Dataforvaltning og -deling i kommunane

Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider med ei melding til Stortinget om datadriven økonomi og innovasjon. Som ein del av arbeidet har Agenda Kaupang gjennomført ei kartlegging for departementet om korleis kommunane forvaltar og deler sine eigne data.

Rapporten er bygd på intervju med 13 ulike kommunar, ei rekke statlege aktørar og representantar frå næringsliv og akademia. Kartlegginga tar for seg gode eksempel i kommunane, så vel som utfordringar og forslag til tiltak.

Gode eksempel

I kartlegginga kjem det fram at arbeidet med å forvalte og dele data frå kommunal sektor kanskje ikkje har kome så langt som ein skulle ønske. Ein har likevel funne fleire kjenneteikn for dei kommunane som har komne lengst, mellom anna at dataforvalting og deling av data er forankra hos leiinga i kommunen, at kommunen har satsa på å få tak i rett kompetanse, og at kommunen legg vekt på «orden i eige hus».

Framleis utfordringar

Rapporten trekk fram fleire utfordringar: fagmiljøa i kommunane har ikkje sterke nok insentiv  og få føringar om at dei skal dele data, samstundes som etterspurnad frå privat sektor manglar. Manglande kompetanse om dataforvalting, datakvalitet, tilrettelegging for gjenbruk og vidarebruk, og om regelverket (personopplysningsloven mv.) er også heilt klart ei utfordring for kommunane.

Data skapar verdi

Rapporten rettar òg merksemda mot nokre tiltak som kan ha god effekt for å gi arbeidet med dataforvalting endå meir kraft. Kommunar må bli meir bevisst på kor viktig det er med god dataforvalting og innretta kompetansen for å ivareta dette. Gjennomgåande bør ein etablere meir felles infrastruktur og løysingar, felles initiativ og praksis. Ein bør samordne innsatsen betre på tvers av kommunane, sektorane og ikkje minst forvaltningsnivåa. Ei sterkare samordning på området vil ifølge rapporten vere eit klart vilkår for økt verdiskaping basert på kommunale data.

Se heile rapporten her