Meld. St. 3 (2009 – 2010)

Statsrekneskapen 2009

Til innholdsfortegnelse

2 Departementsvise omtaler

I dette kapittelet er det gjeve ein kort omtale av dei einskilde departementa og statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse og Innovasjon Noreg. Oversikta syner utviklinga på utgiftsområda dei seinare åra. Under kvart programområde vert rekneskapen for 2007, 2008 og 2009 synt i ein tabell saman med nysaldert budsjett for 2009. Samla lånetransaksjonar kjem fram på eiga rad i tabellen.

Rekneskapen vert i utgangspunktet gjort opp på kapittel- og postnivå. Dei rekneskapsmessige overføringane frå eit år til det neste vert avgjorde på postnivå. Unytta beløp kan overførast på postar merka «kan overførast», medan vanlege driftspostar berre kan overførast med inntil fem prosent av løyvinga. Eit programområde inneheld mange postar, og summen av overførte beløp vil difor ikkje vere den same som summen av unytta løyvingar på programområdet sett under eitt. Tabell 1.10 i vedlegg 1 syner utgiftsløyvingar, rekneskap og overførte løyvingar utanom lånetransaksjonar per programområde, og gjev ei oversikt over samla inntekter frå refusjonar og andre meirinntekter knytt til områda.

Som følgje av avrundingar vil det kunne vere avvik mellom sumtalet i tabellen og summen av tala ovafor. Det er lagt til grunn at sumtalet skal vere i tråd med rekneskapstalet for departementet som heilskap.

2.1 Konstitusjonelle institusjonar

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar   (i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
00.10Det kongelege hus162,5169,6186,1186,1
00.30Regjeringa243,0274,2291,7286,2
00.40Stortinget og underliggjande institusjonar1 211,41 328,41 381,01 389,5
Sum før lånetransaksjonar1 616,91 772,21 858,81 861,8
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter1 616,91 772,21 858,81 861,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 3,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 16,6 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 13,6 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 30,6 mill. kroner mindre frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 44,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Frå 2007 til 2009 har utgiftene på programkategori 00.10 Det kongelege hus auka med 14,5 prosent, frå 162,5 mill. kroner til 186,1 mill. kroner. Det er ikkje avvik mellom budsjett og rekneskap for 2009.

Utgiftene under programkategori 00.30 Regjeringa auka med 17,8 prosent i perioden 2007 til 2009, frå 243,0 mill. kroner til 286,2 mill. kroner. Utgiftene er 5,5 mill. kroner lågare enn budsjett for 2009, før ein tek omsyn til refusjonar og overføringar. Refusjonar utgjer 3,2 mill. kroner i 2009, og netto auke i overføringar utgjer 1,4 mill. kroner i 2009.

Utgiftene under programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar auka med 14,7 prosent frå 2007 til 2009. Utgiftene er 8,5 mill. høgare enn budsjett for 2009, før ein tek omsyn til refusjonar og overføringar. Refusjonar utgjer 13,4 mill. kroner i 2009, og netto nedgang i overføringar utgjer 32,0 mill. kroner i 2009.

2.2 Utanriksdepartementet

Utanriksdepartementet har ansvaret for to budsjettområde; Programområde 02 Utanriksføremål og programområde 03 Internasjonal bistand (den offisielle utviklingshjelpa, ODA).

Programområde 02 Utanriksføremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
02.00Administrasjon av utanrikstenesta1 586,51 658,91 650,91 841,2
02.10Utanriksføremål1 813,22 570,93 582,73 650,6
Sum før lånetransaksjonar3 399,64 229,85 233,65 491,9
Lånetransaksjonar0,00,00,40,0
Sum utgifter3 399,74 229,85 234,05 491,9

Programområde 02 Utanriksføremål omfattar to programkategoriar; 02.00 Administrasjon av utanrikstenesta (utanom administrasjon av utvik­lingshjelpa) og programkategori 02.10 Utanriks­føremål som omfattar Noreg sine medlemskontingentar til internasjonale organisasjonar, Noregsfremje og informasjon, kulturtiltak og nordområdetiltak.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 258,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 59,1 mill. kroner, syner programområdet ei meirutgift på 199,2 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 135,9 mill. kroner mindre frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 63,3 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2007 til 2009 har det under programområde 02 vore ein auke i utgiftene på om lag 62 prosent, frå 3,4 mrd. kroner i 2007 til 5,5 mrd. kroner i 2009. Auka utgifter er i hovudsak knytt til finansieringsordningane under EØS-avtalen under programkategori 02.10.

Programområde 03 Internasjonal bistand(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
03.00Administrasjon av utviklingshjelpa1 005,71 101,41 259,21 275,0
03.10Bilateral hjelp3 853,03 977,84 583,64 586,6
03.20Globale ordningar8 491,410 813,913 855,013 188,4
03.30Multilateral hjelp7 087,16 320,76 482,86 523,4
Sum før lånetransaksjonar (ODA)20 437,222 213,926 180,625 573,4
Lånetransaksjonar341,3341,3441,3441,3
Sum utgifter20 778,522 555,126 621,826 014,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 607,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 14,9 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 622,1 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 622,5 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 0,4 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I 2009 vart det nytta 26,0 mrd. kroner i offisiell utviklingshjelp, ein nominell auke på 5,2 mrd. kroner (25 prosent) frå 2007.

Ved framlegginga av Nasjonalbudsjettet 2009 vart budsjettforslaget for 2009 rekna til 1,0 prosent av bruttonasjonalinntekta (BNI) for 2009. Rekneskapen for 2009 syner at det er utbetalt 26,0 mrd. kroner i utviklingshjelp, tilsvarande 1,07 prosent av nytt anslag på BNI for 2009. Årsaka til endringa er i hovudsak at anslaget for BNI i 2009 no er vesentleg lågare enn det som vart lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet 2009.

Oversikta nedafor syner utbetalingar av offisiell utviklingshjelp (nominelle tal) i perioden 2006 – 2009, i prosent av BNI og unytta løyving overført til neste budsjettermin. Det har vore ein sterk auke i overførte løyvingar til klima- og skogsatsinga.

ÅrUtbetalt i mill. kronerUtbetalt i prosent av BNI*Unytta løyving overført til neste terminOverført beløp i prosent av budsjett
200618 7560,87  275 mill. kroner1,5
200720 7780,91  282 mill. kroner1,3
200822 5550,88  404 mill. kroner1,8
200926 0151,071 027 mill. kroner3,9

* BNI-del rekna ut på grunnlag av førebels overslag i nasjonalrekneskapen.

2.3 Kunnskapsdepartementet

Programområde 07 Kunnskapsdepartementet(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
07.10Administrasjon252,8224,4226,4230,9
07.20Grunnopplæring5 351,75 632,05 846,65 853,6
07.30Barnehagar18 112,421 178,624 050,724 059,2
07.50Tiltak for å fremme kompetanseutvikling1 067,21 135,81 241,81 226,9
07.60Høgare utdanning og fagskoleutdanning20 917,622 593,924 406,524 373,1
07.70Forsking3 475,83 872,24 385,14 390,7
07.80Utdanningsfinansiering9 276,49 697,29 784,89 856,7
Sum før lånetransaksjonar58 453,964 334,169 941,969 991,0
Lånetransaksjonar27 711,525 111,930 810,031 232,2
Sum utgifter86 165,489 446,0100 751,9101 223,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 49,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 54,5 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 5,4 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 86,2 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 80,8 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 422,2 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Grunnopplæringa og den vidaregåande opplæringa vert hovudsakleg finansiert gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Løyvinga over programkategori 07.20 går til særskilde tiltak i grunnopplæringa. Ein stor del av løyvinga går til tilskot til private skolar.

I perioden 2007 til 2009 har utgiftene til grunnopplæring over programkategori 07.20 auka frå 5,4 mrd. kroner til 5,9 mrd. kroner mellom anna som følgje av fleire barn og unge i asylmottak og fleire elevar i dei private skolane.

Utgiftene til barnehageføremål auka frå 18,1 mrd. kroner i 2007 til 24,1 mrd. kroner i 2009, ein nominell auke på 33 prosent. Utgiftsveksten kjem hovudsakleg av at det i perioden har vore ein stor auke i aktiviteten, og at staten dekkjer store delar av utgiftene til etablering og drift av nye barnehageplassar. Det statlege driftstilskotet vart dessutan auka i 2008 og 2009 for å kompensere for inntektstap ved å halde foreldrebetalinga nominelt uendra.

Auken i utgifter over programkategori 07.50 kjem mellom anna av at Noreg frå 2007 er med i EU sitt program for livslang læring 2007 – 2013. Kontingenten auka med 53,3 mill. kroner frå 2007 til 2009.

Utgiftsveksten på programkategori 07.60 heng saman med vidareføring av auken i løyvingane til universiteta og høgskolane i samband med revidert nasjonalbudsjett 2008 med heilårsverknad for 2009. Løyvinga til nye studieplassar er auka og det er løyvt midlar til nye stipendiatstillingar.

Utgiftene til forsking over programkategori 07.70 auka frå 3,5 mrd. kroner i 2007 til 4,4 mrd. kroner i 2009, ein nominell auke på 26 prosent. Utgiftsveksten skriv seg mellom anna frå auka kontingent til EU sitt rammeprogram for forsking og auka løyvingar til Noregs forskingsråd.

Lånetransaksjonar under Kunnskapsdepartementet sitt område skriv seg i 2009 frå løyving av 6,0 mrd. kroner til fondet for forsking og nyskaping (kapittel 0286, post 95), og 6,0 mrd. kroner til regionale forskingsfond (kapittel 0286, post 96). Resteranda 19,2 mrd. kroner er utlån til studentar gjennom Statens lånekasse for utdanning (kapittel 2410, post 90). Sjå òg kapittel 2.19 om statlege utlån.

2.4 Kultur- og kyrkjedepartementet

Programområde 08 Kultur- og kyrkjeføremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
08.10Administrasjon m.m.177,2179,7187,9195,4
08.15Samfunns- og frivilligheitsføremål439,6465,7807,2800,5
08.20Kulturføremål4 465,74 954,45 513,55 536,8
08.30Film- og medieføremål879,1900,4940,2946,8
08.40Den norske kyrkja1 352,91 434,11 536,21 569,5
Sum før lånetransaksjonar7 314,57 934,48 984,99 049,0
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter7 314,57 934,48 984,99 049,0

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 64,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 85,6 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 21,4 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 18,8 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 2,6 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2007 – 2009 har det vore ein nominell utgiftsvekst på 23,7 prosent, frå 7,3 mrd. kroner i 2007 til drygt 9,0 mrd. kroner i 2009.

Utgiftene under programkategori 08.10 Administrasjon m.m. var i 2009 på 195,4 mill. kroner. Dette er ein auke på 15,7 mill. kroner eller 8,7 prosent frå førre året.

Utgiftene under programkategori 08.15 Frivilligheitsføremål var i 2009 på 800,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 334,8 mill. kroner eller 71,9 prosent frå året før. I 2009 vart det løyvd 250 mill. kroner til idrettsanlegg i kommunane på ny post 81 Idrettsanlegg under kap. 315, som føreslått i Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa. Dette forklarar den store auken under programkategori 08.15.

Utgiftene til kulturføremål under programkategori 08.20 var i 2009 på 5 536,8 mill. kroner. Dette er ein auke på 582,4 mill. kroner eller 11,8 prosent frå året før. Auken heng saman med oppfølginga av kulturløftet som er nærare omtala nedafor.

Utgiftene til film- og medieføremål under programkategori 08.30 var i 2009 på 946,8 mill. kroner. Dette er ein auke på 46,4 mill. kroner eller 5,2 prosent frå førre året. Dei største utgiftene på programkategori 08.30 i 2009 er pressestøtte (kap. 335) med om lag 302 mill. kroner, og utgifter og tilskot til film- og medieføremål (kap. 334) med om lag 607 mill. kroner.

Utgiftene under programkategori 08.40 Den norske kyrkja var i 2009 på 1 569,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 135,4 mill. kroner eller 9,4 prosent frå året før. Korrigert for meirinntekter er utgiftsauken noko mindre enn auken i løyvingane frå 2008 til 2009. Dette kjem av at løyvingane til trusopplæringa ikkje vart nytta fullt ut i 2009.

Regjeringa har lagt til grunn at det skal gjennomførast eit løft for kultur og frivillig sektor gjennom målretta tiltak og ei generell styrking av kunst-, kultur- og frivilligheitsføremål på statsbudsjettet. Målet for Kulturløftet er at 1 prosent av utgiftene på statsbudsjettet skal gå til kulturføremål innan 2014.

Utgiftsauken i 2009 utanom utgiftene til Den norske kyrkja under programkategori 08.40 og utgiftene til trussamfunn m.m. under kap. 310 er knytt til oppfølging av Kulturløftet og utgjorde 735,1 mill. kroner i 2009. Utgiftsauken er i hovudsak fordelt på frivillig verksemd, allmenne kulturføremål, museum, biletkunst, musikk, scenekunst, språk, litteratur, bibliotek, arkiv og film- og medieføremål. Områda med størst auke var scenekunst, særleg Den Norske Opera & Ballett, musikk og Det nasjonale museumsnettverket.

2.5 Justis- og politidepartementet

Programområde 06 Justissektoren(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
06.10Administrasjon264,0274,1269,6277,6
06.20Rettsvesen 1)2 041,12 085,91 976,92 027,1
06.30Kriminalomsorg2 628,62 835,23 312,53 476,5
06.40Politi- og påtalemakt9 610,410 406,810 864,911 289,5
06.50Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap1 206,41 531,81 595,31 734,4
06.60Andre verksemder 1)696,3800,41 043,61 044,1
06.70Fri rettshjelp, erstatningar, konfliktråd m.m.962,11 044,91 064,51 064,4
06.80Svalbardbudsjettet102,096,0132,3-297,8
Sum før lånetransaksjonar17 510,919 075,120 259,620 615,6
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter17 510,919 075,120 259,620 615,6

1) Tinglysingsprosjektet ( kap. 412) er i 2009 overført frå kategori 06.20 til kategori 06.60 (kap. 462).

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 356,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 565,4 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 209,4 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 224,7 mill. kroner mindre frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 434,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2007 – 2009 har det vore ein nominell utgiftsvekst på om lag 17,7 prosent, frå 17,5 mrd. kroner i 2007 til 20,6 mrd. kroner i 2009.

Om lag 80 prosent av utgiftene i justissektoren i 2009 er gått til straffesakskjeda, det vil seie til politiet, påtalemakta, rettsvesenet og kriminalom­sorga.

Programkategori 06.20 Rettsvesen syner at utgiftene i 2009 er på om lag same nivå som i 2007. Dersom ein trekker ut rekneskapstalet for Tinglysingsprosjektet ( kap. 412) i 2007, som i 2009 er overført til kategori 06.60 (kap. 462), vert det ein auke på om lag 7,9 prosent.

Programkategori 06.30 Kriminalomsorg syner ein auke i utgiftene frå 2007 til 2009 på om lag 32,3 prosent. I tillegg til satsinga på kapasitetsutvidande tiltak for å få avvikla soningskøen, har auken i utgiftene mellom anna samanheng med etablering av rusmeistringseiningar i fengsla, auke i aspirantopptaket ved Kriminalomsorga sitt utdanningssenter (KRUS) og innføring av prøveordning med soning med elektronisk kontroll.

Programkategori 06.40 Politi- og påtalemakt syner ein auke i utgiftene frå 2007 til 2009 på om lag 17,5 prosent. Auken i utgiftene har mellom anna si årsak i auka bruk av DNA i etterforskinga, midlar til å kunne tilsette nyutdanna politihøgskolestudentar og auka studentopptak ved Politihøgskolen. Det vart i 2009 gjeve ekstra løyvingar til politiet, mellom anna til meir enn 460 sivile stillingar, slik at politiutdanna personell kan frigjerast til politioperativt arbeid. Det vart òg løyvd 80 mill. kroner til tryggleikstiltak i samband med utdelinga av Nobels fredspris. Av denne løyvinga vart 18,5 mill. kroner utbetalt til føremålet i 2009, medan 55,1 mill. kroner er overført til 2010 for å dekkje utgifter som kjem til seinare utbetaling.

Utgiftene under programkategori 06.50 Redningstenesta, samfunnstryggleik og beredskap syner ein auke på om lag 43,8 prosent frå 2007 til 2009. Auken har mellom anna samanheng med styrking av redningshelikoptertenesta og etablering av døgnkontinuerleg tilstadevakt med lege ved alle seks basane. Auken i utgiftene for denne perioden er òg ein konsekvens av oppstarten i utbygginga av første utbyggingsområde av nytt digitalt radiosamband for nødetatane – Nødnett.

Inntektene frå skattar og avgifter på Svalbard var i 2009 høgare enn utgiftene. Dette resulterer i at tilskotet frå kap. 480 syner eit negativt beløp.

2.6 Kommunal- og regionaldepartementet

Programområde 13 Kommunal- og regionaldepartementet(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
13.10Administrasjon m.m.185,7167,2209,9207,2
13.50Distrikts- og regionalpolitikk2 768,32 354,62 586,72 545,3
13.70Rammeoverføringar til kommunesektoren m.m. 1)57 810,265 200,280 773,680 776,1
13.80Bustad, bustadmiljø og bygg6 623,26 218,47 019,06 355,5
Sum før lånetransaksjonar67 387,473 940,390 589,289 884,1
Lånetransaksjonar12 143,212 729,013 114,913 259,0
Sum utgifter79 530,686 669,3103 704,1103 143,1

1) Tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester er frå 2008 flytta hit frå programkategori 10.60 under Helse- og omsorgsdepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 705,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 10,9 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 716,1 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 242,3 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 473,7 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 144,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2007 til 2009 har det vore ein auke i utgiftene på programområde 13 med 33,4 prosent, frå 67,4 mrd. kroner til 89,9 mrd. kroner. Dette heng i første rekkje saman med tiltak mot finanskrisa.

Programkategori 13.10 syner ein auke i rekneskapen frå 2008 til 2009. Auken har samanheng med at det i 2009 var utgifter til gjennomføring av stortingsval.

For programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk var det ein auke i utgifter på 190,7 mill. kroner frå 2008 til 2009. Rekneskapen syner likevel eit mindreforbruk på 102,9 mill. kroner når ein tek omsyn til overføringane frå 2008. Mindreforbruket kjem mellom anna av eit forseinka tilsegn til reiselivssatsinga i Nord-Noreg på 50 mill. kroner. Dette vert utbetalt i 2010. Resten av mindreforbruket kjem av at enkelte prosjekt ikkje vert ferdigstilte det same året dei får tilsegn. Mindreforbruket er overført til 2010. Det er for programkategorien samla overført 101,8 mill. kroner til 2010.

For programkategori 13.70 var det frå 2008 til 2009 ein sterk auke i overføringane gjennom inntektssystemet til kommunane og fylkeskommunane. Auken i rammetilskotet må sjåast i samanheng med Regjeringa si generelle styrking av inntektene i kommunesektoren og ekstra løyvingar i samband med tiltakspakka mot finanskrisa. I tillegg har fleire øyremerka tilskot og satsingar i 2009 gått inn i programkategori 13.70. I 2009 vart det øyremerka tilskotet til opptrappingsplanen for psykisk helse innlemma i rammetilskotet, som åleine førte til ein auke på om lag 3,5 mrd kroner. Utbetalingane til ressurskrevjande tenester har auka kraftig i 2009 på grunn av fleire mottakarar i ordninga og høgare utgifter per brukar. I 2009 vart skattedelen av kommunesektoren sine samla inntekter redusert, noko som òg fører med seg ein auke i rammetilskotet. På programkategori 13.70 samtykka Stortinget i handsaminga av St.prp. nr. 1 (2008 – 2009) i at Kommunal- og regionaldepartementet i 2009 kunne utgiftsføre inntil 250 mill. kroner på kap. 571 Rammetilskot til kommunar, post 90 som forskot på rammetilskot for 2010 til kommunar. Rekneskapen for 2009 syner at det vart utbetalt 142,1 mill. kroner i forskot på rammetilskot for 2010 i 2009. Utbetalinga av forskot kjem fram under rekneskapslina lånetransaksjonar.

For programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg vart dei samla utgiftene auka med 137,1 mill. kroner frå 2008 til 2009. Dette heng i første rekkje saman med at løyvinga på fleire postar vart auka i Regjeringa si tiltakspakke for arbeid, jf. St.prp. nr. 37 (2008 – 2009). I tillegg vart løyvinga på kapittel 580, post 70 Bustønad auka som følgje av at det nye regelverket for bustønad vart sett i verk frå 1. juli 2009. Det er i 2009 ei mindreutgift på 663,5 mill. kroner i høve til budsjettet utanom Husbanken sine låneordningar. Korrigert for refusjonar, meirinntekter og overføringar er det ei mindreutgift på utgiftspostane før lånetranaksjonar på 468,5 mill. kroner. Av dette er 252 mill. kroner knytt til bustønad.

Vidare er 371,5 mill. kroner av mindreutgifta knytt til investeringstilskotet for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Tilsegnsramma på ordninga var på 1 305 mill. kroner i 2009. Det vart gjeve tilsegn for 926,1 mill. kroner.

På ordninga for rente- og avdragskompensasjon for omsorgsbustader og sjukeheimsplassar er det ei mindreutgift på 53,1 mill. kroner. Det kjem av at talet på ferdigstilte einingar innafor handlingsplanen for eldreomsorga og opptrappingsplanen for psykisk helse har vorte noko lågare enn dei opphavlege godkjenningstala som vart lagt til grunn for budsjetteringa av tilskotet. Dei siste prosjekta vart ferdige og utbetalte i 2009.

Heile låneramma i Husbanken vart nytta i 2009. Sjå òg kapittel 2.19 om statlege utlån der rekneskapstala for Husbanken er nærare omtala.

2.7 Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Arbeids- og inkluderingsdepartementet hadde i 2009 ansvaret for tre programområde: Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål, programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda og programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 09 Arbeid og sosiale føremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
09.00Administrasjon9 819,611 437,012 060,111 967,7
09.20Tiltak for bedra levekår m.m.431,0468,6819,6808,3
09.30Arbeidsmarknad5 160,25 453,17 061,36 951,1
09.40Arbeidsmiljø og tryggleik710,1730,7776,1783,9
09.50Integrering og mangfald4 115,54 458,05 194,05 186,0
09.60Kontantytingar2 594,32 732,42 609,02 602,6
09.70Nasjonale minoritetar6,420,614,814,1
09.80Samiske føremål185,9213,8227,6234,2
09.90Beskyttelse og innvandring1 564,62 306,73 856,13 826,0
Sum før lånetransaksjonar24 587,627 821,032 618,432 373,8
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter24 587,627 821,032 618,432 373,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 244,6 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 456,4 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 701 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 642,4 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 58,6 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Administrasjon

Dei samla utgiftene under programkategori 09.00 Administrasjon auka med 21,9 prosent, frå 9,8 mrd. kroner i 2007 til 12,0 mrd. kroner i 2009. Det har mellom anna vore ein auke i utgiftene til gjennomføring av NAV-reforma, IKT-investeringar knytt til pensjonsreforma og til administrasjon av Arbeids- og velferdsetaten i perioden. Frå 2007 vart det innført ei ordning med tilskot til helse- og rehabiliteringsteneste for sjukmeldte. Delar av utgiftene til denne ordninga vert rekneskapsførte på programkategori 09.00.

Arbeidsmarknaden

Dei samla utgiftene under programområde 09.30 Arbeidsmarknad auka med 34,7 prosent frå 5,2 mrd. kroner i 2007 til 7,0 mrd. kroner i 2009. Utviklinga har i hovudsak si årsak i overføring av tre stønader som tidlegare vart finansierte over folketrygda, til løyvinga for arbeidsmarknadstiltak, og vekst i talet på tiltaksplassar for å møte situasjonen på arbeidsmarknaden med auka arbeidsløyse frå hausten 2008.

Integrering og mangfald

Programkategori 09.50 omfattar mellom anna integreringstilskotet, tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og drift av Integrerings- og mangfaldsdirektoratet. Dei samla utgiftene under programkategori 09.50 auka med 26,0 prosent, frå 4,1 mrd. kroner i 2007 til 5,2 mrd. kroner i 2009. Utgiftsauken kjem mellom anna av at talet på busette i kommunane som utløyser integreringstilskot, har auka, og at talet på personar i målgruppa for tilskot til opplæring i norsk, har auka.

Beskyttelse og innvandring

Programkategori 09.90 Beskyttelse og innvandring omfattar mellom anna drift av statlege mottak og drift av Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda. Dei samla utgiftene under programkategorien har auka med 144,5 prosent, frå 1,6 mrd. kroner i 2007 til 3,8 mrd. kroner i 2009. Utgiftene på området er særleg avhengig av talet på asylsøkjarar, talet på løyve/avslag, effektuering av avslag og buset­jingstakta. I 2007 kom om lag 6 500 asylsøkjarar, medan det i 2009 kom om lag 17 200 asylsøkjarar.

Programområde 29 Sosiale føremål, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
29.20Einslege forsørgjarar3 799,33 721,03 836,33 792,0
29.50Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering99 762,5107 568,4118 868,9118 139,3
29.60Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.8 078,38 453,88 622,08 543,9
29.70Alderdom97 310,4105 383,3112 744,0112 844,7
29.80Forsørgjartap m.m.2 537,82 624,62 643,52 630,0
29.90Diverse utgifter236,4187,5320,0408,4
Sum før lånetransaksjonar211 724,6227 938,6247 034,7246 358,4
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter211 724,6227 938,6247 034,7246 358,4

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 676,3 mill. kroner. Det er overført 8,9 mill. kroner mindre frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 685,2 mill. kroner, av eit samla budsjett på 247,0 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter eller refusjonar knytt til programområdet, då dette hovudsakleg inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering

Dei samla utgiftene under programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, uførleik og rehabilitering auka med 18,4 prosent frå 99,8 mrd. kroner i 2007 til 118,1 mrd. kroner i 2009. Programkategorien omfattar sjukepengar, rehabiliteringspengar, attføringspengar og uføreytingar.

Det har vore ein auke i talet på sjukedagar som folketrygda har betalt for, og ein auke i betalinga for kvar sjukedag. Utgiftsveksten i 2009 kjem delvis av ein høg vekst i sjukepengegrunnlaget (lønegrunnlaget for sjukemeldte), men er i hovudsak eit resultat av ein sterk vekst i sjukefråveret. Talet på sjukepengedagar per sysselsett arbeidstakar som folketrygda har betalt for (korrigert for sjukmeldingsgradering), gjekk i gjennomsnitt opp frå 9,6 arbeidsdagar i 2008 til 10,5 arbeidsdagar i 2009. Talet på arbeidstakarar som har vore sjuke eitt år, og dermed har brukt opp sjukepengerettane sine, auka med 9,6 prosent frå 2008 til 2009.

Fleire har kome inn på ordninga med rehabiliteringspengar, det har vore redusert avgang frå ordninga, og dei einskilde mottakarane vert i ordninga i lengre periode. Gjennom 2009 auka talet på mottakarar av rehabiliteringspengar med 9,4 prosent, og middelbestanden utgjorde nærare 49 800 mottakarar. Middelbestanden i 2008 var om lag 45 500 personar. Frå 2008 til 2009 auka gjennomsnittleg stønadstid per person på ei rehabiliteringsyting frå 343 kalenderdagar til 362 kalenderdagar.

Utgiftene per attføringsmottakar har vorte høgare, og talet på attføringspengemottakarar har auka. Det har og vore ein auke i utbetalingane til uføreytingar. Dette kjem hovudsakeleg av at talet på mottakarar av uføreytingar har gått opp, og grunnbeløpet i folketrygda var høgare enn i 2008. Per 31. november 2009 var det om lag 346 103 mottakarar av uføreytingar. Det var ein auke på om lag 6 900 personar frå desember 2008.

Alderdom

Utgiftene under programkategori 29.70 Alderdom auka med 16,0 prosent, frå 97,3 mrd. kroner i 2007 til 112,8 mrd. kroner i 2009.

Det var 650 900 alderspensjonistar ved utgangen av 2009, om lag 11 600 fleire enn ved utgangen av 2007. Det er venta ein sterkare auke i åra framover som følgje av at store årskull no vert pensjonistar, og at pensjonsreforma opnar for å ta ut alderspensjon frå 62 år.

Gjennomsnittleg alderspensjon aukar med drygt 1 prosent i året utover veksten i grunnbeløpet, på grunn av at dei nye pensjonistane har høgare opptening enn eldre pensjonistar.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
33.30Arbeidsliv4 666,04 851,710 800,010 683,9
Sum utgifter4 666,04 851,710 800,010 683,9

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei mindreutgift på 116,1 mill. kroner av eit samla budsjett på 10,8 mrd. kroner.

Trenden i rekneskapen

Dei samla utgiftene under programkategori 33.30 Arbeidsliv auka med 129 prosent, frå 4,7 mrd. kroner i 2007 til 10,7 mrd. kroner i 2009. Programkategorien består av kap. 2541 Dagpengar og kap. 2542 Statsgaranti for lønskrav ved konkurs.

Dei samla utbetalingane til dagpengar auka frå 4,4 mrd. kroner i 2007 til 9,7 mrd. kroner i 2009. Utgiftsauken skriv seg i hovudsak frå lågkonjunkturen, som har gjeve auka arbeidsløyse. Endringar i dagpenge- og permitteringsregelverket, som har vorte tilpassa situasjonen på arbeidsmarknaden, har òg medverka til auka utgifter til dagpengar.

Utbetalingane til dekning av lønskrav auka frå 476,1 mill. kroner i 2008 til 935,3 mill. kroner i 2009. Utgiftsauken heng saman med lågkonjunkturen, som har gjeve ein auke i talet på konkursar.

2.8 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse- og omsorgsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 10 Helse og omsorg og 30 Stønad ved helsetenester.

Programområde 10 Helse og omsorg(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
10.00Helse- og omsorgsdepartementet m.m.407,0493,0693,7609,8
10.10Folkehelse1 413,51 518,52 041,51 877,7
10.20Helseteneste1 517,91 649,61 956,62 100,7
10.30Regionale helseføretak 1)76 495,088 323,9103 668,9103 644,4
10.40Psykisk helse5 410,06 519,0869,8954,8
10.50Legemidlar214,5229,9253,2271,7
10.60Omsorgstenester 2)3 255,51 316,01 984,11 979,8
Sum før lånetransaksjonar88 713,4100 049,9111 467,7111 439,0
Lånetransaksjonar 1)2 611,1333,648,247,7
Sum utgifter91 324,5100 383,6111 515,9111 486,7

1) Lånefinansiering av investeringar i helseføretaka er frå 2008 ført på 82-post under programkategori 10.30. Tidlegare vart slike lån førte som lånetransaksjonar.

2) Tilskotsordninga for ressurskrevjande tenester er frå 2008 flytta til programkategori 13.70 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 28,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 246,4 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 275,2 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 245,4 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 29,8 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 0,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Frå 2008 til 2009 har det for programområde 10 vore ein nominell utgiftsvekst på 11,1 prosent, frå 100,4 mrd. kroner til 111,5 mrd. kroner.

Endringa for programområde 10 samla sett kjem hovudsakleg av auken i utgifter under programkategori 10.30 Regionale helseføretak. Ut over generell pris- og lønsauke vart det gjeve auka løyvingar til drift. I tillegg vart det løyvd 7,3 mrd. kroner som ei eingongsløyving i 2009 som følgje av at driftskreditt som dei regionale helseføretaka har teke opp, er omgjort frå lån i private bankar til lån i staten.

Samla opptak av lån til investeringar i dei regionale helseføretaka i 2009 på 1,1 mrd. kroner, jf. kapittel 732, er i samsvar med likviditetsbehovet for å gjennomføre dei prioriterte prosjekta.

Programkategori 10.10 Helse- og omsorgsdepartementet og underliggjande institusjonar syner ei mindreutgift i 2009 på 163,8 mill. kroner. Mindreutgiftene heng i hovudsak saman med forseinka leveransar av pandemivaksinar til Noreg, og dermed forskyving av utgifter frå 2009 til 2010.

Auken i utgifter under programkategori 10.60 Omsorgstenester har vore på 50,4 prosent frå 2008 til 2009, frå 1,3 mrd. kroner til 2,0 mrd. kroner. Dette kjem hovudsakleg av at innlemminga av vertskommunetilskotet i rammetilskotet til kommunane vart reversert i 2009. Denne reverseringa innebar ei styrking av programkategori 10.60 med om lag 460 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på Kommunal- og regionaldepartementet sitt budsjett. Andre årsaksfaktorar til auken under programkategori 10.60 Omsorgstenester har vore ei styrking av løyvingane til Omsorgsplan 2015 og Opptrappingsplanen for rusfeltet i 2009.

Programområde 30 Stønad ved helsetenester(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
30.10Spesialhelsetenester m.m.2 563,82 833,53 145,03 114,0
30.50Legehjelp, legemiddel m.m.16 329,416 793,917 551,017 589,8
30.90Andre helsetiltak616,9357,0280,0275,9
Sum før lånetransaksjonar19 510,119 984,520 976,020 979,7
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter19 510,119 984,520 976,020 979,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 3,7 mill. kroner.

Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytt til programområdet, då dette hovudsakleg inneheld løyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

For programområde 30 har det vore ein nominell auke i utgiftene frå 2008 til 2009 på 5,0 prosent, frå 20,0 mrd. kroner til 21,0 mrd. kroner. Dette er om lag i samsvar med budsjettet.

2.9 Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk og programområde 28 Foreldrepengar.

Programområde 11 Familie- og forbrukarpolitikk(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
11.00Administrasjon99,2110,9118,7120,2
11.10Tiltak for familie og likestilling17 015,817 102,117 249,117 222,8
11.20Tiltak for barn og ungdom5 101,75 743,36 466,46 617,9
11.30Forbrukarpolitikk155,5174,7176,8175,3
Sum før lånetransaksjonar22 372,223 131,024 011,124 136,1
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter22 372,223 131,024 011,124 136,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 125,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 164,7 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 39,7 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 11,7 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 28,0 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Frå 2007 til 2009 har det vore ein auke på 207 mill. kroner på programkategori 11.10. Dette kjem i hovudsak av ein auke som følgje av at antidiskrimineringsområdet vart flytta frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Barne- og likestillingsdepartementet hausten 2007. Det har òg vore ein auke i utbetaling av barnetrygd i perioden, medan det har vore ein reduksjon i utbetaling til kontantstønad. Det har vore ein auke på programkategori 11.20 på 1,5 mrd. kroner frå 2007 til 2009. Årsaka er i hovudsak auka utgifter til det statlege barnevernet og fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar enn tidlegare.

Programområde 28 Foreldrepengar, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
28.50Stønad ved fødsel og adopsjon11 248,012 366,813 805,013 850,3
Sum utgifter11 248,012 366,813 805,013 850,3

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei meirutgift på 45,3 mill. kroner, av eit samla budsjett på 13,8 mrd. kroner. Det er ikkje meirinntekter, refusjonar eller overføringar knytt til programområdet, då dette hovudsakleg inneheld overslagsløyvingar på tilskotspostar.

Trenden i rekneskapen

Utgiftene under programområde 28.50 i 2009 var om lag 1,5 mrd. kroner høgare enn i 2008 og 2,6 mrd. kroner høgare samanlikna med 2007. Mykje av denne utgiftsauken har si årsak i fleire fødslar, inntektsauke hos stønadsmottakarane, og verknaden av at fedrekvoten vart utvida i 2006. Det har òg vore ein auke i talet på fedrar som tek foreldrepermisjon. I tillegg kjem utgiftsauken frå sjølvstendig næringsdrivande som fekk same dekningsgrad som andre arbeidstakarar frå 1. juli 2008.

2.10 Nærings- og handelsdepartementet

Programområde 17 Nærings- og handelsføremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
17.00Administrasjon223,3236,0252,5263,9
17.10Infrastruktur og rammevilkår2 791,63 128,43 162,73 143,9
17.20Forsking, innovasjon og internasjonalisering2 678,22 946,64 459,14 464,5
17.30Statleg eigarskap56,959,362,870,6
Sum før lånetransaksjonar5 750,06 370,37 937,17 942,8
Lånetransaksjonar43 649,927 107,050 178,849 996,4
Sum utgifter49 399,933 477,358 115,957 939,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 5,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 89,7 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 84,0 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 17,6 mill. kroner mindre frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 101,7 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 182,4 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Programområde 17 omfattar midlar til forvaltning og tilrettelegging av tiltak for nærings-, handels- og skipsfartspolitikk. Det vart mindreutgifter til kjøp av aksjar i statleg eigde selskap (237 mill. kroner) og tilskot til sysselsetjing av sjøfolk (97 mill. kroner). På den andre sida brukte Innovasjon Noreg 55 mill. kroner meir enn budsjettert til lån frå statskassa for refinansiering av porteføljen av tidlegare opptekne lån.

Rekneskapen for programområdet har variert ein del dei siste åra, frå 49,4 mrd. kroner i 2007 til 33,5 mrd. kroner i 2008. For 2009 syner rekneskapen 57,9 mrd. kroner. Endringane er særleg knytt til finansiering av innlånsordningane under Innovasjon Noreg, på grunn av skifte mellom korte og langsiktige innlån frå statskassa. Vidare har det vore betydelege svingingar i utgiftene til tilskot, kjøp av aksjar, lån og innskot av eigenkapital i statlege selskap, frå 122 mill. kroner i 2006, 5,2 mrd. kroner i 2007, 2,4 mrd. kroner i 2008 og 7,5 mrd. kroner i 2009.

Utanom lånetransaksjonar og andre kapitalpostar (90-postar) har utgiftene for Nærings- og handelsdepartementet hatt jamn auke i perioden 2007 til 2009. Den største auken gjeld forskingssatsing gjennom Noregs forskingsråd og tilskotsordningar under Innovasjon Noreg (programkategori 17.20).

2.11 Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har i tillegg til programområde 16 òg ansvar for ei løyving under programområde 33, programkategori 33.40 Arbeidsliv, folketrygda.

Programområde 16 Fiskeri, havbruks- og kystforvaltning(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
16.10Administrasjon119,3119,9129,5129,8
16.20Forsking og innovasjon1 294,71 417,91 736,31 523,7
16.30Fiskeri- og havbruksforvaltning364,1416,1616,4616,6
16.60Kystforvaltning1 641,41 718,82 208,92 143,6
Sum før lånetransaksjonar3 419,53 672,74 691,04 413,7
Lånetransaksjonar42,80,00,00,0
Sum utgifter3 462,33 672,74 691,04 413,7

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 277,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 195,7 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 473 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 173,9 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 299,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2008 – 2009 har det vore ein nominell auke i forbruket på 20,2 prosent, frå 3,7 mrd. kroner i 2008 til 4,4 mrd. kroner i 2009. Ein stor del av auken i 2009 skriv seg frå tiltak i Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa og tiltak i samband med revidert nasjonalbudsjett 2009.

Forbruket til drift av departementet under programkategori 16.10 har vore tilnærma uendra dei siste åra.

Løyvingane under programkategori 16.20 Forsk­ing og innovasjon har auka dei siste åra. Størstedelen av auken i 2009 kjem frå tiltak i samband med Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa, som tilskot til transport av fisk og marknadsføring av torsk, og løyvingar til vedlikehald ved Havforskingsinstituttet. Ein mindre del av auken skriv seg frå Regjeringa si satsing på marin bioprospektering og kartleggingsprogrammet MAREANO.

Auken i 2009 på programkategori 16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning heng saman med løyvingar til fylkeskommunane i samband med nye laksekonsesjonar og tiltak i samband med Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa. Auken i løyvinga til kystforvaltninga under programkategori 16.60 skriv seg frå styrking av oljevern- og slepebåtberedskapen, auka løyvingar til hamner og farleier, utgifter til handtering av «Full City»-havariet og frå tiltak i Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa.

Programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
33.40Arbeidsliv 1)24,022,030,028,0
Sum utgifter24,022,030,028,0

1) Tidlegare programkategori 33.10 Stønad under arbeidsløyse til fiskarar og fangstmenn.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap syner ei mindreutgift på 2,0 mill. kroner. Dette kjem av at utbetalingane vart lågare enn rekna for året.

2.12 Landbruks- og matdepartementet

Programområde 15 Landbruk og mat(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
15.00Landbruks- og matforvaltning m.m.131,2131,4143,1143,2
15.10Matpolitikk1 348,41 305,11 393,31 392,8
15.20Forsking og innovasjon367,6361,1382,2382,2
15.30Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak12 070,612 893,913 442,213 296,4
Sum før lånetransaksjonar13 917,814 691,515 360,815 214,6
Lånetransaksjonar0,00,10,00,0
Sum utgifter13 917,814 691,615 360,815 214,6

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 146,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 50 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 196,3 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 109,2 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 87,1 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Rekneskapen syner at utgiftene i 2009 ligg om lag 9,3 prosent høgare enn i 2007. Samanlikna med rekneskapen for 2008 har utgiftene under programområde 15 Landbruk og mat auka med om lag 3,6 prosent i 2009.

Rekneskapen for programkategori 15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m. for 2009 syner ein auke på 11,8 mill. kroner samanlikna med 2008. Auken har hovudsakleg å gjere med eingongsutgifter knytt til eigedomskjøp som er dekka inn ved auka inntekter frå sal av anna eigedom.

Programkategori 15.10 Matpolitikk syner ein auke frå 2008 til 2009 på 87,7 mill. kroner. Programkategorien omfattar løyvingar til Mattilsynet, og løyvingar til kunnskapsstøtte, kunnskapsutvikling og beredskap til Veterinærinstituttet og Bioforsk. Auken har hovudsakleg å gjere med auka satsing på kontroll- og tilsynsverksemd hos Mattilsynet og at Bioforsk fekk særskilde løyvingar i samband med Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa.

Programkategori 15.20 Forsking og utvikling syner ein auke frå 2008 til 2009 på 21,1 mill. kroner. Auken er hovudsakleg eit resultat av auka forskingsaktivitet på områda fornybare energikjelder og karbonfangst og -lagring.

Løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kapittel 1150 utgjer hovuddelen av programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak. I tillegg omfattar programkategorien mellom anna løyvingar til Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, løyvingar til erstatningar knytt til naturskade og til gjennomføring av reindriftsavtalen. Rekneskapen for programkategorien syner ein samla auke på 402,5 mill. kroner frå 2008 til 2009, hovudsakleg knytt til auka tilskot over jordbruksavtalen.

2.13 Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har ansvaret for to budsjettområde: programområde 21 Innanlands transport og programområde 22 Post- og telekommunikasjonar.

Programområde 21 Innanlands transport(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
21.10Administrasjon m.m.312,0334,4451,4363,3
21.20Luftfartsføremål689,5750,8965,91 000,9
21.30Vegføremål15 569,116 358,619 704,718 935,1
21.40Særskilde transporttiltak460,0600,8741,0686,2
21.50Jernbaneføremål7 302,07 711,110 208,49 512,7
Sum før lånetransaksjonar24 332,625 755,632 071,430 498,1
Lånetransaksjonar10,40,00,00,0
Sum utgifter24 343,025 755,632 071,430 498,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 1 573,3 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 265,3 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 1838,6 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 1 829,1 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 9,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2007 – 2009 har det på programområde 21 vore ein nominell auke i utgiftene før lånetransaksjonar på 6,2 mrd. kroner, frå 24,3 mrd. kroner til 30,5 mrd. kroner, dvs. 25,3 prosent. Den største auken var frå 2008 til 2009 med 4,7 mrd. kroner, medan auken frå 2007 til 2008 var på 1,4 mrd. kroner.

Hovuddelen av løyvingane under programområde 21 går til drift, vedlikehald og investeringar i veg og jernbane, kjøp av persontransport med tog, kjøp av riksvegferjetenester og kjøp av innanlandske flyruter. Auken i utgifter frå 2008 til 2009 kjem i hovudsak av auka aktivitet i Statens vegvesen og Jernbaneverket. Løyvingane til desse vart auka i 2009 for å oppfylle Nasjonal transportplan 2006 – 2009, og som eit av tiltaka for å motverke arbeidsløyse og dempe verknadene av den internasjonale finansuroa, jf. St.prp. nr. 37 (2008 – 2009).

Programområde 22, Post og telekommunikasjonar(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
22.10Post og telekommunikasjonar244,5228,0723,7723,8
Sum før lånetransaksjonar244,5228,0723,7723,8
Lånetransaksjonar0,00,00,00,0
Sum utgifter244,5228,0723,7723,8

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 0,1 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 3,7 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 3,6 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 7,2 mill. kroner mindre frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den reduserte overføringa inneber at disponibelt budsjett har auka. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 10,8 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

På programområde 22 var det ein auke i utgiftene frå 2008 til 2009 på 217,5 prosent, frå 228,0 mill. kroner til 723,7 mill. kroner. Frå 2007 til 2008 var det ein liten reduksjon i utgiftene. Utgiftene under programområde 22 galdt i 2009 Post- og teletilsynet og kjøp av post- og banktenester. Auken i utgiftene skriv seg frå at det i 2009 igjen var eit statleg kjøp av post- og banktenester. For Post- og teletilsynet syner utgiftene ein reduksjon på 22,2 mill. kroner frå 2008 til 2009. Etaten er den einaste av etatane under Samferdselsdepartementet som er sjølvfinansiert via gebyr, og har eit reguleringsfond for å handtere variasjonar mellom utgifter og inntekter. I 2009 vart det ført 2,3 mill. kroner til reguleringsfondet, medan det i 2008 vart ført 25,6 mill. kroner til reguleringsfondet. Fondet er ved utgangen av 2009 på 56,4 mill. kroner.

2.14 Miljøverndepartementet

Programområde 12 Miljøvern og regional planlegging(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
12.10Fellesoppgåver, regional planlegging, forsking, internasjonalt arbeid m.m.770,4881,31 081,81 081,9
12.20Naturens mangfald og friluftsliv876,31 064,21 372,31 360,2
12.30Kulturminnar og kulturmiljø354,4410,9671,6672,7
12.40Forureining534,1568,5626,7600,9
12.50Kart og geodata358,1376,5390,8407,5
12.60Nord- og polarområdar198,2217,9223,1263,2
Sum før lånetransaksjonar3 091,63 519,34 366,54 386,5
Lånetransaksjonar200,00,0400,0400,0
Sum utgifter3 291,63 519,34 766,54 786,5

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 20,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 92,2 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 72,1 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 61,8 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 10,3 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Programkategori 12.10 syner ein auke i høve til rekneskapen for 2008. Spesielle driftsutgifter (post 21) og tilskotspostane syner mindreutgifter, som har si årsak i at nokre prosjekt har vorte forseinka. Overføringane til 2010 har auka i høve til overføringane frå 2008.

Programkategori 12.20 syner ein auke i utbetalingane frå 2008 til 2009, men eit mindreforbruk på 12,1 mill. kroner i høve til budsjettet frå 2009. Det er overført 32,0 mill. kroner meir til 2010 enn kva som vart overført frå 2008. I Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa fekk dette programområdet ei ekstraløyving på 87 mill. kroner. Kort tid til planlegging og førebuing i saker, som til vanleg tek lang tid gjennom alle formelle prosessar, gjorde at fleire prosjekt ikkje vart gjennomført fullt ut i 2009, og vil bli ferdigstilt i 2010.

Programkategori 12.30 syner eit vesentleg større forbruk i 2009 enn i 2008. I Regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa fekk dette programområdet ei ekstraløyving på 223 mill. kroner.

Ekstraløyvinga jamført med den låge meirutgifta syner at aktivitetsnivået har vore høgt i 2009. Overføringane til 2010 har auka jamført med overføringa frå 2008 fordi mangel på kapasitet har forseinka mange restaureringsoppgåver.

Programkategori 12.40 syner ei mindre auke i utbetalingane frå 2008 til 2009, men eit mindreforbruk på 25,8 mill. kroner i høve til budsjettet for 2009. Mange av tiltaka som er starta, av desse handsaminga av forureina sedimenter, tek tid gjennom dei formelle prosessane i kommunane, og utgiftene vil difor ikkje verte betalte før etter 2009.

Programkategori 12.50 syner ein auke i forbruket frå 2008 til 2009, og eit meirforbruk på 16,7 mill. kroner i høve til budsjettet for 2009. Dette må sjåast i samanheng med at det frå 2008 til 2009 vart overført 16,7 mill. kroner meir enn frå 2009 til 2010.

Programkategori 12.60 syner ein auke i forbruket frå 2008 til 2009 og eit samla meirforbruk i høve til budsjett på 40,1 mill. kroner. Auka oppdragsinntekter har og ført med seg auka felleskostnader og meirforbruk av administrative utgifter.

2.15 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Programområde 01 Fellesadministrasjon(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
01.00Administrasjon m.m. 1),2)427,5370,9347,6366,1
01.10Fylkesmannembeta1 355,51 481,61 353,01 547,3
01.20Forvaltnings- og IKT – utvikling504,8619,1797,9813,1
01.30Partistøtte303,1321,0337,2336,0
01.40Pensjonar m.m.8 850,410 230,69 472,69 112,3
01.50Konkurransepolitikk92,493,992,092,1
01.60IKT-politikk264,560,545,048,5
01.70Personvern 2)27,428,234,835,3
01.80Statsbygg2 477,42 689,12 937,72 698,9
Sum før lånetransaksjonar14 303,015 894,915 417,715 049,7
Lånetransaksjonar2 989,45 052,15 700,05 736,5
Sum utgifter17 292,420 947,021 117,720 786,2

1) Programkategori 01.60 IKT-politikk er oppretta i 2008, og var tidlegare del av 01.00. Rekneskapstala for 2007 er omklassifiserte .

2) Programkategori 01.70 Personvern er oppretta i 2008, og Datatilsynet var tidlegare del av 01.00. Rekneskapstala for 2007 er omklassifiserte.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 368,0 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 264,5 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 632,5 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 313,3 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 319,2 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 36,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta heng meirutgiftene saman med om lag tilsvarande meirinntekter på embeta sine inntektsområde, jf. eigne fullmakter.

Under programkategori 01.20 Forvaltnings- og IKT-utvikling har det vore ein auke i utgiftene frå 2008 til 2009 på om lag 31 prosent. Auken er i hovudsak knytt til arbeidet med IKT- infrastruktur i forvaltninga, som til dømes innføring av ein felles elektronisk ID for å logge seg på offentlege tenester. Arbeidet vert leia og samordna av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi).

Under programkategori 01.40 Pensjonar m.m. har det vore ein nedgang i utgiftene frå 2008 til 2009 på om lag 11 prosent om ein ser bort frå lånetransaksjonar. Nedgangen kjem i hovudsak av at tilskot til Statens pensjonskasse (SPK) over kapittel 1542 har vorte redusert med om lag 1,3 mrd. kroner grunna høgare premieinntekter og vesentleg reduserte utgifter til sluttoppgjer for verksemder som meldte seg ut av SPK, jamfør at dei årlege pensjonsutbetalingane vert delvis finansiert av SPK sine inntekter. Frå 2007 til 2008 auka tilskotet til Statens pensjonskasse med om lag 1,3 mrd. kroner. Høgare pensjonsutbetalingar dei to siste åra har samanheng med G-regulering av pensjonsytingane og sluttoppgjer for verksemder som har meldt seg ut av SPK.

For bustadlåneordninga i SPK over kapittel 1544 har det vore ein auke i lånetransaksjonar på om lag 2,7 mrd. kroner, frå netto utbetaling på om lag 3,0 mrd. kroner i 2007 til 5,7 mrd. kroner i 2009. Auken kjem i hovudsak av ein vesentleg auke i gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån, og auka etterspørsel etter lån. Samla utlån i bustadlåneordninga per 31.12.2009 er om lag 26,8 mrd. kroner. Sjå òg kapittel 2.19 om statlege utlån.

Under programkategori 01.60 IKT-politikk er det ei nedgang i utgiftene frå 2008 til 2009 på om lag 20 prosent. Nedgangen heng saman med auken under programkategori 01.20 og opprettinga av Difi. Ei rekkje av dei IKT-politiske tiltaka er overført frå departementet til direktoratet.

Under programkategori 01.70 Personvern har det vore ein auke i utgiftene frå 2008 til 2009 på om lag 25 prosent. Auken kjem av ei styrking av personvernarbeidet dei seinare åra. Ved handsaminga av St.prp. nr. 67 (2008 – 2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 vart det mellom anna løyvd ekstra prosjektmidlar til Datatilsynet.

Under programkategori 01.80 Statsbygg syner rekneskapen for 2009 om lag same utgiftsnivå som førre året, men eit mindreforbruk samanlikna med løyvinga. Mindreforbruket er på om lag 8 prosent og skriv seg i hovudsak frå prosjekt som er starta opp seinare enn planlagt. Enkelte prosjekt som vart prioriterte ved handsaminga av St.prp. nr. 37 (2008 – 2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid, har òg vorte utsett.

2.16 Finansdepartementet

Programområde 23 Finansadministrasjon(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
23.10Finansadministrasjon485,9550,1915,8925,9
23.20Skatte- og avgiftsadministrasjon5 342,05 525,65 727,95 824,2
23.30Offisiell statistikk630,7676,8659,4695,9
23.40Andre føremål12 644,714 769,015 719,515 299,2
Sum før lånetransaksjonar19 103,221 521,623 022,622 745,2
Lånetransaksjonar0,035,0100 000,0100 000,0
Sum utgifter19 103,221 556,6123 022,6122 745,2

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 277,4 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 261,4 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 538,8 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 700,3 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei meirutgift på 161,4 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Frå 2008 til 2009 auka utgiftene under programkategori 23.10 Finansadministrasjon med 375,8 mill. kroner. Av auken kjem 325,5 mill. kroner frå Senter for statleg økonomistyring, som tidlegare var plassert under programkategori 23.40. Utgiftene til Finanstilsynet (fram til 18. desember 2009 Kredittilsynet) auka med 30,4 mill. kroner, mellom anna som følgje av flytteutgifter og fleire oppgåver.

Under programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon auka utgiftene med 5,4 prosent frå 2008 til 2009. Auken har mellom anna å gjere med styrking av grensekontrollen og innsatsen mot skatte- og avgiftskriminalitet.

Under programkategori 23.40 har utbetalingane av meirverdikompensasjon til kommunar og fylkeskommunar auka monaleg dei siste åra. Frå 2008 til 2009 var auken på 9,0 prosent. I 2009 fekk kommunane ekstra løyvingar frå staten for å kunne styrkje sysselsetjinga gjennom meir vedlikehald, rehabilitering og oppgradering av kommunal infrastruktur.

Det vesentlege av mindreutgiftene på programområdet kjem frå programkategori 23.40 Andre føremål. Det vart kjøpt klimakvotar for om lag 760 mill. kroner mindre enn samla løyving på 810 mill. kroner. Dei regelstyrte utbetalingane av meirverdiavgiftskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar vart noko høgare enn rekna med.

Programområde 24 Statleg gjeld og fordringar, renter og avdrag o.a., som òg ligg til Finansdepartementet å administrere, er omtala under kap. 4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar. Inntektene frå skattar og avgifter er kommenterte i kap. 1.

Lånetransaksjonar under programområde 23 Finansadministrasjon kjem av kapitalinnskot på 50 mrd. kroner i Statens Obligasjonsfond (kap. 1600, post 95) og kapitalinnskot på 50 mrd. kroner i Statens finansfond (kap. 1645, post 95).

2.17 Forsvarsdepartementet

Programområde 04 Militært forsvar(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
04.10Militært forsvar mv.32 713,534 243,934 604,434 665,1
Sum før lånetransaksjonar32 713,534 243,934 604,434 665,1
Lånetransaksjonar0,04,20,00,0
Sum utgifter32 713,534 248,134 604,434 665,1

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei meirutgift på 60,7 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 328,7 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 268,0 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 258,2 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 9,8 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

I perioden 2007 til 2009 var det på programområde 04 Militært forsvar ein nominell auke i utgiftene før lånetransaksjonar på 6,0 prosent, frå 32,7 mrd. kroner til 34,7 mrd. kroner. Driftskostnadene har auka med 7,1 prosent, frå 23,4 mrd. kroner til 25,1 mrd kroner. Utgifter til investeringar i materiell har auka med 2,0 prosent, frå om lag 7,4 mrd. kroner til 7,5 mrd. kroner, medan utgifter til investeringar i eigedom, bygg og anlegg har auka med 7,6 prosent, frå om lag 1,9 mrd. kroner til 2,0 mrd. kroner.

Mindreforbruket i 2009 skriv seg mellom anna frå forseinka framdrift for somme bygge- og anleggsprosjekt knytt til omstillingstiltak i samsvar med langtidsplanen for Forsvaret 2009 – 2012. Forsvarsbygg har hatt utfordringar knytt til ein utstabil marknad, med store geografiske variasjonar. Mindreforbruket er i stor grad forplikta for utbetaling i 2010, og alle midla er knytt til gjennomføring av omstillingskritiske tiltak i høve til langtidsplanen for Forsvaret 2009–2012. Rekneskapen for 2009 syner vidare at verksemda i Forsvaret vart gjennomført innafor dei tildelte rammene.

2009 er det første året i langtidsplanperioden 2009–2012, og det er lagt vekt på at verksemda i 2009 skal rettast inn mot å setja i verk dei tiltaka Stortinget har slutta seg til gjennom handsaminga av den nye langtidsplanen, jf. Innst. S. nr. 318 (2007–2008) og St.prp. nr. 48 (2007–2008) Et forsvar til vern om Norges sikkerhet, interesser og verdier. Proposisjonen set hovudmål og rammer for Forsvaret for perioden 2009–2012.

Forsvaret har i 2009 lagt vekt på å styrkje nærværet i nord, spesielt for Sjøforsvaret og Kystvakta, men òg for Hæren. I 2009 vart det gjennomført ei større fellesoperativ øving med alliert deltaking i Nordland/Troms.

I tillegg har deltaking i operasjonar i utlandet innafor ramma av multilaterale organisasjonar vore høgt prioritert, i hovudsak med bidrag i Afghanistan og Tsjad, og utafor Somalia med fregatten KNM Fridtjof Nansen. I perioden 2007 til 2009 har løyvingane til norsk deltaking i operasjonar i utlandet hatt ein nominell auke med 38,4 prosent, frå 1 197,6 mill. kroner til 1 657 mill. kroner.

2.18 Olje- og energidepartementet

Programområde 18 Olje- og energiføremål(i mill. kr)
Program-kategori Rekneskap 2007Rekneskap 2008Budsjett 2009Rekneskap 2009
18.00Administrasjon176,5168,5191,0203,0
18.10Petroleum304,4487,7516,6534,7
18.20Energi- og vassressursar511,7525,3717,2684,6
18.25Energiomlegging 1)92,4683,11 886,71 879,3
18.30Teknologi og internasjonalisering656,01 109,72 001,21 959,2
18.70Statleg petroleumsverksemd21 278,122 080,725 374,024 970,7
Sum før lånetransaksjonar23 019,225 055,130 686,730 231,5
Lånetransaksjonar10 010,017 136,512 187,012 161,5
Sum utgifter33 029,242 191,642 873,742 393,0

1) Flytta frå programkategori 18.20 i 2007.

Samla avvik mellom budsjett og rekneskap

Avvik mellom budsjett og rekneskap før lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 455,2 mill. kroner.

Tek ein omsyn til auken i disponibelt budsjett som følgje av refusjonar og andre meirinntekter på i alt 11,3 mill. kroner, syner programområdet ei mindreutgift på 466,5 mill. kroner. Overført løyving frå førre budsjettermin aukar disponibelt budsjett, medan overført unytta løyving til neste budsjettermin har same verknad som å redusera disponibelt budsjett. Det er overført 14,6 mill. kroner meir frå 2009 til 2010 enn frå 2008 til 2009. Den auka overføringa inneber at disponibelt budsjett er redusert. Tek ein omsyn til dette, syner programområdet før lånetransaksjonar ei mindreutgift på 451,9 mill. kroner. Lånetransaksjonar syner ei mindreutgift på 25,5 mill. kroner. Sjå òg tabell 1.10 i vedlegg 1, der fleire detaljar knytt til overføringar, meirinntekter og refusjonar på programområdet er spesifiserte.

Trenden i rekneskapen

Under programkategori 18.10 heng auka utgifter i 2008 og 2009 i hovudsak saman med at Oljedirektoratet fekk ein auke i sine løyvingar knytt til geologisk kartlegging i området Nordland VII og Troms II.

Dei auka utgiftene under programkategori 18.20 i 2009 heng hovudsakeleg saman med ei styrking av NVE si verksemd innafor handsaming av konsesjonar, fornybar energi og klimatiltak, og styrking av den statlege førebuinga av skredulykker i samband med at forvaltningsansvaret for alle typar skred vart samla hos NVE frå 2009. I tillegg vart tilskot til utjamning av overføringstariffar for strøm dobla til 60 mill. kroner i 2009, og det vart løyva 33 mill. kroner i tilskot til investering i ny strømkabel til øya Træna. Under programkategorien er mindreutgifta mellom anna knytt til tilskot til ny strømkabel til Træna. Midla er bunde opp, men ikkje utbetalte.

Programkategori 18.25 Energiomlegging vart oppretta i 2007. Under lånetransaksjonar var det i 2007 gjort eit innskot på 10 mrd. kroner i Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet). Avkastninga frå Grunnfondet gav ei utbetaling på 431 mill. kroner frå og med 2008 som vart overført til Energifondet over kapittel 1825, post 50. I tillegg vart det i 2008 og 2009 løyvd 200 mill. kroner ekstra til Energifondet. Under lånetransaksjonar vart det i 2009 gjort eit nytt innskot i Grunnfondet på 10 mrd. kroner. Vidare har den store utgiftsauka frå 2008 til 2009 samanheng med tiltakspakka mot finanskrisa i 2009. Tiltakspakka medførte ei ekstra løyving på 1 190 mill. kroner til Energifondet.

Under programkategori 18.30 Teknologi og internasjonalisering heng dei auka utgiftene i 2008 og 2009 hovudsakeleg saman med CO2-handteringsprosjekta på Kårstø og Mongstad. I tillegg er utgifter til forsking og utvikling av fornybar energi, karbonfangst og -lagring auka i 2009. Medrekna overførte løyvingar frå 2008 er mindreutgifta under programkategorien i hovudsak knytt til arbeidet med CO2-fangst, transport og lagring av CO2 frå Kårstø og Mongstad og CO2-handtering internasjonalt.

I perioden 2007 – 2009 har det på programkategori 18.70 vore ein nominell auke i utgiftene på 3,7 mrd. kroner, frå 21,3 mrd. kroner til 25,0 mrd. kroner, dvs. 17,4 prosent. Den største auken var frå 2008 til 2009 med 2,9 mrd. kroner, medan auken frå 2007 til 2008 var på 803 mill. kroner. Mindreutgifta under programkategori 18.70 kjem hovudsakeleg av refusjon av resterande kapital frå avviklinga av Etanor i samband med overføringa til Gassled.

Under lånetransaksjonar vart det kjøpt aksjar i Statoil ASA for 17,1 mrd. kroner i 2008 og 2,2 mrd. kroner i 2009.

2.19 Statlege utlån

I dette avsnittet vert det gjeve oversikt over hovudtal frå rekneskapen til statlege verksemder som forvaltar statlege utlån.

Lånekassa, Husbanken og Statens pensjonskasse er ein del av staten som ordinære forvaltningsorgan. På vegner av staten administrerar desse forvaltningseiningane statlege utlån etter regler og føresetnader fastsett av Stortinget.

Innovasjon Noreg forvaltar statlege utlån til næringslivet over heile landet og gjev ulike typar lån med høvesvis høg eller låg risiko.

Renteinntekter på dei statlege utlåna vert tilført staten sentralt, på eigne kapittel i statsbudsjettet og statsrekneskapen.

Husbanken

Samla uteståande fordringar i Husbanken var på 104,8 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Dette var om lag 3,9 mrd. kroner høgare enn ved førre årsskiftet.

Husbanken inntektsførte i 2009 renter med 4,5 mrd. kroner under kapittel 5615, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2008 var 4,7 mrd. kroner.

Husbanken hadde i 2009 eit brutto tap på utlån på 16,7 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2008 var 12,7 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar og avtalar inngått, var netto tap på utlån 13,6 mill. kroner i 2009. Av samla brutto tap er 10,9 mill. kroner knytt til personlege låntakarar, noko som er ein auke på 5,7 mill. kroner frå 2008. Tapa for ikkje-personlege låntakarar var 5,8 mill. kroner i 2009, og det er ein reduksjon på 1,7 mill. kroner frå 2008. Tapa vert for Husbanken ikkje dekte ved eiga løyving, men vert ført mot Husbanken sitt risikofond (konto 661004 i kapitalrekneskapen).

Det var ei meirinntekt på Husbanken sin avdragspost på om lag 445,4 mill. kroner. Dette kjem av fleire ekstraordinære innbetalingar og innløysingar enn det som var venta.

Statens lånekasse for utdanning

Samla uteståande fordringar for Statens lånekasse for utdanning var ved utgangen av 2009 106,8 mrd. kroner, ein auke på 5,3 mrd. kroner frå førre året. I tillegg til sjølve utdanningslåna omfattar summen òg tillagde renter og gebyr. 27,7 mrd. kroner av utdanningslåna er ikkje renteberande. Andre ikkje renteberande fordringar er opptente, ikkje betalte renter på om lag 574 mill. kroner og ikkje betalte gebyr på om lag 79 mill. kroner. Uteståande renteberande rente er om lag 2,1 mrd. kroner, ein auke på 47,5 mill. kroner frå 2008.

Lånekassa inntektsførte i 2009 renter med 5,0 mrd. kroner på kapittel 5617, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2008 var 5,9 mrd. kroner.

Det vart utgiftsført 333 mill. kroner i tap på utlån i 2009. Tap på utlån i 2008 var 332 mill. kroner. Statens Innkrevjingssentral inntektsførte 206,5 mill. kroner i 2009 (kapittel 4634, post 85) knytt til innkrevjing av misleghaldne lån i Lånekassa. Tilsvarande tal for 2008 var 209,4 mill. kroner.

Konverteringsordninga i Lånekassa

Frå undervisningsåret 2004–2005 betaler Lånekassa ut heile basisstøtta som lån for dei som er omfatta av støtteordninga for høgare utdanning m.m. Inntil 40 prosent av støttebeløpet kan verte konvertert til stipend når støttemottakaren har gjennomført utdanninga vedkomande har fått støtte til. I statsbudsjetta vert det kvart år løyvt midlar til å dekkje framtidig konvertering frå lån til stipend gjennom ei avsetjing til Konverteringsfondet. Denne løyvinga går over kapittel 2410, post 50. Kapittel 5310, post 93 i rekneskapen syner nettobeløpet av lån som vert ettergjeve og trekt frå konverteringsfondet.

Utgiftene til andre stipend under Lånekassa kjem fram på kapittel 2410, postane 70 og 71. For å få oversyn over dei samla netto utgiftene til stipend, må lån som er konverterte til stipend, leggjast til stipendutgiftene som kjem fram i rekneskapen til Lånekassa. Dette kjem fram om ein ser kapittel 2410, postane 70 og 71 og kapittel 5310, post 93 i samanheng. For 2009 betalte Lånekassa ut om lag 3,2 mrd. kroner som stipend. Om lag 4,1 mrd. kroner vart netto konvertert frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla netto utgiftene til stipend i 2009 er dermed om lag 7,3 mrd. kroner.

Bustadlåneordninga under Statens pensjonskasse (SPK)

Samla uteståande fordringar i bustadlåneordninga i Statens pensjonskasse var på 26,8 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Dette var om lag 5,7 mrd. kroner høgare enn ved førre årsskiftet. Ved utgangen av 2009 var det om lag 36 800 lån i bustadlåneordninga, mot 33 400 året før.

Statens pensjonskasse inntektsførte i 2009 renter med 829,1 mill. kroner under kapittel 5607, post 80. Tilsvarande tal for 2008 var 1 050,2 mill. kroner.

Statens pensjonskasse hadde i 2009 eit brutto tap på utlån på 0,1 mill. kroner. Tilsvarande tal for 2008 var 0,2 mill. kroner. Når ein reknar med tilbakeføring av tap som følgje av innbetalingar på tidlegare avskrivne lån, var netto tap på utlån i 2009 på –0,2 mill. kroner.

Det var ein meirutgift på Statens pensjonskasse sitt lånekapittel (kap 1544, post 90) på om lag 36,5 mill. kroner. Dette kjem av fleire utbetalingar enn venta i siste del av året.

Innovasjon Noreg

Samla utlån per 31.12.2009 utgjorde 14,3 mrd. kroner etter tapsavsetjingar på 1,1 mrd. kroner, mot 11,8 mrd. kroner per 31.12.2008. Auken utgjer 2,5 mrd. kroner. Innovasjon Noreg sitt innlån frå staten utgjer 12,6 mrd. kroner av konto 630009 i kapitalrekneskapen.

Utlåna fordelte seg med 10,9 mrd. kroner på lågrisikolån (om lag 14 950 lån), 2,7 mrd. kroner på ordinære risikolån, distriktsretta låneordning og Miljøfondet (om lag 1 490 lån), og 1,8 mrd. kroner til andre utlån, som omfattar ansvarlege lån til såkornfond og bygdeutviklingslån til landbruket. Den siste ordninga omfattar om lag 9 300 lån og vert forvalta av Innovasjon Noreg for Landbrukets utviklingsfond.

Innovasjon Noreg inntektsførte i 2009 renter med 312,0 mill. kroner på kapittel 5625, post 80 i statsrekneskapen. Tilsvarande tal for 2008 var 471,2 mill. kroner.

Rekneskapen for 2009 syner eit netto tap utlån på 79,2 mill. kroner, mot 94,9 mill. kroner i rekneskapen for 2008 og 1,6 mill. kroner i 2007. Auken i 2008 og 2009 har samanheng med uroa i finansmarknadane. Brutto bokførte tap på utlån og garantiar i 2009 utgjer 298,7 mill. kroner.

Til forsiden