Invitasjon til samarbeid om læremiddel 2008

I eit brev til KS inviterer kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell og kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa til eit samarbeid med det som mål at elevane i vidaregåande opplæring til hausten skal få læremidla i rett tid.

Hausten 2007 vart leveringa av læremiddel til fleire vidaregåande skular forseinka. Fram mot skulestart hausten 2008 vil det være behov for å sikre at læremidla kjem fram til elevane til rett tid slik at undervisinga kan gjennomførast frå skulestart.