Høyring - Oppretting av Spesialeininga for politisaker — Endringar i påtaleinstruksen kapittel 34

Frist: 3.12.2004

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist:

  • Høyringsfrist: 03.12.2004

Vår ref.:

Høyringsinstansar

Deres ref

Vår ref

Dato

2004/01430

21.10.2004

Høyring – Oppretting av Spesialeininga for politisaker – Endringar i påtaleinstruksen kapittel 34

Ved lov av 5. mars 2004 nr. 13 om endringar i straffeprosesslova (ny organisering av ei eiga etterforskingseining for politiet og påtalemakta) vart det vedtekne endringar i straffeprosesslova §§ 59 a og 67. Endringane har enno ikkje tredd i kraft. Departementet tek sikte på at dei skal tre i kraft 1. januar 2005.

Endringane i straffeprosesslova § 67 medfører at dagens ordning med særskilde etterforskingsorgan (SEFO) skal avviklast, og at det skal opprettast eit sentralt organ, Spesialeininga for politisaker, som får ansvaret for å leie og gjennomføre etterforskinga i denne type saker.

Straffeprosesslova § 67 sjette ledd første punktum fastset at det skal gjevast nærare reglar om ordninga. Det vedlagde høyringsnotatet inneheld forslag til slike reglar. Reglane skal plasserast i påtaleinstruksen kapittel 34 der dei tilsvarande reglane om ordninga med særskilde etterforskingsorgan (SEFO) har stått.

Departementet ber om svar innan fredag 3. desember 2004.

Med hilsen

Anne K Herse
ekspedisjonssjef

Tone Celius
avdelingsdirektør

Til toppen