Prop. 72 S (2009-2010)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 147/2009 av 4. desember 2009 om innlemmelse i EØS-avtalen av rådsdirektiv 2004/113/EF om likebehandling av kvinner og menn ved tilgang til varer og tjenester

Til innholdsfortegnelse

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 147/2009 av 4. desember 2009 om endring av vedlegg XVIII til EØS-avtala (Helse og tryggleik på arbeidsplassen, arbeidsrett og lik handsaming av kvinner og menn)

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Vedlegg XVIII til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2009 av 24. april 2009 1.

  2. Rådsdirektiv 2004/113/EF av 13. desember 2004 om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av kvinner og menn når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester 2 skal takast inn i avtala -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I vedlegg XVIII til avtala etter nr. 21b (europaparlaments- og rådsdirektiv 2006/54/EF) skal nytt nr. 21c lyde:

«21c.32004 L 0113 : Rådsdirektiv 2004/113/EF av 13. desember 2004 om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av kvinner og menn når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester (EUT L 373 av 21.12.2004, s. 37).
Direktivets bestemmelser skal for denne avtales formål gjelde med følgende tilpasning:
I artikkel 5 og 17 skal henvisningene til «21. desember 2007» forstås som «30. juni 2010».»

Artikkel 2

Teksta til direktiv 2004/113/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 5. desember 2009, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen .

Utferda i Brussel, 4. desember 2009.

For EØS-komiteen

Formann

O. H. Sletnes

Sekretærar for EØS-komiteen

B. Ellertsdóttir L-O. Hollner

Felles fråsegn frå avtalepartane i samband med avgjerd nr. 147/2009 om innlemming av direktiv 2004/113/EF i avtala

«Direktiv 2004/113/EF er basert på artikkel 13 i EF-traktaten som er innførd gjennom Amsterdam-traktaten og ikkje vert gjenspegla i EØS-avtala. Innlemminga av direktiv 2004/113/EF i EØS-avtala rører ikkje ved omfanget av EØS-avtala.»

Fotnoter

1.

TEU L 162 av 25.6.2009, s. 32, og EØS-tillegget til TEU nr. 33 av 25.6.2009, s. 21.

2.

TEU L 373 av 21.12.2004, s. 37.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.