Høyring - framlegg om endringar i skattereglane om bruk av bil i arbeidsforhold
Høyring | Dato: 13.05.2026 | Finansdepartementet
Finansdepartementet sender med dette på høyring framlegg om endringar i skattereglane om bruk av bil i arbeidsforhold.
Framlegget inneber at sjablongskattlegginga (standardregelen) for bruk av firmabil vert endra. Ein foreslår at skattepliktig fordel vert sett til 20 pst. av bilens listepris som ny, med eit tillagt beløp for kostnader ved bilhaldet. Etter framlegget vil sjablongen ha ein kostnadskomponent som varierer mellom motortypar (elmotor, forbrenningsmotor og hybridmotor). Ein slik variasjon tek omsyn til at kostnader varierer mellom motortypar, som mellom anna kjem av ulike drivstoffkostnader.
Høyringsfristen er 8. juli 2026. For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegn er offentlege etter offentleglova og vert publiserte på nettsidene til Finansdepartementet.
Høyringsinstansar som ikkje står på høyringslista, kan òg gje høyringsfråsegn. Vi ber om at den einskilde høyringsinstans vurderer om saka bør sendast ut til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar og liknande.
Med helsing
Martin Børresen (e.f.)
avdelingsdirektør
Edvard Madsen Fridtjofsen
fyrstekonsulent
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Nærings- og fiskeridepartementet
Samferdselsdepartementet
Arbeidsgiverforeningen Spekter
SMB Norge
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Hovedorganisasjonen Virke
KS
Landsorganisasjonen i Norge
NITO - Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Norges Bondelag
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund YS
Norges Bilbransjeforbund
Kongelig Norsk Automobilklubb
Norges Automobil-Forbund NAF
Bilimportørenes Landsforening (BIL)
Norsk elbilforening
Statens vegvesen