Trebasert Innovasjonsprogram

Budsjettet frå a til å - Statsbudsjettet 2012

Løyvinga til tresatsingstiltak blir foreslått sett til om lag 28 millionar kroner for 2012. Ein auke på om lag 10 millionar kroner samanlikna med 2011. Trebasert Innovasjonsprogram er hovudvirkemidlet i tresatsinga. Programmet skal bidra til auka bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. Tre er et fornybart bygningsmateriale som har en positiv effekt på CO2 balansen.

Trebasert Innovasjonsprogram blei evaluert i 2011. Evalueringa konkluderte med at programmet bidreg til økt bruk av tre og auka lønnsemd i heile verdikjeda. Evaluatoren trekk også frem at programmet har bidrege til å opparbeide eit nettverk av regionalt forankra drivarar for tresektoren og at denne organiseringa har vært viktig for å nå måla.