Innvandring og innvandrarar 2015–2016

Rapport frå Noreg til OECD.

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, ”Immigration and Immigrants 2015–2016 – IMO Report for Norway”, er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2015 og i nokon grad 2016. Rapporten er utarbeidd hausten 2016 av Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet.

Rapporten byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet og inneheld tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken.

Rapporten omhandlar ulike former for innvandring, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap, offentleg ordskifte og haldningar.

I tillegg er det ei oversikt over nokre relevante, nye publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.

Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon.

Last ned rapporten International Migration 2015–2016, Norway (PDF, 4 mb)