Prop. 72 S (2009-2010)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens beslutning nr. 147/2009 av 4. desember 2009 om innlemmelse i EØS-avtalen av rådsdirektiv 2004/113/EF om likebehandling av kvinner og menn ved tilgang til varer og tjenester

Til innholdsfortegnelse

2 Rådsdirektiv 2004/113/EF av 13. desember 2004 om gjennomføring av prinsippet om lik handsaming av kvinner og menn når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester

RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR -

med tilvising til traktaten om skipinga av Det europeiske fellesskapet, særleg artikkel 13 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Europaparlamentet 1,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet 2,

med tilvising til fråsegna frå Regionutvalet 3 og

ut frå desse synsmåtane:

  1. I samsvar med artikkel 6 i traktaten om Den europeiske unionen er Unionen grunnlagd på prinsippa om fridom, demokrati, respekt for menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane og prinsippet om rettsstaten, prinsipp som er felles for medlemsstatane, og respekterer dei grunnleggjande rettane slik dei er sikra av Den europeiske konvensjonen for vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane og slik dei følgjer av dei konstitusjonelle tradisjonane som er felles for medlemsstatane som allmenne prinsipp for fellesskapsretten.

  2. Retten til likskap for lova og vern mot skilnadshandsaming for alle personar er ein allmenn rett som er sannkjend i den allmenne fråsegna om menneskerettar, i konvensjonen til Dei sameinte nasjonane om avskaffing av alle former for diskriminering av kvinner, i den internasjonale konvensjonen om avskaffing av alle former for rasediskriminering og i konvensjonane til Dei sameinte nasjonane om sivile og politiske rettar og om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, og i den europeiske konvensjonen om vern av menneskerettane og dei grunnleggjande fridommane, som alle medlemsstatane har underteikna.

  3. Samstundes som skilnadshandsaming vert forbode, er det viktig å respektere andre grunnleggjande rettar og fridommar, medrekna vern av privat- og familielivet og transaksjonar som finn stad innanfor ei slik ramme, i tillegg til religionsfridom.

  4. Likestilling mellom menn og kvinner er eit grunnleggjande prinsipp i Den europeiske unionen. Etter artikkel 21 og 23 i pakta til Den europeiske unionen om grunnleggjande rettar er all skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn forboden, og retten til lik handsaming av menn og kvinner skal sikrast på alle område.

  5. I artikkel 2 i traktaten er det fastsett at fremjing av slik likestilling er ei av dei grunnleggjande oppgåvene til Fellesskapet. Likeins krev artikkel 3 nr. 2 i traktaten at Fellesskapet skal ta sikte på å avskaffe ulikskapar og fremje likestilling mellom menn og kvinner i all verksemda si.

  6. I meldinga si om den sosialpolitiske dagsordenen slo Kommisjonen fast at han ville gjere framlegg til eit direktiv om skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn utanfor arbeidsmarknaden. Eit slikt framlegg er fullt ut i samsvar med rådsvedtak 2001/51/EF av 20. desember 2000 om iverksetting av et fellesskapshandlingsprogram med hensyn til Fellesskapets strategi for likestilling mellom kvinner og menn (2001-2005) 4, som omfattar all fellesskapspolitikk og tek sikte på å fremje likestilling mellom menn og kvinner ved å tilpasse denne politikken og gjennomføre praktiske tiltak for å betre situasjonen for menn og kvinner i samfunnet.

  7. Under møtet sitt i Nice 7.-9. desember 2000 oppmoda Det europeiske rådet Kommisjonen om å styrkje dei rettane som er knytte til likestilling, ved å vedta eit framlegg til eit direktiv om fremjing av likestilling mellom kvinner og menn på andre område enn ved tilsetjing og i yrkesverksemd.

  8. Fellesskapet har vedteke ei rekkje juridiske verkemiddel for å hindre og motkjempe skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn på arbeidsmarknaden. Desse verkemidla har vist kor viktig det er med regelverk for å motkjempe skilnadshandsaming.

  9. Skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, medrekna trakassering og seksuell trakassering, finn òg stad på område utanfor arbeidsmarknaden. Slik skilnadshandsaming kan vere like skadeleg, og verke som ei hindring mot ei fullstendig og vellukka integrering av menn og kvinner i det økonomiske og sosiale livet.

  10. Problema er særleg tydelege når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester. Skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn bør difor førebyggjast og avskaffast på dette området. På same måte som når det gjeld rådsdirektiv 2000/43/EF av 29. juni 2000 om gjennomføring av prinsippet om likebehandling uansett rase eller etnisk opprinnelse 5 kan dette målet betre nåast ved hjelp av fellesskapsregelverk.

  11. Eit slikt regelverk bør hindre skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester. Varer bør forståast slik det er definert i dei føresegnene i traktaten om Det europeiske fellesskap som gjeld fritt varebyte. Tenester bør forståast slik det er definert i artikkel 50 i den nemnde traktaten.

  12. For å førebyggje skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn bør dette direktivet nyttast både på direkte og indirekte skilnadshandsaming. Direkte skilnadshandsaming ligg føre berre når ein person på grunnlag av kjønn får ei mindre gunstig handsaming enn det ein annan person får i ein tilsvarande situasjon. Ulikskapar mellom menn og kvinner i samband med yting av helsetenester, som skuldast fysiske ulikskapar mellom menn og kvinner, vil t.d. ikkje vere å rekne som situasjonar som kan jamførast, og vil difor ikkje utgjere skilnadshandsaming.

  13. Forbodet mot skilnadshandsaming bør gjelde for personar som leverer varer og yter tenester som er tilgjengelege for ålmenta og er tilgjengelege utanfor privat- og familielivet, og transaksjonar i samband med dette. Forbodet bør ikkje gjelde for medie- eller reklameinnhald, heller ikkje for offentleg eller privat utdanning.

  14. Alle personar har rett til å inngå avtaler, medrekna fridom til å velje avtalepart til ein transaksjon. Ein person som leverer varer eller yter tenester, kan ha ei rekkje subjektive grunnar for valet sitt av avtalepart. Så lenge valet av avtalepart ikkje skuldast kjønnet til denne personen, bør ikkje dette direktivet røre ved den personlege fridommen til å velje avtalepart.

  15. Det finst alt ei rekkje juridiske verkemiddel for gjennomføringa av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner ved tilsetjing og i arbeidstilhøve. Dette direktivet bør difor ikkje nyttast på dette området. Det same prinsippet gjeld òg for sjølvstendig næringsdrivande i den grad desse er omfatta av eksisterande juridiske verkemiddel. Direktivet bør berre nyttast på forsikringar og pensjonar som er private og frivillige og som ikkje er knytte til arbeidstilhøvet.

  16. Skilnadshandsaming kan godtakast berre dersom slik handsaming kan grunngjevast ut frå eit legitimt mål. Eit legitimt mål kan t.d. vere vern av offer for kjønnsrelatert vald (t.d. ved skiping av krisesenter for personar av eitt kjønn), grunnar som gjeld privatliv og sømd (t.d. ved innlosjering i ein privat heim), fremjing av likestilling mellom kjønna eller av interessene til menn eller kvinner (t.d. frivillige organisasjonar for personar av eitt kjønn), organisasjonsfridom (t.d. medlemskap i private klubbar for personar av eitt kjønn) og tilskiping av idrettsaktivitetar (t.d. idrettsarrangement for personar av eitt kjønn). Alle avgrensingar bør likevel vere føremålstenlege og naudsynte i samsvar med dei kriteria som kan utleiast frå rettspraksisen til Domstolen til Dei europeiske fellesskapa.

  17. Prinsippet om lik handsaming når det gjeld tilgang til varer og tenester inneber ikkje noko krav om at kvinner og menn alltid skal få tilbod om varer og tenester på same måte, så lenge slike tilbod ikkje vert gjevne på meir gunstige vilkår til personar av eitt kjønn.

  18. Bruk av kjønnsspesifikke forsikringsmessige faktorar er vanleg i samband med yting av forsikringstenester og andre tilknytte finansielle tenester. For å sikre lik handsaming av menn og kvinner bør ikkje bruken av kjønn som forsikringsteknisk faktor føre til ulikskapar i premiane og ytingane til einskildpersonar. For å unngå plutselege omleggingar i marknaden bør denne regelen berre nyttast på nye avtaler som er gjorde etter datoen då dette direktivet er innarbeidd i nasjonal lovgjeving.

  19. Visse risikokategoriar kan variere mellom kjønna. I nokre tilfelle er kjønn éin av, men ikkje utan vidare den einaste avgjerande faktoren ved vurdering av dei forsikra risikoane. Når det gjeld avtaler om forsikring av denne typen risiko kan medlemsstatane avgjere at dei vil tillate unntak frå regelen om felles premiar og ytingar for begge kjønn, så lenge dei kan sikre at dei underliggjande forsikringstekniske og statistiske opplysningane som utrekningane byggjer på, er pålitelege, vert ajourførde jamleg og er tilgjengelege for ålmenta. Unntak kan berre tillatast dersom regelen om felles premiar og ytingar for begge kjønn ikkje alt er vorten nytta i den nasjonale lovgjevinga. Fem år etter at dette direktivet er innarbeidd i nasjonal lovgjeving bør medlemsstatane på nytt vurdere grunngjevinga, samstundes som det vert teke omsyn til dei nyaste forsikringstekniske og statistiske opplysningane og til ein rapport som Kommisjonen skal leggje fram tre år etter datoen då dette direktivet vert innarbeidd.

  20. Mindre gunstig handsaming av kvinner på grunn av svangerskap og fødsel bør reknast som ei form for direkte skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, og bør difor vere forboden innanfor forsikring og liknande finansielle tenester. Utgifter som gjeld risiko i samband med svangerskap og fødsel bør difor ikkje berre vere knytte til personar av eitt kjønn.

  21. Personar som har vore utsette for skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, bør ha eit tilstrekkeleg rettsleg vern. For å gje eit endå betre vernenivå bør samanslutningar, organisasjonar og andre rettssubjekt òg gjevast mynde til å ta del i sakshandsaminga, slik medlemsstatane avgjer, anten på vegner av eller til støtte for eit offer, utan at dette påverkar dei nasjonale rettargangsreglane om representasjon og forsvar i retten.

  22. Reglane for provtyngsle må tilpassast når det ligg føre eit klart tilfelle av skilnadshandsaming, og for at prinsippet om likestilling skal kunne nyttast på ein effektiv måte, bør reglane for provtyngsla leggjast over på den innklaga når det ligg føre eit klart tilfelle av skilnadshandsaming.

  23. Ei effektiv gjennomføring av prinsippet om lik handsaming krev at det finst eit tilstrekkeleg rettsleg vern mot represaliar.

  24. Med sikte på å fremje prinsippet om lik handsaming bør medlemsstatane oppmuntre til dialog med dei partane som det gjeld, som i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis har ei rettkomen interesse av å medverke til å motkjempe skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester.

  25. Vernet mot skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn bør styrkjast ved at det i kvar medlemsstat finst eitt eller fleire organ som har kompetanse til å analysere dei aktuelle problema, granske moglege løysingar og gje konkret hjelp til ofra. Desse organa kan vere dei same som dei som på nasjonalt plan har til oppgåve å tryggje menneskerettane eller rettane til einskildpersonar, eller å gjennomføre prinsippet om lik handsaming.

  26. I dette direktivet er det fastsett minstekrav, noko som gjer det mogleg for medlemsstatane å innføre eller halde ved lag meir føremålstenlege føresegner. Gjennomføringa av dette direktivet bør ikkje nyttast til å grunngje tilbakesteg i høve til den noverande situasjonen i kvar medlemsstat.

  27. Medlemsstatane bør fastsetje sanksjonar som er verknadsfulle, svarar til brotet og kan hindre nye brot på dei pliktene som er fastsette i medhald av dette direktivet.

  28. Ettersom måla for dette direktivet, som er å sikre eit felles høgt nivå for vern mot skilnadshandsaming i alle medlemsstatane, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, og difor på grunn av omfanget og verknadene av det framlagde tiltaket betre kan nåast på fellesskapsplan, kan Fellesskapet vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje dette direktivet lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  29. I samsvar med nr. 34 i den tverrinstitusjonelle avtala om betre regelverksutforming 6 vert medlemsstatane oppmuntra til, både for sitt eige føremål og i interessa til Fellesskapet, å utarbeide og offentleggjere eigne tabellar, som i størst mogleg grad viser samanhengen mellom dette direktivet og innarbeidingstiltaka -

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Kapittel I

Allmenne føresegner

Artikkel 1

Mål

Målet for dette direktivet er å fastsetje ei ramme for motkjemping av skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester, med sikte på at medlemsstatane skal setje i verk prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner.

Artikkel 2

Definisjonar

I dette direktivet tyder:

  1. «direkte skilnadshandsaming» at ein person på grunnlag av kjønn får ei mindre gunstig handsaming enn det ein annan får, har fått eller ville ha fått i ein tilsvarande situasjon,

  2. «indirekte skilnadshandsaming» at når ei fråsegn, eit kriterium eller ein praksis som alle verkar nøytrale å sjå til, kan vere til særleg ulempe for personar av eitt kjønn sett i høve til personar av det andre kjønnet, med mindre føresegna, kriteriet eller praksisen kan grunngjevast med objektive faktorar ut frå eit legitimt mål, og midla for å nå dette målet er føremålstenlege og naudsynte,

  3. «trakassering» at uønskt åtferd som har samband med kjønnet til ein person, finn stad og har som føremål eller verknad å krenkje verdet til ein person og skape eit trugande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller utriveleg miljø,

  4. «seksuell trakassering» at alle former for uønskt verbal, ikkje-verbal eller fysisk åtferd av seksuell art som har som føremål eller verknad å krenkje verdet til ein person og skape eit trugande, fiendtleg, nedverdigande, audmjukande eller utriveleg miljø.

Artikkel 3

Verkeområde

  1. Innanfor rammene av den avgjerdsmakta som ligg på Fellesskapet skal dette direktivet nyttast på alle personar som leverer varer og tenester som er tilgjengelege for ålmenta, utan omsyn til den personen som det gjeld, både innanfor offentleg og privat sektor, medrekna offentlege organ, og som er tilgjengelege utanfor privat- og familielivet, og på transaksjonar i samband med dette.

  2. Dette direktivet skal ikkje røre ved den personlege fridommen til å velje avtalepart, så lenge eit slikt val ikkje finn stad på grunnlag av kjønnet til avtaleparten.

  3. Dette direktivet skal ikkje nyttast på medieinnhald, reklame og utdanning.

  4. Dette direktivet skal ikkje nyttast på saker som gjeld tilsetjing og arbeidstilhøve. Dette direktivet skal ikkje nyttast på saker som gjeld sjølvstendig næringsverksemd, i den grad slike saker er omfatta av anna fellesskapsregelverk.

Artikkel 4

Prinsippet om lik handsaming

  1. I dette direktivet tyder prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner at:

    1. det skal ikkje finne stad direkte skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, medrekna mindre gunstig handsaming av kvinner på grunn av svangerskap og fødsel,

    2. det skal ikkje finne stad indirekte skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn.

  2. Dette direktivet rører ikkje ved meir gunstige føresegner om vern av kvinner, særleg i samband med svangerskap og fødsel.

  3. Trakassering og seksuell trakassering slik det er definert i dette direktivet, skal reknast som skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, og er difor forbode. Det at ein person avviser eller lèt vere å reagere mot slik handsaming, kan ikkje nyttast som grunnlag for ei avgjerd som gjeld denne personen.

  4. Instruksar om at nokon skal utsetjast for direkte eller indirekte skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, skal reknast for å vere skilnadshandsaming slik det er definert i dette direktivet.

  5. Dette direktivet skal ikkje utelukke ulik handsaming dersom levering av varer og yting av tenester utelukkande eller først og fremst til personar av eitt kjønn kan grunngjevast med eit legitimt mål, og midla for å nå dette målet er føremålstenlege og naudsynte.

Artikkel 5

Forsikringstekniske faktorar

  1. Medlemsstatane skal syte for at i alle nye avtaler som vert gjorde etter 21. desember 2007, skal bruken av kjønn som ein faktor i utrekninga av premiar og ytingar i samband med forsikring og tilhøyrande finansielle tenester, ikkje føre til ulikskapar i premiane og ytingane til einskildpersonar.

  2. Utan omsyn til nr. 1 kan medlemsstatane innan 21. desember 2007 avgjere om dei vil tillate høvesvise ulikskapar i premiane og ytingane til einskildpersonar i tilfelle der kjønn, på grunnlag av relevante og nøyaktige forsikringstekniske og statistiske opplysningar, er ein avgjerande faktor ved vurderinga av risiko. Dei medlemsstatane som det gjeld, skal melde frå til Kommisjonen og syte for jamleg innsamling, offentleggjering og ajourføring av nøyaktige opplysningar som er relevante for bruken av kjønn som ein avgjerande forsikringsteknisk faktor. Desse medlemsstatane skal revidere avgjerda si fem år etter 21. desember 2007, samstundes som dei tek omsyn til den rapporten frå Kommisjonen som er nemnd i artikkel 16, og skal sende over resultata av denne revisjonen til Kommisjonen.

  3. Utgifter som er knytte til svangerskap og fødsel, skal under ingen omstende føre til ulikskapar i premiane og ytingane til einskildpersonar.

    Medlemsstatane kan utsetje gjennomføringa av dei tiltaka som er naudsynte for å etterleve dette nummeret, til seinast to år etter 21. desember 2007. I dette tilfellet skal dei medlemsstatane som det gjeld, straks melde frå til Kommisjonen.

Artikkel 6

Positive tiltak

For å sikre full likestilling mellom menn og kvinner i praksis, skal prinsippet om lik handsaming ikkje vere til hinder for at ein medlemsstat kan halde ved lag eller vedta særlege tiltak for å hindre eller kompensere for ulemper knytte til kjønn.

Artikkel 7

Minstekrav

  1. Medlemsstatane kan innføre eller halde ved lag føresegner som er meir gunstige for vernet av prinsippet om lik handsaming av menn og kvinner, enn dei føresegnene som er fastsette i dette direktivet.

  2. Gjennomføringa av dette direktivet skal under ingen omstende vere eit grunnlag for å redusere det nivået for vern mot skilnadshandsaming som alt finst i medlemsstatane på dei områda som er omfatta av dette direktivet.

Kapittel II

Klagerett og handheving

Artikkel 8

Forsvar av rettar

  1. Medlemsstatane skal syte for at alle som meiner at dei har lidd urett fordi prinsippet om lik handsaming ikkje er vorte nytta i deira tilfelle, har høve til rettargang og/eller forvaltingsmessig handsaming, medrekna eventuelt framgangsmåtar ved mekling, for å sikre at pliktene i medhald av dette direktivet vert handheva, sjølv etter at tilhøvet der skilnadshandsaminga skal ha funne stad, har teke slutt.

  2. Medlemsstatane skal innføre i den nasjonale rettsskipnaden sin dei tiltaka som er naudsynte for å sikre ei faktisk og verknadsfull skadebot eller godtgjering etter nærmare reglar som medlemsstatane fastset, for det tapet og den skaden som ein person er påførd som følgje av skilnadshandsaming slik det er definert i dette direktivet, på ein måte som er avskrekkande og står i høve til den skaden som er lidd. Fastsetjinga på førehand av ei øvre grense skal ikkje avgrense ei slik skadebot eller godtgjering.

  3. Medlemsstatane skal syte for at samanslutningar, organisasjonar og andre rettssubjekt som i samsvar med dei kriteria som er fastsette i nasjonal lovgjeving, har ei rettkomen interesse av å sikre at føresegnene i dette direktivet vert stetta, kan gå inn anten på vegner av eller til støtte for klagaren og med godkjenning frå han eller henne, i all rettargang og/eller forvaltingsmessig handsaming for å sikre at pliktene i medhald av dette direktivet vert handheva.

  4. Nr. 1 og 3 skal ikkje røre ved dei nasjonale reglane for fristar for å reise søksmål som er knytte til prinsippet om lik handsaming.

Artikkel 9

Provtyngsle

  1. Medlemsstatane skal i samsvar med det nasjonale rettssystemet gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at det ligg på den innklaga å prove at prinsippet om lik handsaming ikkje er vorte brote når personar som meiner at dei har lidd urett fordi prinsippet om lik handsaming ikkje er vorte nytta i deira tilfelle, legg fram for ein domstol eller ei anna ansvarleg styresmakt opplysningar om dei faktiske tilhøva som gjev grunn til å tru at direkte eller indirekte skilnadshandsaming har funne stad.

  2. Nr. 1 skal ikkje hindre medlemsstatane i å innføre reglar for provføring som er gunstigare for klagaren.

  3. Nr. 1 skal ikkje nyttast på straffesaker.

  4. Nr. 1, 2 og 3 skal òg nyttast på saker som vert lagde fram i samsvar med artikkel 8 nr. 3.

  5. Medlemsstatane kan avstå frå å nytte nr. 1 i saker der det ligg på domstolen eller eit anna ansvarleg organ å granske dei faktiske tilhøva.

Artikkel 10

Vern mot represaliar

Medlemsstatane skal i rettsordenen sin innføre dei tiltaka som er naudsynte for å verne personar mot ugunstig handsaming eller ugunstige følgjer, som reaksjon på ei klage eller på rettslege steg som tek sikte på å sikre at det er samsvar med prinsippet om lik handsaming.

Artikkel 11

Dialog med partane som det gjeld

Med sikte på å fremje prinsippet om lik handsaming skal medlemsstatane oppmuntre til dialog med dei partane som det gjeld, som i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis har ei rettkomen interesse av å medverke til å motkjempe skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester.

Kapittel III

Organ som skal fremje lik handsaming

Artikkel 12

  1. Medlemsstatane skal peike ut eitt eller fleire organ som skal fremje, analysere, overvake og støtte lik handsaming av alle personar utan skilnadshandsaming på grunnlag av kjønn, og leggje tilhøva til rette for dette. Desse organa kan vere ein del av organ som på nasjonalt plan har til oppgåve å tryggje menneskerettane eller rettane til einskildpersonar, eller å gjennomføre prinsippet om lik handsaming.

  2. Medlemsstatane skal syte for at dei organa som er nemnde i nr. 1, òg har kompetanse til å:

    1. hjelpe offer for skilnadshandsaming på ein uavhengig måte i samband med klager på skilnadshandsaming, utan at det rører ved rettane til offer og til samanslutningar, organisasjonar eller andre rettssubjekt som er nemnde i artikkel 8 nr. 3,

    2. gjennomføre uavhengige granskingar om skilnadshandsaming,

    3. offentleggjere uavhengige rapportar om og gje tilrådingar i spørsmål om skilnadshandsaming.

Kapittel IV

Sluttføresegner

Artikkel 13

Etterleving

Medlemsstatane skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at prinsippet om lik handsaming vert etterlevd når det gjeld tilgang til og levering av varer og tenester innanfor verkeområdet for dette direktivet, og særleg at:

  1. alle lover og forskrifter som er i strid med prinsippet om lik handsaming, vert oppheva,

  2. alle avtaleføresegner, interne reglar i føretak og vedtekter for organisasjonar som driv næringsverksemd eller for ideelle organisasjonar, vert eller kan verte sette ut av kraft eller endra.

Artikkel 14

Sanksjonar

Medlemsstatane skal fastsetje reglar om kva sanksjonar som skal nyttast på brot på dei nasjonale føresegnene som vert vedtekne i medhald av dette direktivet, og skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at desse sanksjonane vert nytta. Sanksjonane, som kan omfatte betaling av skadebot til offeret, skal vere verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot. Medlemsstatane skal melde frå til Kommisjonen om desse føresegnene innan 21. desember 2007, og straks melde frå om alle seinare endringar som gjeld desse føresegnene.

Artikkel 15

Spreiing av opplysningar

Medlemsstatane skal syte for at dei føresegnene som vert vedtekne i medhald av dette direktivet, saman med dei relevante føresegnene som alt har teke til å gjelde, på best eigna måte vert gjorde kjende i heile territoriet deira for alle dei personane som det gjeld.

Artikkel 16

Rapportering

  1. Medlemsstatane skal innan 21. desember 2009 og deretter kvart femte år sende Kommisjonen alle tilgjengelege opplysningar om bruken av dette direktivet. Kommisjonen skal utarbeide ein samandragsrapport som skal innehalde ei oversikt over gjeldande praksis i medlemsstatane i høve til artikkel 5 med omsyn til bruken av kjønn som ein faktor ved utrekning av premiar og ytingar. Han skal sende over denne rapporten til Europaparlamentet og Rådet seinast 21. desember 2010. Kommisjonen skal eventuelt leggje ved rapporten sin framlegg til endring av direktivet.

  2. Rapporten frå Kommisjonen skal ta omsyn til synspunkta frå dei partane som det gjeld.

Artikkel 17

Innarbeiding i nasjonal lovgjeving

  1. Medlemsstatane skal innan 21. desember 2007 setje i kraft dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet. Dei skal straks sende Kommisjonen teksta til desse føresegnene.

    Når desse føresegnene vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

  2. Medlemsstatane skal sende Kommisjonen teksta til dei viktigaste internrettslege føresegnene som dei vedtek på det området som dette direktivet omfattar.

Artikkel 18

Iverksetjing

Dette direktivet tek til å gjelde den dagen det vert kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 19

Adressatar

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Brussel, 13. desember 2004.

For Rådet

B. R. BOT

Formann

Fotnoter

1.

Fråsegn gjeven 30. mars 2004 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

2.

TEU C 241 av 28.9.2004, s. 44.

3.

TEU C 121 av 30.4.2004, s. 27.

4.

TEF L 17 av 19.1.2001, s. 22.

5.

TEF L 180 av 19.7.2000, s. 22.

6.

TEU C 321 av 31.12.2003, s. 1.