1 Arbeidet med berekraftsmåla
Vi lever i ei uroleg og uføreseieleg tid. I ein krevjande geopolitisk situasjon, der verda er prega av samanvevde kriser som klimaendringar, aukande ulikskap og politisk ustabilitet, utgjer berekraftsmåla ei viktig felles plattform og omstillingsagenda. Noreg har forplikta seg til å arbeide målretta for å nå berekraftsmåla innan 2030. Dei 17 berekraftsmåla gir ei heilskapleg ramme for å fremje sosial, økonomisk og miljømessig utvikling.
Figur 1.1 Berekraftsmåla
Utfordringane verda står overfor, heng tett saman og forsterkar kvarandre. Klimaendringar og tap av naturmangfald påverkar matproduksjon, helse, busetnad og økonomisk utvikling. Geopolitiske konfliktar og aukande uro skapar utryggleik, forstyrrar forsyningskjeder og kan svekkje den økonomiske veksten. Samstundes kan sosial ulikskap og manglande tillit gjere samfunn mindre motstandsdyktige mot kriser og omstilling. Slike samanhengar viser at framgang på eitt område ofte er avhengig av innsats på fleire andre område, og understrekar behovet for heilskaplege løysingar.
Etter ein periode med jamn framgang i åra etter at berekraftsmåla vart vedtekne i 2015, har verda dei siste åra opplevd tilbakegang i berekraftsarbeidet. Dette skjer trass i at vi i dag har tilgang til meir kunnskap og teknologi enn nokon gong tidlegare.
Den nyaste globale statusrapporten frå FN1 understrekar alvoret i situasjonen og viser at verda framleis ikkje er på rett kurs for å nå berekraftsmåla innan 2030. Berre 15 prosent av delmåla er på rett veg mot å bli nådde, medan 21 prosent viser moderat framgang. Nær halvparten av delmåla har utilstrekkeleg framdrift, og for 15 prosent av delmåla har utviklinga gått i feil retning sidan 2015.
I Meld. St. 35 (2024–2025)2 gjer regjeringa greie for status, utfordringar og vegen vidare i Noreg sitt arbeid med å nå berekraftsmåla. Meldinga legg særleg vekt på dei områda der Noreg har størst forbetringspotensial, og trekkjer fram pågåande arbeid og prosessar for å synleggjere kva regjeringa gjer for å styrkje måloppnåinga. Ein viktig del av meldinga er å synleggjere samanhengen mellom arbeidet med berekraftsmåla og sentrale samfunnsutfordringar.
Regjeringa sin plan for Noreg gir retning for arbeidet med å møte dei store samfunnsutfordringane i åra framover. Prioriteringane i planen skal bidra til eit trygt samfunn, høg sysselsetjing, berekraftig verdiskaping, styrkt konkurransekraft og ei effektiv offentleg forvaltning. Planen støttar opp under fleire av dei 17 berekraftsmåla og byggjer på ei erkjenning av at økonomisk, sosial og miljømessig berekraft er gjensidig avhengige av kvarandre. Slik er arbeidet med berekraftsmåla integrert i gjennomføringa av regjeringa sin samla politikk for samfunnsutviklinga i Noreg.
Noreg har eit godt utgangspunkt for å nå berekraftsmåla. Samfunnet er kjenneteikna av høg tillit, sterke demokratiske institusjonar, høg sysselsetjing og god tilgang til offentlege velferdstenester. Levekåra er gjennomgåande gode, og Noreg skårar høgt i internasjonale samanlikningar av berekraftig utvikling. Samstundes står vi overfor vesentlege utfordringar. Særleg gjeld dette område der den høge levestandarden vår er knytt til eit omfattande ressursforbruk og store klima- og miljøavtrykk. Noreg blir òg påverka av utviklingstrekk utanfor eigne grenser, noko som understrekar behovet for langsiktig og heilskapleg omstilling.
Derfor understreka regjeringa på nytt forpliktinga si til berekraftsmåla då Noreg presenterte si tredje frivillige nasjonale rapportering (VNR-rapport)3 under FN sitt høgnivåforum for berekraftig utvikling i New York denne sommaren.
I denne årlege rapporten gir regjeringa Stortinget ei oppdatert framstilling av status for berekraftsmåla i Noreg. Føremålet er å gi eit samla bilde av framdrifta og å gi Stortinget eit grunnlag for å vurdere utviklinga i berekraftsarbeidet. Vurderingane av status for dei 17 måla er i hovudsak dei same som vart presenterte i Noregs tredje VNR-rapport. Eit unntak er delmål 15.3, der status er endra til «nådd», ettersom Noreg i 2025 for første gong nådde jordvernmålet om ei årleg omdisponering av dyrka jord på under 2 000 dekar. Vidare er trendvurderinga for delmål 2.A endra frå positiv til stagnert som følgje av reduksjon i bistanden på matområdet. Trendvurderinga for delmål 8.5 er òg endra frå positiv til stagnert. Sysselsettingsandelen i aldersgruppa 15-74 år er framleis blant dei aller høgaste i OECD-området og utviklinga har helde seg stabil dei siste åra.
Oppfølginga av berekraftsmåla er ein del av det ordinære politiske arbeidet til regjeringa. Kvart departement rapporterer òg om oppfølginga av måla innanfor sitt sektoransvar i budsjettdokumenta sine.