Ot.prp. nr. 12 (2000-2001)

Om lov om endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven)

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Justisdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg til lov om ei lita endring i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) § 170 andre ledd, som vart vedteken ved lov 7. januar 2000 nr. 2 og sett i kraft 1. juli 2000, jf. kongeleg resolusjon 7. januar 2000. Framlegget vil gjere nye konvensjonssette skadebotreglar gjeldande for norske skadevaldarar jamvel om konvensjonen enno ikkje er trådd i kraft.

Sjølova kapittel 9, der føresegna i § 170 står, gjennomfører reglane i konvensjonen om avgrensing av sjørettslege krav 1976 («1976-konvensjonen»), som set ei øvste grense for det samla skadebotansvaret etter ei ulukke til sjøs. 1976-konvensjonen vart revidert ved ein endringsprotokoll i 1996 («1996-protokollen»). Protokollen auker desse grensene for ansvaret. Ved lov 7. januar 2000 nr. 2 vart kapittel 9 i sjølova endra for å gjennomføre 1996-protokollen, jf. Ot.prp. nr. 90 (1998-99). Lovendringane trådde i kraft 1. juli 2000, jf. kongeleg resolusjon 7. januar 2000.

Innføringa av de nye reglene i 1996-protokollen vil gå føre seg i flere trinn. Det er gjort greie for dette i Ot.prp. nr. 90 (1998-99). Departementet vil likevel gje eit stutt oversyn:

Fram til 1996-protokollen trer i kraft internasjonalt, må norske domstolar nytte 1976-reglene på alle krav mot ansvarlege som høyrer heime i ein stat tilslutta 1976-konvensjonen. For krav mot andre vil 1996-reglane gjelde.

Når 1996-protokollen trer i kraft internasjonalt, vil norske domstolar nytte 1996-reglene jamvel på alle krav mot ansvarlege som høyrer heime i ein stat som er tilslutta både 1976-konvensjonen og 1996-endringsprotokollen.

I Ot.prp nr. 90 (1998-99) la departementet opp til at Noreg i ei stutt overgangstid etter at 1996-protokollen trer i kraft internasjonalt, held fram med å vere tilslutta 1976-konvensjonen, samstundes som Noreg er tilslutta 1996-reglane, sjå Ot.prp. nr. 90 (1998-99) side 11-12. Frå 1996-protokollen trer i kraft internasjonalt og fram til Norge seier opp 1976-konvensjonen, lyt norske domstolar etter dette framleis nytte dei lågare ansvarsgrensene i 1976-reglane andsynes ansvarlege frå statar som er tilslutta 1976-konvensjonen utan 1996-protokollen.

Når Noreg seier opp 1976-konvensjonen, skal norske domstolar nytte dei høgare ansvarsgrensene etter 1996-reglane i alle saker.

Den endringa i § 170 andre leddet som departementet no gjer framlegg om, femner berre om krav mot ansvarlege som høyrer heime i Noreg, og berre i tida fram til 1996-protokollen trer i kraft. Endringa vil innebere at krav mot ansvarlege som høyrer heime i Noreg, skal verte pådømde i samsvar med reglane i 1996-protokollen jamvel førhan trer i kraft internasjonalt.