Første kartlegging blei utarbeidd av sekretariatet for arbeidsgruppa som skulle føreslå tiltak for å styrkje eigenkontrollen i kommunar og fylkeskommunar (à jour pr. 15. desember 2009). Sjå rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane.

Kartlegginga blei oppdatert av Kommunalavdelinga i Kommunal- og regionaldeparte­mentet (à jour pr. 11. april 2011).  Denne utgåva er oppdatert pr. 1. mai 2012.

Kartlegginga skil mellom kommuneplikter og aktørplikter. Kommuneplikt vil seie lov­pålagde plikter som det berre ligg til kommunane å utføre, medan aktørplikt vil seie plikter som stiller krav til einkvar som driv ein aktivitet eller tilbyr ei teneste, sjå Meld. St. 7 (2009-2010) punkt 4.3. Dei viktigaste føresegnene om internkontroll er siterte slik at likskapar og ulikskapar i den rettslege reguleringa kjem klarare fram. På denne måten kjem også omfanget av reglane betre fram.