Migrasjon og integrering 2024–2025
Rapport | Dato: 23.01.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Rapport frå Noreg til OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling.
Rapporten Migration and Integration 2024–2025 – Report for Norway to the OECD er eit bidrag til OECD sitt rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda.
Rapporten beskriv innvandrings- og integreringspolitikken med vekt på endringar siste rapporteringsåret, 2024/2025. Rapporteringa byggjer på offentleg statistikk som blir innhenta frå fleire instansar, i første rekkje frå SSB og UDI. I tillegg blir det gjort greie for ny politikk og tiltak som berører integreringsfeltet i form av stortingsmeldingar, proposisjonar, handlingsplanar, strategiar og relevante utgreiingar og forsking.
Rapporten frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) er laget på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Rapporten for Noreg og liknande rapportar om dei andre medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege publikasjonen frå OECD, International Migration Outlook. Sjå OECD si nettside om migrasjon.