Samandrag

I tråd med Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold skal bevaringsstrategiarbeidet vektleggje kor viktig kulturmiljø er for samfunnet. Bevaringsstrategiar skal strukturere innsatsen for å nå dei nasjonale måla ved å koordinere verkemiddel og involvere ulike aktørar.

Den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by skal bidra til at eit mangfald av kulturmiljø blir bevart og teke i bruk som ressurs i ei berekraftig samfunnsutvikling. Strategien skal òg bidra til engasjement for kulturmiljø i bygder og byar. Bevaringsstrategien har tre deltema som representerer område med særlege utfordringar og moglegheiter innanfor det omfattande kulturhistoriske temaet kulturmiljø i bygd og by.

Deltema 1: Identitet og særpreg handlar om at identiteten til ei bygd eller ein by har utvikla seg over tid, på bakgrunn av dei naturgitte føresetnadene til staden og i samspelet mellom menneske og omgivnader. Dei fysiske omgivnadene er i stadig endring, men kan òg ha varige kvalitetar som gjer dei gjenkjennelege og unike, og som er viktige å ta vare på. Nokre stader er kjenneteikna av stor variasjon og tidsdjupn, mens andre har ein tydeleg identitet knytt til spesifikke historiske hendingar, arkitektur, natur eller næringar.

Prioriterte område under dette deltemaet er:

  • arkeologiske kulturminne
  • naturgitte og planlagde strukturar
  • bygningsmiljø som bidreg til særpreg

Innsatsen skal bidra til at identitet og særpreg blir ivareteke i utviklinga av bygder og byar.

Deltema 2: Der vi møtest handlar om bygningar og uterom som er eller har vore viktige for utviklinga av demokratiet og velferdsstaten i Noreg. Fellesskapets bygningar og møteplassane utandørs kan vere både offentlege og private, formelle og uformelle. Dei fortel om tilhøyrsel, samhald og sosial organisering. Dei gir òg innsikt i rettskampar, motkultur og den vanskelege historia til enkelte grupper, til dømes knytt til urfolk og nasjonale minoritetar. Den samla kunnskapen om kulturmiljø knytt til fellesskapa er låg. Dei er i for lita grad kartlagde og dokumenterte, og det er ikkje undersøkt godt nok kva dei har, og har hatt, å seie for samfunnet og samfunnsutviklinga.

Prioriterte område under dette deltemaet er:

  • fellesskapets bygningar
  • fellesskapets uterom

Innsatsen skal leggje til rette for at kulturmiljø som fortel historier om fellesskap av ulik karakter, blir tekne vare på og brukte.

Deltema 3: Der vi bur handlar om kulturmiljø knytt til bustadhistoria og korleis folk har levd. Bustader utgjer ein vesentleg del av kulturhistoria og karakteren til bygder og byar. Mange stader der det bur folk i dag, har folk valt å busetje seg i tidlegare tider òg. Arkeologiske kulturminne kan derfor bidra til å kaste lys over korleis bustadområda har utvikla seg. Desse kulturmiljøa er sårbare for demografiske endringar, og fråflytting fører til tomme hus og gjengrodde hagar. Fortetting fører til at bygningar blir bygde om og rivne, og til at grøntanlegg blir bygde ned.

Prioriterte område under dette deltemaet er:

  • småhus og hagar
  • gjenreisingshus
  • drabantbyar

Innsatsen skal bidra til å synleggjere og ivareta kulturmiljøverdiar i bustadområde.