Høyring – framlegg om fritak frå eingongsavgift og innføring av frådrag for meirverdiavgift for snøskuterar og terrenggåande motorsyklar tilbruk i reindriftsnæringa

Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i forskrift om eingongsavgift og forskrift om meirverdiavgift.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 06.06.2018

Vår ref.: 16/5072

Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i forskrift om eingongsavgift og forskrift om meirverdiavgift. Føremålet med endringane er at driftsmidlar i reinbruksnæringa i høve til avgifter skal verte likestilt med driftsmidlar i landbruket elles.

Framlegget inneber fritak frå eingongsavgift og frådrag for meirverdiavgift for beltemotorsyklar (snøskuterar) og firehjuls terrenggåande motorsyklar (ATVar) til bruk i reindriftsnæringa.

Vi ber om at adressatane vidaresender høyringsbrevet med vedlegg til aktuelle organisasjonar, underliggjande etatar og andre organ som kan ha interesse av saka, men som ikkje er oppførte på adressatlista.

Frist for å sende inn høyringssvar er 6. juni 2018. Finansminister Siv Jensen har avgjort at høyringsfristen skal vere kortare enn føresegna i Utredningsinstruksen tilsei då det er eit mål at endringane skal tre i kraft 1. juli 2018. Ved vurderinga er det óg lagt vekt på at departementet skal konsultere Sametinget og Norske reindriftssamers landsforbund (NRL) om utforminga av endringane i regelverket. Dette gjer at saka vil vere forsvarleg opplyst før det vert fatta ei endeleg avgjersle.

Høyringssvar sendast inn digitalt på www.regjeringen.no under «Send inn høyringssvar». Alle kan sende høyringssvar, men merk at svare som eit klart utgangspunkt er offentlege etter offentleglova og normalt blir publiserte på nettet saman med dei andre høyringssvara.

 

Med helsing
Grethe H. Dahl  e.f.
kst. avdelingsdirektør

Beate Wenes
rådgjevar

Arbeids- og sosialdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Kulturdepartementet
Kunnskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Olje- og energidepartementet
Samferdselsdepartementet
Utenriksdepartementet
Akademikerne
Bedriftsforbundet
Bellona
Bilimportørenes Landsforening
Datatilsynet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finanstilsynet
Framtiden i våre hender
Forbrukerrådet
Forbrukerombudet
Kongelig Norsk Automobilklubb
Konkurransetilsynet
Landsorganisasjonen i Norge
Naturvernforbundet
Norge Astma- og allergiforbund
Norges Autmobil-Forbund
Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening
Norges Bilbransjeforbund
Norges Bilutleieforbund
NTL-Skatt
Næringslivets Hovedorganisasjon
NHO Transport
Opplysningsrådet for Veitrafikken
Riksadvokaten
Regjeringsadvokaten
Riksrevisjonen
Sivilombudsmannen
Skatterevisorenes Forening
Skatt Øst
Statens vegvesen Vegdirektoratet
Statistisk Sentralbyrå
Tolldirektoratet
Trafikkforsikringsforeningen
Transportøkonomisk institutt
Trygg Trafikk
Zero
Regelrådet
Kontaktutvalget for reinlagene
Norges Reindriftssamers Landsforbund
Sametinget