Foto: Sveinung Uddu Ystad

Strategien gir òg viktige signal til andre aktørar i utdanningssektoren og til samfunnet.

Det er mykje bra i norsk utdanningsforsking. Departementet meiner at dei prioriteringane og tiltaka som ligg i strategien, vil styrkje dei positive utviklingstendensane vi i dag ser, og samstundes stimulere til vidare utvikling. Målet er å styrkje fagmiljøa som driv med utdanningsforsking, heve kvaliteten og relevansen i forskinga og stimulere til fornying og tettare samarbeid mellom forskingsmiljø på tvers av landegrensene i Norden, Europa og i resten av verda. Det er òg eit mål å gjere det meir vanleg å ta i bruk kunnskap og resultat frå utdanningsforskinga i styring, forvaltning og praksis i utdanningssektoren.

Strategien bygger på og utvikler videre den forrige strategien - Kunnskaps for kvalitet (2008 - 2013).

Kvalitet og relevans 2014 - 2019 (F-4394)