Høyring av forskrifter om tilskotsordninger retta mot trus- og livssynssektoren

Endringar i det statlege økonomiregelverket krev at retningsliner for tilskotsordningar retta mot private tilskuddsmottakarar, blir gitt som forskrifter.

Status: Under behandling

Høringsfrist: 17.09.2021

Vår ref.: 21/2506

Endringar i det statlege økonomiregelverket krev at retningsliner for tilskotsordningar retta mot private tilskuddsmottakarar, blir gitt som forskrifter. Departementet sender med dette på høyring forslag til forskrifter om to av tilskotsordningane vi forvaltar:

• Ordninga ymse faste tiltak (del-)finansierer dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet, sjå statsbudsjettets kapittel 881 og post 78.
• Ordninga tilskot til private kyrkjebygg finansierer tilskot til kjøp eller bygging av kyrkjebygg til trussamfunn utanom Den norske kyrkja, dvs. bygg som ikkje blir finansiert av kommunane, sjå statsbudsjettets kapittel 881 og post 75.

Forskriftene byggjer på retningslinene som gjeld for desse to tilskotsordningane. Høyringar er opne, og alle kan sende innspill til oss. Vi ber høyringsinstansene vurdere om forslaget også bør sendast underliggjande organ og andre som ikkje står på lista. Vi ber om merknader innan 17. september 2021.

Med helsing

Ellen Ur (e.f.)                                                             Martin Hill Oppegaard

avdelingsdirektør                                                     utgreiigsleiar

 

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar



Arbeids- og sosialdepartementet 
Den katolske kirke 
Den norske kirke 
Dialogforum Østfold
Dialogpilotene
Finansdepartementet 
Forsvarsdepartementet 
Helse- og omsorgsdepartementet
Human-Etisk forbund 
Islamsk råd Norge 
Justis- og beredskapsdepartementet
Kirkelig dialogsenter
Klima- og miljødepartementet 
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet 
Kunnskapsdepartementet 
Landbruks- og matdepartementet
Mellomkirkelig råd 
Muslimsk Dialognettverk
Norges Kristne Råd 
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet 
Pinsebevegelsen i Norge 
Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL)
Samferdselsdepartementet 
Statsforvalteren i Agder 
Statsforvalteren i Oslo og Viken 
Utenriksdepartementet