Meld. St. 30 (2016–2017)

Verksemda til Avinor AS

Avinor er eit aksjeselskap der staten ved Samferdselsdepartementet eig alle aksjane. Formålet og samfunnsoppdraget til Avinor er å eige, drive og utvikle eit landsomfattande nett av lufthamner for den sivile luftfarten og flysikringstenester for den sivile og militære luftfarten. I meldinga presenterer Samferdselsdepartementet verksemda til Avinor dei siste fire åra, Avinor sine planar og strategiar for åra framover, Samferdselsdepartementet sine vurderingar av Avinor sine planar og strategiar og regjeringa sin politikk for eigarstyringa av selskapet.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no