Internasjonal migrasjon 2009-2010

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeidsdepartementet

Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, International Migration 2009-2010 – Sopemi report for Norway, er eit bidrag til OECD sitt felles rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda, kalla SOPEMI. Den siste rapporten dekkjer 2009 og i nokon grad 2010.

Den norske SOPEMI-rapporten er utarbeidd av medarbeidarar i Justisdepartementet, Barne, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Arbeidsdepartementet. Rapporten byggjer i all hovudsak på tal frå Statistisk sentralbyrå og UDI og gjev tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av gruppa innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. Det er også ei oversikt over utviklingstrekk i innvandrings-, integrerings- og inkluderingspolitikken.

Rapporten omhandlar ulike former for innvandring (arbeid, familie, humanitær, utdanning), statsborgarskap, generell integreringspolitikk, opplæring, arbeidsmarknad, valdeltaking og diskriminering. I tillegg er det ei oversikt over nye, relevante publikasjonar på engelsk. Den norske rapporten og rapportane frå dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook.

Last ned