Høyring - reglar i utlendingsforskrifta om avvising av omgjeringsoppmodingar

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 01.02.2016

Vår ref.: 15/4924

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om nye reglar i utlendingsforskrifta for avvising av omgjeringsoppmodingar som ikkje fyller visse formkrav, eller vert levert av ein utlending utan kjent adresse.

Utlendingslova § 78 gjev reglar om avgjerdsformer og handsaming av ulike sakstypar i Utlendingsnemnda (UNE), klageinstansen i utlendingssaker. Regelen sitt åttande ledd, som vart endra med verknad frå 4. april 2014, gjev heimel for å gje reglar i forskrift om avvising av omgjeringsoppmodingar. Det er slike forskriftsreglar departementet no foreslår.

UNE er klageinstansen for Utlendingsdirektoratet sine vedtak i saker etter utlendingslova. UNE sine vedtak er endelege. Utlendingar kan likevel levere såkalla omgjeringsoppmodingar der ein ber om at endelege vedtak vert gjort om. UNE får svært mange slike oppmodingar, heile 6200 i 2014.

Departementet foreslår å forskriftsfeste at UNE kan avvise omgjeringsoppmodingar frå utlendingar som ikkje har kjent opphaldsstad. Føremålet er å fremje etterleving av plikta til å melde frå om opphaldsstad. Vidare foreslår departementet å forskriftsfeste at UNE kan avvise oppmodingar som ikkje fyller bestemte formkrav. Dette vil leggje til rette for ei meir effektiv sakshandsaming.

Departementet framhevar i forslaget til forskriftsreglar at det vil gjelde fleire unntak frå reglane om avvising. I ein del saker skal eller bør UNE handsame oppmodingar som ikkje fyller krava. Dette gjeld mellom anna oppmodingar som inneheld nye opplysingar av vesentleg tyding, og mange saker som involverer mindreårige.

Frist for å sende inn høyringssvar er 1. februar 2015.

Les og svar på høyringa her: www.regjeringen.no/id 2467104.

Høyringar er opne, og alle kan sende innspel til oss. Vi ber om at høyringssvar vert levert digitalt ved å bruke skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no. 

Ein kan rette spørsmål til seniorrådgjevar Sigurd Bordvik (tlf. 22 24 52 04, e-post sigurd.bordvik@jd.dep.no) eller fagdirektør Kenneth A. Baklund (tlf. 22 24 71 77, e-post kenneth.baklund@jd.dep.no).

 

Med venleg helsing

 

Siri Johnsen (e.f.)
avdelingsdirektør

                                                                       Sigurd Bordvik
                                                                       seniorrådgjevar

Primærliste

 

Alle departementene

 

Arbeids- og velferdsdirektoratet (NAV)

Barneombudet

Datatilsynet

Domstolsadministrasjonen

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI)

Likestillings- og diskrimineringsombudet

Nasjonalt ID-senter

Norad

Politidirektoratet (POD)

Politiets Sikkerhetstjeneste (PST)

Regjeringsadvokaten

Riksadvokaten

Språkrådet

Stortingets ombudsmann for forvaltningen

Utlendingsdirektoratet (UDI)

Utlendingsnemnda (UNE)

 

Fylkesmennene

 

Advokatforeningen

Akademikerne

Amnesty International Norge

Antirasistisk Senter

Arbeiderpartiet

Arbeidsgiverforeningen Spekter

Bispedømmene (11 stykker)

Demokratene

Den norske dommerforening

Den norske kirke – Kirkerådet

Det liberale folkepartiet

DROF - Driftsoperatørforum

Fagforbundet

Faglig forum for kommunalt flyktningarbeid

Flyktninghjelpen

Fremskrittspartiet

Helsingforskomiteen

Hovedorganisasjonen Virke

Human Rights Service (HRS)

Høyre

Innvandrernes Landsorganisasjon (INLO)

Islamsk Råd

Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK)

Juss-Buss

Jussformidlingen

Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS)

Kontoret for fri rettshjelp

Kristelig Folkeparti

Kristent Interkulturelt Arbeid (KIA)

KUN Senter for kunnskap og likestilling

Kystpartiet

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU)

Miljøpartiet De grønne

MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner

Norges Juristforbund

Norges Kommunistiske Parti

Norges politilederlag

Norsk Folkehjelp

Norsk Innvandrerforum

Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS )

Norsk senter for menneskerettigheter (SMR)

Norsk Tjenestemannslag (NTL)

Næringslivets hovedorganisasjon (NHO)

Organisasjonen mot offentlig diskriminering (OMOD)

Pensjonistpartiet

Peoplepeace

Politiets Fellesforbund

Politijuristene

PRESS – Redd Barna Ungdom

Redd Barna

Rettspolitisk forening

Røde Kors

Rødt

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

Seniorsaken

Senterpartiet

SOS Rasisme

Sosialistisk Venstreparti

Stiftelsen barnas rettigheter

Uføre Landsorganisasjon (ULO)

UNHCR Stockholm

Unio – Hovedorganisasjonen for universitets- og høyskoleutdannede

Venstre

Vergeforeningen

Virke Hovedorganisasjonen

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS)

Til toppen