NOU 2009: 17

Sikring mot tap av felleskostnader i borettslag

Til innholdsfortegnelse

9 Utkast til lov om endringar i burettslagslova og eiendomsmeglingsloven

I Burettslagslova

I lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) blir det gjort følgjande endringar:

Nytt kapittel 5 avsnitt VI. Sikring mot tap av felleskostnader

§5-20 a. Sikring mot tap av felleskostnader

Med sikring mot tap av felleskostnader i burettslag er meint overtaking av risikoen burettslaget har for manglande dekning av felleskostnader.

Slik sikring kan berre etablerast og tilbydast etter lova her.

§ 5-20 b. Krav til tilbydaren

Berre foretak som har løyve til å drive skadefor­sikrings-, kredittforsikrings-, eller finansieringsverksemd kan tilby sikring etter § 5-20 a.

§ 5-20 c. Krav til produktet

Sikring etter § 5-20 a må oppfylle følgjande krav:

  1. Sikringa må dekkje tap knytta til den einskilde andelen for minst 24 månader rekna frå første månaden tapet oppsto.

  2. Sikringa i det einskilde rekneskapsåret skal minst svara til 15 prosent av dei årleg fastsette felleskostnadene i burettslaget for forrige rekne­skapsår. Oppstår tap i det første driftsåret, skal felleskostnadene på avtaletidspunktet leggjast til grunn. Sikring som omtala i denne bokstaven skal uansett ikkje vera lågare enn tilsvarande fire gonger grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.

  3. Eigenandel kan ikkje vere høgare enn ti prosent av sikringa etter bokstav a og b. For tap knytta til den einskilde andelen kan det likevel krevjast eigenandel svarande til 1/10 av grunnbeløpet i folketrygda på avtaletidspunktet.

  4. Avtalar om sikring som ikkje er omfatta av forsikringsavtaleloven, kan tilbydaren berre seie opp skriftleg med frist på minst seks månader.

§ 5-20 d. Oppseiing

Oppseiing av avtale om sikring etter kapitlet her skal vedtakast av generalforsamlinga. Dersom avtale om sikring stiller vilkår om bruk av ein særskilt forretningsførar, må oppseiing av avtale om forretningsførsel også vedtakast av generalforsamlinga.

§ 5-20 e. Marknadsføring og informasjon

Berre sikring etter §§ 5-20 a til 5-20 d kan marknadsførast som sikring mot tap av felleskostnader ved sal av andelar i burettslag eller på anna vis som kan forvekslast med dette.

Gjeldande kapittel 5 avsnitt VI blir nytt kapittel 5 avsnitt VII.

§ 5-21 tredje ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Tvangssal av andelen skal haldast som tvangsauksjon etter tvangsfullbyrdelsesloven kapittel 11, med mindre burettslaget krev sal ved medhjelpar.

II Ikraftsetjing. Overgangsreglar

Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer.

Sikring mot tap av felleskostnader etter burettslagslova § 5-20 a som er etablert før endringane i lova trer i kraft, må oppfylle krava i kapittel 5 avsnitt VI seinast innan to år frå lova trer i kraft.

III Endringar i andre lover

I lov 29. juni 2007 nr. 73 om lov eiendomsmegling (eiendomsmeglingsloven) gjøres følgende endringer:

§ 6-7 tredje ledd skal lyde:

(3) Ved transaksjoner som omfattes av lovens § 1-2 annet ledd nr. 3, skal den skriftlige oppgaven også inneholde følgende opplysninger:

  1. lånevilkårene for nedbetaling av fellesgjeld,

  2. månedelige felleskostnader samt beregning av månedlige felleskostnader etter en eventuell avdragsfri periode,

  3. opplysninger om at kjøper kan holdes ansvarlig for manglende dekning av felleskostnader og usolgte enheter ved formidling i prosjekt,

  4. opplysninger om borettslaget har sikring mot tap av felleskostnader, jf. lov 6. juni 2003 nr. 39 om burettslag (burettslagslova) kapittel 5 avsnitt VI, og i så tilfelle hvem som er tilbyder, varigheten av avtalen og oppsigelsesvilkårene,

  5. andre rettigheter og forpliktelser for boligselskapet ifølge lov, forskrift, vedtekter, vedtak og avtaler som har betydning for handelen,

  6. vesentlige opplysninger om boligselskapets budsjett og regnskap, samt opplysninger om at disse dokumentene er tilgjengelige hos oppdragstaker.

Nytt § 6-7 fjerde ledd skal lyde:

(4) I forbindelse med formidling av sameie­andeler og eierseksjoner gjelder tredje ledd nr. 5 og 6 tilsvarende.

Nåværende fjerde og femte ledd blir nytt femte og sjette ledd.

Til forsiden