Forskrift om vern av Ytre Hardangerfjorden marine verneområde
Kongeleg resolusjon | Dato: 13.02.2026 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet føreslår med dette å opprette Ytre Hardangerfjorden marine verneområde, i kommunane Tysnes, Stord, og Kvinnherad, Vestland fylke.
1. Innleiing
Klima- og miljødepartementet føreslår med dette å opprette Ytre Hardangerfjorden marine verneområde, i kommunane Tysnes, Stord, og Kvinnherad, Vestland fylke. Verneforslaget omfattar eit sjøareal på ca. 67,8 km2. Forslaget omfattar ikkje privat grunn.
Ytre Hardangerfjorden blir føreslått verna som marint verneområde med heimel i naturmangfaldlova § 39, noko som inneber at forskrifta skal fastsetjast av Kongen i Statsråd. Det føreslegne området tilfredsstiller vilkåra i § 39 bokstavane b, c, e, f og g då det:
b) inneheld trua, sjeldan eller sårbar natur
c) representerer ein bestemt type natur
e) utgjer ein spesiell geologisk førekomst
f) har særskilt naturvitskapleg verdi
g) har særskilt betydning som økologisk funksjonsområde for ein eller fleire nærmare bestemte artar
Vern av det føreslegne området bidreg til å oppfylle nasjonale og internasjonale mål og plikter, jf. naturmangfaldlova § 46. Vern av området vil bidra til å oppfylle følgjande nasjonale mål under resultatområdet Naturmangfald, jf. Prop. 1 S (2024-2025) for Klima- og miljødepartementet: "Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar". Vern vil også bidra til dei nasjonale måla om bevaring av økosystem og artar og naturtypar.
Vidare vil vern av området bidra i gjennomføringa av internasjonale mål knytt til marint vern, bl.a. Verdsmåla for ei berekraftig utviklinga (berekraftsmåla), og under Konvensjonen om biologisk mangfald (CBD) og Konvensjonen om bevaring av det marine miljø i Nordaust-Atlanteren (OSPAR). Etter vedtatt vern vil marine verneområde etter naturmangfaldlova bli rapportert til OSPARs liste over "Marine protected areas".
Det føreslegne verneområdet skal vidare bidra til å nå dei lovfesta måla for områdevern i naturmangfaldlova § 33, irekna mål knytt til:
a) variasjonsbreidda av naturtypar og landskap
b) artar og genetisk mangfald
h) referanseområde for å følgje utviklinga i naturen
Verneforslaget er utarbeida i tråd med reglane i naturmangfaldlova, forvaltningslova og utgreiingsinstruksen. Verneprosessen er også gjennomført i samsvar med rundskriv T-2/15 om sakshandsamingsreglar ved områdevern etter naturmangfaldlova og etter forvaltningslova. Alminneleg høyring er gjennomført av dåverande Fylkesmannen i Hordaland. Saka er også lagt fram for relevante departement i tråd med utgreiingsinstruksen. Prosessen har vore inkluderande. Gjennom verneplanprosessen er det gjort ei avveging mellom verneinteresser og andre brukar- og samfunnsinteresser, og verneforslaget er i størst mogleg grad tilpassa dei ulike brukarinteressene i området.
2. Nærare om området
Det føreslegne Ytre Hardangerfjorden marine verneområde ligg i Tysnes, Stord, og Kvinnherad kommunar, i Vestland fylke. Området ligg tvers over Hardangerfjorden frå Ånuglo og ut mot Klosterfjorden og omfattar eit sjøareal på om lag 67,8 km2. Med unntak av nærområda til industristaden Husnes og indre og ytre kryssing av Hardangerfjorden følgjer avgrensinga utan unntak 2 m djupne.
Det ligg tre sjøfuglreservat i området, og eitt til like utanfor. Det er i tillegg to andre verneområde som grensar ned mot området, mellom anna skogreservatet Ånuglo naturreservat. I aktuelle kommuneplanar er området hovudsakleg satt av til akvakultur, ferdsel, fiske, natur og friluftsliv og natur- og friluftsområde.
2.1. Naturforhold og verneverdiar
Føremålet med Ytre Hardangerfjorden marine verneområde er å ta vare på eit spesielt og djupt kystområde med særeigne naturforhald. Ein stor undersjøisk morenerygg og sterk straum gir gode tilhøve for eit rikt og mangfaldig dyreliv med mellom anna førekomstar av korallar og svampar, store førekomstar av fjørstjerna lofotsjølilje Rhizocrinus lofotensis, og den sjeldne hornkorallen Isidella lofotensis, samt mykje av brislingbestanden i Hardangerfjorden i delar av året. Området er også eit regionalt viktig gytefelt for torsk og viktige oppvekst- og beiteområde for kysttorsk.
Området er omgitt av vakker og særprega natur på land, som fortsett under havet. Den undersjøiske morenen er ei del av Raet som vi elles finn oversjøisk mange andre stader i Sør-Noreg. Innafor moreneryggen er fjorden meir enn 500 meter djup. Fleire av artane ein finn her har i utgangspunktet ei langt meir nordleg utbreiing. Området har fleire store veggrev med korallar. Havforskingsinstituttet oppdaga i 2019 korallrevet «Bukkarevet»", som ligg nært land og like innanfor forslag til avgrensing. «Bukkarevet» strekkjer seg fleire hundre meter i kvar retning, og er det største dokumenterte korallrevet på Vestlandet.
2.2. Andre interesser knytt til det føreslegne verneområdet
Den ytre delen av Hardangerfjorden er sterkt fokusert i akvakultursamanheng, og det ligg to anlegg innanfor verneforslaget. Det følger av verneforskrifta at drift og vedlikehald av desse kan halde fram.
Fritidsfiske er omfattande og høgt skatta av folk som bur langsmed fjorden. Yrkesfiske er i dag mindre utbreidd, men fiske etter fjordbrisling skjer framleis i nokre tilfelle. Hardangerfjorden har lange tradisjonar for dette fisket, som i dag er lite grunna låg brislingbestand. Fleire kystfiskarar nyttar også området til fangst av sjøkreps med ruse, og teinefiske etter krabbe og hummar.
Det ligg fleire sjøkablar på botnen gjennom området, og det er søkt om løyve til ein ny større kabel på langs av Hardangerfjorden (North Connect). Eit omfattande tverrsamband med bru- eller tunnelløysing mellom Halsnøy og Huglo blir diskutert som ei mogelegheit i framtida.
Den maritime skipsindustrien i regionen er i ferd med å spesialisere seg på oppdrag som mellom anna inneber nedsetjing av spesielt store konstruksjonar på sjøbotnen, noko som krev tilgang til eigna havområde av ulike djupner. Slike prosjekt kan påverke havbotnen vesentleg. Grensene for det føreslegne verneområdet har blitt endra i løpet av verneprosessen slik at denne aktiviteten kan halde fram utanfor verneområdet.
Ytre Hardangerfjorden har også omfattande båttrafikk, mellom anna av båtar som skal til og frå industristaden i Odda med last.
Hardangerfjorden blir rekna som ikonisk i landskapssamanheng og også når det gjeld lokal historie, og turistnæringa er i dag særs viktig. Tilstrøyminga av turistar er aukande, og det er ofte naturkvalitetane som trekk dei mot Hardanger. Den marine forskinga i dag er mykje konsentrert kring nyoppdaga og viktige korallrev, men fjorden så vel som isbreen på Folgefonna er også sentral i pågåande klimaforsking.
3. Verneprosessen
3.1. Bakgrunn
Det føreslegne marine verneområdet var blant dei 36 kandidatområda for marint vern som blei peika ut i tilrådinga frå Rådgjevande utval for marin verneplan. Utvalet var breitt samansett og blei satt ned av dåverande Miljøverndepartementet i samråd med dåverande Fiskeridepartementet og Olje- og energidepartementet i 2001. På bakgrunn av bl.a. analyse av utbreiinga til botnlevande marine artar blei kysten delt inn i tre biogeografiske regionar. Potensielle område blei delt inn i seks kategoriar. Utvalet la vekt på at det skulle bli valt ut område frå kvar av dei seks kategoriane innan kvar av dei tre biogeografiske regionane. Utvalet peika på at det vil ta mange år før ein har god oversikt over det biologiske mangfaldet i våre marine område, og la til grunn at det er kjend at det er ein samanheng mellom førekomstar av planter og dyr og botntilhøva generelt. Ulike organismar finst på mudderbotn, sandbotn, stein- og grusbotn og fjellbotn. Andre fysiske miljøtilhøve, som lys, djupne, saltinnhald og havstraumar, spelar også avgjerande roller for
Utvalet gav si endelege tilråding i 2004. Utvalet vurderte at dei 36 områda til saman representerte eit godt og balansert utval av undersjøisk natur frå kysten og skjergarden. Det blei lagt vekt på at områda skulle vere særeigne og representative sett i tilhøve til regionar og kyststrekningar. Det blei også lagt vekt på at områda skulle vere lite påverka og at dei kunne tene som referanseområde for forsking og overvaking.
3.2. Kunngjering og oppstart
Melding om oppstart av verneprosessen for Ytre Hardangerfjorden blei sendt frå dåverande Fylkesmannen i Hordaland 26. mars 2015. Meldinga blei kunngjort lokalt og send til lokale og regionale høyringsinstansar. I meldingsfasen gjennomførte Fylkesmannen møte med mellom anna dei involverte kommunane, og inviterte elles til opne informasjonsmøte.
I oppstartsmeldinga vart det orientert om at Fylkesmannen ville vere tilgjengeleg for å orientere om prosessen på møte eller arrangement med instansar som bad om det. Det blei haldt ei rekke slike møte, bl.a. med to regionsråd, ulike oppdrettsfirma/-organisasjonar og framdriftsmøte for arbeidet med Kystsoneplan i Sunnhordland i regi av tidlegare Hordaland fylkeskommune.
Oppsummering av innspela frå denne oppstartsmeldinga blei gjort i 2016 og var eit viktig grunnlag for den etterfølgjande høyringa. Brev med fagleg gjennomgang av verneplanutkast blei send frå Miljødirektoratet til Fylkesmannen 14. oktober 2016.
3.3. Høyring
Verneforslaget for Ytre Hardangerfjorden blei send på høyring 13. februar 2017, med høyringsfrist 2. mai 2017. Ei rekke instansar fekk utsett denne fristen for at dei skulle få handsame verneplanen politisk eller på styremøte.
Følgjande 158 organisasjonar og instansar har fått verneforslaget på høyring:
Lindås kommune, Radøy kommune, Austrheim kommune, Sund kommune, Austevoll kommune, Bergen kommune, Os kommune, Kvinnherad kommune, Tysnes kommune, Stord kommune, 1dykkeklubb, A/S Norske Shell, Artsdatabanken, Audun Jacobsen, Austefjorden Smolt as, Austevoll Fiskarlag, Austevoll Kraftlag SA, Austevoll kyst- og sogelag, Austevoll Seaweed farm AS, Avinor AS, Bellona, Bergen Fiskarlag, Bergen og Omegn Havnevesen, Bergen Seilforening, Bioforsk, BKK, BOF, BSI Padling, Den Norske Turistforening, Direktoratet for mineralforvaltning, DNT Hordaland, Fana Kajakklubb, Fiskarlaget Vest, Fiskebåt, Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond, Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening, Fiskeridirektoratet, Fitjar Kraftlag, Fjelberg Fjordbruk AS, Fjellvar AS, Fjordfiskernes forening, FMC Biopolymer, Forbundet KYSTEN, Forsvaret, Forsvarsbygg, Fortidsminneforeningen Bergen og Hordaland, Forum for natur og friluftsliv, Framtiden i våre hender, Friluftslivets fellesorganisasjon, Friluftsrådenes Landsforbund, Fritidsfiskeforening, Fylkenes fisk AS, Greenpeace, Hardanger Kajakk Klubb, Havforskningsinstituttet, Havstril Padleklubb, Hordaland bonde- og småbrukarlag, Hordaland Bondelag, Hordaland fylkeskommune, Hordaland fylkeskystlag, Hordaland Røde kors, Hordvik Padle klubb, IMC Diving AS, Bjørn Isdal, KGL. Norsk Båtforbund, KS, Kvinnherad Energi, Kvinnherad kystlag, Kvinnherad og Hardanger fiskarlag, Kystverket, Lerøy vest as, Lingalaks as, LO, Luftfartstilsynet, Marinbiologisk stasjon Espegrend, Mattilsynet, Midthordaland fiskarlag, Milde Båtlag Bergen, Miljødirektoratet, Natur og Ungdom, Naturvernforbundet Hordaland lokallag, Nemo Classic Diving, Nesfossen Smolt AS, NGIR, NHO, NHO Reiseliv, NIVA region vest, NJFF Hordaland, Njørd ro og kajakklubb, NOF Hordaland, Norconsult, Nordhordland kraftlag, Nordhordland padleklubb, Nordhordaland Seilforening, Nordsjø fjordbruk AS, Norges bondelag, Norges dykkeforbund, Norges fiskarlag hovedadministrasjon, Norges geologiske undersøkelser, Norges handicapforbund, Norges indrettsforbund, Norges Jeger- og Fiskerforbund, Norges Kystfiskarlag, Norges Luftsportsforbund, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, Norges Miljøvernforbund, Norges naturvernforbund, Norges Orienteringsforbund, Norges Padleforbund, Norge Seilforbund, Norhordaland fiskarlag, Norsk Biologforening, Norges Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Botanisk Forening, Norsk Industri, Norsk institutt for naturforskning NINA, Norsk institutt for vannforskning NIVA, Norsk Ornitologisk Forening, Norsk Surfforbund, Norsk zoologisk forening, Norsk sjømatbedrifters landsforening, Norskjell AS, NTNU, NVE, Oljedirektoratet, Oljeindustriens Landsforening, Onarheim bruk AS, Os padleklubb, Riksantikvaren (Direktoratet for kulturminneforvaltning), Rådgivende Biologer AS, SABIMA, Sivilforsvaret, Sjøfartsdirektoratet, Sjøtroll havbruk AS, SKL, Skog og landskap, Sotra fiskeindustri AS, Statens Kartverk, Statens Kartverk Bergen, Statens Kartverk sjødivisjon, Statens vegvesen region vest, Statkraft, Statnett, Statskog, Stord Seilforening, Studentenes Undervannsklubb, Sund kystlag, Sunnhordaland fiskarlag, Taretrålfiskernes Forening, Telavåg fiskemottak AS, Telavåg fiskeoppdrett AS, Troland lakseoppdrett AS, Tysnes fjordbruk AS, Tysnes kystlag, UiT Norges arktiske universitet, Uni Miljø, Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo Biologisk institutt, Universitetsmuseet i Bergen Universitetet i Bergen, Vegdirektoratet, Vestnorsk havbrukslag FHL, Viking fjord AS, WWF-Norge, Øygarden havkajakk klubb, Øygarden og Sotra fiskarlag, Åsane Seilforening, Asplan Viak.
33 høyringsinstansar hadde merknadar til framlegget.
I etterkant av høyringa har Hordaland fylke blitt ein del av Vestland fylke og fleire kommunar har slått seg saman og endre namn. Høyringsinstansane vert likevel omtala ved det namnet dei hadde på høyringstidspunktet.
Generelt
Hordaland fylkeskommune tilrår ikkje vern av Ytre Hardangerfjorden av omsyn til eksisterande og framtidig akvakulturverksemd. Alternativt kan området avgrensast for ikkje å kome i konflikt med etablerte lokalitetar for akvakultur.
Stord kommune uttrykte seg positivt til vern i oppstartsmeldinga, men bad om at vernet ikkje legg opp til unødige restriksjonar for næringsliv og samfunnsnyttige føremål.
Tysnes kommune er negativ til vern og meiner at dagens arealforvalting er god nok. Kommunen vil ikkje at næringsutviklinga i området skal bli hemma.
Kvinnherad kommune meiner at kommunen sjølv kan forvalte naturmangfaldet på ein god måte gjennom arealdelen til kommuneplanen, samt ved handsaming av einskildsaker gjennom ulike lovverk.
Akvakultur
Hordaland fylkeskommune, Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Tysnes kommune og Kvinnherad kommune meiner at verneforskrifta vil få store konsekvensar for akvakulturverksemder i området.
Fiskeridirektoratet region Vest viser til at det er eit betydeleg omfang av akvakulturverksemd som er etablert i Ytre Hardangerfjorden, og reknar med at framlegg til vern vil få store konsekvensar for akvakulturverksemder i området. Dei legg fram kart som viser at det er eit betydeleg omfang av akvakulturverksemd som er etablert innanfor og i randsona av framlegget til verneområde.
Sjømat Norge ser at det kan vere behov for å verne om korallførekomstane i området, men ber om at grensene vert justerte slik at eksisterande akvakulturanlegg vert haldne utanfor eit marint vern.
Lerøy Sjøtroll er imot framlegget om marint vern ettersom dette legg beslag på viktige produksjonsareal for sjømat.
Salmon Group AS er oppteken av at havbaserte næringar skal kunne utvikle seg i takt med andre næringar, til liks med tilsvarande verksemd i resten av landet.
Alsaker Fjordbruk AS har to oppdrettsanlegg i kandidatområdet og er imot vern, med mindre vernegrensa vert justert slik at desse anlegga kjem utanfor verneområdet. Om ein ikkje kan innfri dette, meiner dei at havbruk og andre viktige samfunnsinteresser bør handterast i verneforskrifta på linje med det som gjeld for straumforsyning.
Linga Laks AS støttar etablering av marin verneplan dersom ein tek omsyn til — og legg til rette for — eksisterande og framtidig næringsliv. Firmaet har eitt oppdrettsanlegg i kandidatområdet, og ber om at grensa vert justert slik at i det minste den overflatiske delen av anlegget fysisk kjem utanfor vernegrensene.
Fiske og tarehausting
FMC Biopolymer registrerer at taretråling vert forbode i området. Dei kan ikkje sjå at det er trong for ytterlegare vern enn det som allereie er heimla i gjeldande hausteforskrift. Denne hausteforskrifta gjeld berre lenger ute på kysten, så industriell hausting av tare er faktisk allereie forbode i området i dag.
Oppankring
Kystverket viser til at dei sporadisk mottek søknader om oppankring av riggar og andre offshoreinstallasjonar i det aktuelle området, og at dette området er spesielt gunstig med tanke på botnforholda og lokalisering i forhold til sjøtrafikk, då dette ligg skjerma og det er liten kollisjonsfare. Dette gjeld ein bestemt del av området som Kystverket har kartfesta. Dei påpeiker vidare at det er eit stort behov for gode oppankringsplassar i Sunnhordland, og at kapasiteten i dei utpeikte rigg- og oppankringsområda er i mange tilfelle nådd. Det kan difor vere få andre alternative stader kor slik verksemd egnar seg, både regionalt og nasjonalt.
Undersjøiske kablar
Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) stadfestar at verneforslaget ikkje har konsekvensar for kjende energiressursar, og heller ikkje rører ved definerte utgreiingsområde for havvind. Dei minner og om at NorthConnect KS har interesser i området.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland meiner at samfunnsnyttige tiltak skal gå framfor vernestatus, med referanse til tankane om eit framtidig vegsamband mellom Kvinnherad og Stord/Tysnes.
3.4. Fylkesmannen si tilråding
Fylkesmannen (no Statsforvaltaren) sendte sin tilråding i saka til Miljødirektoratet i brev av 11. oktober 2017.
Akvakultur
Fylkesmannen noterer at langt dei fleste innvendingane mot verneforslaget er relatert til akvakultur, dels av bekymring for at eksisterande anlegg skal bli pålagt strenge vilkår på grunn av marint vern, dels av uvisse om korleis søknadar om nye anlegg vil bli handterte, og også bekymring for at det ikkje vil bli lov å ta nye teknikkar i bruk i framtida. Fylkesmannen har heile tida har gitt uttrykk for at akvakultur i området ikkje vil bli råka så lenge den ikkje er i strid med verneføremålet.
Fylkesmannen tilrår at grensa for verneområdet, i tråd med innspel frå Linga Laks AS, blir endra ved Husnes, slik at eit eksisterande oppdrettsanlegg blir liggjande utanfor området. Dette utgjer ein arealreduksjon på omlag 1 km2. Tilsvarande ønskje frå Alsaker Fjordbruk kan ikkje innfriast på same vis, då dette ville redusert omfanget av det føreslegne marine verneområdet sterkt.
Fiske og tarehausting
Fylkesmannen registrerer at mange er opptekne av fiskeressursane i området, og er bekymra for framtidige restriksjonar, men peiker på at det ikkje er motstrid mellom marin verneplan og tradisjonelt fiske. Området ligg godt utanfor det vedtekne regimet med haustingssonar for tare etter taretrålingsforskrifta.
Forvaltning
Det er ein klar føresetnad at vidare arbeid etter eit eventuelt vern skal skje i nært samråd og samhandling med involverte kommunar, relevante sektorstyresmakter og aktuelle næringsaktørar i området. Fylkesmannen peiker dessutan på at Folgefonnsenteret (opna 2017) har vatnet sitt kretslaup som hovudtema. Dette omfattar også kystvatnet i Hardangerfjorden. Det kan difor vere naturleg å utvikle eit samarbeid med Folgefonnsenteret i den daglege forvaltinga av området.
3.5. Sakshandsaming i etterkant av Fylkesmannen si tilråding
Miljødirektoratet ba i brev av 21. juni 2018 Fylkesmannen om å gjere ei ny vurdering av avgrensinga av Ytre Hardangerfjorden, i lys av den industrielle verksemda i området. Dette gjeld spesielt verksemder som arbeider med store modular i open sjø, kor Klosterfjorden og områda utanfor Hille vert rekna som særskilt veleigna for slike oppdrag.
I samband med dette har Fylkesmannen hatt dialog med Kværner. Fylkesmannen har ved brev av 11. april 2019 føreslege ei ny avgrensing av området Ytre Hardangerfjorden av omsyn til den industrielle verksemda. Kværner har kartfesta fire aktuelle område for nedsetting av offshore strukturar. Fylkesmannen sitt nye avgrensingsforslag inneber at tre av desse områda blir liggande utanfor verneforslaget. Forslaget inneber at arealet blir noko redusert samanlikna med høyringsframlegget. Fylkesmannen viser mellom anna til at denne endringa ikkje kjem i konflikt med kjende korallførekomstar og heller ikkje den undersjøiske moreneryggen.
I samband med det nye avgrensingsforslaget, har Fylkesmannen også gjort ei ny vurdering av spørsmålet om å endre avgrensinga av omsyn til to eksisterande akvakulturanlegg. Fylkesmannen finn ikkje å kunne tilrå dette då det vil redusere området sterkt i areal.
3.6. Miljødirektoratet si tilråding
Miljødirektoratet sendte si tilråding til Klima- og miljødepartementet i brev av 7. juni 2019.
Akvakultur
Miljødirektoratet viser til uttalen frå Fiskeridirektoratet region Vest, der det blir peika på at eit betydeleg omfang av akvakulturverksemd er etablert innanfor og i randsona av framlegget til verneområde. Direktoratet viser til at det er tre eksisterande anlegg innanfor framlegget som vart send på høyring. Innanfor avgrensinga Fylkesmannen har føreslege etter høyring, er det to anlegg som ligg relativt langt innanfor føreslegne ytre avgrensing. Miljødirektoratet viser også til at den føreslegne verneforskrift inneheld eit generelt unntak for drift og vedlikehald av eksisterande anlegg, og ein spesifisert dispensasjonsregel for akvakultur som ikkje er i strid med verneføremålet. Den spesifiserte dispensasjonsregelen gjeld ny verksemd og til dømes utviding eller flytting av eksisterande verksemd.
Undersjøiske kablar
Det ligg fleire sjøkablar på botnen gjennom området. Drift og vedlikehald av eksisterande kablar vert ikkje påverka av vern. Legging av nye kablar og røyrleidningar må det søkjast om, i tråd med verneforskrifta. NorthConnect har planlagd og søkt om løyve til å leggje ein straumkabel på botn av Hardangerfjorden frå Sima i Eidfjord til Skottland. Trase for sjøkabelen ligg sentralt i verneområdet, på store djup.
Infrastruktur
Når det gjeld eit framtidig tverrsamband mellom Halsnøy og Huglo, kan eit slikt samband med bru- eller tunnelløysing mellom Halsnøy og Huglo vere aktuelt i framtida. Om prosjektet blir realisert, vil tverrsambandet krysse det marine verneområdet. Bygging av nye tekniske tiltak vil forutsetje at forvaltningsmyndigheten gir dispensasjon om etter verneforskrifta i samsvar med naturmangfaldlova § 48.
Industriell verksemd
Den maritime skipsindustrien i regionen er i ferd med å spesialisere seg på monteringsoppdrag av spesielt store modular. Nokre slike nedsettings- og monteringsoppdrag har vore utført i delar av Ytre Hardangerfjorden, og spesielt området rundt Hille og Klosterfjorden, kor djup fjord, flat botn, samt faste morenemassar og fjell, gjer at området egnar seg særs godt til slike føremål.
Miljødirektoratet viser til Fylkesmannen sitt nye forslag om grenseendring av omsyn til den industrielle aktiviteten i den sørlege delen av området og sluttar seg til Fylkesmannen sitt nye avgrensingsforslag. Miljødirektoratet forstår Kværner sine merknader slik at ein er tilfreds med den avgrensinga Fylkesmannen no har føreslege.
3.7. Sakshandsaming i etterkant av Miljødirektoratet si tilråding
Klima- og miljødepartementet bad i brev av 6. juli 2020 Miljødirektoratet om å gi supplerande vurderingar på einskilde punkt knytt til dei foreslegne marine verneområda Krossfjorden og Ytre Hardangerfjorden i Vestland fylke og Børgin i Trøndelag fylke. Direktoratet skulle ha kontakt med aktuelle kommunar, fylkeskommunen og Fylkesmannen (seinare Statsforvaltaren) som ein del av dette arbeidet.
Kommunane opprettheldt på møte med Miljødirektoratet og i sine skriftlege innspel i hovudsak sine merknadar frå høyringa. Kvinnherad kommune er grunnleggjande positive til vern, men det må ikkje få negative konsekvensar for næringsutvikling (særleg verftsindustri og akvakultur) eller samferdsel. Stord kommune meiner det må utgreiast kva for konsekvensar eit forslag om marint vern får for næringsliv og samfunnsnyttige formål. Kommunen forutset at eit langsiktig mål innanfor verneområdet vil vere å redusere eller fjerne eller sterkt redusere utslepp frå akvakultur. Tysnes kommune meiner forslaget om marin verneplan i Ytre Hardangerfjorden bør blir forkasta, og at ein bør sjå etter andre og meir eigna område å verne for å oppfylle måla om vern.
Miljødirektoratet opplyser i eit oppsummerande brev av 25. juni 2021 til Klima- og miljødepartementet at det i etterkant av direktoratets tilråding har kome til ny kunnskap om naturmangfaldet innanfor det føreslegne verneområdet. Havforskingsinstituttet har registrert et eit nytt, stort korallrev – «Bukkarevet»- innanfor området. Dette støtter opp om behovet for vern av naturverdiane i området.
Elles viser Miljødirektoratet til sine tidlegare vurderingar, bl.a. når det gjeld akvakulturverksemd i området. Det ligg to akvakulturanlegg innanfor det føreslegne verneområdet, men drifta av desse kan halde fram. Det er også tatt inn ein spesifikk dispensasjonsregel for akvakultur, slik at det innanfor verneområdet kan gjevast løyve til ny akvakulturverksemd som ikkje er i strid med verneføremålet.
4. Klima- og miljødepartementets vurderingar
4.1. Nærare om vern som verkemiddel
Marint vern etter naturmangfaldlova skal bidra til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller trua marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar langs kysten og i territorialfarvatnet blir tatt vare på for framtida, jf. også Meld. St. 29 (2020–2021) Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur, jf. Innst. 557 S (2020-2021) ), samt Meld. St. 35 (2023–2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur - Norsk handlingsplan for naturmangfold (naturmeldingen).. Områda skal – saman med areal som er beskytta etter anna lovverk – danne eit nettverk av verna og beskytta område som skal ta vare på økosystem og naturverdiar. Områda skal dekkje variasjonsbreidda i norsk marin natur. Det blir vidare lagt til grunn at arbeidet med marin verneplan frå 2004 skal halde fram, samtidig som det skal arbeidast med å supplere planen med nye område.
Ytre Hardangerfjorden er blant dei 36 områda som blei peika ut som kandidatområde i marin verneplan frå 2004. Vern av området blir vurdert å ha positive effektar både for det aktuelle området, og som ein del av en større heilskap, der området inngår i eit nettverk av marine verneområde og beskytta område. Området har naturverdiar som gjer at gjennomføring av vern vil bidra til å oppfylle både nasjonale og internasjonale mål om vern.
Bruk av sektorverkemiddel, som beskyttelse etter havressurslova mot fiskeriverksemd som kan skade verneverdiane, kan vere eit aktuelt alternativ til vern dersom det blir vurdert som tilstrekkeleg å beskytte naturverdiane mot ein enkelt aktivitet eller påverknad. Marine område der beskyttelsen berre består av nærare reglar om utøving av fiske, blir fastsett etter havressurslova, jf. naturmangfaldlova § 39. I dette tilfellet er det behov for og sjølve føremålet bak vernet å beskytte naturverdiane mot ulike påverknader og på tvers av sektorar. Områdevern etter naturmangfaldlova vil då vere det aktuelle verkemiddelet.
4.2. Nærare om verneforskrifta
Departementet sluttar seg i hovudsak til Miljødirektoratet sitt forslag til verneforskrift, med nokre mindre justeringar, inkludert nokre justeringar av lovtekniske karakter.
Verneføremål
Føremålet med vernet går fram av forskrifta § 1 og vil vere styrande for kva som kan tillatast i området, i tråd med andre reglar i forskrifta.
Geografisk avgrensing
Departementet sluttar seg til Miljødirektoratet sitt forslag til avgrensing av området, slik det er angjeve i forskrifta § 2 og i vernekartet.
Vernereglar
I det marine verneområdet må ingen setje i verk noko som skader verneverdiane nemnt i verneføremålet. Forskrifta § 3 presiserer at vegetasjon og dyreliv er verna mot skade og øydelegging, og gir ei ikkje uttømmande liste over tiltak som ikkje er tillatne i verneområdet.
Generelle unntak frå vernereglane
§ 4 inneheld generelle unntak frå vernereglane i § 3.
Spesifiserte dispensasjonsreglar
§ 5 listar opp ulike aktuelle tiltak forvaltningsstyresmakta etter søknad kan gi dispensasjon til. Forvaltningsstyresmakta må då gjere ei konkret vurdering der tilhøvet til verneføremål og verneverdiar er styrande for avgjerda. Forvaltningsstyresmakta kan også sette vilkår for dispensasjonen for å sikre at verneverdiane ikkje blir påverka.
Det er etter § 5 bokstav k) anledning til å søke om dispensasjon for akvakultur som ikkje er i strid med verneføremålet. Forvaltningsstyresmakta kan difor gi løyve til akvakultur etter ei konkret vurdering av tilhøvet til verneføremålet. Det skal i sakshandsaminga etter verneforskrifta ikkje leggjast større hindringar på akvakulturverksend enn det som er naudsynt for å ivareta verneføremålet, og dispensasjon etter verneforskrifta skal gjevast så lenge det ikkje er motstrid mellom verneføremålet og tiltaket. I denne vurderinga vil det bl.a. vere av betyding om akvakulturaktiviteten blir anteke å føre med seg miljøskadelege utslepp av næringssalt og partiklar eller betydelege inngrep i sjøbotn. Normale forankringar som ikkje kjem i konflikt med sårbare arter eller habitat på sjøbotnen vil som hovudregel ikkje vere å rekne som betydelege inngrep i denne samanhengen.
Departementet understrekar vidare at ved behandling av søknadar om dispensasjon for etablering av navigasjonsinstallasjonar og andre farleikstiltak, skal det leggjast stor vekt på omsynet til ivaretakinga av sjøsikkerheit. Dispensasjon skal gjevast så lenge det ikkje er motstrid mellom verneføremålet og tiltaket.
Generelle dispensasjonsreglar
§ 6 viser til at forvaltningsstyresmakta også kan gjere unntak frå forskrifta dersom det ikkje er i strid med vernevedtaket sitt føremål og ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig, eller dersom tryggleiksomsyn eller omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det naudsynt, i samsvar med naturmangfaldlova § 48. Denne generelle dispensasjonsregelen er i forarbeida til naturmangfaldlova omtala som ein «sikkerhetsventil som skal fange opp uforutsette tilfeller eller spesielle/særlige tilfeller som ikke ble vurdert på vernetidspunktet» (Ot.prp. nr. 52 (2008–2009)).
Forvaltning
Forskrifta §§ 7-10 gir nærare reglar om skjøtsel, forvaltningsplan og forvaltningsstyresmakt. Sidan det føreslegne verneområdet strekkjer seg over fleire kommunar, er det i utgangspunktet naturleg at forvaltningsstyresmakta blir lagt til Statsforvaltaren. Departementet understeker at forvaltninga likevel må skje i nær kontakt med dei aktuelle kommunane, og at eit praktisk samarbeid med Folgefonnsenteret kan vere aktuelt.
Iverksetjing
Det vert føreslått at forskrifta tek til å gjelde straks.
4.3. Nærare om samfunnsøkonomiske konsekvensar
Det føreslegne Ytre Hardangerfjorden marine verneområde er som nemnd eit spesielt og djupt kystområde med særeigne naturforhald. Ein stor undersjøisk morenerygg og sterk straum gir gode tilhøve for eit rikt og mangfaldig dyreliv. Det naturfaglege grunnlaget for vern er også styrka i løpet av verneprosessen. Havforskingsinstituttet oppdaga i 2019 korallrevet «Bukkarevet»", som strekkjer seg fleire hundre meter i kvar retning, og er det største dokumenterte korallrevet på Vestlandet.
Vern av området vil på denne bakgrunn innebere eit vesentleg bidrag til arbeidet med representativ bevaring av marin natur, og til å nå nasjonale og internasjonale mål knytt til bevaring av marin natur.
Klimaendringar og forsuring av havet er eit aukande trugsmål framover for alle havområde. Vern av området sikrar elles ikkje naturmangfaldet mot klimaendringar, men kan ved at andre påverknadsfaktorar reduserast eller regulerast, gjere at området står betre rusta mot uheldige effektar av klimaendringar. FNs klimapanel har peika på at sjølv om marine verneområde ikkje kan forhindre ekstremhendingar som marine hetebølgjer, kan dei gi marine plantar og dyr ei betre moglegheit til å tilpasse seg klimaendringane utan å måtte ta omsyn til andre stressfaktorar.
Verneforslaget er også vurdert å ha positive verknader for framtidig forsking og kunnskapsinnsamling. Det visast her til at området skal tene som referanseområde for forsking og overvaking.
Området er føreslått avgrensa slik at eksisterande industrielle verksemd og det meste av akvakulturverksemda fell utanfor verneområdet. Restriksjonane som er føreslått er tilpassa verneføremål og dei verneverdiane man ønsker å ta vare på, og avvegingar som er gjort mot andre samfunnsinteresser i lys av bl.a. høyringsrunda og samfunnsøkonomiske vurderingar. Gjennom verneforskrifta er det opna for å gi dispensasjon til ulike typar tiltak. Ved behandling av dispensasjonssøknadar vil påverknad på verneverdiar og verneføremål bli vurdert, og det vil kunne bli satt vilkår av omsyn til dette. Prinsippa i naturmangfaldlova vil bli vurdert og vektlagde ved handsaming av søknadar om dispensasjon frå verneforskrifta og i arbeidet med forvaltningsplan.
I forslag til verneforskrift blir det i liten grad lagt restriksjonar på pågåande aktivitetar. Verneforslaget blir på denne bakgrunn vurdert å ha små konsekvensar for dagens næringsliv, lokalbefolkning og offentlege styresmaktar. Det er meir utfordrande å vurdere konsekvensar verneforslaget kan ha for verksemd som ikkje er planlagt per i dag, og der ein eventuelt må søke om dispensasjon, eller der aktiviteten er forboden i verneforskrifta. I mange tilfelle vil det vere mogleg å finne tilgjengelege alternative lokasjonar utanfor verneområdet. Omsyna som er tatt undervegs i verneprosessen, bidrar også til å redusere moglege negative konsekvensar for eventuell framtidig verksemd.
I Ytre Hardangerfjorden har særleg tilhøvet til mogleg framtidig utvikling av akvakulturnæringa vore aktuelt. Sjølv om to eksisterande anlegg ligg innanfor det førelegne verneområdet, er verneforskrifta utforma slik at drifta av desse kan halde fram på gjeldande vilkår. Forvaltningsstyresmakta kan også etter ei konkret vurdering gi løyve til akvakulturverksemd innanfor verneområdet når denne ikkje vurderast å vere i strid med verneføremålet. Dette inneber at vernet i seg sjølv ikkje vil hindre at akvakulturnæringa held fram å utvikle seg også lokalt i Ytre Hardangerfjorden, men innanfor verneområdet vil verneforskrifta sikre at dette eventuelt gjerast på ein slik måte at dei særlege naturverdiane i området ikkje blir negativt påverka.
Samla sett har avvegingane og endringane som er gjort undervegs i prosessen bidratt til å redusere samfunnsøkonomiske kostnadar ved verneforslaget, utan at dette vurderast å få vesentlege negative konsekvensar for føremålet med vernet. I eit samfunnsperspektiv blir forslaget vurdert å ha klare positive konsekvensar for naturverdiane lokalt, regionalt og nasjonalt, samstundes som dei negative konsekvensane ved verneforslaget blir vurdert å vere små.
4.4. Budsjettmessige konsekvensar
Forvaltningsplan for området må gjerast ferdig så snart som mogeleg etter vernevedtak, slik at ein har eit godt planverktøy for å forvalte verneområdet. I samband med dette kan det også vere behov for nærare kartlegging av naturmangfaldet, som grunnlag både for overvaking av tilstand, vurdering av tiltak for å ivareta verneverdiane og behandling av dispensasjonssøknadar. I sum vil dette bidra til ei meir treffsikker forvaltning av verneområdet.
Kostnadar ved å utarbeide forvaltningsplan varierer frå område til område, og avheng bl.a. av områdets storleik og kompleksitet når det gjeld brukarinteresser. Erfaringstal frå arbeid med forvaltningsplanar for dei marine verneområda Gaulosen, Rødberget og Saltstraumen, tilseier ein kostnad i storleiksorden 0,2-0,4 mill. kr. Det tilgjengelege verktøyet forvaltningsplan på nett for verneområde (FPNV), er forventa å forenkle og effektivisere arbeidet med forvaltningsplanar.
Kostnadar ved kartlegging av naturmangfaldet varierer også frå område til område, og avhenger av området sin storleik, kompleksitet når det gjeld naturtilhøve og kor detaljert kartlegging det blir lagt opp til. Ein annan faktor er kor detaljert områda er kartlagt på førehand. For å oppnå ei treffsikker forvaltning, krevst det meir detaljerte kartleggingar. Til dømes var kostnaden ved kartlegging av Saltstraumen marine verneområde på ca. 1 mill. kr.
Utarbeiding av forvaltningsplanar blir finansiert over kap. 1420.21. Kartlegging kan finansierast over kap. 1420.36.
Eventuelle utgifter til erstatning og gjennomføring av ein eventuell erstatningsprosess, samt merking og oppsetting av skilt, dekkast under kap. 1420.36. Når det gjeld marint vern, er utgiftene pr. område no anslått til 0,2 mill. kr i gjennomsnitt.
Kostnadane blir dekt innanfor aktuelle budsjettpostar og eksisterande budsjettrammer.
Klima- og miljødepartementet
t i l r å r:
Forskrift om vern av Ytre Hardangerfjorden marine verneområde i Tysnes, Stord, og Kvinnherad kommunar, Vestland blir fastsett i samsvar med vedlagte forslag.