Rapport: Grenselause pengespel - krev ny teknologi ny regulering?

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet utnemnde i juni 2013 ei ekspertgruppe, Hamarutvalet, som skulle vurdere den teknologiske utviklinga på pengespelområdet. Rapporten vart overlevert Kulturdepartementet 8. desember 2014.

Rapporten: Grenselause pengespel - krev ny teknologi ny regulering? (.pdf)

Særleg skulle gruppa gå nærmare inn på nye medium og plattformer for tilbod av spel. Dei skulle også vurdere om gjeldande lovgjeving er tilstrekkeleg for å regulere nye former for spel. Oppgåva femna også om ei kartlegging av konkurransen som den norske pengespelmarknaden møter frå pengespel utan norsk løyve. På den bakgrunn kjem gruppa no med tiltak for å verne om norske pengespel.