Høring - Knutepunktoppdrag

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 10.09.2007

Høyringa er oppsummert i St.meld. nr. 10 (2007-2008) Knutepunkt
Kapittel 3 i Knutepunktmeldinga handlar om høyringa, og del 3.3 er samandrag av høyringsfråsegna.

Departementet fekk inn 25 høyringsfråsegner frå ti festivalar og femten kommunar og fylkeskommunar.


Høyringsinstansane er generelt positive til ei klargjering av kriterium som institusjonane skal oppfylle for å ha knutepunktstatus, og meiner slike kriterium er nyttige. Det er vidare gjennomgåande tilslutning til at knutepunkta skal ha regional og lokal tilknyting i tillegg til internasjonalt retta verksemd som gjer dei synlege i utlandet.

Enkelte høyringsinstansar har foreslått å tildele nye knutepunktoppdrag til namngjevne festivalar. Slike forslag blir ikkje drøfta i denne meldinga.
Ein av høyringsinstansane har teke til orde for at knutepunkta blir definerte som nasjonale institusjonar. Meldinga legg ikkje opp til å endre finansieringsansvaret for knutepunkta.

Fylkeskommunane Nordland, Hedmark, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, saman med Førde kommune gav si tilslutning til høyringsutkastet slik det låg føre.