Høyringsbrev

Høyring – felles fråsegn frå EØS EFTA-statane om direktiv om forbrukarrettar


EU-kommisjonen la 8. oktober 2008 fram eit forslag til direktiv om forbrukarrettar, COM (2008)614. Forslaget er EØS-relevant og vart sendt på høyring 27. november 2008. Direktivet blir for tida handsama i Rådet og Europaparlamentet etter medbestemmingsprosedyren. Regjeringa følgjer aktivt opp arbeidet med direktivet i EU.

Rapportøren i Europaparlamentet har nå kome med eit framlegg til endringar i teksten frå kommisjonen. Det vil bli vurdert å gi ei felles fråsegn frå EØS EFTA-statane til framlegget frå rapportøren. Framlegget frå rapportøren kan ein finne på Europaparlamentet sin nettstad: http://www.europarl.europa.eu/document/activities/cont/201006/20100628
ATT77148/20100628ATT77148EN.pdf
.

Det synest som at Europaparlamentet har ein stram tidsplan for den vidare handsaminga og vil ha frist for å fremme eventuelle endringsforslag i fyrste halvdel av september 2010. Høyringsinstansane er med dette invitert til å kome med merknader til bruk i ein eventuell slik fråsegn frå EØS EFTA-statane.

Eventuelle merknader kan sendast til Justisdepartementet, Lovavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo, gjerne òg per e-post til hans.kaiser@jd.dep.no, innan 9. august 2010. Departementet beklagar at ein av omsyn til handsaminga av saka i EU-systemet må setje ein så kort frist. Den vidare oppfølginga vil skje i samarbeid mellom Justisdepartementet og Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet.

Med helsing

Kari Sigurdsen e.f.
fung. lovrådgivar

Lone Veel Midtbø
fyrstekonsulent