Ot.prp. nr. 15 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)

Til innholdsfortegnelse

3 Regjeringa sitt forslag til organisatorisk løysing

3.1 Organisatorisk innplassering

Regjeringa går inn for at Statens Fiskarbank blir integrert i SND frå og med 1. januar 1997. Gjennom integrasjonen tek ein sikte på å skapa eit formålstenleg og effektivt verkemiddelapparat retta mot fiskeflåten, slik at offentlege ressursar kan nyttast meir rasjonelt. Integrasjonen skal også bidra til å sikra ei betre samordning av verkemiddelbruken i dei ulike ledd i fiskeri- og oppdrettsnæringa. For å oppnå denne samordninga går regjeringa inn for at det i samband med integrasjonen blir oppretta ei eiga fiskerieining i SND sin sentrale organisasjon.

Denne eininga skal ha det praktiske ansvaret for samordning av verkemidla retta mot fiskerinæringa, inklusive dei som gjeld industri og oppdrett, som allereie ligg under SND. Regjeringa meiner at dette vil sikra betre koordinering av verkemiddelbruken i dei ulike ledd i fiskerinæringa, og at det såleis er eit viktig steg på vegen i arbeidet med å realisere det store uutnytta potensialet for verdiskaping innanfor fiskeri- og oppdrettsnæringa.

Nærings- og energidepartementet vil, i tråd med målsettinga om næringsmessig og distriktsmessig balanse i samansetjinga av hovudstyre i SND, halde nær kontakt med Fiskeridepartementet forut for oppnemning av nye styrerepresentantar til SND sitt hovudstyre. Gjennom dette ønskjer ein å sikra at utvidinga av verkeområdet blir reflektert i styret si samansetjing, slik at den naudsynte fiskerikunnskapen er til stades.

Fiskeriministeren skal etter integrasjonen kunne ta del i foretaksmøtet i SND på lik line med Kommunal- og arbeidsministeren.

3.2 Personalmessige spørsmål

Statens Fiskarbank vil etter forslaget til regjeringa slutta å eksistere som statleg forvaltningsbedrift frå 1. januar 1997. Arbeidsoppgåver og ansvar blir overført til SND frå same dato.

Ved opprettinga av SND vart det sett opp ei rekkje vilkår som skulle gjelda tilhøve til dei tilsette i dei fire institusjonane som då vart slått saman. Ein går inn for at intensjonane i desse vilkåra skal leggjast til grunn for dei tilsette i Fiskarbanken ved ein integrasjon i SND.

Vilkåra ved integrasjon av Fiskarbanken kan med dette summerast opp i følgjande punkt:

  • Alle tilsette i Fiskarbanken går inn som tilsette i SND frå integrasjonstidspunktet. Tilsettinga i SND skal vere basert på likeverd i høve til dei andre arbeidstakarane i SND med omsyn til arbeidsoppgåver, ansvar og kompetanse.

  • Tidlegare statstilsette som går inn i SND skal ha førerett til anna statsstilling og rett til venteløn i ein avgrensa periode på tre år frå integrasjonstidspunktet. Tilsette som ikkje følgjer med over i SND, får ikkje venteløn, men får førerett til ny statsstilling i inntil eitt år frå integrasjonstidspunktet

  • Dei arbeidstakarane som nærmar seg pensjonsalder vil kunne søkje om førtidspensjonering dersom dei ikkje ønskjer å følgja med over til SND.

  • Etter tilsetjing i SND vil rettsstillinga til dei tidlegare tilsette i Fiskarbanken bli annleis. Tenestemannsslova med forskrifter og reglement gitt med heimel i lova, blir erstatta av arbeidsmiljølova. Dette medfører at også arbeidsmiljølovas §§ 56 A-65 og §§ 66-67 vil bli gjort gjeldande for dei tilsette i Fiskarbanken etter integrasjonen. Vidare blir lov om offentlege tenestetvistar erstatta av lov om arbeidstvistar.Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen for arbeidstakarar i staten blir erstatta av hovudavtale og overeinskomst i Norges arbeidsgiverorganisasjon for virksomheter med offentlig tilknytning (NAVO), med dei tilpassingsavtalar og særavtalar som er inngått lokalt i SND.

  • Ein føreset at løne- og arbeidsvilkåra blir harmonisert. Løne- og arbeidsvilkår vil gå fram av SND sitt avtaleverk og administrative vedtak. Ingen tilsette i Fiskarbanken skal få dårlegare løne- og arbeidsvilkår enn i dag, i tråd med arbeidsmiljølovas regler som skal ivareta arbeidstakars rett i slike overføringssituasjonar.

  • Dei tilsette i Fiskarbanken er tilslutta Statens Pensjonskasse. Dette gjeld også for dei fleste av SND sine tilsette, sjølv om det er to pensjonsavtalar innafor SND, ein med Pensjonskassen og ein med UNI Storebrand. Skilnaden når det gjeld Statens Pensjonskasse sin avtale er at SND dekkjer arbeidstakar sitt pensjonsinnskot, samt tilleggsvilkår.

  • Ein føreset at dei tilsette i Fiskarbanken får den naudsynte opplæringa i SND sine produkt og system. Vidare skal det i samband med integreringa etablerast ein plan for ei eventuell naudsynt kompetanseheving, slik at Fiskarbanken sine tilsette skal kunne gå inn i nye arbeidsoppgåver innanfor SND.

3.3 Vilkår for organisasjonsløysinga

Fiskeripolitisk styring innan SND

Det blir lagt opp til at Fiskeridepartementet skal gje særskilde fiskeripolitiske retningsliner til SND og fylkeskommunane. Desse skal innehalde dei overordna fiskeripolitiske styringssignal for alle ledd i fiskerinæringa, også industri og oppdrett. Meir detaljerte fiskeripolitiske styringssignal frå Fiskeridepartementet skal takast inn som ein del av dei ordinære tildelingsbreva frå departementa.

Intern organisering

SND sitt styre har ansvaret for organiseringa av SND innafor dei rammer som Regjeringa og Stortinget legg fast. Dette gjeld også eventuelle organisatoriske tilpassingar som kan bli naudsynte som følgje av at Fiskarbanken skal integrerast i SND.

Regjeringa meiner at det vil vere naturleg å byggje vidare på den spesifikke flåtekompetansen som dei tilsette i Fiskarbanken representerer. For å oppretthalde kompetansen vil ein derfor så langt råd er unngå å splitta dei eksisterande miljøa ved Fiskarbanken sine kontor. Fiskarbanken har i dag kontor i Bergen (hovudkontor), Ålesund, Bodø og Tromsø. SND har regionkontor i dei same byane med unntak av Tromsø. Etter integrasjonen legg Regjeringa opp til at det skal skipast eit nytt SND-kontor i Tromsø, medan Fiskarbanken sine kontor i dei andre byane blir slått saman med SND sine regionkontor.

Det er mykje som talar for at handsaminga av flåtesaker bør vere avgrensa til eit fåtal kontor med spesifikk og solid flåtekompetanse. Regjeringa gjer derfor framlegg om at ein i ein overgangsperiode avgrensar handsaminga av desse sakene til dei kontora som får overført personale frå Fiskarbanken. Som ein del av ei naturleg utvikling av ein organisasjon vil SND likevel over tid måtte vurdere kapasitet og kompetanse innan flåtefinansiering og korleis denne best mogeleg kan organiserast innafor det framtidige SND-systemet.

Behovet for nasjonal styring av kapasiteten i fiskeflåten krev at bruken av verkemiddel styrast i tråd med retningsliner frå Fiskeridepartementet. Administreringa av fiskerisakene i SND vil derfor bli samordna av ei eiga fiskerieining i SND sin sentrale administrasjon. Dette gjer det naudsynt å byggje opp ein samla fiskerikompetanse ved hovudkontoret til SND. Denne kompetansen vil i stor grad måtte ankrast i den kompetansen som allereie finnast i Fiskarbanken, og bør difor i ein overgangsperiode sjåast i samanheng med rolla til det noverande hovudkontoret i Bergen.

Ved ein integrasjon av Fiskarbanken i SND vil ein del typiske hovudkontorfunksjonar som fram til no har vorte ivareteke ved Fiskarbanken sitt hovudkontor i Bergen, etter kvart bli overført til hovudkontoret i SND. Som ein følgje av at Fiskarbanken har desentralisert dei administrative funksjonane i større grad enn SND, vil dette også kunne påverke arbeidsoppgåvene ved avdelingskontora. Det må derfor lagast ein plan for fordeling av funksjonar og arbeidsoppgåver mellom sentralt og regionalt nivå, som også tek omsyn til dei tilsette sin rett til fagleg og personleg utvikling gjennom sitt arbeid.

Etter kvart som det blir klårt kva framtidig struktur ein vel for det ytre SND-apparatet, vil oppbygginga av ein heilskapleg regional fiskerikompetanse innanfor SND-systemet kunne ta til. Uavhengig av kva som skjer med omsyn til organiseringa av SND sitt ytre apparat og dei enkelte fylkeskommunane sine val av framtidig organisasjonsmodell, vil SND ta sikte på å byggje ut ein desentralisert modell med omsyn til sakshandsaming og kundeoppfølgjing. Ei slik desentralisering vil vere forankra i eit sentralt hovudkontor, med klårt avgrensa ansvarsdeling og klåre liner for instruksjon, styring og kontroll.

Rådgjevande utval for handsaming av flåtesaker

Prinsippa om sentral styring og desentralisert organisering og sakshandsaming vil også bli lagt til grunn for organiseringa av fiskerisaker i SND etter integrasjonen av Fiskarbanken. For å sikra regional medverknad går Regjeringa også inn for at det til kvart av dei regionkontora i SND som får overført ansvar for flåtesaker, blir oppretta eit eige rådgjevande utval for handsaming av flåtesaker. Dette utvalet skal vere sett saman av 3 representantar etter forslag frå fylkeskommunane og 2 etter forslag frå fiskarsida, og skal verke til å forankra handsaminga av flåtesaker i det regionale demokratiet. Det er ønskjeleg at ein av dei som representerer fylkeskommunen skal ha særleg kompetanse i høve til fiskeindustrien. Utvalet vil bli oppnemnt av Fiskeridepartementet.

Dersom fleire fylkeskommunar vel å organisere seg etter den såkalla «Nord-Trøndelagsmodellen», vil det kunne oppstå situasjonar der det er fare for to overlappande regionale utvalg/styrer. I slike tilfelle føreset ein at dei lokale styra blir felt saman slik at ein unngår at fleire styre skal gi merknader om same sak. Ein føreset då at dei lokale styra ved handsaming av flåtesaker blir utvida med 1-2 personar frå fiskerisida.

Økonomiske konsekvensar

Normalt vil det ved fusjonar av det slaget ein legg opp til mellom Statens Fiskarbank og SND vere mogleg over tid å realisere ein del økonomiske vinstar av fusjonen, m.a. som følgje av stordriftsfordelar, overgang til felles administrative system m.m. Ein må likevel ta høgde for at slike vinstar ikkje lar seg realisere fullt ut frå integrasjonstidspunktet, men må realiserast over tid.

Det vil også oppstå ein del direkte fusjonsrelaterte kostnader, som det må takast omsyn til. Det reknast m.a. som naturleg at ein vurderer den samla kapasitet og kompetansen i Fiskarbanken og SND, med sikte på å avdekkje eventuelle overtalsproblem. Harmonisering av løne- og arbeidsvilkåra vil også gje auka kostnader, og det vil i tillegg oppstå ein del eingongskostnader som direkte følgje av den praktiske gjennomføringa av integrasjonen.

Dei løyvingsmessige sidene framgår av St. prp. nr. 1. Tillegg nr. 5, og ein viser til denne.