Høyringsbrev

Plikten til å varsle selskapet i samband med tvangsoppløysing av selskapet mv. – framlegg om endring av aksjelova og enkelte andre lover


Vedlagt følgjer eit høyringsnotat som i hovudsak gjeld endringar i aksjelova §§ 16-16 og 16-17. Aksjelova § 16-16 gjeld det varselet Brønnøysundregistra skal gje selskapet i ei sak om tvangsoppløysing av selskapet. Bakgrunnen for framlegget er at Høgsteretts ankeutval i ein orskurd 30. mars 2009 (Rt. 2009 s. 414) kom til at varsel etter aksjelova § 16-16 må vere kome fram til selskapet. Framlegget i høyringsnotatet her går ut på at det skal vere tilstrekkeleg at varsel er sendt til selskapet.

Det blir også gjort framlegg om endringar i dei tilsvarande reglane i allmennaksjelova, samvirkelova og bustadbyggjelagslova. I tillegg gjeld lovframlegget retting av enkelte inkuriar i aksjelova og allmennaksjelova.

Ei liste over adressatane er lagt ved høyringsbrevet. Vi ber om at adressatane sjølve gjer høyringsbrevet kjend for eventuelle underordna etatar og organ.

Høyringsfristen er 1. august 2010. Høyringsfråsegnene kan sendast Justisdepartementet, Lovavdelinga, postboks 8005 Dep, 0030 Oslo.


Med helsing


Tone Ofstad  e.f.
avdelingsdiretør


Ingrid K. Rogne
lovrådgjevar