3 Kunnskapsgrunnlag for systematisk oppfølging
Vurderingane av dei 17 berekraftsmåla byggjer på eit breitt kunnskapsgrunnlag. Kjeldene omfattar nasjonal statistikk, offentlege utgreiingar, stortingsmeldingar, strategiar, årsrapportar frå statlege verksemder, internasjonale rapportar, indikatorar og faglege analysar frå relevante direktorat og fagmiljø.
Statistisk sentralbyrå (SSB) er den viktigaste kjelda for dei fleste måla gjennom offisiell statistikk og indikatorar knytte til berekraftsmåla. Dette er supplert med data og analysar frå mellom anna Helsedirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Økokrim, The Organisation for Economic Co-operation and Development (OECD), Transparency International og andre nasjonale og internasjonale institusjonar. Strategiar, handlingsplanar, stortingsmeldingar og internasjonale rammeverk er òg nytta for å belyse status, utviklingstrekk og politiske prioriteringar innan dei ulike måla.
Nasjonale indikatorar
Det er lagt ned eit omfattande arbeid for å utvikle eit meir heilskapleg sett med nasjonale indikatorar for oppfølginga av berekraftsmåla. Sidan dei globale indikatorane ikkje alltid fangar opp nasjonale utfordringar og prioriteringar, gir nasjonale indikatorar eit meir presist bilde av utviklinga i Noreg.
Sidan 2021 har SSB publisert ein offentleg tilgjengeleg indikatorportal med både globale og nasjonale indikatorar45. Dette har styrkt kunnskapsgrunnlaget for vurdering av framdrifta på berekraftsmåla og gjort det mogleg å følgje utviklinga meir systematisk over tid.
Indikatorane blir melom anna nytta i denne årlege rapporteringa til Stortinget og i Noreg si frivillige rapportering til FN. Portalane spelar òg ei viktig rolle i arbeidet til mange aktørar i sivilsamfunnet og bidreg til openheit om innsatsen for å fremje berekraftig utvikling.
Per april 2026 er om lag 217 nasjonale indikatorar og 115 globale indikatorar publiserte. For å styrkje kunnskapsgrunnlaget om Noreg si måloppnåing på berekraftsmåla og legge til rette for betre formidling til allmenta, vil regjeringa vidareutvikle indikatorportalen til SSB.