Innvandring og integrering 2016–2017

Rapport frå Noreg til OECD

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, Immigration and Integration 2016–2017 – Report for Norway, er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.

Den siste rapporten dekkjer 2016 og i nokon grad 2017. Rapporten er utarbeidd hausten 2017 av Justis- og beredskapsdepartementet i samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, og Utenriksdepartementet.

Rapporten byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og Utlendingsdirektoratet og inneheld tal for inn- og utvandring, for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre og for indikatorar på integrering. Det er også ei oversikt over prinsipp og tiltak i innvandrings- og integreringspolitikken.

Rapporten omhandlar ulike former for innvandring, generell integreringspolitikk, kvalifisering, utdanning, arbeidsmarknad, politisk deltaking, barnevern, diskriminering, statsborgarskap, offentleg ordskifte og haldningar.

Til slutt er det ei oversikt over nokre relevante, nye publikasjonar på engelsk eller med samandrag på engelsk.

Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege OECD-publikasjonen, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon.

Last ned rapporten Immigration and Integration 2016–2017, Norway (PDF, 5 mb)