løyvinga til folketrygda på 130,8 millionar kroner foreslått omdisponert til inntektsgivande tiltak. I tillegg foreslår regjeringa å auke jordbruksfrådraget med om lag 120 mill. kroner i 2012.

Investeringspakke:
For å stimulere til økte investeringar og økt produktivitet og lønnsemd i landbruket, foreslår regjeringa fleire justeringar av skatteregelverket. Endringane gjeld frå inntektsåret 2011:

Saldoavskrivingane for husdyrbygg aukar frå 4 til 6 prosent, og avskrivingane for enkle bygningskonstruksjonar aukes frå 8 til 10 prosent.

Innanfor det distriktspolitiske virkeområdet blir BU-tilskott skattefrie.

Vidare gjeres det ein endring slik at en større del av inntektene (40 prosent) frå leigekøyring eller tenester for andre kan førast i felles årsoppgåve for landbruk.

Til toppen