Forskrift om vern av Dalsfjorden marine verneområde
Kongeleg resolusjon | Dato: 13.02.2026 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet føreslår med dette å opprette Dalsfjorden marine verneområde, i kommunane Sunnfjord, Fjaler og Askvoll kommune i Vestland fylke.
1. Innleiing
Klima- og miljødepartementet føreslår med dette å opprette Dalsfjorden marine verneområde, i kommunane Sunnfjord, Fjaler og Askvoll kommune i Vestland fylke. Verneforslaget omfattar eit sjøareal på 10,7 km2.
Dalsfjorden blir føreslått verna som marint verneområde med heimel i naturmangfaldlova § 39, noko som inneber at forskrifta skal fastsetjast av Kongen i Statsråd. Det føreslegne området tilfredsstiller vilkåra i § 39 bokstavane a, b, c, e og d, då det:
a) inneheld særeigne eller representative økosystem og som er utan tyngre naturinngrep
b) inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur
c) representerer ein bestemt type natur
e) utgjer ein spesiell geologisk førekomst
f) har særskilt naturvitskapleg verdi
Vern av det føreslegne området bidreg til å oppfylle nasjonale og internasjonale mål og plikter, jf. naturmangfaldlova § 46. Vern av området vil bidra til å oppfylle følgande nasjonale mål under resultatområdet Naturmangfald, jf. Prop. 1 S (2023-2024) for Klima- og miljødepartementet: «Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar». Vern vil også bidra til dei nasjonale måla om bevaring av økosystem og artar og naturtypar. Vidare vil vern av området bidra i gjennomføringa av internasjonale mål knytt til marint vern, bl.a. verdsmåla for ei berekraftig utviklinga (berekraftsmåla), og under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og Konvensjonen om bevaring av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren (OSPAR). Etter vedtatt vern vil marine verneområde etter naturmangfaldlova bli rapportert til OSPARs liste over «Marine protected areas».
Det føreslegne verneområdet skal vidare bidra til å nå dei lovfesta måla for områdevern i naturmangfaldlova § 33, irekna mål knytt til:
a) variasjonsbreidda av naturtypar og landskap
b) artar og genetisk mangfald
c) trua natur og økologiske funksjonsområder for prioriterte artar
e) områder med særskilte naturhistoriske verdiar
h) referanseområde for å følgje utviklinga i naturen
Verneforslaget er utarbeida i tråd med reglane i naturmangfaldlova, forvaltningslova og utgreiingsinstruksen. Verneprosessen er også gjennomført i samsvar med rundskriv T-2/15 om saksbehandlingsreglar ved områdevern etter naturmangfaldlova og etter forvaltningslova. Alminneleg høyring er gjennomført av Statsforvaltaren. Saka er også lagt fram for relevante departement i tråd med utgreiingsinstruksen. Prosessen har vore inkluderande. Gjennom verneplanprosessen er det gjort ei avveging mellom verneinteresser og andre brukar- og samfunnsinteresser, og verneforslaget er i størst mogleg grad tilpassa dei ulike brukarinteressene i området.
2. Nærare om området
Det føreslegne Dalsfjorden marine verneområde ligg i Sunnfjord, Fjaler og Askvoll kommune i Vestland fylke. Området omfattar eit sjøareal på 10,7 km2 inst i Dalsfjorden. Alt er nytt verneareal. Det føreslegne området grenser til dei to eksisterande naturreservata Holmelidholmen (sjøfugl) og Osen (våtmark). Delvis innanfor og delvis utanfor våtmarksreservatet ligg eit svært viktig blautbotnsområde i strandsona (NIVA 2017).
2.1 Naturforhold og verneverdiar
Føremålet med Dalsfjorden marine verneområde er å ta vare på ein særeigen, avskjerma og representativ fjord forma av innlandsisensine utgravingar gjennom fleire istider. I Dalsfjorden er det sjeldan og sårbar natur som reresenterer bestemte naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi, både biologisk og geologisk. Dalsfjorden har spesielle straumtilhøve og ein uvanleg kombinasjon av stor ferskvasstilførsel og artsrike hardbotnsamfunn med eit nasjonalt verdifullt estuarområde inst i fjorden. Dalsfjorden er eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar.
Fjorden er smal, og med fleire spesielle biologiske førekomstar som korallar, sjeldne brakkvassplantar og rike straumområde. Botnen i den indre pollen består av fin sand medan det utanfor Svædsundet er mudderbotn. Svædsundet har ein rik, fastsitjande hardbotnfauna langs fjordveggane. Både anemonar og korallar trivst godt i det straumrike sundet. Fleire stader i Dalsfjorden er det funne store mengder med grunne førekomstar av begerkorall på 5-15 meters djupn.
I Dalsfjorden er føreslått vernegrense fleire stader trekt slik at marine gruntområde i fjøra vert inkludert. Grunne område i fjorden er svært viktige for den biologiske produksjonen og det marine artsmangfaldet. Her finst dei fleste artane, og i tillegg er gruntområde med tareskog og fjøresone viktige oppvekstområde for fisk. Dei grunne sandområda er tilhaldsstad for eit spesielt utval av artar som ofte finst der i store mengder, og er viktig næring for andre ledd i næringskjedene. Grunne område er viktige for å finne næring for ei rekke fugleartar, mellom anna vadefuglar på gjennomtrekk. For å ta vare på dei mest produktive delane av fjordsystemet er det derfor viktig at mange av gruntområda er med i verneområdet.
Blautbotnsområde er nemnt på lista over naturtypar som OSPAR (Konvensjonen om beskyttelse av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhav) har vurdert som truga og i nedgang. Området ved Osen inngår i eitt av de prioriterte marinarkeologiske områda, PRIMAT 3730.
2.2 Andre interesser knytt til det føreslegne verneområdet
Då Dalsfjorden vart valt ut som kandidatområde for marint vern vart det trekt fram at fjorden var lite påverka av utbygging og ureining.
Det er ikkje mange tekniske installasjonar innafor verneforslaget. Føreslått avgrensing er trekt utanom område avsette i kommunale planar, med unntak av Leirvika, inne ved Osen naturreservat. Kommunen har seinare trekt dette arealet ut av sine arealplanar, då det er store naturverdiar der.
Det er to lokaliteter med kommersiell blåskjelldyrking i ytre del av området. Det finnest også eit område registrert for rekefiske, men det er fråvær av ressursen (reker) og aktiviteten (tråling) i dag. Fiskeriaktiviteten i Dalsfjorden er ikkje særleg stor, og det blir stort sett fiska utanfor området i verneforslaget. For dei få som brukar området, er fisket likevel ein viktig del av inntektsgrunnlaøget. Det er ikkje tarehausting i området, og heller ikkje registrert at det er aktivitet knytt til havbeite.
Dalsfjorden vert nytta mykje i frilufts- og reiselivssamanheng, både av lokale og tilreisande. Det er mange fritidsfiskarar i området. Dalsfjorden er kjent for å ha mange artar som er attraktive for sportsfiskarar. Langs sjøen er det mange naust brukt til småbåtar. Mange nyttar småbåthamnene, og det er også fleire ankringsplassar i fjorden. Eitt område i Askvoll sin del av området er i jamleg bruk av større fartøy. Yachter kjem ofte langvegs frå, og ankrar opp vest for Laukelandsfossen i Fossevika.
Det er ikkje registrert kulturminne i området. Ein kan likevel ikkje utelukke at det ligg kulturminne i området.
3. Verneprosessen
3.1 Bakgrunn
Det føreslegne marine verneområdet Dalsfjorden er eitt av dei 36 områda som det partssamansette «Rådgivende utvalg for marin verneplan» i tilrådingar frå 2003 og 2004 anbefalte tatt med i første fase av marin verneplan.
Val av område vart mellom anna gjort på bakgrunn av ei analyse av utbreiinga av 4 370 botnlevande marine artar. På bakgrunn av denne informasjonen, vart kysten delt inn i tre biogeografiske (provinsar) regionar. Området Dalsfjorden ligg i Vestnorsk subprovins. Potensielle område vart delt inn i seks kategoriar. Utvalet la vekt på at det skulle veljast ut område frå kvar av dei seks kategoriane innan kvar av dei tre biogeografiske regionane. Området Dalsfjorden vart plassert i kategorien «Fjorder».
Utvalet peikte på at det vil ta mange år før ein har god oversikt over det biologiske mangfaldet i våre marine område, og la til grunn at det er kjent at det er ein samanheng mellom førekomst av plantar og dyr og botnforholda generelt. Ulike organismar finst på mudderbotn, sandbotn, stein- og grusbotn og fjellbotn. Andre fysiske miljøtilhøve, som lys, djupne, saltinnhald og havstraumar, speler også avgjerande roller for førekomst og utbreiing av artar.
Utvalet foreslo på dette grunnlaget at 36 område vart tatt med i første fase av arbeidet med marin verneplan, som har hovudfokus på areal innanfor 12 nautiske mil. Dei 36 områda i utvalet sitt forslag er vurdert som rimeleg dekkjande når det gjeld representativitet for kystområde og territorialfarvatn. Utvalet peikte likevel på suppleringsbehov i form av både konkrete geografiske område og kategoriar av område frå ulike delar av landet.
3.2 Kunngjering og oppstart
Klima- og miljødepartementet ga oppdrag om oppstart av planarbeidet for Dalsfjorden 18.04.17 og Miljødirektoratet ga oppdrag til Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) 20.04.17.
Melding om oppstart av planarbeidet vart kunngjort og sendt lokale og regionale høyringsinstansar frå dåverande Fylkesmannen i november 2017. I meldingsfasen hadde Fylkesmannen opne møte i Bygstad i Gaular kommune og i Dale i Fjaler kommune, møte med kommunane , synfaring med Gaular kommune og grunneigarar, og i tillegg til ei synfaring for å bli kjend i grunne område. Oppsummering av innspela frå oppstartsmeldinga vart eit viktig grunnlag for vidare kartlegging og dermed også den etterfølgjande høyringa.
Frå 1. januar 2020 slo Førde, Jølster, Naustdal og Gaular kommune seg saman og vart Sunnfjord kommune.
3.3 Høyring
Verneforslaget vart sendt på høyring 16.02.22 med frist 22.04.22. For å legge til rette for medverknad i prosessen, vart høyringsfristen utvida fleire gonger. Statsforvaltaren hadde møte med Sunnfjord kommune og heldt ope folkemøte i kommunen. Vidare hadde Statsforvaltaren møte med Fjaler kommune, Vestland fylkeskommune og Statens vegvesen om vegtrasé i Gryvlevika langs fylkesveg 57 (23. januar 2023), samt møte med Kystverket om ankringsområde. Statsforvaltaren har i si tilråding også tatt med innspel som kom inn etter siste fastsette fristen.
Følgjande sendte innspel til høyringa: Riksantikvaren, Bergen Sjøfartsmuseum, Ariel Seafood AS, Statens vegvesen, Direktoratet for mineralutvikling (DFM), Sunnfjord kommune (fleire høyringsinnspel), Fjaler kommune, Askvoll kommune,, BKK Nett AS (tidlegare Sunnfjord Energi), Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE), Mattilsynet, Havforskingsinstituttet, Bygstad Utvikling (v/Anne Lilleaasen), M. M. Øvrebø AS (v/Kjell Øvrebø), 5 grunneigarar på vegner av bebuarar på Sveen i Bygstad, Vestland fylkeskommune, Kystverket (fleire innspel), samt fleire privatpersonar.
Generelt
Vestland fylkeskommune, Sunnfjord kommune og Fjaler kommune er negative til eit vern, dersom det fører til at det blir vanskelegare å bu og drive næringsverksemd langs Dalsfjorden, eller dersom det fører til at eksisterande prosjekt ikkje kan fullførast.
Fjaler kommune peikar på at vern vil medføre restriksjonar på bruk og tilrettelegging av aktivitetar nær verneområdet. Samstundes vil eit vern gje eit godt vern av dei naturverdiane som er i Dalsfjorden, utan at det påverkar den daglege bruken av området for folk flest.
Kystverket er positive til vern av det føreslegne området, og at det er eit generelt unntak frå vernereglane for drift og vedlikehald av eksisterande sjømerke og andre navigasjonsinstallasjonar.
Havforskingsinstituttet stiller seg positiv til etablering av Dalsfjorden marine verneområde, og meiner det er bra at fjorden kan tene som eit referanseområde for forsking og overvaking.
Bygstad Utvikling, ber om at forslag til verneplan ikkje skal ramme utviklinga dei arbeider med å få til i nærmiljørådet, mellom anna knytt til badeplassar/badeanlegg, bu-område eller for reise- og næringslivsaktørar.
Nokre privatpersonar på Sveen i Bygstad skriv at Dalsfjorden er ein fjord med mange kvalitetar, og for at det framleis skal vere attraktivt å bu langs Dalsfjorden må ein kunne nytte seg av fjorden. Dei ser på vern som negativt og unødvendig, då det lagar fleire føresegner som ikkje er naudsynte i ein fjord som er teken godt vare på til no.
Kommune- og reguleringsplanar
Sunnfjord kommune informerer om at det i kommunedelplan «Forretning og industri» er opna for småbåthamner og næringsverksemd på fire lokalitetar som ligg i det føreslegne verneområdet. Ei vurdering om desse områda blir vidareført blir gjort i samband med ny arealdel i kommunedelplanen. Kommunen ber om at verneområdegrensene vert lagt utanfor dei to næringsareala i Eidevika og Bjørvika. Endeleg ber Sunnfjord kommune Statsforvaltaren samarbeide om og ta omsyn til framtidige vedtak i kommunedelplan for fylkesveg 57.
Fjaler kommune peiker på at vern vil medføre restriksjonar på bruk og tilrettelegging av aktivitetar nær verneområdet, samt pågåande prosjekt og planarbeid. Kommunen meiner verneprosessen bør koordinerast med planprosessen for kommuneplanen sin arealdel og ta omsyn til næringsområde i Kvamen og utbetring av fylkesveg 57. I Gryvlevika kan det i samband med utbetring av fylkesveg 57 bli behov for omfattande tiltak, og kommunen ønskjer å justere vernegrensa slik at Gryvlevika blir helde utanfor.
Askvoll kommune skriv at kommunen ikkje har starta revisjon av arealdelen av kommuneplanen enda, slik det står i høyringsbrevet. Kommunen peiker òg på at noko av innhaldet i kommuneplanen er feiltolka i høyringsbrevet, der stipla line feilaktig er tolka som småbåtlei.
Navigasjonsinstallasjonar og farleikstiltak
Kystverket har innspel til verneforskrifta § 5 som opnar for at ein kan søkje om dispensasjon for oppføring av naudsynte navigasjonsinstallasjonar. Kystverket meiner at det bør vere eit generelt unntak frå vernereglane for dette, då dette kan vere med på å redusere risikoen for uhell i eit slikt sårbart område. Kystverket meiner at det ikkje ligg til forvaltningsstyresmakta å vurdere om ei naudsynt navigasjonsinnretning kan bli etablert eller ikkje, og at det er Kystverket som har ansvaret for å vurdere dette, jf. hamne- og farvasslova § 10.
Utbetring av fylkesveg
Vestland fylkeskommune viser til det langsiktige arbeidet med å utbetre vegstandard på fylkesveg. 57, og til det pågåande arbeidet med kommunedelplan for strekninga Båtevika – Storehaug. Fylkeskommunen er negative til verneplanen, dersom det fører til hindringar knytt til utfylling for vegtrasé i Gryvlevika og bygging av bru over Svædsundet.
Hamner, naust, bryggjer og fortøying av småbåt
Sunnfjord kommune viser i si høyringsuttale til at det i kommunedelplan «Forretning og industri» er opna for småbåthamner og næringsverksemd på nokre lokalitetar som ligg i det føreslegne verneområdet. Ei vurdering av om desse områda blir vidareført vil bli gjort i samband med ny arealdel i kommunedelplanen. Kommunen opplyser også om at det ligg ei brygge tilknytt den Trondheimske postveg i Svædsundet, men at det reknar med at vernet ikkje vil påverke denne.
Askvoll kommune ønskjer ei avklaring på kvifor verneforskrifta § 5 omtalar bølgjedemparar i forbindelse med småbåtanlegg, og ikkje under regelen som gjeld småbåthamner medrekna m.a. flytebrygger og fortøying. Kommunen stiller også spørsmål om verneforskrifta skil mellom småbåthamner og småbåtanlegg. Kommunen peiker også på at det er trong for å presisere kva som skil to reglar verneforskrifta § 4, som begge regulerer fortøying og oppankring av båt.
Ein privatperson er positiv til at fjorden vert verna mot inngrep som kan skade fjorden, og ber om at vernegrensa ved Skjeret blir trekt slik at aktivitet i samband med kaianlegget ikkje blir påverka.
M.M. Øvrebø AS fortel at dei har planar om å utvide kai-området ved Sveen kai. I den forbindelse vil dei ha vekk ein fjellknaus, og steinmassane vil dei legge i sjø i forlenginga av dagens kai.
Ein privatperson skriv at eit vern av Dalsfjorden vil hindre han og andre private/gardbrukarar å anleggje iler og flytebrygger, sidan vernegrensa vil gå nære land dei fleste plassar. Som grunneigar i område utan flytebrygge/ile vil han få problem med å ikkje påverke sjøbotn lengre ut enn 2 meters djupne, og vernet vil redusere mogelegheita for båt og fiske på garden.
Privatpersonar på Sveen i Bygstad skriv at for at det skal vere attraktivt å bu langs fjorden, er det viktig med tilgang på brygge, kaianlegg og moloar med fortøyingsiler. Innanfor verneområdet er det kaianlegg for utskiping av tømmer og sending/mottak av varer. Cruiseturisme er viktig for industrien i området. Det er viktig at ein får halde fram med opprusting og bygging av kaianlegg.
Kablar, røyrledningar og mudring
BKK Nett AS peiker på at eit eventuelt vernevedtak ikkje bør gjere det vanskelegare med vedlikehald av deira nettkomponentar. Inspeksjon, ombygging, drift og utbetring av feil bør òg kunne utførast utan større hindringar i verneområdet. Dette gjeld òg framtidige nettanlegg. BKK Nett AS informerer om at dei har starta ein prosess for å vurdere om luftspennet Nistad – Kleppe bør bli erstatta av sjøkabel på strekninga Halsnes – Sunde.
Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) er positiv til eit generelt unntak i verneforskrifta for drift, vedlikehald og fornying av eksisterande sjøkablar samt naudsynte reparasjonar av sjøkablar ved akutt, samt at verneforskrifta opnar for at det etter søknad kan gis dispensasjon for legging av kablar og røyrleidningar. NVE ber om at § 4 og § 5 vert endra slik at føresegna òg gjeld luftliner, då arbeid med desse vil kunne krevje ferdsel i verneområdet.
Sunnfjord kommune ønskjer at kommunale vass- og avlaupsleidningar vert inkludert i dei generelle unntaka i verneforskrifta § 4, slik at dei same reglane gjeld for desse som for sjøkablar. I tillegg saknar dei omtale av sanering i verneforskrifta § 4. Kommunen ber også om at det blir presisert i verneforskrifta i kva for tilfelle det generelle unntaket frå vernereglane for vedlikehaldsmudring gjeld, og i kva for tilfelle ein må ha dispensasjon for mudring.
Ein privatperson peikar på at verneforskriftene ikkje må vere til hinder for å etablere varmepumpe med sjøleidning som kjelde for varmefangst.
Utslepp og avrenning
Ariel Seafood AS har, i samanheng med kontrollert skjeldyrking, teke vassprøver i Dalsfjorden kvar veke, ti månader i året, sidan 2001. Dei har òg teke skjel-prøver jamleg, for å analysere innhald av tungmetall og liknande. Ariel Seafood har mellom anna registrert at avrenning frå landbruket gjer at det blir mykje E. coli-bakteriar i Dalsfjorden, særleg i periodar på hausten og våren. Vidare skriv Ariel Seafood at dei erfarer at det er mindre fisk i Dalsfjorden no enn tidlegare, og stiller spørsmål om dette er grunna forureining frå land. Ariel Seafood AS er positive til verneforslaget.
Fjaler kommune peiker på at Statsforvaltaren bør legge NIVA sin rapport om resipientkapasiteten i Dalsfjorden til grunn for vurdering av strengare krav til utslepp til sjø ut over gjeldande forureiningsregelverk.
Fjaler kommune ber Statsforvaltaren spesifisere kva som meinast med regelen som handlar om utslepp av reinska kloakk i § 4 og regelen som handlar om dispensasjon til nye leidningar for utslepp av reinska kloakk i § 5 i forslaget til verneforskrift.
Askvoll kommune viser til eit mindre avløpsanlegg (slamskiljar) i Fossevika som i dag blir nytta av ei mindre reiselivsverksemd. Anlegget kan vere aktuelt å utvide i framtida. Kommunen ber difor om at det blir vurdert om det kan opnast for mindre, ureinsa utslepp, eller at det presiserast i verneforskrifta kva som kan opnast for. Dei meiner òg at røyrleidningar bør nemnast under § 4, slik at det og er unntak for drift og vedlikehald av desse. Kommunen ønskjer vidare ei presisering av ordlyden i § 4 om utslepp av reinska kloakk, og kva som fell inn under dette.
Sunnfjord kommune skriv at dei ønskjer å greie ut nye reinsekrav for Dalsfjorden. Kommunen fortel også at Avinor har eit midlertidig løyve til å sleppe ut glykolhaldig snø frå flyplassen på Bringeland, og ber Statsforvaltaren sjekke varigheit, samt vilkåra, for dette løyvet.
Ankring
Ein privatperson informerer om at Fossvika blir brukt til å ta imot turistar som kjem med yachtar. Yachtane må ankre opp ein stad, og privatpersonen er bekymra for at eit eventuelt vern av Dalsfjorden gjer at oppankringa vil bli ulovleg.
Sunnfjord kommune støttar forslaget om ein ny dispensasjonsheimel i verneforskrifta for å finne ei løysing med forankring av båtar større enn 15 meter som tek omsyn til både næringsinteressene og verneinteressene.
Kystverket er uroa for eit generelt ankringsforbod i marine verneområde. Dei oppmodar i si tilleggsuttale til høyringa om at det skal vere lov med ankring innanfor to avmerkte område; eit i Røvika og eit i Fossvika. Bakgrunnen for dette er at dei ventar at trafikken i Dalsfjorden vil auke, samt at det å merke av to ankringsområde i sjøkart vil redusere omfanget av meir tilfeldig ankring.
Ein privatperson er positiv til vernet. Når skip opptil 120 meters lengde legg til kai/lossar ved kaia på Skjeret i Bjørvika, vil ankringa framføre og bak skipet måtte finne stad inntil 80 meter innanfor dei føreslegne vernegrensene. Privatpersonen ber difor om at vernegrensene blir trekt slik at aktiviteten ved kaia ikkje blir påverka av vernereglane.
Fiske- og akvakultur
Sunnfjord kommune peiker på eit innspel til oppstartsmeldinga om at fisketurismen i Dalsfjorden kanskje ikkje er berekraftig. Kommunen ber Statsforvaltaren vurdere å kartlegge omfanget av fisketurismen, samt påverknaden denne kan ha på det føreslegne verneområdet. Sunnfjord kommune kjenner ikkje til at det vert nytta fiskereiskap som påverkar botn i det føreslegne verneområdet. Dette inkluderer òg taretråling og reketråling.
Havforskningsinstituttet ønskjer ikkje at verneforskrifta opnar for jakt, fangst og fiskeri i det føreslegne verneområdet. Å stengje for dette vil vere i tråd med føremålet om «å verne norsk natur for kommande generasjonar» Dette baserer dei på nyare kunnskap om marine verneområde som seier at det er viktig å innføre eit strengt vern mot menneskelege aktivitetar som fiske for å oppnå ein god effekt av det marine verneområdet.
Mattilsynet viser til at Dalsfjorden er ein nasjonal laksefjord, noko som legg føringar for etablering og drift av akvakulturanlegg. Det er òg to skjell-lokalitetar i det føreslegne verneområdet som er basert på naturleg påslag, noko som gjer at det ikkje vil bli utsett biologisk materiale frå andre område i desse anlegga utan løyve frå Mattilsynet.
Ariel Seafoods skriv at verneplanen ikkje må få ei slik utforming at den hindrar utnytting av fjorden til næringsverksemd, så lenge denne verksemda ikkje forureinar fjorden eller øydelegg miljøet for dei dokumenterte verneverdiane.
Kulturminne
Bergen sjøfartsmuseum skriv at det er mogleg at det ligg kulturminne i området. Dei er positive til forslaget om marint verneområde i Dalsfjorden, og dei effektane dette vil ha på dei marine natur- og kulturmiljø. Medan verneforskrifta ikkje hindrar tiltak i området, blir det framleis aktuelt for museet å utføre fleire registreringar i området i forbindelse med planarbeid eller tiltak i framtida.
Forvaltning
Sunnfjord kommune ber om at det vert prioritert å utarbeide ein forvaltningsplan etter vernevedtak. Forvaltningsplanen bør klargjere verneforskrifta og tydeleggjere føringar for handsaming av tiltak i verneområdet. Det er viktig at forvaltninga legg vekt på at vernet ikkje skal legge avgrensingar på framtidsretta utvikling i området. Kommunen vil delta aktivt i utarbeidinga av forvaltningsplanen. Dei tilrår også at det blir oppretta eit verneområdestyre.
Andre forhold
Sunnfjord kommune peiker på at store deler av verneområdegrensa i Sunnfjord ikkje går langs djupnekote 2 meter under sjøkartnull, då det er mange grunne område i Sunnfjord-delen av det føreslegne verneområdet, der grensa er trekt lenger mot land. Dette burde komme tydlegare fram.
Askvoll kommune viser til avgrensinga av det føreslegne verneområdet i verneforskrifta § 2. Kommunen meiner denne bør presiserast slik at det blir meir tydeleg kvar grensene følgjer djupnekote 2 meter under sjøkartnull, og kvar den går i grunnare område.
3.4 Statsforvaltaren si tilråding
Statsforvaltaren sendte tilråding til Miljødirektoratet 07.09.23.
Generelt
Statsforvaltaren er samd om at det framleis skal vere attraktivt å bu og drive med næringsverksemd langs Dalsfjorden. Statsforvaltaren meiner at verneinteresser og brukarinteresser er godt balansert i verneforslaget. Statsforvaltaren viser også til at det er ein del av verneformålet at dei indre delane av fjorden skal kunne tene som eit referanseområde for forsking og overvaking.
Kommune- og reguleringsplanar
Statsforvaltaren føreslår at vernegrensene i Eidevika og Bjørvika endrast for å ta omsyn til pågåande arbeid med ny arealdel i kommunedelplanen, samt at grensene ved kaianlegget på Sveen i Bygstad og utanfor tømmerkaia i Kvamen endrast. Kommunen har i løpet av høyringsperioden oppdatert arealplanen og tatt ut området i Leirvika.
Navigasjonsinstallasjonar og farleikstiltak
Statsforvaltaren viser til at ein ved dispensasjon til oppføring av naudsynte navigasjonsinstallasjonar og andre farleitiltak for å trygge ferdsle til sjøs etter verneforskrifta § 5 a, også kan setje vilkår om best mogeleg driftsmetode.
Utbetring av fylkesveg
Statsforvaltaren peiker på at det i etterkant av folkemøtet på Bygstad den 11. januar 2023, vart arrangert eit drøftingsmøte om vegløysing ved Gryvlevika, der Vestland fylkeskommune, Fjaler kommune og Statsforvaltaren var til stades. Fylkeskommunen fortalte at dei ved å fylle ut i fjorden i Gryvlevika, kan unngå høge skjeringar som er skjemmande i terrenget og unngå å ta innmark, samt få ein kurvatur som gjer at fartsgrensa kan vere 80 km/t. Statsforvaltaren foreslo at vegen blir planlagt ut frå ei fartsgrense på 60 km/t, noko som etter Statsforvaltaren si tolking vil føre til mindre inngrep og krav til slak kurvatur, sjølv om dette vil krevje ein mur langs fjorden inst i Gryvlevika. Samla vil dette kunne redusere belastninga på naturmangfald, verneverdiar, redusere masseoverskotet, minske inngrep på innmark og opne for lågare skjeringar. Vidare opnar § 5 i verneforskrifta for at forvaltningsstyresmakta etter søknad kan gje dispensasjon til tiltak i samband med oppgradering av fylkesveg 57 langs Dalsfjorden.
Hamner, naust, bryggjer og fortøying av småbåt
Statsforvalteren føreslår endringar i verneforskrifta når det gjeld formuleringane kring oppankring av båt. Når det gjeld innspela knytt til høve til å søkje om dispensasjon for tiltak for bølgjedemparar og småbåthamn/småbåtanlegg, føreslår Statsforvaltaren presiseringar for å klargjere føresegnene. Statsforvaltaren føreslår også å flytte det som gjeld bølgjedemparar, slik at den følgjer like etter føresegna om småbåtanlegg.
Vidare føreslår Statsforvaltaren at grensa rundt hamna på Skjeret endrast, slik at den eksisterande flytebrygga blir liggjande utanfor verneområdet. Når det gjeld Sveen kai går dei føreslegne vernegrensene utanfor området som er regulert i arealdelen i kommunedelplanen til Sunnfjord kommune. Statsforvaltaren peiker vidare på at verneforskrifta i § 5 opnar for at det kan søkjast om å gjere tiltak i grunne område for å betre tilkomst med båt, som mudring framfor naust og båtopptrekk. Det kan også søkjast om å etablere flytebrygger i verneområdet, sjå verneforskrifta § 5. For iler vurderer Statsforvaltaren at dette blir omfatta av reglane for fiske.
Kablar, røyrledningar og mudring
Statsforvaltaren peikar på at eit marint verneområde ikkje vil avgrense ferdsel med båt, bruk av dronar, konstruksjonar på land eller anna som kan hindre montering av eit luftspenn over Dalsfjorden.
Statsforvaltaren viser til at drift- og vedlikehald av kommunale vass- og avlaupsleidningar, fell inn under § 4. For å klargjere dette, føreslår Statsforvaltaren at vass- og avlaupsleidningar tas inn som døme på eksisterande anlegg og innretningar. Etter § 5 er det vidare ope for å søkje dispensasjon for å leggje nye vann- og avlaupsleidningar, og statsforvaltaren føreslår at det presiserast at også sjølve usleppet av reinska kloakk er omfatta.
Statsforvaltaren føreslår at sanering ikkje leggast til i formuleringa i § 4 om oppgradering og fornying av eksisterande sjøkablar. Unntaket i § 4 er eit standard unntak som gjeld i fleire marine verneområde. Dersom det er naudsynt å gjere ulike inngrep i samband med saneringstiltaket, kan dette verte råka av forbodet mot tiltak og inngrep som kan skade verneverdiane, jf. verneforskrifta § 3 første bokstav c. Etter verneforskrifta § 7 kan forvaltningsstyresmakta setje i verk tiltak for å oppretthalde eller oppnå den naturtilstanden som er føremålet med vernet, og sanering vil i mange tilfelle bidra til å betre naturtilstanden. Ein eventuell søknad om sanering vil også kunne verte vurdert etter naturmangfaldlova § 48.
Det skal utarbeidast forvaltningsplan med nærare retningsliner for forvaltning og skjøtsel, jf. verneforskrifta § 8. Her vil det vere naturleg å omtala tilhøvet mellom det generelle unntaket frå vernereglane for vedlikehaldsmudring og høve til å søkje dispensasjon for mudring.
Endeleg viser statsforvaltaren til at forslaget til verneforskrift opnar for at det etter søknad kan bli gitt dispensasjon for legging av sjøleidning i samband med etablering av varmepumpe.
Utslepp og avrenning
Statsforvaltaren viser til at avrenning frå landbruket ikkje vil bli regulert gjennom verneforskrifta. Dersom slike tiltak kan påverke verneverdiane i det marine verneområdet, skal det takast omsyn til dette i vurderinga om eventuelle løyve til tiltak, jf. naturmangfaldlova § 49. Vidare gjeld aktsemdplikt i naturmangfaldlova § 6 for tiltak som ikkje krev løyve.
Utslepp av reinska kloakk i samsvar med gjeldande regelverk er omfatta av dei generelle unntaka for drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar i § 4. Drift og vedlikehald av eksisterande vass- og avlaupsleidningar blir ikkje påverka av verneforskrifta. Etter verneforskrifta § 5, kan forvaltningsmyndigheit gje løyve til utlegging av nye leidningar for utslepp av reinska kloakk i samsvar med andre lover og forskrifter.
Når det gjeld reinsekrav for Dalsfjorden og Avinor sitt midlertidige løyve til å sleppe ut glykolhaldig snø frå flyplassen, heiter det i utsleppsløyvet at «[d]et glykolholdige overvatnet må førast ut på ein slik måte at innblandinga i vassmassane vert best mogleg». Statsforvaltaren viser til at utsleppsløyvet er gyldig fram til det eventuelt blir endra.
Ankring
Statsforvaltaren ser at det er eit behov for gode ankringsområde i Dalsfjorden, og har føreslått å tilpasse både forskrift og avgrensing til innspela om ankring så langt det let seg gjere. Båtar under 15 meter er definert som småbåtar jf. § 1 i småbåtforskrifta, og kan difor etter forslaget til verneforskrift ankrast mot land. Statsforvaltaren vurderer at naturverdiane på botn i Fossvika og Røvika er av ein slik karakter at det kan opnast opp for ankring i desse to områda, sjå verneforskrifta § 4 c. Statsforvaltaren har også føreslått ei opning i verneforskrifta § 5 for å sikre at fartøy større enn 15 meter kan søkje om å ankre opp.
For kaia på Skjeret i Bjørvika føreslåast ei generell opning i verneforskrifta slik at ankring innanfor verneområdet i samband med anløp, lasting og lossing ved denne kaia vil vere lov.
Statsforvaltaren peika vidare på at omsynet til naturmangfaldet i grunne område gjer at det er trong for å kunne vurdere den konkrete plasseringa av faste fortøyingsanlegg for småbåt. Retningsliner for lokalisering og handsaminga av søknader om slike fortøyingsanlegg må inngå i forvaltningsplanen for Dalsfjorden marine verneområde.
Fiske- og akvakultur
Statsforvaltaren viser til verneforskrifta § 3 bokstav b, som slår fast at dyrelivet i sjø er verna mot skade og øydelegging. Utgangspunktet i naturmangfaldlova er at restriksjonane i eit marint verneområde ikkje skal vere strengare enn det som er naudsynt ut i frå omsynet til verneverdiane og føremålet med vernet (Ot. Prp. Nr. 52 (2008-2009), s. 222 og 417). I tillegg er det fastsett at innafor ramma av verneforskrifta er hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar regulert etter havressurslova, jf. naturmangfaldlova § 39 sjette ledd. Verneforskrifta set i § 4 forbod mot hausting av skjel og vegetasjon, men ut over dette er jakt, fangst og fiske i samsvar med praksis for marine verneområde regulert gjennom sektorlovgivinga jf. verneforskrifta § 4. Når det gjeld innspel knytt til akvakultur, viser statsforvaltaren til at verneforskrifta § 5 opnar for at forvaltningsstyresmakta etter søknad kan gje dispensasjon til akvakultur som ikkje er i strid med verneformålet.
Forvaltning
I høyringsperioden har det vore løfta fram ulike modellar for forvaltning av eit framtidig verneområde i Dalsfjorden. Ei liknande ordning som norske nasjonalparkar i dag har, med interkommunale forvaltningsstyre og eigne forvaltarar, kan vere aktuelt om forholda ligg til rette for det. Lopphavet marine verneområde, som det største marine verneområdet i landet, skal bli forvalta av eit oppnemnt styre. I verneområdestyret skal kommunane, fylkeskommunen og Sametinget delta, og ha ein lokalt tilsett verneområdeforvaltar. Eit verneområdestyre etter denne modellen bør bli oppretta for Dalsfjorden marine verneområde.
Avgrensing
Høyringa har vist at det er naudsynt å gjere den geografiske avgrensinga av verneområdet tydelegare, det rås difor til å gjere nokre endringar i verneforskrifta § 2. Statsforvaltaren har presisert i forskrifta § 2 at verneområdet har grense mot land langs djupnekote 2 m under sjøkartnull for heile området, unntatt der verneområdet grensar til dei nærare fastsette eigedomane nemnt i tredje til femte ledd i føresegna. Dette vil òg gå fram av vernekartet.
3.5 Miljødirektoratet si tilråding
Miljødirektoratet sendte si tilråding til Klima- og miljødepartementet i brev av 06.06.24.
Kommune- og reguleringsplanar
Miljødirektoratet sluttar seg til Statsforvaltarens forslag om endringar i avgrensinga av det føreslegne verneområdet. Miljødirektoratet viser til at Statsforvaltaren har opplyst at forslag til ny arealdel i kommunedelplanen «Forretning og industri» (Sunnfjord kommune) har vore til offentleg ettersyn to gongar. Det er framleis knytt motsegner frå Statsforvaltaren til planforslaget, men det gjeld ikkje område i Dalsfjorden.
Utbetring av fylkesveg
Miljødirektoratet viser til Statsforvaltaren i e-post 19.12.23 har opplyst at Vestland fylkeskommune ønskjer å endre gjeldande reguleringsplan "FV57 Strandanes – Nistadlia", og at det truleg blir behov for inngrep i det føreslegne verneområdet.
Statsforvaltaren har i e-post 15.02.24 til Miljødirektoratet, opplyst at dei hadde eit nytt møte med fylkeskommunen 12.02.24 for å drøfte alternative løysingar til vegutbetringa langs Dalsfjorden. Det er mogeleg for fylkeskommunen å planleggje vegutbetringa utan å kome i konflikt med det marine vernet.
Statsforvaltarens vurdering er at ein dispensasjonsregel for tiltak i samband med oppgradering av fylkesvegen, slik dei har føreslått, er ei betre løysing enn å endre avgrensinga. Forslaget til avgrensing i Gryvlevika går opp til middel høgvatn (normal flo) for å fange opp intakte grunne område, som det er få av langs Dalsfjorden. Disse områda har funksjon som leve- og oppvekstområde for marine artar. Dersom det viser seg at det likevel blir naudsynt med ein mur i vasskanten, vil ein kunne gje dispensasjon til dette med vilkår.
Miljødirektoratet sluttar seg til forslaget om ein spesifisert dispensasjonsregel, i tilfelle det i samband med utbetring av fylkesvegen skulle bli aktuelt å vurdere tiltak innanfor området. Formuleringa "kan etter søknad gje dispensasjon til" i verneforskrifter, betyr ikkje at forvaltningsstyresmakta skal gi dispensasjon, men at forvaltningsstyresmakta kan vurdere om ein søknad gjer grunnlag for dispensasjon. Det er berre aktiviteten eller tiltaket som direkte følgjer av den aktuelle regelen i § 5 det kan gis dispensasjon til. Ut frå Statsforvaltarens opplysningar og vurderingar ovanfor, legg Miljødirektoratet til grunn at det i dette høvet eventuelt vil være snakk om eit mindre inngrep i området, som t.d. ein mur i vasskanten, og føreslår at det presiserast i dispensasjonsregelen at det berre kan gis dispensasjon til "mindre" tiltak. Ein søkjar vil ikkje ha krav på dispensasjon sjølv om vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylt.
I tillegg føreslår Miljødirektoratet at dispensasjonsregel om tiltak i samband med utbetring av fylkesveg presiserast, slik at det kjem betre fram at det berre kan gis dispensasjon til "mindre" tiltak, sjå kap. 6.2.3.2.
Hamner, naust, bryggjer og fortøyning av småbåt
Statsforvaltaren føreslår at reglane om anlegg av fartøysfeste for småbåt (lengde inntil 15 m), flyttast frå § 4 om generelle unntak frå vernereglane til § 5 om spesifiserte dispensasjonsreglar. Dette vil vere ei innskjerping samanlikna med høyringsforslaget, og strengare enn allereie vedtekne verneforskrifter. Miljødirektoratet tilrår at reglane om fartøysfeste for småbåt inngår i § 4, som i høyringsforslaget, og at ordlyden blir som i forskriftsforslaget i Miljødirektoratet si tilråding om etablering av Stad marine verneområde: … anlegg av mindre fartøysfeste for småbåt, medrekna fastfortøying og dragfortøying. Fortøyingsmiddel på faste fortøyingar må være i stein eller anna materiale som ikkje forureinar …
Miljødirektoratet nemner at ile er eit hjelpemiddel til å halde line eller garn på plass, og iltauet brukast når reiskapen skal trekkast opp i båten. Vidare uttalar Miljødirektoratet at forslaget til verneforskrift er ikkje til hinder for bruk, drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar. Miljødirektoratet påpeikar også på at evt. konkretiseringar i forvaltningsplan, må vere innanfor ramma av verneforskrifta.
Kablar, røyrledningar og mudring
Når det gjeld omtalte prosess for å vurdere om luftspenn bør bli erstatta av sjøkabel, er sjøkabel blitt lagt på strekninga.
Miljødirektoratet legg til grunn at det generelle unntaket for "vedlikehaldsmudring" i forslaget til verneforskrift, berre gjeld område som tidlegare har blitt mudra, og på same stad og i same omfang som tidlegare når det gjeld djupne, breidde og lengde. Dumping av massar frå mudring innanfor verneområdets grenser, vil likevel ikkje vere lov, jf. verneforskrifta § 3. Den spesifiserte dispensasjonsregelen om "mudring", gjeld mudring i område som ikkje har blitt mudra tidlegare.
Dersom fjerning av anlegg eller innretningar som ikkje er i bruk skulle bli aktuelt og dette inneber tiltak i strid med vernereglane, kan dette, som Statsforvaltaren påpeikar, handsamast etter naturmangfaldlova § 48.
Når det gjeld regelen om skjøtsel i forslaget til verneforskrift § 7, viser Miljødirektoratet til at forvaltningsstyresmakta, eller den forvaltningsstyresmakta bestemmer, kan iverksette tiltak for å oppretthalde eller oppnå den naturtilstand som er føremålet med vernet i samsvar med naturmangfaldlova § 47. For å vurdere om eit tiltak fell inn under skjøtselregelen eller ikkje, må det gjerast konkrete vurderingar i kvart enkelt tilfelle.
Når det gjeld spørsmålet om dispensasjon for legging av sjøleidning i samband med etablering av varmepumpe, gjer Miljødirektoratet merksam på at den spesifiserte dispensasjonsregelen om kablar og røyrleidningar i forslaget til verneforskrift berre gjeld legging av leidningar gjennom området, og ikkje evt. andre installasjonar eller utslepp knytt til leidningane. Skulle det bli aktuelt å vurdere andre tiltak enn berre ein sjøleidning, må det vurderast etter naturmangfaldlova § 48.
Utslepp og avrenning
Miljødirektoratet understrekar at ikkje alle miljøutfordringar som er knytt til eit område kan løysast gjennom etablering av eit verneområde og forvaltninga av det. Som Statsforvaltaren viser til, gjeld naturmangfaldlova § 49 for utanforliggande verksemd som kan medføre skade inn i eit verneområde. Ei verneforskrift vil berre gjelde innanfor verneområdets grenser.
Når det gjeld utslepp av overvatn som inneheld glykol, viser Miljødirektoratet til at Statsforvaltaren har gitt Førde Lufthamn, Avinor AS løyve til utslepp av bane- og flyavvisingskjemikal frå Førde lufthamn på Bringeland, jf. forureiningslova § 11. Dette fell inn under unntaket for drift og vedlikehald av andre eksisterande anlegg og innretningar i forslaget til verneforskrift.
Ankring
Miljødirektoratet viser til Statsforvaltarens kommentarar, og sluttar seg til forslaga om endring i forskrifta.
Fiske og akvakultur
Miljødirektoratet sluttar seg til Statsforvaltaren sine vurderingar når det gjeld fiske og akvakultur. Miljødirektoratet viser også til at alle forskriftene for marine verneområde som er vedteke frå og med 2020 har ein spesifisert dispensasjonsregel om akvakultur som ikkje er i strid med verneformålet. Vidare inneheld verneforskrifta generelle unntak for drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar. Dette omfattar også eksisterande akvakulturverksemd.
Kulturminne
Miljødirektoratet viser til Statsforvaltarens merknader, og legg til at forslaget til verneforskrift inneheld ein spesifisert dispensasjonsregel for istandsetting, skjøtsel og vedlikehald av kulturminne.
Forvaltning
Miljødirektoratet viser til at det føreslegne verneområdet ikkje grensar inntil område som forvaltast av nasjonalpark- eller verneområdestyre, men at det grenser inntil naturreservata Holmelidholmen og Osen, som forvaltast av Statsforvaltaren. Området omfattar areal i tre kommunar, og dette tilseier at Statsforvaltaren bør vere forvaltningsstyresmakt for området.
Miljødirektoratet viser også til at sjølv om det er bestemt at Lopphavet marine verneområde skal bli forvalta av eit oppnemnt styre, må dette likevel sjåast på bakgrunn av områdets størrelse. Lopphavet er med eit areal på ca. 1322 km2 landets største marine verneområde. Til samanlikning utgjer verneforslaget for Dalsfjorden eit areal på ca. 10,7 km2.
Andre forhold
Miljødirektoratet viser til Statsforvaltarens kommentarar, og til omtale og vurdering av forslag til verneforskrift og avgrensing i samband med ulike tema i delkapitla ovanfor.
4. Klima- og miljødepartementets vurdering
4.1 Nærare om vern som verkemiddel
Marint vern etter naturmangfaldlova skal bidra til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar langs kysten og i territorialfarvatnet blir tatt vare på for framtida, jf. også Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur, jf. Innst. 557 S (2020-2021). Områda skal – saman med areal som er beskytta etter anna lovverk – danne eit nettverk av verna og beskytta område som skal ta vare på økosystem og naturverdiar. Områda skal dekkje variasjonsbreidda i norsk marin natur. Det blir vidare lagt til grunn at arbeidet med marin verneplan frå 2004 skal halde fram, samtidig som det skal arbeidast med å supplere planen med nye område.
Dalsfjorden er blant dei 36 områda som blei peika ut som kandidatområde i marin verneplan frå 2004. Vern av området blir vurdert å ha positive effektar både for det aktuelle området, og som ein del av en større heilskap, der området inngår i eit nettverk av marine verneområde og beskytta område. Området har naturverdiar som gjer at gjennomføring av vern vil bidra til å oppfylle både nasjonale og internasjonale mål om vern.
Bruk av sektorverkemiddel, som beskyttelse etter havressurslova mot fiskeriverksemd som kan skade verneverdiane, kan vere eit aktuelt alternativ til vern dersom det blir vurdert som tilstrekkeleg å beskytte naturverdiane mot ein enkelt aktivitet eller påverknad. Marine område der beskyttelsen berre består av nærare regler om utøving av fiske, blir fastsett etter havressurslova, jf. naturmangfaldlova § 39. I dette tilfellet er det behov for og sjølve føremålet bak vernet å beskytte naturverdiane mot ulike påverknader og på tvers av sektorar. Områdevern etter naturmangfaldlova vil då vere det aktuelle verkemiddelet.
4.2 Nærare om verneforskrifta
Departementet sluttar seg i hovudsak til Miljødirektoratet sitt forslag til verneforskrift, med nokre mindre justeringar av lovteknisk karakter.
Verneformål
Føremålet med vernet i forskrifta § 1 vil være styrande for kva som kan tillatast i området, i tråd med andre reglar i forskrifter.
Geografisk avgrensing
Departementet sluttar seg til Miljødirektoratet sitt forslag til avgrensing i området, slik det framgår av verneforskrifta § 2 og i vernekartet.
Departementet viser i likskap med Miljødirektoratet til at verneforskrifta gjeld for verksemd innafor verneområdet sine grenser. For utanforliggande verksemd gjeld naturmangfaldlova § 49. Dette inneberer bl.a. at utvikling av område på land eksempelvis til bustad- og hyttebygging, samferdselstiltak mv. ikkje blir råka av verneforskrifta.
Vernereglar
I marine verneområde må ingen setje i verk noko som skadar verneverdiane nemnt i verneføremålet. Forskrifta § 3 presiserer at vegetasjon og dyreliv er verna mot skade og øydelegging, og gir ei ikkje uttømmande liste over tiltak som ikkje er tillatne i verneområdet.
Generelle unntak frå vernereglane
§ 4 inneheld generelle unntak frå vernereglane i § 3.
Departementet sluttar seg til Miljødirektoratet si vurdering om at reglane om fartøysfeste for småbåt skal inngå i § 4 om generelle unntak frå vernereglane. Å flytte dette til § 5 om spesifiserte dispensasjonsreglar hadde vore ei innskjerping samanlikna med høyringsforslaget, som også hadde vore strengare enn allereie vedtekne verneforskrifter.
Spesifiserte dispensasjonsreglar
§ 5 listar opp ulike aktuelle tiltak forvaltningsstyremakta kan gi dispensasjon til etter søknad. Forvaltningsstyremakta må då gjere ei konkret vurdering der tilhøvet til verneføremålet og verneverdiar er styrande for avgjerda. Forvaltningsstyremakta kan også sette vilkår for dispensasjonen for å sikre at verneverdiane ikkje blir påverka.
Departementet sluttar seg til forslaget om ein spesifisert dispensasjonsregel, i tilfelle det i samband med utbetring av fylkesvegen skulle bli aktuelt å vurdere tiltak innanfor området.
Det er etter § 5 bokstav k) anledning til å søke om dispensasjon for akvakultur som ikkje er i strid med verneføremålet. Forvaltningsstyresmakta kan difor gi løyve til akvakultur etter ei konkret vurdering av tilhøvet til verneføremålet. Det skal i sakshandsaminga etter verneforskrifta ikkje leggjast større hindringar på akvakulturverksend enn det som er naudsynt for å ivareta verneføremålet, og dispensasjon etter verneforskrifta skal gis så lenge det ikkje er motstrid mellom verneføremålet og tiltaket. I denne vurderinga vil det bl.a. vere av betyding om akvakulturaktiviteten blir antatt å føre med seg miljøskadelege utslepp av næringssalt og partiklar eller betydelege inngrep i sjøbotn. Normale forankringar som ikkje kjem i konflikt med sårbare arter eller habitat på sjøbotnen vil som hovudregel ikkje vere å rekneanse som betydelege inngrep i denne samanhengen.
Departementet understrekar vidare at ved behandling av søknadar om dispensasjon for etablering av navigasjonsinstallasjonar og andre farleikstiltak, skal det leggjast stor vekt på omsynet til ivaretakinga av sjøsikkerheit. Dispensasjon skal gis så lenge det ikkje er motstrid mellom verneføremålet og tiltaket.
Generelle dispensasjonsregler
§ 6 viser til at forvaltningsstyresmakta også kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje er i strid med føremålet til vernevedtaket og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom tryggleiksomsyn eller omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, i samsvar med naturmangfaldlova § 48. Denne generelle dispensasjonsregelen er i forarbeida til naturmangfaldlova omtala som ein «sikkerhetsventil som skal fange opp uforutsette tilfeller eller spesielle/særlige tilfeller som ikke ble vurdert på vernetidspunktet» (Ot.prp. nr. 52 (2008–2009)).
Forvaltning
Forskrifta §§ 7-10 gir nærare reglar om skjøtsel, forvaltningsplan og forvaltningsstyresmakt. Sidan det føreslegne verneområdet strekkjer seg over fleire kommunar, er det i utgangspunktet naturleg at forvaltningsstyresmakta blir lagt til Statsforvaltaren. Departementet understeker at forvaltninga likevel må skje i nær kontakt med dei aktuelle kommunane, og at eit praktisk samarbeid med Folgefonnsenteret kan vere aktuelt.
Iverksetjing
Det vert føreslått at forskrifta tek til å gjelde straks.
4.3 Nærare om samfunnsøkonomiske konsekvensar
Det føreslegne Dalsfjorden marine verneområde er som nemnd ein særeigen, avskjerma og representativ fjord, med sjeldan og sårbar natur som representerer bestemt naturtypar av særskilt vitenskapleg verdi, både biologisk og geologisk. Dalsfjorden har spesielle straumtilhøve og ein uvanleg kombinasjon av stor ferskvassførsel og artsrike hardbotnsamfunn med eit nasjonalt verdifullt estuarområde inst i fjorden. Dalsfjorden er også eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar.
Vern av området vil på denne bakgrunn innebere eit vesentleg bidrag til arbeidet med representativ bevaring av marin natur, og til å nå nasjonale og internasjonale mål knytt til bevaring av marin natur.
Klimaendringar og forsuring av havet er eit aukande trugsmål framover for alle havområde. Særleg relevant i denne samanhengen er førekomstane av stortare, som effektivt tar opp og lagrar CO2. Vern av området sikrar elles ikkje naturmangfaldet mot klimaendringar, men kan ved at andre påverknadsfaktorar reduserast eller regulerast, gjere at området står betre rusta mot uheldige effektar av klimaendringar. FNs klimapanel har peika på at sjølv om marine verneområde ikkje kan forhindre ekstremhendingar som marine hetebølgjer, kan dei gi marine plantar og dyr ei betre moglegheit til å tilpasse seg klimaendringane utan å måtte ta omsyn til andre stressfaktorar.
Verneforslaget er også vurdert å ha viktige positive verknader for framtidig forsking og kunnskapsinnsamling. Det visast her til at området skal tene som referanseområde for forsking og overvaking.
Restriksjonane som er føreslått er tilpassa verneføremål og dei verneverdiane ein ønskjer å ta vare på, og avvegingar som er gjort mot andre samfunnsinteresser i lys av bl.a. høyringsrunda og samfunnsøkonomiske vurderingar. Gjennom verneforskrifta er det opna for å gi dispensasjon til ulike typar tiltak. Ved behandling av dispensasjonssøknadar vil påverknad på verneverdiar og verneføremål bli vurdert, og det vil kunne bli satt vilkår av omsyn til dette. Prinsippa i naturmangfaldlova vil bli vurdert og vektlagde ved handsaming av søknadar om dispensasjon frå verneforskrifta og i arbeidet med forvaltningsplan.
I forslag til verneforskrift blir det i liten grad lagt restriksjonar på pågåande aktivitetar. Verneforslaget blir på denne bakgrunn vurdert å ha små konsekvensar for dagens næringsliv, lokalbefolkning og offentlege styresmaktar. Det er meir utfordrande å vurdere konsekvensar verneforslaget kan ha for verksemd som ikkje er planlagt per i dag, og der ein eventuelt må søke om dispensasjon, eller aktiviteten er forboden i verneforskrifta. I mange tilfelle vil det vere mogleg å finne tilgjengelege alternative lokasjonar utanfor verneområdet. Omsyna som er tatt undervegs i verneprosessen, bidrar også til å redusere moglege negative konsekvensar for eventuell framtidig verksemd.
Samla sett har avvegingane og endringane som er gjort undervegs i prosessen bidratt til å redusere samfunnsøkonomiske kostnadar ved verneforslaget, utan at dette vurderast å få vesentlege negative konsekvensar for føremålet med vernet. I eit samfunnsperspektiv blir forslaget vurdert å ha klare positive konsekvensar for naturverdiane lokalt, regionalt og nasjonalt, samstundes som dei negative konsekvensane ved verneforslaget blir vurdert å vere små.
4.4 Budsjettmessige konsekvensar
Forvaltningsplan for området må gjerast ferdig så snart som mogeleg etter vernevedtak, slik at ein har eit godt planverktøy for å forvalte verneområdet. I samband med dette kan det også vere behov for nærare kartlegging av naturmangfaldet, som grunnlag både for overvaking av tilstand, vurdering av tiltak for å ivareta verneverdiane og behandling av dispensasjonssøknadar. I sum vil dette bidra til ei meir treffsikker forvaltning av verneområdet.
Kostnader ved utarbeiding av forvaltningsplanar varierer frå område til område, og avheng mellom anna av områda sin storleik og kompleksitet når det gjelder brukarinteresser. Erfaringstal frå arbeid med forvaltningsplanar for dei marine verneområda Gaulosen, Rødberget og Saltstraumen, tilseier ein kostnad i storleiksorden 0,2-0,4 mill. kr. Det tilgjengelege verktøyet forvaltningsplan på nett for verneområde (FPNV), er forventa å forenkle og effektivisere arbeidet med forvaltningsplanar.
Kostnader ved kartlegging av naturmangfaldet varierer frå område til område, og avhenger av områda sin storleik, kompleksitet når det gjeld naturtilhøve og kor detaljert kartlegging det blir lagt opp til. Ein annan faktor er kor godt områda er kartlagt på førehand. For Dalsfjorden er det utarbeidd to kartleggingsrapportar. For å oppnå ei treffsikker forvaltning, krevjast ytterlegare kartleggingar. Erfaringar frå andre område, tilseier ein kostnad i storleiksorden 0,2-1 mill. kr.
Utarbeiding av forvaltningsplanar vert finansiert over kap. 1420.21. Kartlegging kan finansierast over kap. 1420.32.
Eventuelle utgifter til erstatning og gjennomføring av en eventuell erstatningsprosess, samt merking og oppsetting av skilt, vert føresett dekka innanfor løyving under kap. 1427 post 32. Utgiftene pr. område er no vurdert til 0,2 mill. kr i gjennomsnitt. Det føreslegne verneområdet omfattar i avgrensa grad privat grunn.
Kostnadane blir dekt innanfor aktuelle budsjettpostar og eksisterande budsjettrammer.
Klima- og miljødepartementet
t i l r å r:
Forskrift om vern av Dalsfjorden marine verneområde i kommunane Sunnfjord, Fjaler og Askvoll, Vestland blir fastsett i samsvar med vedlagte forslag.