1. Innleiing

Klima- og miljødepartementet føreslår med dette å opprette Krossfjorden marine verneområde, i kommunane Øygarden, Austevoll, Bjørnafjorden og Bergen, i Vestland fylke. Verneforslaget omfattar eit sjøareal på ca. 192,66 km2. Forslaget omfattar ikkje privat grunn.

Krossfjorden blir føreslått verna som marint verneområde med heimel i naturmangfaldlova § 39, noko som inneber at forskrifta skal fastsetjast av Kongen i statsråd. Det føreslegne området tilfredsstiller vilkåra i § 39 bokstavane b, c, og f, då det:

b) inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur

c) representerer ein bestemt type natur

f) har særskilt naturvitskapleg verdi

Vern av det føreslegne området bidreg til å oppfylle nasjonale og internasjonale mål og plikter, jf. naturmangfaldlova § 46. Vern av området vil bidra til å oppfylle følgande nasjonale mål under resultatområdet Naturmangfald, jf. Prop. 1 S (2024-2025) for Klima- og miljødepartementet: "Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar". Vern vil også bidra til dei nasjonale måla om bevaring av økosystem og artar og naturtypar.

Vidare vil vern av området bidra i gjennomføringa av internasjonale mål knytt til marint vern, bl.a. verdsmåla for ei berekraftig utviklinga (berekraftsmåla), og under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og Konvensjonen om bevaring av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren (OSPAR). Etter vedtatt vern vil marine verneområde etter naturmangfaldlova bli rapportert til OSPARs liste over "marine protected areas".

Det føreslegne verneområdet skal vidare bidra til å nå dei lovfesta måla for områdevern i naturmangfaldlova § 33, irekna mål knytt til:

a) variasjonsbreidda av naturtypar og landskap

b) artar og genetisk mangfald

h) referanseområde for å følgje utviklinga i naturen

Verneforslaget er utarbeida i tråd med reglane i naturmangfaldlova, forvaltningslova og utgreiingsinstruksen. Verneprosessen er også gjennomført i samsvar med rundskriv T-2/15 om sakshandsamingsreglar ved områdevern etter naturmangfaldlova og etter forvaltningslova. Alminneleg høyring er gjennomført av dåverande Fylkesmannen i Hordaland. Saka er også lagt fram for relevante departement i tråd med utgreiingsinstruksen. Prosessen har vore inkluderande. Gjennom verneplanprosessen er det gjort ei avveging mellom verneinteresser og andre brukar- og samfunnsinteresser, og verneforslaget er i størst mogleg grad tilpassa dei ulike brukarinteressene i området.

2. Nærare om området

Det føreslegne Krossfjorden marine verneområde ligg i Øygarden, Austevoll, Bjørnafjorden og Bergen kommunar, i Vestland fylke. Området omfattar eit sjøareal på om lag 192,66 km2 og ligg i ytste del av Krossfjorden. Det ligg to eksisterande sjøfuglreservat innanfor det føreslegne marine verneområdet. I arealplanane for kommunane er området markert som område for fiske og fleirbruk, og det er sett av sone for militær verksemd og område for bruk og vern av vassdrag med tilhøyrande strandsone. Nokre område er avsett til akvakultur og hamner.

2.1. Naturforhold og verneverdiar

Føremålet med det føreslegne Krossfjorden marine verneområde er å ta vare på eit spesielt og uvanleg djupt kystområde med særprega biologisk mangfald  knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, særprega kalkalgar og store areal med tareskog som aldri har vore kommersielt hausta, samt eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Ytst mot Nordsjøen er området avgrensa av 200 meters djupnekote. Inne i fjordbassenget til Krossfjorden går grensa ved 100 m djupne, medan grensa følgjer 2 m djup i dei ytre delane av Krossfjorden.

Krossfjorden er ein open og djup fjord (ned mot 700 m), der det biologiske mangfaldet er betre kartlagt enn dei fleste andre stader. Oppunder 50 000 ulike artar er påvist i norsk natur. Av desse lever meir enn 6000 på havbotnen i Vestland, og fleirtalet av desse er påvist i Krossfjorden. Området femner om eit stort tal ulike naturtypar. Eit viktig og fagleg svært interessant korallrev (veggrev) ligg på nordskrenten av Austevoll. I Skårasundet er det dei siste åra påvist gode førekomstar av spesielle kalkalgar, og fjorden er kjend for gode førekomstar av den sterkt truga pigghåen delar av året. Fjorden er også rik på marine kulturminne.

Stortare veks i store mengder langs den ytre kyststripa i dette området. Taren veks ned til om lag 20 meters djup i store skogar.  Tareskogen er viktige leveområde for eit stort tal marine dyr, og dermed også viktig som oppvekst- og næringssøkområde for mange fiskeslag og sjøfugl. Tareskogen er biologisk høgt produktiv, og er svært effektiv til å lagre CO2. Førekomstane av stortare i Krossfjorden har aldri vore kommersielt hausta. Dette skuldast at den undersjøiske topografien er for krevjande for teknikken som blir nytta ved tarehausting. Dette inneber at Krossfjorden kan vere eit viktig referanseområde for framtidig forsking.

2.2. Andre interesser knytt til det føreslegne verneområdet

Sjølv om det er mykje menneskeleg aktivitet knytt til Krossfjorden, er området som er aktuelt for marint vern lite påverka av tekniske inngrep. Kystsona i indre delar av området er prega av spreidd busetjing, hytter og naust med tilhøyrande båtplassar, og lenger ute i Krossfjorden er strandlina lite nedbygd. Den indre delen av verneforslaget er i stor grad samanfallande med Forsvarets skyte- og øvingsfelt V11.

Det er omfattande akvakulturverksemd i fjorden, men ingen anlegg er innanfor det føreslegne verneområdet. I Øygarden ligg to nedlagde fiskerihamner som i gjeldande kommuneplan er sett av til dels landbasert akvakultur, og det finst planar om konkret aktivitet i desse områda.

Både i Øygarden og særleg i Austevoll er tradisjonane for yrkesfiske lange og store. Teinefiske etter krabbe og hummar er populært, og også lokale kystfiskarar nyttar området i næringa si. I dag skjer likevel lite av dette yrkesfisket innanfor det føreslegne verneområdet. Det ligg to reketrålingsfelt i området, eitt i Øygarden og eitt i Austevoll. Trålfelta er nytta av to lokale fiskarar, ein tilhøyrande i Austevoll og den andre i Os. Desse samarbeider allereie med Havforskingsinstituttet ved at dei samlar inn forskingsdata under fangsten. Forslaget til verneforskrift inneheld ein spesifisert dispensasjonsregel for dette.

Krossfjorden har omfattande båttrafikk, relatert til lasteskip så vel som store turistbåtar, og ein svært stor flåte av fritidsbåtar. Destinasjonane for det aller meste av tungtrafikken ligg utanfor det føreslegne verneområdet, og oppankring innanfor dette området er difor ikkje eit problem. Nærleiken til Bergen gjer at det finst mange eldre skipsvrak i området, og også andre marine kulturminne.

I ytre del av fjorden har Havforskingsinstituttet to definerte forskingsområde der taretråling er forbode, men som nemnd har det heller ikkje vore tråla i andre delar av området. Krossfjorden blir  mykje nytta til ekskursjonsområde for studentar i marinbiologi, i tillegg til i mange andre pedagogiske samanhengar.

Krossfjorden har også store førekomstar av skjelsand, men det er ikkje noverande aktivitet med skjelsanduttak i området, og det har heller ikkje vore gitt konsesjonar til dette for sidan 1993.

3. Verneprosessen

3.1. Bakgrunn

Det føreslegne marine verneområdet var blant dei 36 kandidatområda for marint vern som blei peika ut i tilrådinga frå Rådgjevande utval for marin verneplan, som nytta områdenamnet «Korsfjorden». Utvalet var breitt samansett og blei satt ned av dåverande Miljøverndepartementet i samråd med dåverande Fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet i 2001. På bakgrunn av bl.a. analyse av utbreiinga til botnlevande marine artar blei kysten delt inn i tre biogeografiske regionar. Potensielle område blei delt inn i seks kategoriar. Utvalet la vekt på at det skulle bli valt ut område frå kvar av dei seks kategoriane innan kvar av dei tre biogeografiske regionane. Utvalet peika på at det vil ta mange år før ein har god oversikt over det biologiske mangfaldet i våre marine område, og la til grunn at det er kjend at det er ein samanheng mellom førekomstar av planter og dyr og botntilhøva generelt. Ulike organismar finst på mudderbotn, sandbotn, stein- og grusbotn og fjellbotn. Andre fysiske miljøtilhøve, som lys, djupne, saltinnhald og havstraumar, spelar også avgjerande roller for førekomst og utbreiing av artar.

Utvalet ga si endelege tilråding i 2004. Utvalet vurderte at dei 36 områda til saman representerte eit godt og balansert utval av undersjøisk natur frå kysten og skjergarden. Det blei lagt vekt på at områda skulle vere særeigne og representative sett i tilhøve til regionar og kyststrekningar. Det blei også lagt vekt på at områda skulle vere lite påverka og at dei kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking.

3.2. Kunngjering og oppstart

Melding om oppstart av verneprosessen for Krossfjorden blei send frå dåverande Fylkesmannen i Hordaland 26. mars 2015. Meldinga blei kunngjort lokalt og send til lokale og regionale høyringsinstansar. I meldingsfasen gjennomførte Fylkesmannen møte med mellom anna dei involverte kommunane, og inviterte elles til opne informasjonsmøte. Bl.a. vart områdenamnet  etter oppmoding under informasjonsmøte med nokre av kommunane endra frå «Korsfjorden» til «Krossfjorden».

I oppstartsmeldinga vart det orientert om at Fylkesmannen ville vere tilgjengeleg for å orientere om prosessen på møte eller arrangement med instansar som bad om det. Det blei haldt ei rekke slike møte, bl.a. med to regionsråd, ulike oppdrettsfirma/-organisasjonar og framdriftsmøte for arbeidet med Kystsoneplan i Sunnhordland i regi av tidlegare Hordaland fylkeskommune.

Oppsummering av innspela frå denne oppstartsmeldinga blei gjort i 2016 og var eit viktig grunnlag for den etterfølgjande høyringa. Brev med fagleg gjennomgang av verneplanutkast blei send frå Miljødirektoratet til Fylkesmannen 14. oktober 2016.

3.3. Høyring

Verneforslaget for Krossfjorden blei send på høyring 13. februar 2017, med høyringsfrist 2. mai 2017. Ei rekke instansar fekk utsett denne fristen for at dei skulle få handsame verneplanen politisk eller på styremøte.

Følgjande 158 organisasjonar og instansar har fått verneforslaget på høyring:

Lindås kommune, Radøy kommune, Austrheim kommune, Sund kommune, Austevoll kommune, Bergen kommune, Os kommune, Kvinnherad kommune, Tysnes kommune, Stord kommune, 1dykkeklubb, A/S Norske Shell, Artsdatabanken, Audun Jacobsen, Austefjorden Smolt as, Austevoll Fiskarlag, Austevoll Kraftlag SA, Austevoll kyst- og sogelag, Austevoll Seaweed farm AS, Avinor AS, Bellona, Bergen Fiskarlag, Bergen og Omegn Havnevesen, Bergen Seilforening, Bioforsk, BKK, BOF, BSI Padling, Den Norske Turistforening, Direktoratet for mineralforvaltning, DNT Hordaland, Fana Kajakklubb, Fiskarlaget Vest, Fiskebåt, Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond, Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening, Fiskeridirektoratet, Fitjar Kraftlag, Fjelberg Fjordbruk AS, Fjellvar AS, Fjordfiskernes forening, FMC Biopolymer, Forbundet KYSTEN, Forsvaret, Forsvarsbygg, Fortidsminneforeningen Bergen og Hordaland, Forum for natur og friluftsliv, Framtiden i våre hender, Friluftslivets fellesorganisasjon, Friluftsrådenes Landsforbund, Fritidsfiskeforening, Fylkenes fisk AS, Greenpeace, Hardanger Kajakk Klubb, Havforskningsinstituttet, Havstril Padleklubb, Hordaland bonde- og småbrukarlag, Hordaland Bondelag, Hordaland fylkeskommune, Hordaland fylkeskystlag, Hordaland Røde kors, Hordvik Padle klubb, IMC Diving AS, Bjørn Isdal, KGL. Norsk Båtforbund, KS, Kvinnherad Energi, Kvinnherad kystlag, Kvinnherad og Hardanger fiskarlag, Kystverket, Lerøy vest as, Lingalaks as, LO, Luftfartstilsynet, Marinbiologisk stasjon Espegrend, Mattilsynet, Midthordaland fiskarlag, Milde Båtlag Bergen, Miljødirektoratet, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet Hordaland lokallag, Nemo Classic Diving, Nesfossen Smolt AS, NGIR, NHO, NHO Reiseliv, NIVA region vest, NJFF Hordaland, Njørd ro og kajakklubb, NOF Hordaland, Norconsult, Nordhordland kraftlag, Nordhordland padleklubb, Nordhordaland Seilforening, Nordsjø fjordbruk AS, Norges bondelag, Norges dykkeforbund, Norges fiskarlag hovedadministrasjon, Norges geologiske undersøkelser, Norges handicapforbund, Norges indrettsforbund, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norges Kystfiskarlag, Norges Luftsportsforbund, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Norges Miljøvernforbund, Norges naturvernforbund, Norges Orienteringsforbund, Norges Padleforbund, Norge Seilforbund, Norhordaland fiskarlag, Norsk Biologforening, Norges Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Botanisk Forening, Norsk Industri, Norsk institutt for naturforskning NINA, Norsk institutt for vannforskning NIVA, Norsk Ornitologisk Forening, Norsk Surfforbund, Norsk zoologisk forening, Norsk sjømatbedrifters landsforening, Norskjell AS, NTNU, NVE, Oljedirektoratet, Oljeindustriens Landsforening, Onarheim bruk AS, Os padleklubb, Riksantikvaren (Direktoratet for kulturminneforvaltning), Rådgivende Biologer AS, SABIMA, Sivilforsvaret, Sjøfartsdirektoratet, Sjøtroll havbruk AS, SKL, Skog og landskap, Sotra fiskeindustri AS, Statens Kartverk, Statens Kartverk Bergen, Statens Kartverk sjødivisjon, Statens vegvesen region vest, Statkraft, Statnett, Statskog, Stord Seilforening, Studentenes Undervannsklubb, Sund kystlag, Sunnhordaland fiskarlag, Taretrålfiskernes Forening, Telavåg fiskemottak AS, Telavåg fiskeoppdrett AS, Troland lakseoppdrett AS, Tysnes fjordbruk AS, Tysnes kystlag, UiT Norges arktiske universitet, Uni Miljø, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo Biologisk institutt, Universitetsmuseet i Bergen Universitetet i Bergen, Vegdirektoratet, Vestnorsk havbrukslag FHL, Viking fjord AS, WWF-Norge, Øygarden havkajakk klubb, Øygarden og Sotra fiskarlag, Åsane Seilforening, Asplan Viak.

33 høyringsinstansar hadde merknadar til framlegget.

I etterkant av høyringa har Hordaland fylke blitt ein del av Vestland fylke og fleire kommunar har slått seg saman og endre namn. Høyringsinstansane vart likevel omtala ved det namnet dei hadde på høyringstidspunktet.

Generelt  

Bergen kommune er svært positiv til vern og hadde helst sett at vernegrensene vart trekt nærmare land enn 100 m djupne, av omsyn til naturførekomstane.

Akvakultur

Hordaland fylkeskommune, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, tidlegare Sund kommune, tidlegare Os kommune og Austevoll kommune meiner at verneforskrifta vil få store konsekvensar for akvakulturverksemder i området.

Fiskeridirektoratet region Vest viser til at det er eit betydeleg omfang av akvakulturverksemd som er etablert i Krossfjorden, og reknar med at framlegg til vern vil få store konsekvensar for akvakulturverksemder i området. Dei legg fram kart som viser at det er eit betydeleg omfang av akvakulturverksemd som er etablert innanfor og i randsona av framlegget til verneområde.

Sjømat Norge ber primært om at framlegget om vern av Krossfjorden vert trekt attende i sin heilskap, subsidiært at området vert vesentleg redusert i Krossfjorden og i havet utanfor.

Lerøy Sjøtroll har fem eksisterande fiskeoppdrettsanlegg i kandidatområdet eller i randområda til dette, og er negativ til vern. Dei meiner å vite at alle dispensasjonssøknadar frå havbruksnæringa vil bli avslegne, og er sterkt urolege for at det vil bli uråd å drive oppdrett i området i framtida. Mellom anna meiner dei at det vil vere umogleg å innføre produksjon med integrert akvakultur (IMTA), og at verneforskrifta vil gjere det vanskeleg å kunne dyrke tare i tilknyting til etablerte oppdrettsanlegg.

Telavåg Fiskeoppdrett AS har eitt oppdrettsanlegg i området og eit anna i Austefjorden like utanfor. Sistnemnde ligg på ein ugunstig lokalitet, og ein har ambisjonar om å flytte dette lenger ut og vil då kome inn i kandidatområdet.

Austevoll Seaweed Farm AS er imot vern, av di dei meiner at vern vil hemme vidareutvikling med dyrking av tare.

Fiske og tarehausting

Hordaland fylkeskommune meiner at hausting av tare i Krossfjorden må tillatast, på lik linje med hausting av andre viltlevande marine ressursar.

Austevoll fiskarlag ønsker å kunne bruke snurpenot og all annan reiskap som kan tenkjast nytta på dette kystavsnittet, og dei vil behalde og bruke dei registrerte reketrålfelta og ha retten til å finne nye. Dei vil heller ikkje ha restriksjonar på taretråling.

FMC Biopolymer er einig i at det ikkje vert tråla etter tare i området i dag då undersjøisk topografi er krevjande, men nye teknikkar kan kome i framtida, og då vil området kunne bli aktuelt. Dei meiner det ikkje er naudsynt med ytterlegare vern enn det som allereie er heimla i gjeldande hausteforskrift og eksisterande forskrifter.

Naturvernforbundet Hordaland er positive til at hausting av tang og tare blir forbode.

Skjelsandopptak

Hordaland fylkeskommune føreslår å ta ut forbodet mot uttak av masse i verneforskrifta § 3c, og erstatte dette med eit nytt punkt 3d: «Det kan berre søkjast om konsesjon for uttak av skjelsand for førekomstar som det er opna for å søkje om konsesjon på i forvaltingsplan for verneområdet, og på vilkår som er sett i forvaltingsplanen i tillegg til dei generelle konsesjonsvilkåra».

Forsvarets verksemd

Forsvarsbygg viser til at verneforslaget for Krossfjorden i stor grad er samanfallande med Forsvarets skyte- og øvingsfelt V11. Vestlandet er eit av dei viktigaste områda for Forsvaret. Feltet blir brukt av fartøy frå Haakonsvern og aktiviteten her skal vidareførast. I utgangspunktet treng det ikkje å vere konflikt mellom det marine verneområdet og øvingsområdet, med mogeleg unntak av eit sprengingsfelt ved Korsnes. Forsvarsbygg ber difor om at det vert tatt inn ein unntaksregel som synleggjer at Forsvarets bruk og behov kan vidareførast i øvingsfeltet.

Forvaltning

Hordaland fylkeskommune meiner at forvaltingsansvaret når vernet er vedteke, må leggjast til  regionalt folkevalt nivå, samt at det vert oppretta eit rådgjevande utval for forvalting av verneområda.

Havforskingsinstituttet peiker på at rådgjevande utval anbefalte at det blir gjennomført grundig kartlegging av dei enkelte områda så snart som mogleg etter vedtak om vern. Dette er viktig i ein større samanheng med tanke på overvaking av eventuelle endringar i fauna og flora og ein analyse av påverknadsfaktorar.

Sjømat Norge meiner at naturmangfaldet i områda bør kartleggast nærmare som grunnlag for ei best mogleg forvalting av områda.

3.4. Fylkesmannen si tilråding

Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) sendte si tilråding i saka til Miljødirektoratet i brev av 11. oktober 2017.

Akvakultur
Fylkesmannen noterer at langt dei fleste innvendingane mot verneforslaget er relatert til akvakultur, dels av bekymring for at eksisterande anlegg skal bli pålagt strenge vilkår på grunn av marint vern, dels av uvisse om korleis søknadar om nye anlegg vil bli handterte, og også bekymring for at det ikkje vil bli lov å ta nye teknikkar i bruk i framtida. Fylkesmannen har heile tida har gitt uttrykk for at akvakultur i området ikkje vil bli råka så lenge den ikkje er i strid med verneføremålet.

Fylkesmannen er samd med Telavåg Fiskeoppdrett at det ut frå generelle miljøomsyn kan synest riktig å flytte anlegget, og vernegrensa utanfor Austefjorden er noko justert for å kome denne utfordringa betre i møte. Fylkesmannen har tidlegare endra grensa i Austevoll slik at eitt av Lerøy sine fem anlegg kjem heilt utanfor kandidatområdet. Etter høyringa er også grensa justert i tidlegare Sund kommune for å gjere mogleg flytting av Telavåg Fiskeoppdrett sitt anlegg i Austefjorden lettare. Korkje desse eller dei andre anlegga i eller ved det føreslegne området vil få ekstra pålegg som følgje av eit marint vern.

Fiske og tarehausting
Fylkesmannen registrerer at mange er opptekne av fiskeressursane i området, og er bekymra for framtidige restriksjonar, men peiker på at det ikkje er motstrid mellom marin verneplan og tradisjonelt fiske. Stortare er ein svært sentral verneverdi i Krossfjorden, og taretråling har knapt funne stad her nokon gong. Fylkesmannen føreslår difor at forslaget om forbod mot tarehausting i verneområdet blir vidareført.

Skjelsanduttak
Fylkesmannen meiner opptak av skjelsand i eit marint verneområde bør vere heilt forbode. Framtidige konsesjonar bør lokaliserast utanfor verneområdet.

3.5. Sakshandsaming i etterkant av Fylkesmannen si tilråding

Fylkesmannen har på bakgrunn av møte med kommunane 29. januar 2019, og førespurnad frå Miljødirektoratet, ved brev av 31. mai 2019 oversendt eit nytt avgrensingsforslag for Krossfjorden. Eksisterande akvakulturverksemd blir her halde utanfor verneforslaget. Fylkesmannen peiker på at denne endringa ikkje skal forståast slik at akvakulturverksemd ikkje kjem til å bli akseptert innanfor dei reviderte grensene.

Miljødirektoratet har elles spurt Forsvarsbygg om nærare opplysningar om Forsvaret si verksemd i området, medrekna lokalisering av sprengingsfelt og eventuelle aktivitetar som ikkje fell inn under dei generelle unntaka i § 4 i forslaget til verneforskrift. Forsvarsbygg peiker i brev av 3. mai 2019 på at verneforslaget overlappar med Forsvaret sitt skyte- og øvingsfelt V11, som nyttast til øving og trening og er eit unikt område som ikkje vil kunne erstattast med tilsvarande øvingsfasilitetar i denne delen av landet, bl.a. på grunn av nærleik til Haakonsvern orlogsstasjon. I motsetnad til mange andre skyte- og øvingsfelt, gir Korsnes fort rom for kombinert aktivitet mellom sjø og land. Behovet kan og vil bli utvida, både når det gjeld øving og trening og aktivitetar som kjem inn under omgrepet militær operativ verksemd. Forsvarsbygg ber difor om at verneplanen blir avgrensa på ein slik måte at den ikkje kjem i konflikt med felt V11.

3.6. Miljødirektoratet si tilråding

Miljødirektoratet sendte sin tilråding til Klima- og miljødepartementet i brev av 7. juni 2019.

Akvakultur
Miljødirektoratet viser til uttalen frå Fiskeridirektoratet region Vest om at vern kan få store konsekvensar for akvakulturverksemder i området. Fleire eksisterande akvakulturanlegg låg like innanfor eller i randsona av det opphavlege verneforslaget. Det er mogleg å halde desse anlegga utanfor ved ein relativt liten arealreduksjon, og som etter Miljødirektoratet si vurdering ikkje har vesentleg betydning for føremålet med vernet. Miljødirektoratet tilrår difor at avgrensinga blir endra, i tråd med nytt forslag frå Fylkesmannen, slik at eksisterande verksemd blir halde utanfor verneforslaget. Dette vil innebere at arealet reduserast frå 207 km2 til 192,8 km2. Miljødirektoratet vurderer er at dette vil redusere moglege negative verknader for akvakulturnæringa.

Fiske og tarehausting
Etter direktoratet si vurdering vil verneforslaget få ubetydelege konsekvensar for dagens fiske. Krossfjorden har store førekomstar av stortare. Miljødirektoratet noterer at det ikkje går føre seg tråling etter tare i Krossfjorden i dag. Tareskog utgjer ein særs viktig komponent i det undersjøiske naturmiljøet. Det går fram av verneføremålet at området skal tene som referanseområde mellom anna for å studere effektane av tarehausting, og det er spesifikt nemnt at området har store areal med tareskog som aldri har vore kommersielt hausta. Eit forbod mot tarehausting er difor vurdert å få stor positiv betydning for verneføremål og -verdiar, samstundes som vurderinga er at det  ikkje får negative konsekvensar for dagens tarenæring.

Skjelsanduttak
Miljødirektoratet viser til at eit forbod mot skjelsanduttak, i tråd med høyringsframlegget og Fylkesmannen si tilråding, er vurdert å ha stor positiv betydning for verneføremål og –verdiar, og utgjer eit viktig element i arbeidet med å bevare eit utval av naturområde som viser variasjonsbreidda i norsk natur.

Forsvarets verksemd
Miljødirektoratet viser til den nye uttalen frå Forsvarsbygg, som ber om at verneplanen vert avgrensa slik at den ikkje kjem i konflikt med Forsvarets skyte- og øvingsfelt V11. Ei avgrensing som gjer at skyte- og øvingsfelt V11 vert halde utanfor verneforslaget, vil i praksis innebere at heile den indre delen av forslaget må takast ut. Den indre delen utgjer ein sentral del av grunnlaget for verneforslaget og føremålet med vern, er viktig for variasjonsbreidda når det gjeld naturtilhøve og naturtypar innanfor verneforslaget, og femner om spesielle verneverdiar som mellom anna korallrev og kalkalgar. Ein slik reduksjon av arealet vil i betydeleg grad svekke måloppnåinga når det gjeld representativ bevaring av marin natur. Miljødirektoratet finn ikkje å kunne tilrå ei slik endring. Avgrensa delar av dei areala som overlappar med skyte- og øvingsfeltet blir likevel tilrådd tatt ut frå verneforslaget av omsyn til eksisterande akvakulturverksemd.

Forslaget til verneforskrift inneheld generelle unntak for mellom anna militær operativ verksemd og ferdsel med båt eller andre fartøy. For å fange opp eventuelle aktivitetar som ikkje fell inn under unntaka i § 4, tilrår Miljødirektoratet at det i § 5 blir tatt inn ein spesifisert dispensasjonsregel for «bruk av eksisterande skyte- og øvingsfelt som ikkje fell inn under § 4 bokstav a."

Forvaltning
Sidan det føreslegne verneområdet stekkjer seg over fleire kommunar, blir det i utgangspunktet lagt opp til at forvaltningsmyndigheita blir lagt til Statsforvaltaren.

3.7. Sakshandsaming i etterkant av Miljødirektoratet si tilråding

Klima- og miljødepartementet ba i brev av 6. juli 2020 Miljødirektoratet om å gi supplerande vurderingar på einskilde punkt knytt til dei foreslegne marine verneområda Krossfjorden og Ytre Hardangerfjorden i Vestland fylke og Børgin i Trøndelag fylke. Direktoratet skulle ha kontakt med aktuelle kommunar, fylkeskommunen og Fylkesmannen (seinare Statsforvaltaren) som ein del av dette arbeidet. For Krossfjorden var det også behov for ytterlegare kontakt med Forsvaret.

Møte om Krossfjorden, der kommunane Austevoll, Bergen, Bjørnafjorden og Øygarden, samt Statsforvaltaren i Vestland deltok, blei haldt 30. april 2021. Vestland fylkeskommune meldte forfall til møtet. Eit separat møte med Forsvarsbygg blei haldt 12. mai 2021. Kommunane og Forsvarsbygg blei dessutan invitert til å ettersende skriftlege innspel i saka.

Kommunane opprettheldt på møtet og i sine skriftlege innspel i hovudsak sine merknadar frå høyringa. Bergen kommune støttar til vern av Krossfjorden, noko som også er gjentatt i eit eige brev av 2. august 2022 til Klima- og miljødepartementet. Kommunane Austevoll, Bjørnafjorden og Øygarden gir uttrykk for bekymring for det føreslegne vernet, særleg når det gjeld konsekvensar for vidare utvikling av akvakulturnæringa lokalt. Det peikast også på at eit eventuelt marint verneområde bør bli forvalta lokalt, helst av kommunane sjølv. Øygarden kommune ønsker også at eit mindre område ved Stuvholmane utanfor Telavåg tas ut av verneforslaget, fordi det er eit oppdrettsanlegg med konsesjon der.

Miljødirektoratet viser i eit oppsummerande brev av 25. juni 2021 til Klima- og miljødepartementet til sine tidlegare vurderingar på desse punkta. Det visast særleg til at grensene for det føreslegne verneområdet bevisst skulle vere trekt slik at eksisterande akvakulturanlegg ikkje er omfatta av verneforslaget. Når det gjeld området Øygarden kommune ønsker haldt utanfor verneforslaget av omsyn til eit akvakulturanlegg med konsesjon, viser direktoratet til at området ligg like innanfor verneområdet og at direktoratet kan justere vernekartet dersom departementet ønsker å endre verneforslaget på dette punktet. Det er også tatt inn ein spesifikk dispensasjonsregel for akvakultur, slik at det innanfor verneområdet kan gjevast løyve til å drive akvakulturverksemd som ikkje er i strid med verneføremålet.  

Forsvarsbygg har klargjort at sprengingsaktivitet ikkje skjer innanfor det føreslegne verneområdet, og det er semje om at Forsvarets aktivitet og ferdsel ikkje synast å vere av ein slik karakter at den ikkje synast å vere ei belasting på verneområdet. Forsvarsbygg vurderer likevel at det er behov for at eit generelt unntak for bruk av det eksisterande skyte- og øvingsfeltet, og at unntaket ikkje bør vere avgrensa til eksisterande bruk. Miljødirektoratet peiker på at eit unntak som opnar for ny og utvida bruk, kan ha konsekvensar som mogeleg påverknad på undersjøisk naturmangfald og verneverdiar. Dette er såleis eit spørsmål som bør vurderast nærare av departementet i samband med sluttbehandlinga av forslaget.

4. Klima- og miljødepartementets vurderingar

4.1. Nærare om vern som verkemiddel

Marint vern etter naturmangfaldlova skal bidra til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar langs kysten og i territorialfarvatnet blir tatt vare på for framtida, jf. også Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur, jf. Innst. 557 S (2020-2021) ), samt Meld. St. 35 (2023–2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur - Norsk handlingsplan for naturmangfold (naturmeldingen). Områda skal – saman med areal som er beskytta etter anna lovverk – danne eit nettverk av verna og beskytta område som skal ta vare på økosystem og naturverdiar. Områda skal dekkje variasjonsbreidda i norsk marin natur. Det blir vidare lagt til grunn at arbeidet med marin verneplan frå 2004 skal halde fram, samtidig som det skal arbeidast med å supplere planen med nye område.

Krossfjorden er blant dei 36 områda som blei peika ut som kandidatområde i marin verneplan frå 2004. Vern av området blir vurdert å ha positive effektar både for det aktuelle området, og som ein del av en større heilskap, der området inngår i eit nettverk av marine verneområde og beskytta område. Området har naturverdiar som gjer at gjennomføring av vern vil bidra til å oppfylle både nasjonale og internasjonale mål om vern.

Bruk av sektorverkemiddel, som beskyttelse etter havressurslova mot fiskeriverksemd som kan skade verneverdiane, kan vere eit aktuelt alternativ til vern dersom det blir vurdert som tilstrekkeleg å beskytte naturverdiane mot ein enkelt aktivitet eller påverknad. Marine område der beskyttelsen berre består av nærare reglar om utøving av fiske, blir fastsett etter havressurslova, jf. naturmangfaldlova § 39. I dette tilfellet er det behov for og sjølve føremålet bak vernet å beskytte naturverdiane mot ulike påverknader og på tvers av sektorar. Områdevern etter naturmangfaldlova vil då vere det aktuelle verkemiddelet.

4.2. Nærare om verneforskrifta

Departementet sluttar seg i hovudsak til Miljødirektoratet sitt forslag til verneforskrift, med nokre mindre justeringar, inkludert nokre justeringar av lovtekniske karakter.

Verneføremål
Føremålet med vernet i forskrifta § 1 vil vere styrande for kva som kan tillatast i området, i tråd med andre reglar i forskrifta.

Geografisk avgrensing
Departementet sluttar seg til Miljødirektoratet sitt forslag til avgrensing av området, slik det er angjeve i forskrifta § 2 og i vedlagt vernekart. Departementet viser i samband med dette til at området Øygarden kommune ønska tatt ut av området av omsyn til eit akvakulturanlegg med konsesjon, no er haldt utanfor området.  

Vernereglar
I det marine verneområdet må ingen setje i verk noko som skadar verneverdiane nemnt i verneføremålet. Forskrifta § 3 presiserer at vegetasjon og dyreliv er verna mot skade og øydelegging, og gir ei ikkje uttømmande liste over tiltak som ikkje er tillatne i verneområdet.

Generelle unntak frå vernereglane
§ 4 inneheld generelle unntak frå vernereglane i § 3.

Departementet viser til at det i dette tilfellet er behov for eit generelt unntak knytt til bruk av militært skyte- og øvingsfelt. Det er tidlegare gjort unntak for eksisterande bruk av slike felt, bl.a. innanfor Jærkysten marine verneområde og Rauerfjorden marine verneområde. Departementet meiner difor at eit unntak med tilsvarande ordlyd bør bli tatt inn i verneforskrifta for Krossfjorden.  Departementet understrekar at ordlyden «eksisterande bruk» i dette tilfellet viser til bruk av feltet av hovudsakeleg tilsvarande art og karakter som i dag, altså militær skyte- og øvingsverksemd. Fråsegna vil ikkje vere til hinder for at bruken av feltet kan bli utvikla og endra noko over tid, forutsett at dette ikkje inneberer at bruken synast å vere av ein klart annan karakter enn det feltet blei brukt til på vernetidspunktet. Dersom bruken av feltet blir endra på ein slik måte at den synast å vere av ein hovudsakeleg ny karakter, vil det vere behov for å søke om dispensasjon etter § 5 første ledd bokstav o, jf. nærare omtale under.

Spesifiserte dispensasjonsreglar
§ 5 listar opp ulike aktuelle tiltak forvaltningsstyresmakta etter søknad kan gi dispensasjon til. Forvaltningsstyresmakta må då gjere ei konkret vurdering der tilhøvet til verneføremål og verneverdiar er styrande for avgjerda. Forvaltningsstyresmakta kan også sette vilkår for dispensasjonen for å sikre at verneverdiane ikkje blir påverka.

Det er etter § 5 bokstav l) anledning til å søke om dispensasjon for akvakultur som ikkje er i strid med verneføremålet. Forvaltningsstyresmakta kan difor gi løyve til akvakultur etter ei konkret vurdering av tilhøvet til verneføremålet. Det skal i sakshandsaminga etter verneforskrifta ikkje leggjast større hindringar på akvakulturverksend enn det som er naudsynt for å ivareta verneføremålet, og dispensasjon etter verneforskrifta skal gjevast så lenge det ikkje er motstrid mellom verneføremålet og tiltaket. I denne vurderinga vil det bl.a. vere av betyding om akvakulturaktiviteten blir antatt å føre med seg miljøskadelege utslepp av næringssalt og partiklar eller betydelege inngrep i sjøbotn. Normale forankringar som ikkje kjem i konflikt med sårbare arter eller habitat på sjøbotnen vil som hovudregel ikkje vere å rekne som betydelege inngrep i denne samanhengen.

Departementet har merka seg at Forsvarsbygg har peika på at det eventuelt kan bli behov for å utvide bruken av området ut over det som kan bli rekna som «eksisterande bruk», jf. nærare omtale over. På denne bakgrunn føreslår departementet at forskrifta i tillegg skal innehalde ein spesifisert dispensasjonsregel, som foreslått i § 5 bokstav o, som legg til rette for at ein kan søke om dispensasjon dersom det blir aktuelt med ei slik utviding. Departementet viser til at det berre er ved meir omfattande endringar av bruken at det vil vere behov for å søke om dispensasjon etter denne fråsegna. Normale justeringar av korleis verksemda knytt til skyte- og øvingsfeltet blir utøva, vil falle inn under unntaket i § 4 første ledd bokstav b. Departementet gjer også merksam på at Forsvarets aktivitet i området kan innebere behov for skjerming som kan vere til hinder for ulike former for aktivitet innanfor verneområdet. Dette er omsyn som blir ivaretatt særleg gjennom sikkerheitslova med tilhøyrande forskrifter. 

Departementet understrekar vidare at ved behandling av søknadar om dispensasjon for etablering av navigasjonsinstallasjonar og andre farleikstiltak, skal det leggjast stor vekt på omsynet til ivaretakinga av sjøsikkerheit. Dispensasjon skal gjevast så lenge det ikkje er motstrid mellom verneføremålet og tiltaket.

Generelle dispensasjonsreglar
§ 6 viser til at forvaltningsstyresmakta også kan gjere unntak frå forskrifta dersom det er i strid med vernevedtaket sitt føremål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom tryggleiksomsyn eller omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, i samsvar med naturmangfaldlova § 48. Denne generelle dispensasjonsregelen er i forarbeida til naturmangfaldlova omtala som ein «sikkerhetsventil som skal fange opp uforutsette tilfeller eller spesielle/særlige tilfeller som ikke ble vurdert på vernetidspunktet» (Ot.prp. nr. 52 (2008–2009)).

Forvaltning
Forskrifta §§ 7-10 gir nærare reglar om skjøtsel, forvaltningsplan og forvaltningsstyresmakt. Sidan det føreslegne verneområdet strekkjer seg over fleire kommunar, er det i utgangspunktet naturleg at forvaltningsstyresmakta blir lagt til Statsforvaltaren. Departementet understeker at forvaltninga likevel må skje i nær kontaktmed dei aktuelle kommunane.

Iverksetjing

Det vert føreslått at forskrifta tek til å gjelde straks.

4.3. Nærare om samfunnsøkonomiske konsekvensar

Det føreslegne Krossfjorden marine verneområde har som nemnd eit særprega biologisk mangfald knytt til havbotnen, i form av bl.a. korallrev, særprega kalkalgar og store areal med tareskog. Området er også eit viktig oppvekst- og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Vern av dette området er vurdert å innebere ein stor positiv konsekvens for korallar, og vidare også positiv konsekvens for strand og kystsone, sjøfugl/sjøpattedyr og fisk/plankton.

Vern av området vil på denne bakgrunn innebere eit vesentleg bidrag til arbeidet med representativ bevaring av marin natur, og til å nå nasjonale og internasjonale mål knytt til bevaring av marin natur.

Klimaendringar og forsuring av havet er eit aukande trugsmål framover for alle havområde. Særleg relevant i denne samanhengen er førekomstane av stortare, som effektivt tar opp og lagrar CO2. Vern av området sikrar elles ikkje naturmangfaldet mot klimaendringar, men kan ved at andre påverknadsfaktorar reduserast eller regulerast, gjere at området står betre rusta mot uheldige effektar av klimaendringar. FNs klimapanel har peika på at sjølv om marine verneområde ikkje kan forhindre ekstremhendingar som marine hetebølgjer, kan dei gi marine plantar og dyr ei betre moglegheit til å tilpasse seg klimaendringane utan å måtte ta omsyn til andre stressfaktorar.

Verneforslaget er også vurdert å ha viktige positive verknader for framtidig forsking og kunnskapsinnsamling. Det visast her til at området skal tene som referanseområde for å studere effektane av tarehausting og reketråling.

Restriksjonane som er føreslått er tilpassa verneføremål og dei verneverdiane ein ønsker å ta vare på, og avvegingar som er gjort mot andre samfunnsinteresser i lys av bl.a. høyringsrunda og samfunnsøkonomiske vurderingar. Gjennom verneforskrifta er det opna for å gi dispensasjon til ulike typar tiltak. Ved behandling av dispensasjonssøknadar vil påverknad på verneverdiar og verneføremål bli vurdert, og det vil kunne bli satt vilkår av omsyn til dette. Prinsippa i naturmangfaldlova vil bli vurdert og vektlagde ved handsaming av søknadar om dispensasjon frå verneforskrifta og i arbeidet med forvaltningsplan.

I forslag til verneforskrift blir det i liten grad lagt restriksjonar på pågåande aktivitetar. Verneforslaget blir på denne bakgrunn vurdert å ha små konsekvensar for dagens næringsliv, lokalbefolkning og offentlege styresmaktar. Det er meir utfordrande å vurdere konsekvensar verneforslaget kan ha for verksemd som ikkje er planlagt per i dag, og der ein eventuelt må søke om dispensasjon, eller der aktiviteten er forboden i verneforskrifta. I mange tilfelle vil det vere mogleg å finne tilgjengelege alternative lokasjonar utanfor verneområdet. Omsyna som er tatt undervegs i verneprosessen, bidrar også til å redusere moglege negative konsekvensar for eventuell framtidig verksemd.

I Krossfjorden har særleg tilhøvet til mogleg framtidig utvikling av akvakulturnæringa vore aktuelt. Her er grensene for det føreslegne verneområdet trekt slik at eksisterande anlegg ikkje er omfatta, og også slik at bl.a. flytting av anlegg, som det har vore peika på at er aktuelt, vil vere mogleg utan at desse hamnar innanfor verneområdet. Forvaltningsstyresmakta kan også etter ei konkret vurdering gi løyve til akvakulturverksemd innanfor verneområdet når denne ikkje vurderast å vere i strid med verneføremålet. Dette inneber at vernet i seg sjølv ikkje vil hindre at akvakulturnæringa held fram å utvikle seg også lokalt i Krossfjorden, men innanfor verneområdet vil verneforskrifta sikre at dette eventuelt gjerast på ein slik måte at dei særlege naturverdiane i området ikkje blir negativt påverka. 

Samla sett har avvegingane og endringane som er gjort undervegs i prosessen bidratt til å redusere samfunnsøkonomiske kostnadar ved verneforslaget, utan at dette vurderast å få vesentlege negative konsekvensar for føremålet med vernet. I eit samfunnsperspektiv blir forslaget vurdert å ha klare positive konsekvensar for naturverdiane lokalt, regionalt og nasjonalt, samstundes som dei negative konsekvensane ved verneforslaget blir vurdert å vere små.

4.4. Budsjettmessige konsekvensar

Forvaltningsplan for området må gjerast ferdig så snart som mogeleg etter vernevedtak, slik at ein har eit godt planverktøy for å forvalte verneområdet. I samband med dette kan det også vere behov for nærare kartlegging av naturmangfaldet, som grunnlag både for overvaking av tilstand, vurdering av tiltak for å ivareta verneverdiane og behandling av dispensasjonssøknadar. I sum vil dette bidra til ei meir treffsikker forvaltning av verneområdet.

Kostnadar ved å utarbeide forvaltningsplan varierer frå område til område, og avheng bl.a. av områdets storleik og kompleksitet når det gjeld brukarinteresser. Erfaringstal frå arbeid med forvaltningsplanar for dei marine verneområda Gaulosen, Rødberget og Saltstraumen, tilseier ein kostnad i storleiksorden 0,2-0,4 mill. kr. Det tilgjengelege verktøyet forvaltningsplan på nett for verneområde (FPNV), er forventa å forenkle og effektivisere arbeidet med forvaltningsplanar.

Kostnadar ved kartlegging av naturmangfaldet varierer også frå område til område, og avhenger av området sin storleik, kompleksitet når det gjeld naturtilhøve og kor detaljert kartlegging det blir lagt opp til. Ein annan faktor er kor detaljert områda er kartlagt på førehand. For å oppnå ei treffsikker forvaltning, krevst det meir detaljerte kartleggingar. Til dømes var kostnaden ved kartlegging av Saltstraumen marine verneområde på ca. 1 mill. kr.

Utarbeiding av forvaltningsplanar blir finansiert over kap. 1420.21. Kartlegging kan finansierast over kap. 1420.36.

Eventuelle utgifter til erstatning og gjennomføring av ein eventuell erstatningsprosess, samt merking og oppsetting av skilt, dekkast under kap. 1420.36. Når det gjeld marint vern, er utgiftene pr. område no anslått til 0,2 mill. kr i gjennomsnitt.

Kostnadane blir dekt innanfor aktuelle budsjettpostar og eksisterande budsjettrammer.

 

Klima- og miljødepartementet

t i l r å r:

Forskrift om vern av Krossfjorden marine verneområde i Øygarden, Austevoll, Bjørnafjorden  og Bergen kommunar, Vestland blir fastsett i samsvar med vedlagte forslag.