Høyringsbrev – tvungen etterregistrering av hagler – endring av forskrift

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 17.04.2013

Vår ref.:

Høyringsbrev – tvungen etterregistrering av hagler – endring av forskrift

 

1. Innleiing

Justisdepartementet vil med dette fremje framlegg til endring i forskrift 24. august 1990 nr. 688 om endring i lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v. Føremålet med framlegget er å syte for at glattløpa enkelt- eller dobbeltløpa hagler erverva før 1. oktober 1990 enten vert registrert i våpenregisteret, eller innlevert for plombering eller destruksjon. 

Ei liste over høyringsinstansane ligg ved. Vi ber om at adressatane vurderer trongen for å legge fram høyringa for underliggande/tilknytte etatar, samt organ som ikkje står på lista. Eventuelt ber vi om at høyringsinstansane konfererer med underliggande/tilknytte etatar og inkluderer deira synspunkt i høyringsfråsegna. Vi gjer også merksam på at høyringa også er open for andre enn dei som er nemnt i høyringslista.

Vi ber om at høyringsfråsegna vert sendt til Justisdepartementet, Politiavdelingen, Postboks 8005 Dep, 0030 OSLO. Vi ønskjer at høyringsfråsegner også vert sendt på e-post til postmottak@jd.dep.no.

Vi ber om høyringsinstansane sitt syn innan 17. april 2013.

Høyringsbrevet med vedlegg ligg også på Justisdepartementet sine internettsider.

Eventuelle førespurnader sendast til avdelingsdirektør Knut Fosli – tlf 22245340 eller seniorrådgjevar Verner Bjerkvik – tlf 22245509.

2. Bakgrunn

Bakgrunnen for framlegget er regjeringa sitt ønske om å betre våpenkontrollen. Det vert synt til Prop 1s (2011-2012) pkt. 3.4.1 om at «[r]egjeringen vil i 2012 starte arbeidet med å gjennomføre en etterregistrering av uregistrerte hagler som er lovlig ervervet før 1. oktober 1990.» Lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v. (våpenloven) § 8 set krav om at «[e]nhver som vil eie eller inneha skytevåpen skal ha tillatelse frå politimesteren (våpenkort).»

I lov 9. mars 1990 nr. 4 om endringar i lov av 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v § 5 vart det innført registreringsplikt for alle type haglegevær. I lova pkt. II vart Kongen gjeve fullmakt til gje fritak frå registrering for våpen erverva før ikraftsetting. Kgl. res 24. august 1990 fastset forskrift 24. august 1990 nr. 6, der endringslova vart sett i kraft frå 1. oktober 1990. I forskrifta vart det samstundes bestemt at «[l]ov av 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon § 8 får ikke anvendelse når et haglegevær, luft- eller fjærgevær eller en luft- eller fjærpistol er ervervet før loven her trer ikraft

Magasin og automathagler vart gjort kontrollpliktig i 1978 og ordninga med registeringsfritak gjeld soleis for glattbora enkelt- og dobbeltløpa haglegevær, jf. Ot.prp nr. 13 (1989-1990) pkt. 1. Grunna trongen for betre våpenkontroll, ønskjer regjeringa å oppheve dette fritaket og handsame våpna likt med andre registreringspliktige skytevåpen.

Krava til personleg dugleik for erverv av registreringspliktige skytevåpen etter våpenlova § 7 og forskrifta § 10 gjeld også ved etterregistering. Dette betyr at personer som ikkje oppfyller desse krava enten må avhende eller innlevere våpenet til plombering eller destruksjon. Grunna attendeverknadsforbodet vert det ikkje kravd gebyr for slik registrering. Av same årsak vert det heller ikkje stilt krav om at eigaren av våpenet erverva før 1. oktober 1990 skal dokumentere eit særskilt behov etter våpenforskrifta §§ 12 og 13. For å tryggje effekten av ordninga med etterregistrering vert ikkje desse våpna rekna med i kvota på 6 komplette jaktvåpen etter våpenforskrifta § 12 andre ledd. Politidirektoratet må i samråd med Justisdepartementet lage retningsliner for korleis etterregisteringa skal verte gjennomført. Desse vil også omfatte plan for informasjon om regelendringa.

Framlegget tek sikte på å utsette ikraftsetting i 6 månader, slik at haglene kan verte etterregistrert. Vidare gjer framlegget det ulovleg å inneha uregistrerte haglevåpen etter ikraftsetting, jf. våpenlova §§ 5 og 8.

3. Framlegg til endring i forskrift

3.1 Framlegg til tekst
Endringar av forskrift 24. august 1990 nr. 688 må skje i medhald av Kongeleg resolusjon. Med heimel i endringar i lov 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v. av 9. mars 1990 nr. 4 pkt. II føreslår Justisdepartementet å endre forskrift 24. august 1990 nr. 688 om Ikrafttredelse av endringslov av 9. mars 1990 nr. 4 slik:

§ 1
Lov av 9. mars 1990 nr. 4 om endringer av lov av 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon m.v. settes i kraft fra 1. oktober 1990. Når det gjelder luft- og fjærgevær og luft- og fjærpistoler gjelder loven først fra det tidspunkt og i det omfang Justis- og politidepartementet bestemmer, jfr. lovens § 5 annet ledd.

§ 2
Lov av 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon § 8 får ikke anvendelse når et luft- eller fjærgevær eller en luft- eller fjærpistol er ervervet før 1. oktober 1990.

§ 3
Lov av 9. juni 1961 nr. 1 om skytevåpen og ammunisjon § 8 får anvendelse når et haglgevær er ervervet før 1. oktober 1990.

§ 4
Forskriften trer ikraft 01.12.2013.

3.2 Nærare om framlegget
Forskrifta § 1 vidarefører gjeldande forskrift pkt. I. Forskrifta § 2 opprettheldt reglane om registreringsfritak for luft- og fjærgevær og luft- og fjærpistolar, medan haglegevær ikkje lenger vert omfatta av dette fritaket. Forskrifta § 3 presiserer at reglane om registreringsfritak ikkje gjeld for haglegevær. Dette er gjort for å klargjere endringa og hindre mistydingar. Forskrifta § 4 bestemmer når forskrifta trer i kraft.

4. Økonomiske og administrative følgjer

Reglane om tvungen etterregistering inneber at alle som ønsker å inneha glattbora enkelt- eller dobbeltløpa haglegevær erverva før 1. oktober 1990 må ha politimeisteren sin tillating. Våpen som ikkje ønskast registrert må enten innleverast for destruksjon eller plomberast i samsvar med regelverket. Dette inneber at politidistrikta i perioden før ikraftsetting må pårekne ein monaleg auke i talet våpensøknader og henvendingar frå publikum.

Til forskrifta må det lagast retningsliner og særskilte skjema for søknadshandsaminga, slik at politidistrikta si sakshandsaming kan skje så effektivt som råd. Justisdepartementet føreset at gjennomføringa skjer innafor gjeldande budsjettramme.

Med helsing
Knut Fosli
avdelingsdirektør

  

Verner Bjerkvik
seniorrådgjevar

Vedlegg

 

  • Departementa
     
  • Barneombudet
  • Datatilsynet
  • Det Kriminalitetsforebyggende råd – KRÅD
  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
  • Domstoladministrasjonen
  • Erstatningsnemnda for voldsofre
  • Generaladvokaten
  • Kontoret for voldsoffererstatning
  • Kriminalpolitisentralen (KRIPOS)
  • Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress
  • Norsk senter for menneskerettigheter
  • Politidirektoratet
  • Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
  • Politihøgskolen
  • Regjeringsadvokaten
  • Riksadvokaten
  • Statens sivilrettsforvaltning
  • Stortingets ombudsmann for forvaltningen
  • Sysselmannen på Svalbard
  • Universitetet i Bergen, Det juridiske fakultet
  • Universitetet i Oslo, Det juridiske fakultet
  • Universitetet i Tromsø, Institutt for kriminologi og rettssosiologi
  • Universitetet i Tromsø, Det juridiske fakultet
     
  • Børsemaker P. I. Jacobsen
  • Det frivillige skyttervesen
  • Norges Benkeskytterforbund
  • Norges Jeger- og Fiskeforbund
  • Norges Paintballforbund
  • Norges Skiskytterforbund
  • Dynamisk Sportsskyting Norge
  • Norsk organisasjon for jegere og skyttere
  • Norsk Svartkruttunion
  • Norsk Våpeneierforbund
  • Norsk Våpenhistorisk Selskap
  • Norske Reserveoffiserers  Forbund
  • Scandinavian Western Shooters
  • Våpenrådet
     
  • Amnesty International Norge
  • Den Norske Advokatforening
  • Den norske Dommerforening
  • Den norske lægeforening
  • Forsvarergruppen fra 1977
  • Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep
  • Kikrens SOS
  • Norsk krisesenterforbund
  • Krisesentersekreteriatet
  • Landsforeningen for voldsofre
  • Bedriftidrettsforbundet
  • Norges Idrettsforbund
  • Norges Kvinne- og familieforbund
  • Norges Røde Kors
  • Norges Optikerforbund
  • Norges Skogeierforbund
  • Norsk forbund mot voldsofre
  • Norsk Politilederlag
  • Norsk forening for kriminalreform – KROM
  • Norsk presseforbund
  • Norsk Tjenestemannslag
  • Politijuristene
  • Politiets fellesforbund
  • Redd Barna
  • Rettspolitisk forening
  • Rådgivningskontorene for kriminalitetsofre
  • Stiftelsen Alternativ til vold
  • Stiftelsen Landsforeningen Rettferd for taperne
  • Stine Sofies stiftelse
  • Norsk Industri
  • Ungdom mot vold