Prop. 111 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2014 under Arbeids- og sosialdepartementet (Tilleggsløyvingar som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar i folketrygda mv. frå 1. mai 2014)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa gjer med dette framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2014 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2014.

Departementet viser til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 23. mai 2014 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2014 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpenger.

Grunnbeløpet er auka frå 85 245 kroner til 88 370 kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,67 prosent. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 prosent.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,67 prosent og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 prosent frå 1. mai 2014.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 3,67 prosent og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 3,16 prosent. Satsane er frå 1. mai 2014 sette til 137 768 kroner for låg sats, 160 285 kroner for ordinær sats, 173 274 kroner for høg sats og 270 240 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2014 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 6 470 mill. kroner.

Når regjeringa legg fram budsjettforslag for Stortinget, er etablert praksis at «frå-tala» tar utgangspunkt i det siste forslaget til endra løyvingar som regjeringa har fremma for Stortinget. For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til Stortinget, har Arbeids- og sosialdepartementet som utgangspunkt i vedtaksdelen i denne proposisjonen nytta Prop. 93 S (2013–2014) som ble fremma samtidig med Revidert nasjonalbudsjett.

Til forsida