Forord

Et bilde som inneholder tre, utendørs

Automatisk generert beskrivelse

Sohlbergplassen utsiktsplass på Nasjonal turistveg Rondane, oktober 2018. Arkitekt Carl-Viggo Hølmebakk.

Foto Werner Harstad, Statens vegvesen.

Noreg er eit langstrakt land, med store vidder, dalar og fjell. Folk bur der ressursane finst, og områda har vore viktige for busetnad i fleire generasjonar. Med sine store innsjøar og vassdrag, mektige skogs- og snaufjellsområde, og rike jordbruks- og kulturlandskap, representerer fjell- og innlandsområda mykje av det vi er stolte av i Noreg. Desse områda er bygde på både naturressursar og lang industrihistorie, og dei har utvikla fleire av dei leiande kunnskapsmiljøa i Noreg. Her finn vi kunnskapsintensiv industri som konkurrerer godt i ein internasjonal marknad.

Regjeringa ynskjer å leggje til rette for vekst og utvikling i heile landet. Alle delar av Noreg skal ha best moglege føresetnader til å nytte sine naturgitte fortrinn. Nærings- og samfunnsutvikling heng tett saman. Livskraftige og aktive lokalsamfunn er ein føresetnad for god utvikling. Gode tenester gir velferd og trivsel gjennom heile livet. Relevante utdanningstilbod aukar konkurransekrafta i lokalt næringsliv, og legg til rette for at ungdom kan investere framtida si i distrikta.

Det viktigaste i åra framover er å skape meir og inkludere fleire. Fjell- og innlandsregionen har tradisjonelt hatt ei viktig rolle innanfor landbruk, skogbruk, reiseliv og industri. Framover blir det viktig at desse næringane tek i bruk ny teknologi som bidreg til auka berekraftig verdiskaping og sysselsetjing, i ein internasjonal økonomi som i stadig større grad spør etter berekraft og effektivitet.

Dette er éin av tre regional- og distriktspolitiske strategiar frå regjeringa våren 2021. I sum utgjer dei ein målretta og spissa innsats i distriktspolitikken til regjeringa, med mål om fleire jobbar, auka verdiskaping, og bulyst i hele Noreg. Strategien er tett knytt til strategien for småbyar og større tettstader og kyststrategien.

I arbeidet med dei tre strategiane har vi arrangert innspelsmøter i alle fylka i landet. Vi vil takke alle som har bidrege med gode innspel i arbeidet.

Et bilde som inneholder person, klær, smilende

Automatisk generert beskrivelse

Et bilde som inneholder tekst

Automatisk generert beskrivelse

Linda Hofstad Helleland

distrikts- og digitaliseringsminister

Et bilde som inneholder person, mann, vegg, dress

Automatisk generert beskrivelse

Et bilde som inneholder tekst

Automatisk generert beskrivelse

Nikolai Astrup

kommunal- og moderniseringsminister

Til dokumentets forside