2 Framgang på berekraftsmåla

Noreg skårar høgt på berekraftsmåla og er blant landa i verda som ligg lengst framme i arbeidet med berekraftig utvikling. Vurderinga av framdrifta på dei 17 berekraftsmåla stadfestar dette overordna bildet. Noreg skårar særleg høgt på mål knytte til fattigdom (mål 1), likestilling mellom kjønna (mål 5), energi (mål 7), mindre ulikskap (mål 10), fred, rettferd og velfungerande institusjonar (mål 16) og samarbeid for å nå måla (mål 17). Dette speglar langsiktige investeringar i velferdsordningar, offentlege tenester av høg kvalitet og eit inkluderande demokrati.

I denne rapporten vurderer regjeringa alle dei 169 delmåla under berekraftsmåla. Dette omfattar både resultatmål (nummererte delmål), som skildrar kva som skal oppnåast innan 2030, og gjennomføringsmål (delmål merka med bokstav), som handlar om verkemiddel, samarbeid og andre føresetnader for å nå resultata. Vurderinga viser at Noreg har nådd 98 delmål, medan det trengst ytterlegare innsats for dei resterande 71. Dei fleste av desse delmåla er nær ved å bli oppfylte, men seks delmål krev vesentleg betring: delmål 3.8) Oppnå allmenn dekning av helsetenester, inkludert ordningar som vernar mot økonomiske konsekvensar, og allmenn tilgang til grunnleggjande og gode helsetenester og trygge, verksame og nødvendige medisinar og vaksinar av god kvalitet og til ein overkomeleg pris, delmål 8.4) Fram mot 2030 stadig forbetre utnyttinga av globale ressursar innanfor forbruk og produksjon, og arbeide for å oppheve koplinga mellom økonomisk vekst og miljøøydeleggingar, i samsvar med det tiårige handlingsprogrammet for berekraftig forbruk og produksjon, der dei utvikla landa går føre, delmål 11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggjande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde, delmål 12.2) Innan 2030 oppnå berekraftig forvaltning og effektiv bruk av naturressursar, delmål 12.5 ) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk og delmål 14.5) Innan 2020 bevare minst 10 prosent av kyst- og havområda, i samsvar med nasjonal rett og folkeretten og på grunnlag av den beste vitskaplege kunnskapen som er tilgjengeleg.

Figur 2.1 Vurdering av framdrift for dei 17 berekraftsmåla (prosent)

Sjølv om Noreg har oppnådd gode resultat på mange område, står vi framleis overfor fleire utfordringar som går på tvers av berekraftsmåla. Dei viktigaste utfordringane handlar om å redusere klima- og miljøbelastninga frå produksjon og forbruk, gjennomføre den grøne omstillinga på ein måte som tek vare på naturen og samstundes fremjar verdiskaping, og å sikre sosial inkludering og deltaking for alle.

Dei seks delmåla som krev størst forbetring, gir eit særleg bilde av utfordringane Noreg står overfor. Delmåla peikar på korleis høg levestandard og høgt materielt forbruk skapar utfordringar knytte til ressursbruk, avfallshandtering, klima og naturmangfald. Det materielle forbruket i Noreg ligg framleis vesentleg over det globale og europeiske gjennomsnittet og bidreg til store avfallsmengder og press på naturressursar. Noreg har òg forbetringspotensial når det gjeld å redusere marin forsøpling og mikroplast, styrkje forvaltinga av marine økosystem og fremje ei meir berekraftig utnytting av naturressursane.

Samstundes peikar vurderingane på utfordringar knytte til sosial berekraft og deltaking. Noreg har høg sysselsetjing og relativt små skilnader, men enkelte grupper står framleis i fare for å hamne utanfor arbeidslivet eller bli verande i låginntektsgrupper over tid. Vurderingane viser òg behov for ytterlegare innsats for å sikre likeverdig tilgang til sentrale velferdstenester, mellom anna innan tannhelse, og for å legge til rette for tilgang til eigna og rimelege bustader.

Desse utfordringane heng tett saman, og ei vellukka omstilling føreset at klima- og miljøomsyn blir kombinerte med sosial berekraft, høg sysselsetjing og vidare verdiskaping. Samla viser vurderinga at Noreg har eit godt utgangspunkt for å nå berekraftsmåla innan 2030, men dei attståande utfordringane krev langsiktig innsats og omstilling på tvers av sektorar.