Status: På høyring

Høyringsfrist: 15.01.2026

Vår ref.: 25/5754

Finansdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg om ei rettare avgrensing av fråtrekket for avgift på oppdrettsfisk i grunnrenteskatten på havbruk. Etter skatteloven § 19-9 kan grunnrenteskattepliktige trekkje frå avgift knytta til løyve til særskilde føremål som ikkje er omfatta av grunnrenteskatten, i den fastsette grunnrenteskatten. Framlegget inneber at fråtrekksretten etter skatteloven § 19-9 vert avgrensa til å gjelde for dei same løyva som er omfatta av grunnrenteskatten, jf. § 19-1.

Den einskilde høyringsinstansen vert oppmoda til å vurdere om saka bør sendast til underliggjande etatar eller verksemder, tilknytte verksemder, medlemsorganisasjonar mv.

Frist for å sende høyringssvar er 15. januar 2026.

For å gje høyringsfråsegn, gå til høyringa på www.regjeringen.no og bruk den digitale løysinga for høyringsfråsegn ved å klikke på «Send inn høyringssvar». Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publisert på nettsidene våre.


Med helsing
Kari Alice Frønsdal (e.f.)
avdelingsdirektør                                                 Stine Marie Riis Håkonsen                                                                                  lovrådgjevar

                                               

Agder fylkeskommune
Akademikerne
Akershus fylkeskommune
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Buskerud fylkeskommune
Den norske advokatforening
Den norske Revisorforening
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Fellesforbundet
Finnmark fylkeskommune
Fiskeridirektoratet
Handelshøyskolen BI
Hovedorganisasjonen Virke
Innlandet fylkeskommune
Justis- og beredskapsdepartementet
Klima- og miljødepartementet
Kommunal- og distriktsdepartementet
Konkurransetilsynet
KS
Landbruks- og matdepartementet
Landsorganisasjonen i Norge
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nettverk fjord- og kystkommuner
Nord Universitet
Nordland fylkeskommune
Norges handelshøyskole
Norges Sjømatråd
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
Nærings- og fiskeridepartementet
Næringslivets Hovedorganisasjon
Oslo kommune
Regelrådet
Rogaland fylkeskommune
Sjømat Norge
Sjømatbedriftene
Skattebetalerforeningen
Skattedirektoratet
SMB Norge
Statistisk sentralbyrå
Storbedriftenes skatteforum
Telemark fylkeskommune
Troms fylkeskommune
Trøndelag fylkeskommune
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet
Vestfold fylkeskommune
Vestland fylkeskommune
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Østfold fylkeskommune