Meld. St. 3 (2009 – 2010)

Statsrekneskapen 2009

Til innholdsfortegnelse

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond trådde i kraft 1. januar 2006. Frå same dato vart Statens pensjonsfond etablert som ein overbygning over det som tidlegare var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Fondet består av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i dei to fonda er ført vidare innafor den nye overbygninga. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 2 759,1 mrd. kroner ved utgangen av 2009, ein auke på 391,7 mrd. kroner frå utgangen av 2008. Dei to fonda fører eigne rekneskap, og kapitalen i fonda vert tekne med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

 20082009Endring
SPU2 279 6352 641 995362 360
SPN87 751117 07029 319
Statens pensjonsfond samla2 367 3862 759 065391 679

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene til SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond § 3. Inntektene i 2009 er summen av staten sin netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanspostar (medrekna kjøp og sal av aksjar i Statoil ASA), og avkastninga av formuen i fondet. Utgiftene til fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget 1. Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen ved handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond, vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet. Ifølgje handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle oljekorrigerte underskotet over tid svare til forventa realavkastning av SPU, berekna til 4 prosent.

Rekneskapen for SPU vert ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter prinsippet om marknadsverdi.

Tabell 3.2 nedafor syner resultatrekneskapen for SPU. Tabell 3.3 syner balansen til fondet og tabell 3.4 spesifiserer endringane i fondet sin balanse.

Resultatrekneskapen (tabell 3.2) for 2009 syner at SPU hadde inntekter på til saman 366,3 mrd. kroner. Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda til staten utgjorde den største delen av desse inntektene med 279,8 mrd. kroner. Dei bokførte renteinntektene og utbyte frå selskapa i porteføljen utgjorde til saman 86,5 mrd. kroner i 2009 etter fråtrekk for forvaltningskostnader med 3,2 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2009 vart det overført 107,2 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet i 2009. Overskotet i fondet etter nasjonalrekneskapen sine definisjonar vart dermed 259,1 mrd. kroner.

Staten hadde vidare utgifter i 2009 i samband med kjøp av aksjar i Statoil ASA for 2,2 mrd. kroner, noko som auka staten ved Olje- og energidepartementet sin eigardel i selskapet frå 66,4 prosent til det målsette 67,0 prosent. Beløpet vart overført frå fondet i tråd med lov om Statens pensjonsfond § 3 sjette ledd.

Omvurderingane i rekneskapen for SPU i 2009 utgjorde i alt ein netto oppgang på 105,4 mrd. kroner (tabell 3.4). Av dette var 83,5 mrd. kroner realiserte verdipapirtap og 606,6 mrd. kroner var urealiserte vinstar på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein nedgang i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 417,6 mrd. kroner som følgje av styrka kronekurs i 2009. Noregs Bank sin resultatrekneskap for forvaltninga av SPU syner eit resultat før valutakursregulering på 612 785 mill. kroner (jf. spesifikasjon i tabell 3.4, notane 1 og 2).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna utgifter i samband med at staten har kjøpt aksjar i Statoil ASA og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet over statsbudsjettet. For 2009 utgjer dette 170,4 mrd. kroner 2. Kontantoverføringane frå statskassa til fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing, der ein òg tek omsyn til om det året før vart overført for mykje eller for lite.

For 2009 vart det samla overført 171,6 mrd. kroner. Overføringane fordelte seg slik (tal i mill. kroner) 3:

MånadOverføring
Januar19 082
Februar15 214
Mars12 048
April13 447
Mai13 355
Juni13 573
Juli20 105
August20 369
September8 457
Oktober8 746
November27 182
Sum171 577

I 2008 vart det overført 6 346 mill. kroner mindre frå statskassa til fondet enn netto avsetjing, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2008. Overføringane for 2009 utgjer 165 231 mill. kroner når ein tek omsyn til det for lite overførte beløpet i 2008. Dei kontante overføringane i 2009 er etter dette 5 180 mill. kroner mindre enn netto avsetjing til SPU etter statsrekneskapen. I kapitalrekneskapen per 31. desember 2009 er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa (tabell 3.3). I tråd med tidlegare praksis legg ein opp til at det vert korrigert for denne mellomrekninga i overføringane til fondet i 2010.

Etter å ha korrigert for mellomrekninga med statskassa og trekt frå samla godtgjering til Noregs Bank, syner rekneskapen at den bokførte verdien av fondet ved utgangen av 2009 var på 2 642 mrd. kroner. Dette svarer òg til marknadsverdien, jf. at fondet vert ført til marknadsverdi i rekneskapen. Fondets balanse er nærare spesifisert i tabell 3.3, der òg brutto tal for fondet sin balanse kjem fram, sjå Meld. St. 10 (2009–2010).

Midla i SPU er plasserte i både renteberande verdipapir og eigenkapitalinstrument. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i forskrift og i utdjupande retningsliner definert nærare innretting for forvaltninga. I forskrifta om forvaltninga av fondet heiter det at Finansdepartementet skal definere ein referanseportefølje. Referanseporteføljen er sett saman slik at han skal representere ein nøytral investeringsstrategi innafor dei retningslinene Finansdepartementet har fastsett. Vidare har Finansdepartementet sett ei ramme for kor mykje dei faktiske investeringane kan avvike frå referanseporteføljen, målt ved risikomålet forventa relativ volatilitet. Relativ volatilitet er definert som standardavviket til avkastninga av den såkalla differanseporteføljen, som utgjer skilnaden mellom referanseporteføljen og den faktiske porteføljen, jf. nærare omtale i St.meld. nr. 1 (1997–1998) Nasjonalbudsjettet 1998. Ramma for relativ volatilitet har frå målet vart innført i 1998 vore 1,5 prosent. I Meld. St. 10 (2009 – 2010) legg Finansdepartementet opp til at denne ramma vert senka til 1 prosent. Den strategiske referanseporteføljen var frå 1998 sett saman av 60 prosent renteberande instrument og 40 prosent eigenkapitalinstrument. Den delen som utgjer eigenkapitalinstrument er vedteken auka til 60 prosent og nådde dette nivået i 2009. Ved utgangen av 2009 utgjorde eigenkapitalinstrument om lag 62 prosent av fondets faktiske referanseportefølje. Sjå Meld. St. 10 (2009 – 2010) for ytterligare omtale.

Den 5. mars 2010 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for si forvaltning av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2009. Bokført verdi av den særskilde porteføljen var 2 636,8 mrd. kroner ved utgangen av 2009 etter fråtrekk av forvaltningskostnader. Avkastninga på dei utanlandske investeringane i fondet vart 25,6 prosent for heile 2009 når ein måler i utanlandsk valuta i samsvar med valutasamansetjinga til referanseporteføljen. Når ein fordeler avkastninga på aksje- og obligasjonsporteføljane, syner tala at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 34,3 prosent, medan avkastninga på obligasjonsinvesteringane utgjorde 12,5 prosent. Den vekta summen av avkastning i dei to aktivaklassane svarar ikkje nøyaktig til den samla avkastninga i fondet. Årsaka er at avkastningstala for året kjem fram ved å kjede månadlege avkastningstal for aktivaklassane og for totalen kvar for seg.

Verdien av den norske krona styrka seg mot valutakorga til SPU i 2009. Dette førte til at verdien av fondet målt i norske kroner vart tilsvarande lågare. For heile året var den samla avkastninga 7,8 prosent målt i norske kroner. Det er likevel avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Tala for avkastning i omtala over er brutto, der forvaltningskostnadene ikkje er trekte frå. I resultatoppstillinga for fondet i tabell 3.2 er forvaltningskostnadene trekte frå. Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekka av avkastninga til fondet i samsvar med forvaltningsavtalen mellom Finansdepartementet og Noregs Bank. For 2009 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,14 prosent av kapitalen. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med. Samla utgjorde forvaltningsgodtgjeringa til Noregs Bank 3 228 mill. kroner i 2009. Sjå note 2 til Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2009 for nærare spesifikasjon.

Det er òg gjeve ei nærare omtale i årsmeldinga for fondet. Noregs Bank sin årsmelding er utrykt vedlegg til Meld. St. 10 (2009–2010) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2009.

Noregs Bank si forvaltning av SPU vert revidert av revisjonen til Noregs Bank. Noregs Bank sin revisjon er underlagt Representantskapen, som er oppnemnt av Stortinget. Revisjonen til Noregs Bank etablerte i 2007 eit samarbeid med Deloitte AS for å styrkje kompetansen og møte særlege utfordringar i den finansielle revisjonen av kapitalforvaltninga. Revisjonen til Noregs Bank og Deloitte har saman stadfesta rekneskapsrapporteringa for SPU for 2009. Den overordna revisjonen av Finansdepartementet si forvaltning av SPU er lagt til Riksrevisjonen, og Riksrevisjonen byggjer til dels sin revisjon på det arbeidet som vert utført av revisjonen til Noregs Bank, men utfører òg eigne kontrollhandlingar retta mot Noregs Bank 4.

Tabell 3.2 Resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner)

Kap.PostTekst20082009
INNTEKTER
5507Skatt og avgift på utvinning av petroleum
71Ordinær skatt på formue og inntekt88 80261 501
72Særskatt på oljeinntekter150 839103 733
74Arealavgift m.m.1 8421 470
Sum kap 5507241 483166 704
550870Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen3 3922 215
550970Avgift på utslipp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen29247
5440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda
24Driftsresultat152 57698 285
30Avskrivingar15 74115 268
50Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond70835
80Renter av statens kapital6 5606 456
85Renter på mellomvere1313
Sum kap 5440175 597120 058
568585Utbyte Statoil ASA16 94015 489
Sum inntekter frå petroleumsverksemda437 705304 512
UTGIFTER
2440Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen
30Investeringar19 99823 597
50Overføring til Statens petroleumsforsikringsfond1 8411 122
Sum utgifter til petroleumsverksemda21 83924 719
Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, overført til SPU frå statsbudsjettet (inntekt – utgift)415 866279 794
Renteinntekter og utbyte m.m. 1)97 78486 507
Sum inntekter SPU513 650366 301 
Overført frå SPU til statsbudsjettet8 370107 221
Overskot i SPU505 280259 080

1) Dette talet utgjorde summen av desse postane (tal i mill. kroner). Sjå òg fotnote 2 til tabell 3.4:

 20082009
Renteinntekter69 35949 131
Utbyte30 59038 632
Andre inntekter/kostnader1 971
Forvaltningsgodtgjering-2 165-3 228
Sum97 78486 507

Tabell 3.3 Balanse for SPU per 31.12. 2009 (tal i mill. kroner)

Aktiva   Passiva
Konto i Noregs Bank 2)2 636 815Eigenkapital2 641 995
Mellomrekning med statskassa 1)5 180
Sum2 641 995Sum2 641 995

1) Statsrekneskapen syner at netto avsetjing til SPU i 2009 vart 5 180 mill. kroner høgare enn det som faktisk vart overført frå statskassa til fondet. Denne differansen utgjer per 31.12.2009 ei fordring for fondet på statskassa, og vert innløyst etter utløpet av budsjetterminen i form av ein auke i overføringa til fondet i 2010. Tilsvarande tal per 31.12.2008 var 6 346 mill. kroner.

2) I samsvar med forskrifta for forvaltning av SPU av 22. desember 2006 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12 (tal i mill. kroner):

EIGEDELAR2008*2009
Innskot utanlandske bankar18 1114 644
Utlån knytt til gjensalsavtaler274 132191 473
Avgjeve kontantsikring114140
Aksjar og andelar943 3371 496 759
Utlånte aksjar182 612150 847
Obligasjonar og andre renteberande papir1 421 565908 222
Utlånte obligasjonar191 482161 990
Finansielle derivatar **39 5792 263
Uoppgjorte handlar102 57417 572
Andre fordringar17 164251
Sum finansielle eigedelar3 190 6702 934 161
GJELD OG EIGENKAPITAL  
Kortsiktige innlån1336 238
Innlån knytt til gjenkjøpsavtaler514 395109 536
Motteken kontantsikring188 608154 676
Finansielle derivatar **75 8998 118
Uoppgjorte handlar132 71811 925
Anna gjeld3 4633 625
Påkommen forvaltningsgodtgjering2 1653 228
Sum finansiell gjeld917 381297 346
Eigenkapital2 273 2892 636 815
Sum gjeld og eigenkapital3 190 6702 934 161

* Frå og med rekneskapen for 2009 er det gjort følgjande endring i klassifisering og presentasjon: Finansielle derivatar og uoppgjorte handlar er ikkje motrekna i balansen. Utlånte verdipapir er presenterte på eigne liner i balansen. Rekneskapstala for 2008 er presenterte tilsvarande. Sjå note 0 i Noreg Bank si årsmelding om SPU for 2009.

** Finansielle derivatar: Endring i marknadsverdi av finansielle derivatar er resultatført og med i balansen. Slike posisjonar er spesifiserte i note til rekneskapen. For nærare skildring av dei ulike derivata, sjå note 5 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2009. Delar av note 5 er òg presenterte nedafor (tal i mill. kroner):

Finansielle derivatar per 31.12.2009EksponeringVerkeleg verdi
  KjøpteSeldeEigedelGjeldNetto verdi
Valutahandlar16 233017830148
Børsnoterte futureskontraktar20 18511 037105393-288
Rentebyteavtaler82664 5711205 419-5 299
Kreditbyteavtaler24 2542 9531441 166-1 022
Aksjebyteavtaler2 4532818311172
Sum byteavtaler27 53367 5524476 596-6 149
Opsjonar34 76419 1491 5331 099434
Sum finansielle derivatar98 71597 7382 2638 118-5 855

Tabell 3.4 Endring i balansen for SPU (tal i mill. kroner)1), 2)

 20082009
Inngåande saldo 1.1.2 018 4862 279 635
Overskot505 280259 080
Sal/kjøp av aksjar i Statoil ASA m.m.-17 136-2 162
Valutakursreguleringar (vinst/tap)1)506 163-417 607
Urealiserte vinstar/tap før valutakursregulering 2)-630 229606 585
Realiserte vinstar/tap før valutakursregulering 2)-102 929-83 536
Omvurderingar samla-226 995105 442
Utgåande saldo 31.12.2 279 6352 641 995
1) Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):20082009
Renteinntekter innskot i utanlandske bankar494462
Renteinntekter utlån knytt til gjensalsavtaler14 189696
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:
- Aksjar og andelar-595 304488 082
- Obligasjonar og andre renteberande verdipapir-686118 971
- Finansielle derivatar-31 2107 398
Rentekostnad innlån knytt til gjenkjøpsavtaler-20 124 -2 571
Andre rentekostnader-613-60
Andre kostnader45-193
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar-633 209612 785
Valutakursreguleringar506 163 -417 607
Sum resultat-127 046195 178
Påkommen forvaltningsgodtgjersle-2 165 -3 228
Årsresultat-129 211191 950

2) I note 1 til Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er resultat frå forvaltning før valutakursfordeling 2009 spesifisert slik (tal i mill. kroner):

 RenterUtbyteInntekt/ kostnadReal. gev./tapUreal. gev./tapSUM
Renteinntekter på innskot i utanlandske bankar462462
Renteinntekter på utlån knytt til gjensalsavtaler696696
Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:
- Aksjar og andelar38 6321 707-69 134516 877488 082
- Obligasjonar og andre renteberande verdipapir56 8004571 08160 633118 971
- Finansielle derivatar-6 195-15 48329 0767 398
Rentekostnad innlån-2 571-2 571
Andre rentekostnadar-60-60
Andre kostnadar -193  -193
Sum resultat frå forvaltning før valutakursreguleringar49 13238 6321 971-83 536606 586612 785

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar SPN på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 26. mars 2010 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2009. Kapitalen i SPN var 117,1 mrd. kroner ved utgangen av 2009, jf. tabell 3.6 nedafor. Marknadsverdien av dei samla eigenkapitalplasseringane til fondet var 73,3 mrd. kroner. Fondet hadde ein urealisert kursvinst på slike verdipapir på 24,3 mrd. kroner. Marknadsverdien av dei samla renteplasseringane var 45,4 mrd. kroner per 31. desember 2009. Det er i balansen ført opp gjeld på i alt 2,2 mrd. kroner, der 1,8 mrd. er knytt til repohandlar.

I 2009 var inntektene i SPN (medrekna endring i urealiserte vinstar) på 29,3 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedafor. Renteinntekter utgjorde 2,7 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 2,0 mrd. kroner. Dei realiserte verdipapirvinstane var på til saman 1,0 mrd. kroner. Samla administrasjons- og forvaltningskostnader var 91 mill. kroner.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2009. Avkastninga i fondet i 2009 var 33,5 prosent. Avkastninga på plasseringane til fondet i norske renteinstrument var 10,4 prosent, medan avkastninga på norske aksjar var 59,0 prosent. Avkastning av rente- og aksjeplasseringar i resten av Norden var på respektive -6,3 og 17,6 prosent. Den lågare avkastninga på dei nordiske plasseringane speglar den stigande kronekursen relativt til dei andre nordiske valutaene i perioden.

Folketrygdfondets forvaltning av SPN vart i 2009 revidert av selskapet Ernst & Young, som vart peika ut av departementet. Riksrevisjonen vil følgja opp og kontrollere Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. St.meld. nr. 1 (2007–2008) Nasjonalbudsjettet 2008 og St.meld. nr. 16 (2007–2008) Om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2007.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

  20082009
Renteinntekter2 8992 731
Aksjeutbyte2 3712 004
Netto realisert verdipapirvinst/tap frå:
- Renteplasseringar m.m.-1 322690
- Aksjeplasseringar1 222290
Netto endring urealisert verdipapirvinst/tap frå:
- Renteplasseringar m.m.2 813-727
- Aksjeplasseringar-37 64224 319
Netto andre inntekter152103
Sum resultat før kostnader-29 50729 410
Administrasjons- og forvaltningskostnader8991
Resultat1-29 59629 319

1 Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og netto andre inntekter, og med fråtrekk for administrasjons- og forvaltningskostnader, 4 748 mill. kroner, inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.2, kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12.2009 (tal i mill. kroner)

 20082009
Eigedelar
Aksjar45 62873 292
Obligasjonar og sertifikat41 51542 792
Valutasikringsinstrument og renteswapar865482
Fordringar184606
Bankinnskot1 5732 107
Sum eigedelar89 765119 279
Gjeld og eigenkapital
Eigenkapital SPN87 751117 070
Gjeld knytt til motteken kontantsikring0448
Gjeld knytt til utlån obligasjonar (repoar)2 0141 761
Sum gjeld og eigenkapital89 765119 279

Fotnoter

1.

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med Stortinget si handsaming av nysaldert budsjett i desember.

2.

Netto avsetjing til fondet for 2009 (170,4 mrd. kroner) utgjer netto kontantstraum (279,8 mrd. kroner) med frådrag for kjøp av aksjar i Statoil ASA (2,2 mrd. kroner) og overføringa til statsbudsjettet frå fondet (107,2 mrd. kroner).

3.

Det vert normalt ikkje gjort overføringar til fondet i desember.

4.

Frå og med rekneskapsåret 2010 vert rekneskapen for Noregs Bank med SPU revidert av Deloitte som ekstern revisor oppnemnd av representantskapet.

Til forsiden