Forord

Bygder og byar fortel historiene om korleis vi menneske har levd, møttest og bygd samfunnet vårt opp gjennom tidene. Vi har eit felles ansvar for å ta vare på kulturmiljøa våre, og bevaringsstrategien skal leggje til rette for dette.

I alle bygder og byar finst det kulturmiljø som fortel om kvifor stadene har utvikla seg til akkurat det dei er i dag. Kulturmiljø i bygder og byar gir identitet og særpreg til stadene der vi møtest, og der vi bur. Det omfattar ei stor breidde av kulturmiljø i heile landet.

Handverk, kunnskap og tradisjonar gir liv til kulturarven. Bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by skal sikre at vi bruker og tek vare på heile breidda av dei historiske spora, bygningane og landskapa.

Gjennom denne strategien ønskjer vi å løfte kulturmiljø i bygder og byar og bidra med tiltak der behova er størst.

Målet er å bevare og samtidig finne smarte langsiktige løysingar som gir nytt liv til kulturmiljø, og som skaper verdiar for framtida.

Portrett av Andreas Bjelland Eriksen

Andreas Bjelland Eriksen

Klima- og miljøminister