Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 1 S (2014–2015)

FOR BUDSJETTÅRET 2015 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4162, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

1.1 Status og hovudprioriteringar

Matproduksjon er hovudoppgåva til jordbruket. Av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og til beredskap vil regjeringa stimulere til auka matproduksjon. Samstundes ønskjer forbrukarane seg eit større utval av norske varer. Den norske matproduksjonen har særskilde utfordringar knytte til ein kort vekstsesong, spreidde landbruksareal, eit kaldt klima og eit høgt kostnadsnivå. På sikt må difor landbruks- og matpolitikken rette seg inn mot eit meir effektivt landbruk, mot å styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt og mot å gi insentiv til innovasjon og nyskaping i heile sektoren. Det må satsast på utvikling av kompetanse i heile verdikjeda, og næringa må bli ein meir attraktiv arbeidsplass for å kunne stimulere fleire unge til å velje landbruk og matproduksjon som yrke.

Verdikjedene i landbruket er blant dei mest komplette verdikjedene i norsk næringsliv, og omfattar alt frå forsking, produksjon av innsatsvarer og næringsmiddelindustri til forbrukar. Totalt var i underkant av 110 000 personar, eller om lag 4,3 pst. av arbeidsstokken, sysselsette i jordbruk, reindrift, skogbruk, skogbruksbasert industri og matindustrien utanom fiskeindustrien. Produksjonsverdien i nærings- og nytelsesmiddelindustrien var i følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) på om lag 172 mrd. kroner, inkludert fisk, i 2013. Skogbruk og trebasert industri hadde ein brutto produksjonsverdi på om lag 43 mrd. kroner i 2012. Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk. Det er viktig å auke norsk matproduksjon og sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet. Slik kan ein sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer. Landbruket har også stor betyding for andre gode, som busetjing, miljøgode, friluftsliv, jakt og fiske, reiseliv, kulturlandskap, historie, identitet og mangfald. For å ivareta og styrkje desse områda er det avgjerande at politikken tek omsyn til heile breidda i sektoren.

Skogbruk og trebasert industri er viktig både som næring og som bidrag til å løyse klimautfordringane. Skog og tre bind karbon, samstundes som biomasse kan vere eit klima- og miljøvennleg alternativ til energi og produkt som i dag blir produserte med råstoff frå oljeindustrien.

Det er brei politisk semje om hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, jf. Innst. 234 S (2011–2012), men det er dei konkrete resultata som avgjer kor vellukka politikken er og har vore. Under Regjeringa Stoltenberg II blei jordbruksarealet redusert med 5 pst., eller om lag 500 000 dekar. Delen leigejord auka frå 38 til 43 pst., og sjølvforsyningsgraden gjekk ned frå 52 til 48 pst. Talet på bruk med mjølkeproduksjon blei redusert med 37 pst., og det forsvann 18 000 årsverk frå jordbruket. Gjennomsnittsalderen på brukarane auka frå 48,8 til 50,5 år.

I 2012 hadde 12 pst. av bøndene (hovudbrukarar) meir enn 90 pst. av dei samla inntektene sine frå jordbruk, mens sju av ti bønder hadde mindre enn 50 pst. Samstundes viser undersøkingar at langt fleire vil vere heiltidsbønder.

Regjeringa vil leggje til rette for å få fleire unge til å ønskje å gå inn i næringa samt at det skal vere mogleg å drive på heiltid for dei som vil satse på gardsdrift, og vil difor byggje ned hindringane for dei som vil auke matproduksjonen. Verkemidla over jordbruksavtalen må leggje til rette for dei som vil bli større, og konsesjons- og kvotegrenser og andre reglar må ikkje leggje urimelege hindringar for bøndene som sjølvstendig næringsdrivande.

Regjeringa vil gi bonden større fridom til å ta viktige avgjerder over eigen eigedom og eiga drift på garden. Regjeringa legg vekt på at det er svært viktig med forenklingar både for den sjølvstendige næringsdrivande og for forvaltninga. Dette har blitt prioritert både i jordbruksoppgjeret og andre endringar innanfor landbruks- og matpolitikken sidan Regjeringa Solberg overtok.

Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev framleis differensierte verkemiddel. For å nå målet om auka matproduksjon er det viktig å ha politiske verkemiddel som legg til rette for dette. Regjeringa var i jordbruksoppgjeret oppteken av å rette inn overføringane slik at produksjon i større grad skal styre kor mykje kvar enkelt får i støtte, og vidare at føretak skal handsamast likt uavhengig av organisasjonsform. Regjeringa vil gi bonden større fridom til å vere sjølvstendig næringsdrivande. Det er bøndene sjølve, ikkje styresmaktene, som er dei rette til å ta avgjerder om drifta.

Regjeringa vil at bønder skal ha dei same moglegheitene som andre sjølvstendig næringsdrivande, og vil difor styrkje bondens rett til fritt å disponere over sin eigen eigedom. I Sundvolden-erklæringa slår regjeringa fast at ho vil liberalisere eigedomspolitikken ved mellom anna å oppheve konsesjonslova, buplikta og delingsforbodet i jordlova. Regjeringa vil leggje til rette for auka omsetnad av landbrukseigedommar og styrkje den private eigedomsretten. Departementet la mellom anna før sommaren fram eit framlegg til endringar i konsesjonslova for å oppheve priskontrollen for landbrukseigedommar. Som eit ledd i dette arbeidet la regjeringa før sommaren fram for Stortinget forslag om å oppheve regelen om priskontroll i konsesjonslova, jf. Prop. 124 L (2013–2014) Endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven. Regjeringa er også i gang med å gå gjennom husdyrkonsesjonsgrenser og kvoteordningar, samt lover, forskrifter, krav og andre reglar som avgrensar vilkåra for bonden til å utvikle si eiga verksemd.

God dekning av skogsvegar er nødvendig for lønsam skogsdrift og eit aktivt skogbruk. Noreg har den lågaste skogsvegdekninga i Skandinavia, og utbygginga har vore låg dei seinare åra. Vidare er om lag 75 pst. av dei eksisterande skogsvegane meir enn 25 år gamle. Ein stor del av desse vegane har eit stort behov for ombygging for å halde krav som tømmertransporten og transportutstyret set i dag. Det er også eit betydeleg behov for fleire og betre kaiterminalar til bruk i tømmertransporten langs kysten, noko som også er viktig for skogbruket på Sør- og Austlandet. For å betre på denne situasjonen auka departementet satsinga på infrastruktur i skogbruket i statsbudsjettet for 2014 samanlikna med framlegget frå Regjeringa Stoltenberg. Regjeringa legg opp til å styrkje denne satsinga også for 2015.

Matpolitikken til regjeringa er basert på at maten skal vere trygg. Forvaltninga arbeider difor kontinuerleg for å vere budd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. Sett i internasjonal samanheng er antibiotikabruken til husdyr i Noreg på eit svært lågt nivå. Dette skuldast mellom anna god dyrehelse, at vi har dyktige og ansvarlege bønder og veterinærar og at det er eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene. Det er likevel funne antibiotikarsistente bakteriar i svine- og fjørfehaldet. Når det gjeld antibiotikaresistens hos svin, har Noreg som første land i verda, sett i verk omfattande tiltak for å bli kvitt desse. Det er også sett i gang to større forskingsprosjekt for å auke kunnskapen om resistente bakteriar i fjørfehaldet og om kva dei betyr for helse hos folk. Overvakinga på dette området vil også bli styrkt.

Departementet er i gang med fleire prosessar for å modernisere forvaltninga og forenkle byråkratiet. Gjennom jordbruksoppgjeret sikra regjeringa og samarbeidspartia fleirtal for 26 større og mindre forenklingar. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av Prop. 106 S (2013–2014) at det skulle setjast ned ei partssamansett gruppe for å sjå nærare på verkemidla i jordbruksavtalen og foreslå forenklingar for næringsdrivande og forvaltning. Gruppa skal levere ein delrapport som innspel til jordbruksoppgjeret i 2015, og levere ein samla rapport innan utgangen av 2015.

Stortinget vedtok våren 2014 ny lov om erstatning for naturskader, jf. Prop. 80 L (2013–2014) Lov om erstatning for naturskader og Innst. 245 L (2013–2014). Regjeringa gjer framlegg om ei løyving til utvikling av eit nytt IKT-system som skal leggje til rette for effektiv handsaming av saker om erstatning for naturskade.

1.7.2014 blei Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning erstatta av det nye Landbruksdirektoratet. Gjennom denne strukturendringa vil regjeringa bidra til eit breiare fagleg miljø og styrkt kompetanse, samstundes som ein oppnår effektiviseringsgevinstar gjennom å slå saman fellestenester.

Regjeringa ønskjer å forenkle organiseringa av Mattilsynet slik at ressursane i større grad kan nyttast til utøvande tilsyn. Det er gjenomført høyring av eit forslag til endring av matlova for å kunne redusere talet på organisatoriske nivå frå tre til to. Det blir også lagt opp til å redusere talet på regionar i Mattilsynet frå åtte til fem. Dette vil bidra til meir robuste kompetansemiljø og leggje til rette for betre utnytting av spesialkompetanse, samt meir einskapleg og effektiv forvaltning og betre styring.

For at regjeringa skal lukkast med å nå måla om matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk, er det nødvendig med forsking, innovasjon og kompetanse. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på forsking for auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat i eit endra klima. Dette vil leggje grunnlag for omstilling til meir kostnadseffektivt og lønsamt landbruk over heile landet, og auka innovasjon og konkurransekraft i bioøkonomien.

Det er viktig med fagleg og økonomisk robuste forskings- og utviklingsmiljø som leverer kunnskap av høg kvalitet og relevans til næring og forvaltning. Det er vedteke at Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking og Norsk institutt for skog og landskap blir slått saman frå 1.7.2015. Det skal nyttast meir ressursar på utvikling av ny kunnskap, innovasjonsretta arbeid og forvaltningsstøtte, og mindre ressursar skal gå til administrasjon, drift og vedlikehald. Det skal også bli større grad av tverrfagleg arbeid og auka samarbeid med universitets- og høgskolesektoren, ikkje minst for å gi betre moglegheit for utvikling av bioøkonomien.

I samband med handsaminga av Prop. 106 S (2013–2014) Jordbruksoppgjøret 2014 – endringer i statsbudsjettet 2014 m.m. i Stortinget bad eit fleirtal om at det blir lagt fram ei stortingsmelding om landbruket og skognæringa i eit framtidig Noreg, jf. Innst. 285 S (2013–2014). Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette arbeidet og kjem tilbake til dette på eit eigna tidspunkt.

1.2 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I samband med handsaminga av Meld. St. 9 (2011–2012) Landbruks- og matpolitikken gav Stortinget støtte til ein ny målstruktur for landbruks- og matpolitikken. Departementet legg til grunn at dei same fire hovudmåla i meldinga – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk – står fast, men legg opp til ein betydeleg reduksjon i talet på delmål for å forenkle målstrukturen. Arbeidet under dei ulike hovudmåla skal no prioriterast inn mot totalt 12 delmål, mot tidlegare 39.

Det er vidare lagt opp til tverrgåande mål for forvaltning, forsking og internasjonalt arbeid, som er styresmaktene sine reiskapar for at dei andre måla skal bli nådde.

Målstrukturen på det landbruks- og matpolitiske området ser no slik ut:

Figur 1.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstruktur for Landbruks- og matdepartementet

Hovudmål: Matsikkerheit

Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør

Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat forbrukarane etterspør. Styresmaktene sine verkemiddel skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon.

Sjølvforsyningsgraden viser kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt. I 2013 var sjølvforsyningsgraden på 46 pst. målt i energi. Eit anna mål er heimemarknadsdelen som vil seie produksjon for heimemarknaden som del av totalmarknaden målt i kroner (verdi). I dag ligg heimemarknadsdelen for matindustrien på 80 pst. For sentrale produkt, som ost, kjøtt og mjølk, er heimemarknadsdelen 88, 93 og 100 pst.

Sikre forbrukarane trygg mat

All mat som blir seld i Noreg skal vere trygg. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetnad av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustri. Godt utval av sunn og helsefremjande mat er viktig for forbrukarane. Noreg har få førekomstar av matboren sjukdom samanlikna med andre land, og regjeringa vil bidra til å oppretthalde denne gunstige situasjonen. Ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket, kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Regjeringa har sett i gang eit arbeid for å leggje til rette for effektivisering i Mattilsynet slik at meir av ressursane kan nyttast til rettleiing og tilsyn i verksemdene.

God dyre- og plantehelse samt god dyrevelferd

God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjon og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa. Dyrehelsa er god i Noreg. Det vil bli lagt vekt på å vidareføre godt førebyggjande arbeid og god samhandling mellom styresmaktene og næringa for å oppretthalde den gode dyrehelsa. Dyrevelferden er jamt over god i Noreg samanlikna med mange andre land, men det er framleis utfordringar på enkelte område. Sjølv om regelverket stiller klare krav, er det avgjerande at Mattilsynet er i stand til å følgje opp dette gjennom målretta og god tilsynsverksemd.

Hovudmål: Landbruk over heile landet

Balansert geografisk utvikling i landbruket

Vilkåra for jordbruksdrift varierer mellom ulike delar av landet, og jordbruket bidreg også til andre viktige samfunnsgode enn mat, slik som ivaretaking av kulturlandskap, reiseliv og spreidd busetjing. Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev differensiering av verkemidla. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir robust og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.

Robust og effektivt landbruk

Norsk landbruk er tufta på verdiar som respekten for privat eigedomsrett og fridom til å drive næringsverksemd. Dette er også grunnleggjande verdiar for regjeringa, og regjeringa vil difor styrkje bondens rett til fritt å disponere over sin eigen eigedom. Som eit ledd i dette arbeidet har regjeringa sett i gang arbeidet med ein brei gjennomgang av eigedomslovgivinga i landbruket.

Investeringsbehovet i landbruket er stort. Skal ein nå sentrale landbrukspolitiske målsetjingar som landbruk over heile landet og auka verdiskaping, er det nødvendig med gode investeringsordningar som kan stimulere til vidare utvikling og effektivisering av den landbruksbaserte produksjonen.

Ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift

Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng, og ho er ein sentral bidragsytar til eit levande landbruk fleire stader i landet. Regjeringa vil sikre økonomisk berekraft i reindrifta gjennom auka slakteuttak og betre lønsemd. Eit tilpassa beitetrykk til beitegrunnlaget er den mest alvorlege og krevjande utfordringa reindrifta står overfor. Den er særleg alvorleg fordi ei forsvarleg ressursutnytting er avgjerande for den samiske reindrifta si framtid i store delar av Finnmark. Oppfølging av dei siidaandelane som har eit for høgt reintal, har difor høgste prioritet i 2015. Ut frå bruksreglane som er etablert er det nødvendig å redusere talet på rein med om lag 40 000 over ein periode på inntil 3 år. Det siste reduksjonsåret er driftsåret 2014/2015. Reduksjonen skal i all hovudsak gjennomførast i Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde.

Hovudmål: Auka verdiskaping

Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri

Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og støtteordningar og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betre i åra som kjem. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper.

Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer.

Lønsam utnytting av gardens samla ressursar

Potensialet for auka verdiskaping basert på landbruksressursane er stort. Landbruket er ei innovasjonsdriven næring som har vore god til å ta i bruk ny teknologi og nye produksjonsmåtar for å auke produktiviteten og effektivisere drifta. Landbruks- og matpolitikken til regjeringa skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Innanfor det tradisjonelle landbruket er det særskilt behov for verkemiddel som kan stimulere til modernisering av driftsapparatet, skape rasjonelle driftseiningar og effektivisere produksjonen. Det er også behov for verkemiddel som kan stimulere til vidare vekst og utvikling innanfor bygdenæringane, med mål om auka sysselsetjing og etablering av nye lønsame arbeidsplassar i tilknyting til landbruket. Dei bedriftsretta verkemidla over Landbrukets utviklingsfond er m.a. innretta mot å styrkje lønsemd, sysselsetjing og produktivitet innanfor landbruksbasert næringsutvikling. Det har vore stor vekst i marknaden for lokalmat både når det gjeld volum og omsetnad. For å stimulere til vidare vekst og utvikling på dette området var Utviklingsprogrammet for lokalmat og grønt reiseliv eit særskilt prioritert satsingsområde i årets jordbruksoppgjer, med ein auke på 24 mill. kroner frå 2014 til 2015.

Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder

Skogbruk og trebasert industri er viktig både som næring og som bidrag til å løyse klimautfordringane. Tre er viktig som råstoff til energi og som bygningsmateriale. Noreg er langt framme når det gjeld innovativ bruk av tre, mellom anna i bruer. Skog og tre bind karbon, samstundes som biomasse kan vere eit klima- og miljøvennleg alternativ til energi og produkt som i dag blir produserte med råstoff frå oljeindustrien. Strategigruppa Skog22 skal i 2014 leggje fram ein heilskapleg strategi for å auke konkurransekrafta i skogsektoren. Det viktigaste er at næringa sjølv utviklar nye bruksområde. Regjeringa vil bidra med midlar til forsking og innovasjon og betre rammevilkåra for næringslivet generelt, men for å lukkast er det er ein føresetnad at næringa på sikt maktar å utvikle konkurransedyktige og lønsame produkt som overlever i ein fri marknad.

Det er også stort behov for ein tidsmessig infrastruktur som sikrar tilgang tilressursane. Noreg har den lågaste dekninga av skogsbilvegar i Skandinavia, og det er også et betydeleg behov for tømmerterminalar og tømmerkaier. Regjeringa vil også i 2015 bidra til å forbetre infrastrukturen, og gjennom dette gjere det enklare for dei næringsdrivande å avverke tømmer og plante ny skog.

Hovudmål: Berekraftig landbruk

Ivareta landbrukets kulturlandskap

Kulturlandskapet er i kontinuerleg endring, og er blitt til gjennom menneskeleg aktivitet. Aktiv drift i landbruket utviklar og held ved like kulturlandskapet. Eit variert og godt ivareteke kulturlandskap er attraktivt for turistnæringa, friluftsliv, rekreasjon, jakt og fiske. Det kan utgjere grunnlag for etablering av ny næringsverksemd og formidling av viktige verdiar, historie, tradisjonar og naturkunnskap. Særleg vil beitebruk ha stor nytte for å hindre gjengroing og for å utnytte fôrverdiane i både inn- og utmark.

Landbruks- og matdepartementet har, saman med Klima- og miljødepartementet, valt ut 22 ulike kulturlandskap, der det blir lagt særskilt vekt på å bevare viktige landskap og kulturmiljø gjennom langsiktig skjøtsel og vedlikehald. Dette arbeidet vil bli ført vidare også i 2015. Departementet vil også føre vidare og forbetre ordningar for å oppretthalde kulturlandskapet i utmark gjennom beite.

Berekraftig bruk av og vern om landbrukets areal og ressursgrunnlag

Rett bruk av og vern om arealressursane er ein føresetnad for å oppnå ein høgast mogleg sjølvforsyning av mat og god matvareberedskap. Både mengda av og kvaliteten på jord er avgjerande for landbruket og måloppnåinga i landbruket. Det er difor viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnets behov.

Regjeringa sitt arbeid for ei meir lønsam landbruksnæring med auka matproduksjon, styrkt eigedomsrett og større personleg ansvar for landbruksareala er også retta inn mot å halde omdisponeringa av dyrka mark på eit lågt nivå.

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane innanfor husdyr og matvekster er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing i landbruket.

Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar

Regjeringen vil føre ein offensiv klimapolitikk og forsterke klimaforliket. Landbruket er ein bidragsytar til utslepp av klimagassar, men gir samtidig positive bidrag til å løyse klimautfordringane gjennom lagring av karbon i skog og jord. Klimaendringane vil endre føresetnadene for planteproduksjon i Noreg og globalt. God tilpassing til eit klima i endring blir viktig for å redusere sårbarheit og for utnytte moglegheitene som følgjer med klimaendringane. Departementet vil føre vidare arbeidet med utsleppsreduserande tiltak i landbruket og leggje større vekt på klimapolitiske mål i forvaltninga av norske skogar, mellom anna ved å bidra til auka aktivitet i skogbruket.

Tverrgåande mål: Ei effektiv landbruks- og matforvaltning

Forvaltninga si hovudoppgåve er å gjennomføre politikken til regjeringa så effektivt som råd, samstundes som ho tek hand om rettstryggleik og likehandsaming. Landbruksdirektoratet blei oppretta 1.7.2014 gjennom ei samanslåing av Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF), og regjeringa sendte tidlegare i år ut forslag til endringar i matlova for å gjere Mattilsynet best mogleg rusta for framtidige utfordringar på høyring. Det er avgjerande at forvaltninga kan omstille seg slik at ho er i stand til både å følgje opp ny politikk og forbetre gjennomføringskrafta i tråd med endringar i teknologi, tryggleik og andre endringar i samfunnet.

Forvaltninga vil også halde fram arbeidet med digitalisering, forenkling, brukarvennlegheit, samfunnstryggleik og beredskap.

Tverrgåande mål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruk og matpolitikken blir nådde

Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon, kunnskap og kompetanse som er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og ein effektiv og robust instituttsektor i samspel med andre er nødvendig for å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla.

Det er nødvendig med ein forsterka internasjonal forskingsinnsats på landbruks- og matområdet for å løyse felles utfordringar, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og utnytte forskingsresultat frå andre land. Dette krev internasjonal spisskompetanse i forskingsmiljøa. Landbruks- og matforskinga må også følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det nødvendig å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.

Tverrgåande mål: Ivareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar

Utviklinga i norsk landbruk og matindustri heng nøye saman med utviklinga internasjonalt. Det er ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar og mykje regelverk blir fornya med jamne mellomrom, og Noreg har i fleire av desse særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket, mellom anna med basis i naturgitte forhold, kostnadsnivå og nasjonale landbruks- og matpolitiske mål.

EØS-avtalen legg klare føringar på regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverk i EU-systemet på matområdet. Regjeringa legg vekt på å ivareta norske interesser ved å bidra tidlegare i prosesser og politikkutforming i EU i dei formelle og uformelle foruma EØS-avtalen gir tilgang til. Regjeringa vil innanfor gitte rammer for landbrukspolitikken arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Arbeidet med multilaterale avtalar gjennom Verdas handelsorganisasjon (WTO) vil bli prioritert.

Noreg deltek også i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både globale og regionale og både innanfor og utanfor FN-systemet. Departementet vil bidra aktivt i desse, mellom anna for å bidra til berekraftig utvikling, global matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning, bevaring av genetiske ressursar, styrking av landbruket og bønder si stilling i den tredje verda og auka handel mellom land.

1.3 Hovudtrekk ved budsjettframlegget

 

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Administrasjon m.m.

147,7

149,2

1,0

15.10 Matpolitikk

1 389,6

1 381,3

-0,6

15.20 Forsking og innovasjon

437,8

419,1

-4,3

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

15 444,9

15 295,1

-1,0

Sum Landbruks- og matdepartementet

17 420,0

17 244,8

-1,0

Regjeringa gjer framlegg om ei løyving på 17,2 mrd. på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Det er ein reduksjon på 173,2 mill. kroner, eller 1,0 pst., frå saldert budsjett 2014. Løyvingar til næringsavtalene for jordbruk og reindrift utgjer 14,4 mrd. kroner, eller 83,6 pst., av budsjettframlegget.

Den årlege produktivitetsveksten er viktig for velstandsauken i eit land. Regjeringa vil bygge politikken sin på ein effektiv bruk av fellesskapen sine ressursar, og føreset difor at alle statlege verksemder gjennomfører årlege tiltak for å auke produktiviteten. Dette gir rom for avbyråkratisering og effektivisering i forvaltninga. For å nyttiggjere seg av dette og samstundes gi insentiv til meir effektiv statleg drift, legg regjeringa opp til ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform der deler av denne effektiviseringa i dei årlege budsjetta blir stilt til råde for fellesskapen. Denne innhentinga er sett til 0,5 pst. av driftsutgifter, utstyrskjøp og vedlikehald og forskingsaktivitet. For å gjere ordninga føreseieleg er grunnlaget for berekninga saldert budsjett for året før. Ordninga er nærare omtalt i Gul bok 2015. På Landbruks- og matdepartementet sitt område inneber dette ein innsparing på 11,9 mill. kroner.

Regjeringa legg opp til at det frå 2015 blir innført nøytral meirverdiavgift for statlege verksemder. Denne ordninga inneber at den betalte meirverdiavgifta som hovudregel ikkje lenger skal førast som ein driftsutgift på verksemdene sine eigne budsjettkapittel, men i staden belastast sentralt på kap. 1633, post 01, jf. Prop. 1 S (2014–2015) frå Finansdepartementet. Frå 2015 blir postane 01-49 difor budsjetterte utan meirverdiavgift. Ordninga er nærare omtalt i Gul bok 2015. For Landbruks- og matdepartementet inneber dette ein teknisk reduksjon i rammene på totalt 89,2 mill. kroner.

Hovudprioriteringane i budsjettforslaget for Landbruks- og matdepartementet i 2014 er:

  • auka matproduksjon

  • trygg mat og innsats mot antibiotikaresistens

  • ei satsing på infrastrukturtiltak i skognæringa

  • modernisering og forenkling av landbruks- og matforvaltninga

Regjeringa gjer framlegg om løyvingar til næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 15,3 mrd. kroner. Dette er ein reduksjon på 149,8 mill. kroner frå saldert budsjett 2014. Justert for innføring av nøytral meirverdiavgift er reduksjonen på 133,6 mill. kroner. Jordbruksavtalen i 2014 vidarefører nivået på dei samla løyvingane frå 2013, jf. Innst. 285 S (2013–2014), sett bort frå kvantumsjusteringar som er innarbeidde i budsjettframlegget. I jordbruksoppgjeret blei det også lagt til grunn auka målprisar. Verkemidla under jordbruksavtalen bidreg til å gi næringa eit inntektsløft over nivået som blei lagt til grunn i lønsoppgjeret for frontfaget. Under kategorien blir det også gjort framlegg om ei styrkt satsing på infrastrukturtiltak i skogen og løyvingar til nytt sakshandsamingssystem for å følgje opp ny naturskadelov.

Regjeringa gjer framlegg om løyvingar til matpolitikk på 1 381,3 mill. kroner. Dette utgjer ein reduksjon på 8,3 mill. kroner. Justert for innføring av nøytral meirverdiavgift aukar kategorien med 62 mill. kroner. Med dei endringane i matlova som er sendt ut på høyring, legg departementet opp til å styrkje arbeidet med i sikre mat i heile matproduksjonskjeda. Gjennom budsjettframlegget legg departementet også opp til at det kontinuerlege arbeidet med effektivisering, omstilling og forenkling blir vidareført.

Regjeringa gjer framlegg om løyvingar til forsking og innovasjon på 419,1 mill. kroner. For regjeringa er det viktig å prioritere forsking som bidreg til matsikkerheit, mattryggleik, klima og auka lønsemd i sektoren. Regjeringa vil også vidareføre forskingsinnsatsen på berekraftig skogbruk, auka bruk av trevirke og fornybar energi på om lag same nivå. Det ligg forventningar om at forskingsaktørar innan mat- og næringsmiddelindustrien bruker den forsterka SkatteFUNN-ordninga meir aktivt.

1.4 Oversiktstabellar

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

01-24

Driftsutgifter

1 707 543

1 594 439

1 589 911

-0,3

30-49

Investeringar

10 508

10 215

9 417

-7,8

50-59

Overføringar til andre statsrekneskap

2 169 477

1 958 651

1 963 855

0,3

60-69

Overføringar til kommunesektoren

129 878

132 449

134 933

1,9

70-89

Overføringar til private

13 153 642

13 724 255

13 546 700

-1,3

Sum under departementet

17 171 047

17 420 009

17 244 816

-1,0

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

155 748

147 744

149 219

1,0

Sum kategori 15.00

155 748

147 744

149 219

1,0

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

141 650

167 694

172 362

2,8

1115

Mattilsynet

1 310 672

1 221 873

1 208 983

-1,1

Sum kategori 15.10

1 452 322

1 389 567

1 381 345

-0,6

Forsking og innovasjon

1137

Forsking og innovasjon

427 398

437 804

419 137

-4,3

Sum kategori 15.20

427 398

437 804

419 137

-4,3

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

30 372

29 640

25 015

-15,6

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

40 437

37 925

35 177

-7,2

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket

122 010

125 631

129 128

2,8

1142

Landbruksdirektoratet

420 060

1143

Statens landbruksforvaltning

351 422

364 241

-100,0

1144

Regionale og lokale tiltak i landbruket

6 150

6 610

4 002

-39,5

1147

Statens reindriftsforvaltning

55 756

64 899

-100,0

1148

Naturskade – erstatningar

254 000

185 700

169 200

-8,9

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket

101 926

81 813

72 654

-11,2

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

14 062 783

14 415 447

14 306 304

-0,8

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

88 030

109 500

111 500

1,8

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

22 694

23 488

22 075

-6,0

Sum kategori 15.30

15 135 579

15 444 894

15 295 115

-1,0

Sum utgifter

17 171 047

17 420 009

17 244 816

-1,0

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2013

Saldert budsjett 2014

Forslag 2015

Pst. endr. 14/15

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

3 148

110

113

2,7

Sum kategori 15.00

3 148

110

113

2,7

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

18 893

19 180

19 464

1,5

4115

Mattilsynet

148 090

145 362

167 540

15,3

Sum kategori 15.10

166 983

164 542

187 004

13,7

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4142

Landbruksdirektoratet

39 740

4143

Statens landbruksforvaltning

57 557

38 625

-100,0

4147

Statens reindriftsforvaltning

1 535

39

-100,0

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

2

59 520

30 000

-49,6

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

200 000

50 000

10 000

-80,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

140 378

125 000

125 000

0,0

Sum kategori 15.30

399 473

273 184

204 740

-25,1

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet

11 053

5 000

5 000

0,0

5652

Statskog SF – Renter og utbytte

37 404

125 700

45 588

-63,7

Sum kategori 15.40

48 457

130 700

50 588

-61,3

Sum inntekter

618 061

568 536

442 445

-22,2

1.5 Oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 34, 26. november 2013

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for ei ordning med kornlager.»

Oppmodingsvedtaket blei fatta av Stortinget som del av budsjettavtalen mellom regjeringa, Kristeleg Folkeparti og Venstre om statsbudsjettet for 2014, jf. Prop. 1 S (2013–2014), Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) og Innst. 2 S (2013–2014).

På bakgrunn av oppmodingsvedtaket bad Landbruks- og matdepartementet i brev av 5.3.2014 Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) om å utgreie behovet for ei ordning med kornlager. Landbruks- og matdepartementet mottok 11.6.2014 rapporten Notat 2014-12 Marked før regulering: Vurdering av statlige lagringstiltak for sikker matkornforsyning frå NILF. Hovudkonklusjonane i rapporten er at dei norske verdikjedene for matkorn, mjøl- og bakervarer kan handtere dei risikoane som er relevante. Statleg regulert lagring av matkorn kan vanskeleg styrkje den norske forsyningstryggleiken merkbart, men kan i staden svekkje marknadsaktøranes motiv for eiga risikohandtering.

Regjeringa foreslår ikkje innføring av ei ordning med beredskapslagring av matkorn i Noreg. Utviklinga nasjonalt og internasjonalt etter 2003, då dei tidlegare lagra blei avvikla, og vurdering av situasjonen framover, tilseier ikkje at det er grunnlag for å endre planføresetnadene som beredskapspolitikken byggjer på, og som legg til grunn at Noreg ikkje vil vere avsperra frå internasjonale marknader over tid. Departementet viser til nærare omtale av handsaminga av oppmodingsvedtaket i del IV av proposisjonen.

Vedtak nr. 393, 8. april 2014

«Stortinget ber regjeringen i egnet form fremme forslag for Stortinget om jordvernstrategi.»

Landbruks- og matdepartementet har sett i gang arbeidet med ein jordvernstrategi. Viktige tiltak og verkemiddel som er nemnde i innstillinga, vil bli vurdert i strategien. Det er nødvendig å greie nærare ut nokre av dei mest aktuelle tiltaka for å styrkje jordvernet. Det vil difor bli gjennomført ei utgreiing av tiltak som komiteen har peika på, inklusive ei samfunnsøkonomisk analyse. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om saka på eigna måte.

1.6 Oversikt over stikkordet «kan overførast»

**Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2014

Forslag 2015

1100

21

Spesielle driftsutgifter

262

943

1138

70

Støtte til organisasjonar

0

20 845

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

3 297

4 170

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

679

12 423

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

2 369

22 754

1142

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark1

7 200

9 834

1142

80

Radioaktivitetstiltak1

2 696

2 500

1144

77

Regionale og lokale tiltak i landbruket

9 268

4 002

1148

22

Naturskade, administrasjon

0

8 000

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

84 848

32 444

1149

72

Tilskott til auka bruk av tre

64 747

19 980

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

10 049

3 970

1149

74

Tiltak for industriell bruk av trevirke

0

2 665

1150

70

Marknadsregulering

4 782

256 500

1150

74

Direkte tilskott

19 053

8 421 110

1150

77

Utviklingstiltak

13 432

263 080

1150

78

Velferdsordningar

22 528

1 597 754

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

7 221

69 100

1151

79

Velferdsordningar

245

2 600

1 Framlegget om å knyte stikkordet «kan overførast» til kap. 1142, postane 71 og 80 er ei vidareføring av same stikkordet på tilsvarande ordningar som i dag ligg under kap. 1147, postane 71 og 82. Dei oppgitte beløpa er difor beløpa som er overførte på dei sistnemnde postane.